NOU 1996: 7

Museum Mangfald, minne, møtestad

Til innholdsfortegnelse

8 Møtestaden

«For somme menneske betyr 'læring' akkumulering av fakta og informasjon. Dette er eit svært snevert syn på læring, og det høver ikkje i museum. Alternative oppfatningar av 'læring' understrekar læringsprosessen meir enn resultatet. Dei omfattar så vel kjensler og opplevingar som forstand og kunnskap. Kjensler og kjenslereaksjonar som formar haldningar, verdiar og oppfatningar, er å forstå som eit grunnlag for det å tileigna seg kunnskap. Det er velkjent at det på alle nivå er behovet for å læra, ønskjet om å finna ut noko, som er avgjerande for å lukkast med å læra. Det er her museum har styrken sin. Sjølvsagt er det mogeleg å få informasjon i museum, men museum er ikkje betre til å informera enn andre institusjonar. Det museum kan gjera svært effektivt og kanskje på ein eineståande måte, er å la folk få oppleva det autentiske og konkrete <«the real thing»> på ein måte som skaper eit ønskje om å vita meir. Museum kan vera uhyre framgangsrike når det gjeld å auka læringsmotivasjon, å setja folk i stand til å oppdaga og utvikla nye interesser og til å gje liv og meining til fakta som tidlegare var uinteressante» (omsett og sitert frå Hooper-Greenhill 1994).

8.1 Innleiing

Mange som har meiningar om museum, baserer vurderingane sine på korleis dei kan samhandla med musea utifrå kunnskap, førestellingar og forventningar dei har til museum som institusjon. Det handlar om korleis ein som publikum finn fram til det ein vil ha i eit museum, korleis museum fungerer som møtestad i vid meining. Dei aller fleste utanforståande møter museum som gjester i museumsutstillingar. Det er ikkje tilfeldig at mange bruker 'museum' synonymt med 'utstillingar'. Ein viktig indikator på om museum lukkast, er difor korleis museumsutstillingar når fram med bodskapane sine, korleis musea maktar å vekkja opplevingar og impulsar som stimulerer intellektuell og kjenslemessig nyfikne. Men møtestadfunksjonane omfattar mange andre oppgåver, frå rådgjevarrolla overfor dei som vil gå djupare inn i museumsmaterialet, til den meir uforpliktande «ein stad å vera»-funksjonen for dei som ikkje heilt veit kva dei ser etter (jf. kapittel 5).

8.2 Musea som kunnskapsbank

Den mest omfattande bruken av museumssamlingane står naturleg nok musea sjølve for. Det er likevel full dekning for å kalla musea kunnskapsbankar også for brukarar utanfor musea. Det er ikkje mogeleg å talfesta storleiken på denne brukargruppa som bruker samlingane utover det å gjesta utstillingar, aktivitetar og foredrag. Men dei utgjer ei etter måten krevjande brukargruppe som legg beslag på mykje personal og tidsressursar i forhold til antalet. Eit lite oversyn kan visa den store spennvidda museum har som kunnskapsbankar for samfunnet.

Det er naturleg nok mange som søkjer mot gjenstandssamlingane i musea. Det kan vera einskildpersonar som har interesse av å arbeida med gjenstandar, t.d. finna eksempel på form, teknikk eller farge. Det gjeld bl.a. medlemer i husflidslag og handverkarar. Elevar frå yrkesfaglege studieretningar høyrer også med til denne brukargruppa. I tillegg har ein sjølvsagt studentar, spesielt innanfor arkeologi, kunsthistorie og naturhistoriske fag som bruker objektsamlingane i studia sine. Film og fjernsyn bruker også museumsmiljøa eller gjenstandar som kulisser/rekvisita i sine produksjonar.

Fotosamlingane er ein del av museumssamlingane som blir brukt mykje av utanforståande. I 1991-statistikken rapporterte 227 institusjonar at dei hadde fotosamlingar. I Sekretariatet for fotoregistrering (SFFR) sitt oversyn over fotosamlingar er 129 museum registrerte med eldre kulturhistorisk fotomateriale. Både aviser, vekepresse, forlag og fjernsyn vender seg til museum når dei skal ha fotografisk tilfang. Ved nokre museum er aktiviteten på fotosida så omfattande at dei finansierer eigne oppdragsstillingar.

bibliotekfronten fungerer ein del av musea på same måten som fag- og forskingsbibliotek. Spesielt innanfor kunstområdet har fleire av dei store musea litteratur som dei er åleine om å ha. Dei største musea leverer data til Samkatalogen. Dei same musea er også med i utlånsordning mellom bibliotek.

Fleire av dei kulturhistoriske musea har bygd opp omfattande arkivsamlingar. Det er privatarkiv med materiale frå organisasjonar, bedrifter og/eller privatpersonar. I tillegg vil mange museum ha samlingar av lydband som inneheld intervju med ulike tema. Fleire museum er aktive i Landslaget for lokal- ogprivatarkiv (LLP).

Noreg er eit av dei landa der lokalhistorisk litteratur med bygdebøker, gardssoger og årbøker/tidsskrift står sterkast. I perioden 1969-89 vart det produsert i underkant av 1 100 titlar som gjeld lokalhistorisk litteratur (Fyllingsnes 1991). Her spelar arkeologiske museum og museum for nyare kulturhistorie ei rolle. Dels har musea gjenstandar som dannar grunnlag for bygdeboktekstane. Dels er det snakk om å bruka arkivmateriale i musea, og ikkje minst er det ein omfattande bruk av fotomaterialet i musea.

Stundom har musea ansvar for sjølve bygdebokarbeidet, anten ved at museumsmedarbeidarar er forfattarar, eller ved at engasjert personale har arbeidsplass på museet. Fleire av bygdebøkene har innslag om geologi og botaniske forhold. Det hender at medarbeidarar ved naturhistoriske museum er forfattarar av slike kapittel. I alle fall vil mange bygdebokforfattarar ta kontakt med aktuelle museum i løpet av skriveperioden.

Når det gjeld lokalhistoriske tidsskrift og årbøker, er også mange museum aktive. I 1991 rapporterte over 100 institusjonar at dei var engasjerte i slik produksjon.

På nokre felt fekk ein kartlagt rådgjevingsfunksjonen for musea i 1993. Det vart spurt om institusjonane hadde blitt kontakta i samband med ein del tema/spørsmål i tilknyting til kulturminne- og naturforvaltning. Resultatet seier ikkje noko om volum, berre om musea har blitt kontakta. Tabell 8.1 viser resultata. Det er interessant å merka seg at musea i første rekkje blir rådspurde av kommunar og private, organisasjonar o.a. I kva grad kommunane og organisasjonane bruker musea i tillegg til eller i staden for kontakt med dei som har formelt ansvar for feltet, veit ein sjølvsagt ikkje (jf. avsnitt 11.4.2.1.).

