NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

3 Sentrale omgrep

Nedanfor er det ei liste over ein del sentrale omgrep som har tilknyting til arbeidet i musea, og som blir nytta i utgreiinga.

Ansvarsmuseum er institusjonar som skal ha eller som skal kunna utvikla museumsfagleg kompetanse som gjer at dei kan ha eit særskilt ansvar for utviklingsarbeid, råd og rettleiing innanfor definerte felt. Kompetansen skal vera knytt til tematiske og/eller metodiske område. Det vil vera både statlege ansvarsmuseum og fylkeskommunale ansvarsmuseum (jf. avsnitt 10.2.2.1.. og 12.2).

Bevaring er nemning på dei tiltaka eit museum gjer for å ta best mogeleg vare på alt materiale som det har ansvar for. Tiltaka blir grupperte på følgjande måte:

Førebyggjande konservering omfattar tiltak som rettar seg mot omgjevnadene for gjenstandar/objekt, anten dei er i magasin eller i utstillingssamanheng. Det er tale om bygningar/lokale som er sikra mot brann, hærverk, innbrot, skadedyr og flaum, og som har klima- og lysforhold som er tilpassa dei materialane objekta er laga av. Målet med tiltaka er å redusera nedbrytande og øydeleggjande faktorar. Direkte konservering gjeld behandling av eller inngrep i gjenstandar/objekt for å bremsa nedbrytande prosessar, t.d. reingjering av eit måleri, å festa måling til underlaget, fjerning av korrosjon på ein metallgjenstand eller bruk av kjemikaliar for å stoppa insektåtak i ein trebygning eller på zoologisk og botanisk materiale. Restaurering gjeld tiltak som siktar mot å tilbakeføra ein gjenstand/objekt til tidlegare form, utsjånad, kvalitet, funksjon. Det kan t.d. vera å kopiera og setja på igjen eit manglande bein på ein stol, erstatta øydelagde fibrar i ein tekstil, friska opp slitne målingsparti på ei kiste eller skifta ut øydelagde materialar i eit hus.

Formidling er eit samleomgrep for tiltak som tek sikte på å nå eit publikum med utstillingar, publikasjonar og aktivitetar.

Handlingsboren kunnskap omfattar praktisk kompetanse i handverksteknikkar og tradisjonelle driftsformer.

Kulturminne. Lov om kulturminne definerer kulturminne som alle spor etter menneskeleg aktivitet i det fysiske miljøet. Inkludert i dette er lokalitetar som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til. Med kulturmiljø blir det meint område der kulturminne er ein del av ein større heilskap eller samanheng.

Miljøvern er samleomgrep for arbeid som har som mål å ta vare på og sikra omgjevnader i vid forstand.

Kulturminneforvaltning er ein del av det samla miljøvernet og omfattar det arbeidet offentlege styresmakter utfører for å verna faste og lause kulturminne og landskap. Forvaltningsarbeidet omfattar oppgåver i medhald av lov om kulturminne og plan- og bygningslova, t.d. i form av forvaltningsvedtak og vedtak om tiltak. Det omfattar også praktiske arbeidsoppgåver i form av registrering, dokumentasjon, restaurering og skjøtsel av kulturminne og landskap, dessutan rådgjeving og informasjon. Naturforvaltning er ein del av det samla miljøvernet og omfattar det arbeidet offentlege styresmakter utfører for å sikra variasjonsbreidd og produksjonsevne i norsk natur og eigenarten i norsk landskap. Naturforvaltning gjeld også arbeid i tilknyting til allemannsretten og allment friluftsliv. Forvaltningsarbeidet omfattar oppgåver i medhald av fleire lover, t.d. i form av forvaltningsvedtak og vedtak om tiltak. Det omfattar også praktiske arbeidsoppgåver i form av registrering, dokumentasjon, artsforvaltning, restaurering og skjøtsel av landskap, dessutan rådgjeving og informasjon.

Museum blir i utgreiinga brukt i samsvar med definisjonen til International Council of Museums (ICOM):

«Eit museum er ein ikkje-kommersiell, permanent institusjon som skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga. Institusjonen skal vera open for publikum. Eit museum skal samla inn, bevara og sikra, forska i, formidla og stilla ut materielle vitnemål om menneska og omgjevnadene deira. Formålet er å gje høve til studiar, opplæring og oppleving» (omsett og sitert frå ICOMs Statutes).

Nomenklatur blir brukt i tydinga liste over standardisert og autorisert nemningsbruk t.d. på artar i naturen, grupper av objekt og einskildobjekt.

Registrering og katalogisering omfattar dei arbeidsoppgåvene som går på å skriftfesta opplysningar om grupper av objekt eller einskildobjekt når dei kjem inn i museumssamlingar. Registrering går på tilvekstføring av objekt med opplysningar som trengst for å identifisera objekta, t.d. identifikasjonsnummer, proveniens, mål, vekt og ei enkel beskriving. Katalogisering gjeld ein meir omfattande prosess, der objektet eller grupper av objekt blir beskrivne, kategoriserte, tolka og vurderte, evt. med tilvising til andre objekt og/eller litteratur.

Taksonomi er å dela inn fenomen/objekt i kategoriar etter likskap som kan gå på struktur, funksjon, utviklingshistorie og/eller innhald.

Til forsiden