Tabell  Tabell 8.1 I kva grad blir musea brukte som rådgjevingsinstansar?11(Tabellen skal lesast slik: 32% av dei kulturhistoriske musea har fått spørsmål frå fylkeskommunen om kulturminneforvaltning, 9% frå fylkesmannens miljøvernavdeling osv.)

a) Kulturhistoriske museum med meir enn eitt årsverk = 190 (alle tal i prosent)
Spørsmål om/fråFylkeskommunen/ Samisk kulturminneforv.Fylkesmannens miljøvernavd.KommunarAndre
- kulturminneforvaltning3295143
- kulturlandskap1072114
- kulturminne og reiseliv1844542
- verneverdige bygningar2443852
- restaurering av fartøy821124
- naturvernområde34164
- naturinformasjonssentra1352
- naturrettleiing, guiding321416
b) Naturhistoriske museum = 20 (alle tal i prosent)
Spørsmål om/fråFylkeskommunen/ Samisk kulturminneforv.Fylkesmannens miljøvernavd.KommunarAndre
- kulturminneforvaltning----
- kulturlandskap1025205
- kulturminne og reiseliv0050
- verneverdige bygningar5555
- restaurering av fartøy----
- naturvernområde15353020
- naturinformasjonssentra5301020
- naturrettleiing, guiding15352555
c) Kulturhist./naturhist. museum med meir enn eitt årsverk = 42 (alle tal i prosent)
Spørsmål om/fråFylkeskommunen/ Samisk kulturminneforv.Fylkesmannens miljøvernavd.KommunarAndre
- kulturminneforvaltning33144543
- kulturlandskap12142924
- kulturminne og reiseliv1222631
- verneverdige bygningar1452131
- restaurering av fartøy102717
- naturvernområde7142412
- naturinformasjonssentra51077
- naturrettleiing, guiding771924

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993

Denne rådgjevingsfunksjonen overfor ulike brukargrupper som har litt meir spesialisert interesse for kunnskapen som er knytt til museumssamlingane, er viktig og av stor verdi både for musea og for samfunnet. Museumsutvalet vil understreka at kvaliteten på desse tenestene vil auka betrakteleg etter kvart som musea får betre oversyn over samlingane sine og gjort referansedata og/eller fotomaterialet tilgjengeleg på datanettverk. I viss grad kan ein kanskje seia at det er eit underforbruk av den kunnskapen og dei tenestene som musea kan yta på dette feltet. Men her er betre oversyn over alle sider av samlingane og betre tilrettelegging av informasjonen ein avgjerande føresetnad for å kunna yta endå betre tenester.

8.3 Møtet med publikum

Utstillingar er som nemnt den vanlegaste formidlingsforma. Den er så å seia sjølvsagd når ein bruker gjenstandsmateriale som hovudgrunnlag. Men også det skrivne og det talte ordet spelar stor rolle gjennom publikasjonar, film, video og multivisjonsprogram. Aktivitetar av ulikt slag utgjer ei veksande form for formidlingsverksemd. Her er det rom for meir personleg kontakt mellom museum og brukarar. Somme gonger bruker ein heile landskapet som møtestad for å møta publikum.

Det kan vera av interesse å peika på at møtestadfunksjonen eller formidlingsarbeidet er den funksjonen dei museumstilsette sjølve er mest nøgde med. I Museumsutvalets personalundersøking går det fram at i kunst- og kunstindustrimusea, i dei kulturhistoriske musea og i musea for kultur- og naturhistorie meiner dei tilsette at formidlinga er den sterkaste sida deira (jf. figur 9.7 avsnitt 9.6.3.). I dei naturhistoriske musea kjem formidlinga som nummer to i rangeringa, tett etter forsking. Det kan tyda på at dei tilsette opplever møtet med eit mangslunge publikum på ein positiv måte.

8.3.1 Å gå på museum

Det som kjenneteiknar musea som opplærings- og opplevingsinstitusjonar, er at dei er frivillige besøksmål, dvs. folk bestemmer sjølve om dei vil og når dei vil søkja dit. Unntak er sjølvsagt museumsbesøk som er del av skuleopplegg, men det utgjer trass alt ein mindre del av besøksvolumet. Dette betyr at museum alltid har vore ein del av fritidstilbodet til folk flest. Det betyr også at museum opp gjennom tida har møtt aukande konkurranse etter kvart som disponibel fritid har auka i omfang, og fleire og fleire aktørar har tevla om å fylla folks fritid med ulike sysler.

Det er ein klar føremonn at museumsbesøk er initiert av personleg interesse. Frivillig oppsøking har som føresetnad eit minimum av nyfikne, som i sin tur er eit positivt utgangspunkt når ein vil formidla kunnskapsbaserte opplevingar. Ulempa ligg i at ein neppe kan rekna med at folk vil bruka mykje tid på kvart museumsbesøk, med mindre dei har heilt spesielle interesser. Besøka vil også oftast ha ein sporadisk og usystematisk karakter. Dette betyr at musea må bruka formidlingsmetodar som tek omsyn til at møta med publikum er korte. Det gjer at musea på mange måtar må finna seg i å vera eit slag ingressinstitusjonar, med konsentrasjon kring hovudpoeng meir enn detaljerte utgreiingar.

Museum er ein del av det offentlege rommet, ein stad å vera. Det har difor blitt understreka i den seinare tida at publikumsfasilitetar som toalett, serveringsstader og butikkar er viktige element i eit totalt møtestadkonsept. Dårleg kvalitet på desse funksjonane er ikkje med på å framheva museum som møtestader.

I denne samanhengen er det viktig å peika på at dei musea som har bygt ut eller som er i ferd med å byggja ut serverings- og butikktilbod, ser desse funksjonane i samanheng med den totale museumsdrifta. Somme institusjonar har t.d. lagt opp ei profilering av serverings- og butikktilbod som går inn som ein del av formidlingsarbeidet. Det kan vera tale om litteratur som har tilknyting til museets fagområde, gjenstandskopiar frå samlingane og lokale handverksprodukt i butikken, lokal tradisjonsmat i kafeen. Nokre av dei største musea legg også opp spesielle serveringstilbod og/eller butikkvarer som har tematisk samanheng med ulike skiftande utstillingar.

Å integrera salsverksemd i ein heilskapleg formidlingsprofil er ei krevjande form, men dei som lukkast med det, får ein ekstra dimensjon til møtestadkonseptet. Museum med stort besøksvolum har også eit inntektsgrunnlag her, men det er ingen grunn til å ha overdrivne førestellingar om inntektspotensialet Det set minst like store krav til salsprofesjonalitet og kvalitet som i forretningsdrift elles i samfunnet. Ofte vil serverings- og butikktilbodet vera å rekna som service overfor publikum.

Fleire av musea fungerer som ei form for kulturhus, der publikum kan oppleva konsertar, teaterstykke og andre former for aktiv kulturutfalding. Volumet på dette feltet varierer frå profesjonelle konsert-/teatersalar til intimkonsertar i vestibylar eller i utstillingsareal. Det er ei form for fleirbruk der dagsaktuelle kulturytringar kan opplevast både som kontrast til og del av historiske tilhøve.

Eit veksande krav er også at museum i større grad skal vera tilgjengelege for dei som har nedsett førleik på ulike måtar, anten den går på fysisk mobilitet, syn eller høyrsel. Noko av dette er fanga opp i bygningsforskrifter, men på langt nær alt. Her har mange museum fleire utfordringar i tida som kjem for å kunna gje høve til så mange som mogeleg å ta del i museumsopplevingane. I det registrerings- og avtaleopplegget som blir presentert nedanfor, blir det lagt vekt på at musea har gjort noko og/eller har ein plan for betring av tilhøva (jf. avsnitt 10.9.1.).

8.3.2 Kva betyr besøkstala?

I fleire samanhengar blir besøkstal brukt som det einaste vurderingsgrunnlaget for korleis eit museum fungerer. For ein institusjonstype som yter tenester på vegner av og for fellesskapet, er det naturleg og naudsynleg å ha eit medvite forhold til korleis ein når fram med bodskapen sin. Politikarar, styresmakter og museumsfolk sjølve er opptekne av at så mange som mogeleg skal få ta del i kunnskapen og opplevingane som musea kan gje. Men besøkstal er på ingen måte så eintydig som resultatindikator som ein av og til kan få inntrykk av.

Besøkstal i seg sjølv fortel lite og ingen ting om det kvalitative utbytet dei einskilde gjestene måtte ha av eit museumsbesøk. Om gjestene kjenner seg klokare, glade og nøgde, eller forvirra, trøytte og bortkomne, fortel besøkstal aldri noko om. Det er heller ikkje mogeleg på grunnlag av besøkstal åleine å seia noko om kva delar av bodskapen som når fram til eit mangslunge publikum. Slik sett betyr besøkstal berre at nokon har vore innom eit museum.

Ved norske museum finst det få undersøkingar om korleis publikum opplever museumsbesøka, kva inntrykk og oppfatningar folk sit att med når dei forlet musea. Det ville ha vore ein klar føremonn om musea sjølve i større grad kunne gjera slike undersøkingar. Det ville gje institusjonane og styresmaktene betre grunnlag for å vurdera korleis musea samhandlar med omverda gjennom publikumstilboda sine. Her kan norske museum læra mykje av arbeid som er gjort ved museum i utlandet.

Ei fullstendig relativisering av besøksvolum vil ikkje vera rett. Det er ei grov undervurdering av publikum å hevda at besøkstal er heilt uavhengig av det kvalitative innhaldet i eit museum. Evna til å fengja mange har vore og vil vera eit kvalitetskriterium ved museum som samfunnsinstitusjon, i alle fall så lenge ein gjer krav på å vera aktør på vegner av eit fellesskap. Og med eit stendig høgare utdanningsnivå i samfunnet er det liten grunn til å tru at evna til å vurdera og ha meiningar om kvalitet blir mindre. Ei heilt anna sak er sjølvsagt at kvalitetsvurdering og -oppfatningar vil variera, både over tid og blant ulike delar av publikum. Museum som evnar å gå i dialog med omverda innanfor eit dynamisk kvalitetsperspektiv, vil truleg også lukkast i å nå mange.

Vurdering av besøkstal må baserast på ei oppfatning av kven det einskilde museet vil nå. Det er mogelegvis rett å hevda at mange norske museum, kanskje dei fleste musea for nyare kulturhistorie, har folk i lokalsamfunna og i det geografiske nærområdet som den viktigaste målgruppa. Dette at norske museumsgjester i hovudsak besøkjer museum i nærområdet, kan tyda på at musea i viss monn lukkast (jf. avsnitt 8.3.3.1.). I eit grisgrendt land som Noreg betyr dette ofte at det er urealistisk og kanskje også uinteressant med høge besøkstal. Når det er sagt, er det også berrsynt at dei nærare 50% av befolkninga som ikkje går på museum, representerer ei stor utfordring for den samla museumsverda.

Museum har aldri berre vore kjenneteikna av å venda seg til «sine eigne». Museum har alltid også verka tiltrekkjande på «dei andre», nærare bestemt på dei som reiser for å sjå og oppleva noko nytt. I og for seg er dette naturleg, fordi museum på mange måtar presenterer eit slag kunnskapskonsentrat, anten det gjeld naturhistoriske tilhøve, nasjonal kunst, nasjonal og/eller regional kulturhistorie. Slik sett fungerer museum som eit utgangspunkt for å orientera seg om folk og land der ein reiser. Nivået på besøkstal vil difor så godt som alltid vera ein refleks av reiselivet og reiselivsmønsteret. I norske museum med eit jamt stort besøksvolum spelar både norske og utanlandske turistar ei vesentleg rolle.

Diverre er det få museum som har registreringar som fortel meir detaljert om dette. Men som døme kan nemnast tal frå Maihaugen, Bryggens Museum og Alta Museum for 1994. I billettsalet blir det registrert kva språk gjestene nyttar, og dermed får ein eit tilnærma oversyn over språkgrupper (tabell 8.2).

Tabell  Tabell 8.2 Prosentvis fordeling av besøk 1994 på språkgrupper. Maihaugen, Bryggens Museum og Alta Museum.

Institusjon (besøkstal)Norsk/ skandi- naviskEngelskTyskFranskAndre
Maihaugen (257 000)60618106
Bryggens Museum (42 000)512012611
Alta Museum (74 000)38428921

Kilde: opplysningar frå institusjonane.

Dei aller fleste norske museum vil truleg ha eit ønskje om høgare besøkstal, fordi dei gjerne vil nå fleire og fordi dei klart har kapasitet til å få fleire gjester i tale. I den samanhengen er det grunn til å peika på det potensialet som universitetsmusea har når det gjeld å nå fleire gjennom formidlingstiltaka sine. Samla stod universitetsmusea for 1,2 mill. gjester i 1994, og det utgjer 14% av totalbesøket i Noreg. Åleine har Vikingskipshuset i Oslo 39% av besøket ved universitetsmusea. Utanom Vikingskipshuset har Tromsø Museum det høgaste besøkstalet med i underkant av 100 000 gjester. Universitetsmusea er blant dei største institusjonane, dei har omfattande og viktige samlingar, dei har nær tilgang til nye forskingsresultat, dei kan illustrera store tidsperspektiv og kombinera kunnskap om natur og kultur, og dei er lokaliserte i dei største byane. Dette gjer at universitetsmusea har eit grunnlag for kunnskapsformidling som stiller dei i ei særklasse.

For nokre få museum vil det vera aktuelt å drøfta kvar det er rimeleg å leggja lista når det gjeld besøksvolum. Besøkstal er nemleg også ein indikator på slitasje på dei areala der publikum har tilgang. Troldhaugen er eit eksempel på at besøkstalet nærma seg den øvre grensa for det som var tilrådeleg. Deira løysing på problema var eit nybygg som skal letta presset på den gamle bustaden og inventaret. Ein del av stavkyrkjene har også slitasjeproblem p.g.a. stort besøkstal. Førebels er for høge besøkstal neppe eit stort problem i norske museum. Men alle institusjonane bør i plansamanheng drøfta nøye kva som er rimelege og tilrådelege mål når det gjeld besøkstal, og då med utgangspunkt i spørsmålet: Kor mange kan vi ta hand om på ein måte som gjer at gjestene har utbyte av besøket, og som samstundes sikrar at museet tek tilstrekkeleg omsyn til bevarings- og sikringsaspektet for samlingane?

8.3.3 Besøk ved norske museum

Samanlikna med dei fleste publikumstilbod på kulturfronten kjem museum godt ut når det gjeld besøksvolum. I 1991 vart det rapportert 6,2 mill., i 1992 7,6 mill., i 1993 8,4 mill.22 og i 1994 8,6 mill. gjester i samla besøk. Pr. innbyggjar utgjer 1994-tala 2,0 besøk, og det er relativt høgt samanlikna med andre land. I Human Development Report (1994) er 2,5 det høgaste besøksgjennomsnittet i perioden 1987-91, og det står Austerrike for. I same perioden var Noreg registrert med 1,4 museumsbesøk pr. innbyggjar. I Norden låg besøksgjennomsnittet pr. innbyggjar i 1990-91 på 1,1 (Finland), 1,5 (Noreg), 1,6 (Island), 1,7 (Danmark) og 1,9 (Sverige) (Månsson 1993).

No skal ein vera varsam med samanlikning med andre land. Museumsstatistikk er også problematisk i utlandet, med ulik praksis for kva og kor mykje som blir registrert. Med dei modifikasjonane i tankane er det likevel grunn til å tru at norske museum har bra besøk, samla sett. Auken i det norske besøkstalet frå 1991 til 1994 er truleg også uttrykk for ein reell vekst, og ikkje berre eit resultat av at fleire museum har rapportert.

Besøksvolumet er ulikt fordelt i landet. Det er naturleg nok ein funksjon av kor mange og kor store museum som er tilgjengelege. Oslo står i ei særstilling med 3,3 mill. gjester, som utgjer 38% av det samla besøket i landet. Pr. innbyggjar gjev det 6,9 besøk, noko som indikerer det sterke innslaget av turistar og andre reisande i Oslo-musea (figur 8.1). Besøket i Oppland, Sør-Trøndelag og Finnmark er i stor grad farga av einskildinstitusjonar, høvesvis Maihaugen, Erkebispegården/Nidaros domkyrkje og Alta Museum.

Figur 8.1 Figur 8.1 Besøk pr. innbyggjar 1994. Fylkesvis

Figur 8.1 Figur 8.1 Besøk pr. innbyggjar 1994. Fylkesvis

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Oslo dominerer også når det gjeld museum med størst besøk. Figur 8.2 viser at det i 1994 berre var Erkebispegården/Nidaros domkyrkje, Maihaugen, og Akvariet i Bergen som kom inn blant dei ti mest besøkte musea utan å vera lokaliserte i Oslo-området. Det er stort sett dei same musea som går att frå år til år når det gjeld størst besøk. I 1993 viste Zoologisk museum og Geologisk museum ved Universitetet i Oslo ei dinosaur-utstilling, og dei var då mellom dei musea som hadde høgast besøkstal. I 1994 gjekk besøkstalet monaleg ned.

Figur 8.2 Figur 8.2 Museumsbesøk 1994. «Ti på topp»

Figur 8.2 Figur 8.2 Museumsbesøk 1994. «Ti på topp»

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Storparten av norske museum har relativt smålåtne besøkstall. 67% av musea har mindre enn 10 000 gjester pr. år (figur 8.3). Det er dei kulturhistoriske musea som skaper dette biletet. Over 80% av desse musea har besøkstall som er lågare enn 10 000 pr. år. Både kunst- og kunstindustrimusea og dei naturhistoriske musea har relativt sett større innslag av museum med høge besøkstal.

Figur 8.3 Figur 8.3 Besøk ved norske museum 1994. Gruppering av institusjonar
 etter besøksvolum

Figur 8.3 Figur 8.3 Besøk ved norske museum 1994. Gruppering av institusjonar etter besøksvolum

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Museumsbesøk er i stor grad knytt til fritid og ferie. I SSBs materiale frå 1993 vart institusjonane bedne om å gje eit overslag over kor stor del av besøket som kom i månadene juni, juli og august. Av dei 331 institusjonane som svarte, rapporterte 211 institusjonar (64%) at sommarbesøket utgjorde 70% eller meir av totalbesøket. Sommarbesøket utgjorde i alt 4,6 mill. gjester, dvs. 55% av totalbesøket i 1993.

Det er etter måten store skilnader mellom museumskategoriane. Kunst- og kunstindustrimusea og naturhistoriske museum har det jamnaste besøket gjennom heile året. Dei rapporterer 30-32% av besøket sitt i sommarmånadene. Dei kulturhistoriske musea har i gjennomsnitt 68% av sitt besøk i sommarmånadene, og i gruppa for kultur- og naturhistoriske museum vart det rapportert i gjennomsnitt 60% sommarbesøk.

For å få ei nærare presisering av museumsbesøka fekk Museumsutvalet og NMU stilt nokre spørsmål i ei Omnibus-undersøking som SSB gjennomførte mai/juni 1995.33 Eitt av spørsmåla ville fanga inn i kva samanheng folk gjesta museum. Figur 8.4 viser at museumsbesøk i hovudsak er ein fritidsaktivitet, med helgedagsbesøk og fritidsbesøk på kvardag som det vanlegaste. Dette betyr at dei fleste museumsbesøka går til institusjonar i nærleiken av bustaden. Feriereiser, anten i Noreg eller i utlandet, kjem også relativt høgt som besøkssituasjon. Men den norske museumsgjesten er likevel ikkje primært turist.

Figur 8.4 Figur 8.4 I kva samanheng blir museum besøkt?

Figur 8.4 Figur 8.4 I kva samanheng blir museum besøkt?

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai/juni 1995

Nokre avvik frå hovudtendensen skal ein merka seg:

  • I aldersgruppa 16-24 år er besøk i samband med utdanning den viktigaste besøkssituasjonen, 41,4%.

  • I Nord-Noreg er fritidsbesøk på vanleg kvardag (37,9%) og feriereiser i Noreg (28,8%) dei to viktigaste besøkssamanhengane.

  • Feriereiser i Noreg er den viktigaste besøksramma for funksjonærar, lågare nivå (40,3%) og gardbrukarar/fiskarar (38,5%).

8.3.3.1 Dei som gjestar museum

Omnibus-undersøkinga frå mai/juni 1995 gav som resultat at 53% av dei spurde hadde besøkt minimum eitt museum dei seinaste tolv månadene. Det er ein høgare svarprosent enn i den vanlege kulturbrukstatistikken, der tala for 1991 og 1994 var høvesvis 41 og 45% (Vaage 1995). Grunnen til høgare rapportering i Omnibus-undersøkinga kan vera at spørsmåla spesifiserer ulike typar museum: kunst- og kunstindustrimuseum, kulturhistoriske museum og naturhistoriske museum. Det kan gje eit vidare assosiasjonsgrunnlag for dei som blir spurde enn det generelle omgrepet 'museum', som blir brukt i vanleg kulturbrukstatistikk. Eit anna punkt er at i SSBs Omnibus-undersøking er utvalet avgrensa til aldersgruppa 16-79 år, medan kulturbrukundersøkinga omfattar aldersgruppa 9-79 år. Ein veit likevel ikkje om denne skilnaden kan forklara dei ulike svarverdiane. I alle fall er det grunn til å rekna med at om lag halvparten av befolkninga gjestar eit museum i løpet av eit år.

Fordelinga mellom museumskategoriane viser at det er fleire som gjestar eit kulturhistorisk museum enn som besøkjer eit kunst- eller naturhistorisk museum (tabell 8.3). Dei aller fleste nøyer seg med 1-2 museumsbesøk i året. Gruppa som gjestar museum 3-4 gonger, er størst for dei kulturhistoriske musea.

Tabell  Tabell 8.3 Besøk på museum dei seinaste 12 månadene. Alle tal i prosent. N = 743

Museumstypar1-2 gonger3-4 gonger5-6 gonger7 og fleireSamla
Kunst- og kunstind.museum19,73,72,22,528,1
Kult.hist. museum30,96,42,62,442,3
Nat.hist. museum14,71,40,10,316,5

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai-juni 1995

Dette at dei kulturhistoriske musea har såpass mykje høgare besøksprosent enn dei andre, er heilt klart eit resultat av at desse musea finst det mange av over heile landet. Dei andre museumskategoriane er lokaliserte til Osloregionen, dessutan Bergen, Trondheim og Tromsø. Medan 40% av innbyggjarane i Akershus og Oslo har besøkt eit kunstmuseum, er tilsvarande besøksprosent i dei tre nordlegaste fylka 20%. Medan 25,2% i Akershus og Oslo har gjesta eit naturhistorisk museum, er det berre 8,1% i Nord-Noreg som har vore på naturhistoriske museum (figur 8.5).

Når det gjeld sosioøkonomisk status for dei som går på museum, stadfester Omnibus-undersøkinga det som andre undersøkingar har vist både her i landet og internasjonalt. Funksjonærar i mellom- og toppnivå og skuleelevar og studentar er dei flittigaste museumsgjestene utan omsyn til museumskategori (figur 8.6, jf. også figur 8.7). Ein skal elles leggja merke til at det er mindre skilnad mellom dei sosioøkonomiske grupperingane når det gjeld besøk på kulturhistoriske museum enn for dei andre musea.

Figur 8.5 Figur 8.5 Besøk på museum seinaste 12 månader.
 Landsdel

Figur 8.5 Figur 8.5 Besøk på museum seinaste 12 månader. Landsdel

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai-juni l995

Figur 8.6 Figur 8.6 Museumsbesøk seinaste 12 månader. Etter
 sosioøkonomisk status.

Figur 8.6 Figur 8.6 Museumsbesøk seinaste 12 månader. Etter sosioøkonomisk status.

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai-juni l995

Undersøkinga viser eit interessant om ikkje uventa trekk. Dei som går på museum, gjestar gjerne fleire typar museum. 15% av dei som besøkte museum, hadde gjesta alle tre museumstypane. 33% hadde besøkt to av museumskategoriane. Det er dei kulturhistoriske musea som har største gruppa «monogame» gjester, 35% av gjestene på kulturhistoriske museum hadde ikkje besøkt andre typar museum (tabell 8.4).

Tabell  Tabell 8.4 Besøk på museum seinaste 12 månader. Eitt eller fleire museum. Alle tal i prosent.

Besøk på (type museum):Berre eitt museumOgså kunstmuseumOgså kult.hist. museumOgså nat.hist. museum
Kunstmuseum (n = 391)24-7036
Kult.hist. museum (n = 597)3547-30
Nat.hist. museum (n = 234)146174-

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai-juni 1995

8.3.3.2 Dei som ikkje gjestar museum

Eit av siktemåla med Omnibus-undersøkinga var å få litt betre informasjon om den gruppa som ikkje gjestar museum. Denne gruppa, som utgjorde 47% av dei spurde, representerer både potensialet og utfordringa for alle museum som ønskjer å nå fleire. Hovudtyngda av ikkje-brukarane finn ein blant ufaglærde arbeidarar, faglærde arbeidarar, funksjonærar lågare nivå, gardbrukarar/fiskarar og blant pensjonistane (figur 8.7).

Undersøkinga gjev elles følgjande resultat:

  • I aldersgruppa 67-79 år er ikkje-brukarane i fleirtal, 57,7%.

  • Ikkje-brukarar utgjer fleirtalet i gruppa som har utdanning som sluttar på ungdomsskulenivå og vidaregåande nivå I.

  • Ikkje-brukarar utgjer fleirtalet blant dei spurde i Nord-Noreg, Agder og Rogaland og Austlandet utanom Akershus/Oslo. Overvekta av ikkje-brukarar er lita, eigenleg er det snakk om ei 50-50 deling i forhold til dei som har besøkt museum.

  • I inntektsgruppene under 150 000 utgjer ikkje-brukarar eit lite fleirtal blant dei spurde.

Dei som ikkje hadde besøkt museum, vart også spurde om grunnen til dette. Figur 8.8 viser at dei fleste ikkje har noka spesiell årsak til at dei ikkje går på museum. Ein skal elles merka seg at som grunn nummer to blir oppgjeve lita eller inga interesse for museum. Økonomiske årsaker spelar ubetydeleg rolle som grunngjeving for manglande besøk.

Figur 8.7 Figur 8.7 Besøk/ikkje besøk på museum. Etter
 sosioøkonomisk status.

Figur 8.7 Figur 8.7 Besøk/ikkje besøk på museum. Etter sosioøkonomisk status.

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai-juni 1995

Figur 8.8 Figur 8.8 Årsaker til ikkje å gå på museum

Figur 8.8 Figur 8.8 Årsaker til ikkje å gå på museum

Kilde: SSBs Omnibus-undersøking mai-juni 1995

Nokre trekk skal ein merka seg:

  • Lita tid blir oppgjeve som årsak nummer to blant dei spurde frå Akershus og Oslo, blant einslege 25-44 år og blant dei som er gardbrukarar/fiskarar.

  • For lang avstand til næraste museum ble oppgjeve som grunn nummer to blant dei spurde i Nord-Noreg.

Med ei identifisering av kven ikkje-brukarane er, burde det vera mogeleg for musea å finna rådgjerder og tiltak som gjer at stendig fleire vil finna vegen til musea. Sjølv om Noreg truleg har ein av dei høgaste besøksprosentane i Europa, er det ingen grunn til å seia seg nøgd med at om lag halvparten av befolkninga ikkje går på museum.

8.3.3.3 Born og unge

Den generelle politikken i Noreg har born og unge som ei spesiell målgruppe for tiltak som tek sikte på å utvikla dei til aktive deltakarar i demokratiet. I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden og i seinare budsjettproposisjonar blir det peika på at det er viktig for musea å nå born og ungdom med utstillingar og andre tiltak. Å gå på museum for å ta del i tilboda der må lærast på same måten som all annan sosial aktivitet. Skulen er utan samanlikning den viktigaste samarbeidspartneren når det gjeld bruk av museum. Omnibus-undersøkinga ovanfor viser at for ungdomsgruppa er museumsbesøk i skulesamanheng den absolutt viktigaste besøkssituasjonen.

SSB har i mange år hatt eit spørsmål der institusjonane skal gjera greie for organiserte museumsbesøk frå skular. I 1992 var det 186 institusjonar (45%) som svarte på dette spørsmålet. I 1993 var det 208 (43,5%) som svarte og i 1994 260 institusjonar (45%). I 1994 fordelte dei seg slik: 14 kunst- og kunstindustrimuseum, 207 kulturhistoriske museum, 8 naturhistoriske museum og 27 kultur- og naturhistoriske museum.

Det er ikkje rett å venta at museum utan bemanning har organiserte opplegg for skular. For å kvalifisera biletet litt har ein difor sett på musea som utførte meir enn eitt årsverk. Blant desse musea er det 56% som rapporterte om skulebesøk. Rapporteringa tyder såleis på at nær halvparten av musea manglar undervisningsopplegg eller andre tiltak for skulane. Men det er også mogeleg at rapporteringa på dette punktet er for dårleg, at registreringsrutinane ikkje er heilt tilfredsstillande.

Totalt sett verkar det som om dei kulturhistoriske musea når best ut til skulane, men skilnaden er ikkje så stor mellom museumskategoriane i 1994 som dei to føregåande åra (tabell 8.5).

Tabell  Tabell 8.5 Skuleelevar/studentar, organisert museumsbesøk

199219931994
MuseumstyparAntalProsent av total4AntalProsent av total4AntalProsent av total4
Kunst- og kunstind.museum67 8745,0102 2149,057 02654,6
Kult.hist. museum239 2495,7278 8356,0375 6667,0
Nat.hist. museum12 7951,619 4161,539 8495,6
Kult.hist./nat.hist. museum69 6475,045 2253,359 6164,5
Sum389 5655,1445 6905,3532 1576,1

4 Prosenttalet refererer seg til totalbesøket i alle museum, også dei som ikkje har svart på dette spørsmålet.

5 Skilnaden mellom 1993 og 1994 kjem av at Riksutstillingar berre har rapportert for 1993.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1992, 1993 og 1994

Bak desse samletala gøymer det seg store variasjonar mellom institusjonane. Ser ein på kor stor del det organiserte skulebesøket utgjer av totalbesøket, finn ein nokre interessante trekk. Av dei 260 institusjonane som rapporterte organiserte skulebesøk i 1994, var det 41 (16%) som hadde eit skulebesøk som utgjorde 30% eller meir av totalbesøket. Fem av desse musea hadde eit totalbesøk som var over 50 000. Det betyr at skulen utgjer langt den viktigaste målgruppa for desse musea.

Dei seinaste par åra har museum også kome inn som aktørar i skulefritidsordninga. Det betyr at museum har aktivitetsopplegg for elevar i småskulen etter ordinær skuletid. Erfaringane så langt tyder på at det kan vera ein positiv måte å knyta kontakt mellom born og museum på.

Tala ovanfor viser berre i kva grad skuleelevar besøkjer museum. Det finst ingen talfesta opplysningar om besøk av museumspersonalet på skulane. Men ein veit at det skjer mange stader. Det finst heller ingen tal som viser bruk av små vandreutstillingar, temakassar og lysbileteseriar, som museum sender ut til bruk i skular. Det er mogeleg at slike tiltak har blitt mindre vanlege dei seinaste åra. Dei krev god planlegging og oppfølging og set krav til god kontakt mellom skule og museum.

Også når det gjeld kontakt museum - skule, vil moderne informasjonsteknologi kunna gjera det mogeleg for skulane å bruka informasjon og kunnskap frå musea på ein heilt annan måte. Ikkje minst vil det vera mogeleg for skulane å arbeida meir målretta med førebuingar av museumsbesøk og å kunna integrera museumstilfang meir effektivt i undervisninga. I den satsinga skuleverket no legg opp til med bruk av moderne informasjonsteknologi, ligg det vel til rette for samarbeid mellom museum og skule, både i form av forsøksprosjekt og meir permanente opplegg.

I tillegg til organiserte opplegg for skuleelevar gjer musea også greie for kor mange born/unge som er registrerte anten som einskildbesøk eller i gruppebesøk. Det er grunn til å tru at det er ei viss underrapportering også på dette punktet. Det er m.a. fleire museum som ikkje tek betaling av born i følgje med foreldre, og dermed er registreringa også usikker. Registreringsrutinane elles når det gjeld barnebesøk, ser heller ikkje heilt tilfredsstillande ut. I 1994 var det 226 museum med til saman 2,8 mill. besøk som mangla rapportering om barnebesøk.

I alt 345 institusjonar (60%) har svart på spørsmålet om barnebesøk i 1994. Totalt vart det rapportert 1,233 mill. born, og det utgjorde 21% av totalbesøket i desse 345 institusjonane. Reknar ein av totalbesøket for alle musea, var det 14% born som besøkte norske museum i 1994. Tabell 8.6 viser at det er liten skilnad mellom museumskategoriane, sjølv om kunst- og kunstindustrimusea har lågast andel barnebesøk.

Tabell  Tabell 8.6 Barnebesøk på norske museum

Museumstypar1993Prosent av total61994Prosent av total6
Kunst- og kunstind.museum63 2165,3128 13710,2
Kult.hist. museum667 68614,1744 84813,9
Nat.hist. museum134 41211,2127 03717,9
Kult.hist./nat.hist. museum199 79314,8233 36317,4
Sum1 065 10712,71 233 38514,2

6 Prosenttalet refererer seg til totalbesøket i alle museum, også dei 216 som ikkje har svart på dette spørsmålet.

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1993 og 1994

Det er vanskeleg med utgangspunkt i tala å vurdera om norske museum har eit brukande grep på born og unge, og om musea maktar å leva opp til det politiske ønskjet om å satsa på denne målgruppa. Det første som må skje, er at institusjonane er meir presise i registreringane sine slik at både dei og styresmaktene kan få eit betre vurderingsgrunnlag. I følgje Omnibus-undersøkinga hadde nær 60% i gruppa skuleelevar/studentar besøkt eit museum dei seinaste 12 månadene. Det skulle indikera at musea gjer ein brukbar innsats, sjølv om mykje kan bli betre.

8.3.4 Utstillingar

Utstillingar er utan tvil det mediet musea bruker mest ressursar på når det gjeld å få omverda i tale. Det heng sjølvsagt saman med alle dei kvalitetane som blir tilskrivne den materielle omverda, anten det gjeld autentisitet, estetisk verdi, symbolfunksjon, økonomisk verdi, eller rett og slett illustrasjonsverdi. Når nokon skal beskriva og analysera korleis musea fungerer i samfunnet, byggjer dei i stor grad på museumsutstillingane. Litt forenkla kan ein hevda at det meste som finst av litteratur om museum, i stor utstrekning er litteratur om museumsutstillingar.

Blant museumspersonalet har ein i aukande grad brukt mykje tid og energi på å finna fram til gode utstillingsmåtar. Internasjonalt har det vakse fram relativt omfattande litteratur om korleis museum bør byggja utstillingar, korleis ulike verkemiddel kan brukast for å nå fram til publikum, korleis utstillingstekstar skal/bør utformast osv.

Grovt skissert er det to hovudtypar museumsutstillingar. Den første typen tek utgangspunkt i einskildobjektet og framhevar det som eit visuelt sentrum. Objekta er det viktigaste, men dei blir sette inn i ulike samanhengar. Kunstmusea er den mest typiske eksponenten for slike objektretta utstillingar. Utstillingstypen finst også i dei naturhistoriske og kulturhistoriske musea. Eldre kronologiske og typologiske utstillingar var variantar av denne utstillingsforma.

Den andre hovudtypen rettar perspektivet mot heilskapen eller eit miljø. Einskildobjektet er interessant som del av heilskapen og sett i forhold til andre einskildobjekt. Diorama-utstillingar i dei naturhistoriske musea er typiske døme på denne utstillingsforma. Det blir bygt opp tilnærma fullstendige miljø med vegetasjon og fauna. På den måten kan ein illustrera korleis elementa i eit økosystem fungerer og er innbyrdes avhengige.

Då grunnleggjaren av Nordiska museet, Artur Hazelius, i 1872 presenterte dei første interiørutstillingane sine med dokker i folkedrakter, brukte han mykje det same prinsippet. Heilskapen var viktigare enn detaljane. Objekta er viktige som vitnemål om idear og/eller prinsipp. I museum for nyare kulturhistorie er dette utstillingsprinsippet truleg det mest vanlege. I ar keologiske museum har prinsippet i aukande grad gjort seg gjeldande, m.a. i form av rekonstruerte bygningar og andre miljø. Utstillingsforma har klare likskapar med teater, og blir i viss monn supplert med teaterliknande aktivitetar, der folk utfører ulike typar gjeremål i tidstypiske drakter (jf. avsnitt 8.3.6.).

Sjølv om det i museumsverda er til dels sterke synspunkt for og i mot dei to utstillingsprinsippa, vil dei fleste ha eit instrumentelt syn på det heile, i erkjenning av at ingen av prinsippa kan gjera krav på å vera uttrykk for «den sanne museumsutstillinga». Utstillingsprinsippa framhevar ulike sider og kvalitetar ved den materielle omverda. Og utstillingsprinsipp og verkemiddel er eit val som er avhengig av kva bodskap ein vil ha fram.

Medan det for 20-30 år sidan i hovudsak var museumspersonalet sjølve som laga utstillingar, har ein dei seinaste åra kunna observera ein klar tendens til at musea samarbeider med «utstillingsspesialistar», som arkitektar, interiørarkitektar eller scenografar. Ein del av dei større musea knyter til seg fagpersonar med meir reindyrka utstillingsbakgrunn. Slik sett har ei internasjonal utvikling på utstillingsfeltet også nått norske museum. Det som skjer, er uttrykk for eit ønskje om stendig å gjera utstillingsmediet endå betre i museumssamanheng.

I SSBs materiale blir det spurt om kor mange utstillingar musea har vist. Det blir skilt mellom basisutstillingar, dvs. utstillingar som har utgangspunkt i museets fagprofil og dei faste samlingane, og som kan stå over fleire år; skiftande utstillingar, som kan ha lausare tematisk tilknyting til museet, og som står frå nokre dagar til eitt år, og vandreutstillingar. I 1994 var det i alt 170 museum (38%) som ikkje svarte på spørsmålet. Dei same musea rapporterte godt 1,1 mill. gjester.

Aktiviteten ved dei 401 institusjonane som har svart på eitt eller fleire av spørsmåla om utstillingar, går fram av tabell 8.7.

Tabell  Tabell 8.7 Utstillingsaktivitet 1994

MuseumstyparFaste utstillingarSkiftande utstillingarVandre-utstillingarSum
Nye i -94Totalt
Kunst- og kunstind.museum165419555304
Kult.hist. museum1001 0814271251 633
Nat.hist. museum1397202119
Kult.hist./nat.hist. museum131576331251
Sum1421 3897052132 307

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Eit markant trekk er at kunst- og kunstindustrimusea har relativt sett den største aktiviteten når det gjeld skiftande utstillingar og vandreutstillingar. Det er ein refleks av den aktive rolla desse musea spelar i ein allmenn, offentleg kunstpolitikk, der kunst- og kunstindustrimusea skal vera møtestader for både historisk og dagsaktuell kunst (jf. avsnitt 8.3.9.). Dei naturhistoriske musea har det lågaste aktivitetsnivået når det gjeld desse to utstillingstypane.

All erfaring frå arbeid med museumsutstillingar viser at for å halda tritt med utviklinga av dei faglege «sanningane», og for å halda på interessa frå eit publikum, må utstillingane fornyast med jamne mellomrom. Tala tyder på at arbeidet med nye, faste utstillingar har relativt høg prioritet.

Skiftande utstillingar møter eit klart behov for å fanga opp meir dagsaktuelle saker og hendingar og tema som ikkje er representerte i dei faste utstillingane. Aktiviteten når det gjeld skiftande utstillingar, er etter måten høg. I 1993-statistikken gjorde institusjonane greie for kor stor del av utstillingsarealet som er til disposisjon for skiftande utstillingar. Berre 152 institusjonar rapporterte at dei hadde areal for skiftande utstillingar, og det utgjorde ca. 16% av det totale utstillingsarealet deira. Som alltid er manglande svar litt vanskelege å tolka, men dei fleste av dei 326 som ikkje svarte, manglar truleg areal for skiftande utstillingar. I mange av museumsplanane for utviding/nybygg er behovet for areal til skiftande utstillingar sterkt understreka. Totalt sett bør nok arealet for skiftande utstillingar bli større for å kunna møta både publikums og museas behov for meir aktiv bruk av utstillingsmediet.

Eit moment i denne samanhengen er å bruka lokale utanfor museet til presentasjonar av ulike tema. Det representerer sjølvsagt ein meir omstendeleg arbeidsmåte for musea. Samstundes er det ein måte for musea å vera til stades for eit publikum utanfor museumsportane.

I avsnitt 6.3.4. blir det vist til at sponsormidlar i viss monn går til utstillingsprosjekt i musea. Det er i hovudsak dei største musea som har lukkast i få slike avtaler med næringslivet, for på den måten å realisera utstillingar som det elles ville vera vanskeleg å få til. Så lenge det ikkje blir knytt vilkår til sponsormidlane som grip inn i dei museumsfaglege vurderingane i slike prosjekt, kan sponsing representera ei viktig finansieringskjelde for utstillingar og andre prosjekt.

8.3.5 Publikasjonar

Mykje av informasjons- og kunnskapsformidlinga frå musea går gjennom publikasjonar av ulikt slag. Den klassiske museumspublikasjonen er utstillingskatalogen med detaljerte opplysningar om kunstverk eller andre gjenstandar som er med i utstillinga. I tillegg kan det vera temakatalogar og populærvitskaplege bøker. Mange museum legg vinn på å presentera publikasjonar i tilknyting til utstillingar. Variasjonen er elles stor når det gjeld publikasjonar som museum og museumstilsette står for: avhandlingar, forskingsrapportar, årbøker, populærvitskaplege temabøker, tidsskriftsartiklar, artiklar i dagspresse osv.

I Nasjonalbibliografiske data 1962-1996 er det registrert ca. 3 800 innføringar som har ei eller anna tilknyting til museum. I same perioden er museum registrerte som utgjevarar av over 1 350 publikasjonar (bøker og artiklar). Det fortel om ein omfattande aktivitet for å bruka det trykte ordet som formidlingsmedium og som supplering til utstillingar.

Elektroniske publikasjonar i form av CD-ROM plater høyrer førebels til eit lite utforska område for norske museum. Kostnadene med å produsera slike plater har til no vore for store. I utlandet er det fleire museum som har presentert delar av samlingane på den måten. Ofte er det kunstverk av svært kjende kunstnarar som blir presenterte på CD-ROM. På den måten kan ein distribuera bilete og tekstinformasjon til mange brukarar utanfor museet, t.d. skular, bibliotek og private som kan orientera seg om museumssamlingar.

Ei form for elektronisk publisering er å bruka informasjonsteknologi i utstillingar eller for å presentera samlingar i eigen museumsbygning. Dette vil bli meir og meir vanleg etter som musea overfører informasjon om samlingane og bilete til elektroniske media. Det vil likevel berre vera tale om ein supplerande funksjon i forhold til originalsamlingane og til utstillingane. Den store føremonnen ligg i evna til å behandla store datamengder raskt og å skapa oversyn fortare og meir effektivt enn noko anna manuelt system. Dessutan kan mykje av leiting og sortering overførast til medium som ikkje medfører slitasje på originalsamlingane.

Dei første norske musea har også presentert seg på Internett. Førebels er det mest tale om brosjyremateriell, for å bruka publikasjonsperspektivet. Men med tida vil nettverksbasert informasjon om museum og samlingar bli svært vanleg. Ei fullstendig elektronisk erstatning for den trykte publikasjonen vil det likevel ta lang tid før vi kan sjå, om det nokon gong vil skje.

8.3.6 Aktivitetar

Som presentasjonsform spelar utstillingar på assosiasjonskrafta som ligg i gjenstandsmaterialet, dette at dei er så konkrete og lette å sansa. Utstillinga er ei god ramme for presentasjon av gjenstandar, fordi alle formaspekta ved ein gjenstand kan eksponerast ved å dvela ved alle detaljane, og ein kan la formuttrykk og estetikk påverka og gjera inntrykk på alle som betraktar gjenstanden.

Skal ein derimot formidla den kunnskapen som gjeld forholdet mellom ulike gjenstandar, som gjeld bruk og funksjon eller som går på forholdet mellom kunstverk og samfunn, må ein ta verbaliseringar til hjelp for å tolka fram og forklara kunnskapsinnhaldet. Alle verbaliseringar, anten dei er skriftlege i form av utstillingstekstar eller munnlege i form av spesielt tilrettelagde omvisingar eller tolkingar, utfyller det statiske og gjev presentasjonen eit forklarande preg.

Omvisingar er eitt av mange kvalitative særtrekk i museumsformidling. Dette å kunna møta personar på museum som tek seg av gjestene og som i bokstavleg forstand er ein formidlar mellom museum og gjest, mellom gjenstand/utstilling og gjest, blir i dei fleste tilfella oppfatta som positivt. Mange museum held på omvisingar for publikum, sjølv om det representerer ein ikkje uvesentleg personalkostnad. Volumet på omvisingane veit ein ikkje, heller ikkje om det er fleire eller færre museum som satsar på denne forma for formidling. Lysbileteforedrag, film- og videoframsyningar høyrer også med til dei klassiske formidlingsmetodane i museum.

Det utstillingar og omvisingar ikkje maktar å formidla, er det prosessuelle ved alle gjenstandar. Det gjeld både den produksjonsprosessen som ligg bak kvar gjenstand, og det som ein kan kalla den prosessuelle brukssamanhengen, dvs. dei konkrete samanhengane der gjenstandane har blitt eller blir brukte. For å få desse sidene fram må ein ta i bruk andre metodar enn utstillingar og verbaliseringar. Ein må få fram handlingar og handlingsmønster der gjenstandar og bygningar er i bruk, og der samhandling mellom menneske er vesentleg. Her kjem omgrepet detlevande museet inn som ei samlebeskriving av formidlingstiltak eller presentasjonsformer (aktivitetar og demonstrasjonar) som vil setja dei prosessuelle elementa i sentrum. Det er eit forsøk på å setja gjenstandar inn i ein brukssamanheng, å gje ei konkretisering og visualisering av bygningar og gjenstandar i bruk. Slike aktivitetar er først og fremst å finna i museum for nyare kulturhistorie, men kan også møtast i rekonstruerte bygningsmiljø som skal illustrera forhistoriske periodar, t.d. Ullandhaug-garden i Stavanger og Vikingmuseet Borg i Lofoten.

Det er snakk om visualiserte tidsbilete, ikkje rekonstruksjon av historia. Aktivitetar, anten det gjeld arbeids- eller festliv, skal tena til å illustrera idear, haldningar og normer som formar både produksjon av den materielle omverda og vår omgang med det materielle. Slik sett er prosessorientert formidling eit forsøk på ein heilskapleg tilnærmingsmåte for å få oss alle til å ana, og i beste fall forstå, korleis livet kunne vera i ei fjern eller nær fortid. Det er tale om ei konkretisering av visse sider ved livet frå den tida då bygningar og gjenstandar var rammer for verkeleg menneskeleg aktivitet.

Arbeidsprosessar og driftsformer vil ofte vera kombinerte med bruk av eldre husdyrrasar og vekstar. I museumsstatistikken for 1993 vart det spurt om musea var aktive på dette feltet. Det var 65 museum som dreiv med tradisjonelle driftsformer, 48 hadde gamle vekstar og 12 heldt husdyr av eldre rasar (tabell 11.1 avsnitt 11.4.1.2.). Det er ting som tyder på at dette er ein aukande tendens.

Bruk av arbeidsprosessar i formidlingssamanheng er ei krevjande form, der det alltid ligg ein fare for teatralske og idylliserande framstillingar av livet i «gode, gamle dagar». Dette er for så vidt ei utfordring som ligg i all presentasjon av fortida, anten ein bruker aktivitetar eller utstillingar. Det blir berre meir påtakeleg når verkelege personar skal samhandla og utføra arbeidsoperasjonar. I norske og nordiske museum er innslaga på dette området meir nøkterne og varsame enn det ein kan finna i andre land, der aktørar illuderer verkelege, historiske personar i såkalla «first person interpretations».

Overgangen frå visualiserte tidsbilete til reine teaterframsyningar i museumsramme er flytande. Drama har det vore eksperimentert med ein del som formidlingsteknikk, spesielt overfor born og unge. Det representerer også ei formidlingsform som tek sikte på å få fram andre sider og andre bodskapar ved det materielle enn det den tradisjonelle museumsutstillinga maktar. Det er eit spørsmål om å få fram mangfaldet i dei bodskapane som den materielle omverda kan innehalda.

Det aukande mangfaldet av aktivitetar i museumssamanheng er eit vitnemål om det formidlingspotensialet som ligg i det materielle som utgangspunkt for det å fortelja historie og historier, anten det blir fokusert på natur, kunst eller andre kulturytringar.

8.3.7 Opningstider

Museumsbesøk er ikkje berre ein funksjon av i kva grad publikumstilbodet fengjer. Opningstider, både omfang og tidspunkt, regulerer i stor grad museumsbesøka.

I SSBs 1994-materiale vart det spurt etter kor mange opningstimar institusjonane hadde årleg. 178 av musea (31%) har ikkje svart på spørsmålet, og dei representerer over 1,4 mill. gjester.

Resultatet frå dei 393 som har svart, viser at kunstmusea og dei naturhistoriske musea har den lengste opningstida (tabell 8.8) Snittet pr. veke er 28 timar både for naturhistoriske museum og kunst- og kunstindustrimuseum. Dette er naturleg fordi desse to museumskategoriane har relativt sett dei fleste heilårsmusea. Dei kulturhistoriske og dei kombinerte kulturhistoriske/ naturhistoriske musea omfattar alle dei som berre har ope om sommaren, og det dreg snittet ned. Av dei 216 musea som hadde inntil 500 opningstimar i året, er 189 kulturhistoriske museum.

Tabell  Tabell 8.8 Opningstider i norske museum 1994

MuseumstyparInstitusjonar som har svartGjennomsnittleg årleg opningstid (timar)Samla opningstid (timar)
Kunst- og kunstind. museum281 45240 653
Kult.hist. museum319678216 168
Nat.hist. museum111 47816 261
Kult.hist./nat.hist. museum3565622 947

Kilde: SSBs museumsstatistikk 1994

Dei aller fleste har differensierte opningstider gjennom året. Medan berre 20% av musea hadde meir enn 36 timar pr. veke i opningstid i januar og oktober i 1993, hadde 50% slik opningstid om sommaren. Kunst- og kunstindustrimusea og dei naturhistoriske musea har minst differensiering av opningstida gjennom året.

Storparten av opningstida ved musea er på vanleg dagtid, dvs. når folk flest er opptekne med arbeid. Det er likevel grunn til å framheva at musea har ope laurdagar og sundagar. Somme museum har også forsøkt med kveldsope ein dag i veka. Det er sjølvsagt mange praktiske og økonomiske årsaker til at musea har overvekt av opningstid på vanleg dagtid. Men det er grunn til å peika på at musea i større grad burde vurdera ulike former for verkemiddel som kan ta større omsyn til når folk faktisk har høve til å gjesta musea. Som tenesteytande institusjonar bør musea gjera slike analysar og vurderingar.

8.3.8 Inngangspengar

Inngangspengar høyrer med til dei spørsmåla som har eit prinsipielt preg. Med så stort innslag av offentlege midlar har det stundom vore reist spørsmål om museum bør ta inngangspengar. Spørsmålet er spesielt aktuelt for dei musea som staten eig og driv, dvs. universitetsmusea, Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Arkeologisk museum i Stavanger, Forsvarsmuseet, Marinemuseet, Norsk Vegmuseum og Jernbanemuseet.74

I dag er det ingen felles praksis for dei statlege musea. Av universitetsmusea tek Bergen Museum, Vitskapsmuseet og Tromsø Museum inngangspengar, medan Zoologisk museum, Mineralogisk-geologisk museum, Paleontologisk museum, Botanisk hage og museum, Oldsaksamlinga, Myntkabinettet og Etnografisk museum ved Universitetet i Oslo er gratis. Men heller ikkje Universitetet i Oslo er konsekvent, for Vikingskipshuset, som sorterer under Oldsaksamlinga, har inngangspengar. Med det absolutt største besøkstalet blant norske museum fungerer Vikingskipshuset som ei viktig inntektskjelde for Oldsaksamlinga og Universitetet i Oslo.

Av Kulturdepartementets museum er Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst gratis, medan Arkeologisk museum i Stavanger tek inngangspengar. Nasjonalgalleriet tek inngangspengar til dei skiftande utstillingane. Av dei ti best besøkte musea i 1994 var det berre Nasjonalgalleriet som var gratis.

Ser ein på materialet for 1994, tek eit fleirtal av musea inngangspengar, i alt 338 institusjonar (59%). I 1993 hadde 278 museum ein billettpris inntil 20 kroner for vaksne, 19 museum hadde billettpris frå 20-40 kroner, medan berre ni institusjonar hadde meir enn 40 kroner som ordinær vaksen billett. Totalt vart det rapportert 4,905 mill. betalande gjester i 1994. Med ein gjennomsnittspris på 18 kroner pr. person representerer det ein inntektsverdi på 88 mill. kroner årleg.

I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart spørsmålet om inngangspengar teke opp i tilknyting til Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst. Departementet ville vurdera å innføra faste inngangspengar også ved desse institusjonane, men ville først sjå på erfaringane frå Danmark, der staten innførte inngangspengar for dei sju statlege musea i 1991. Erfaringane i Danmark sidan 1991 viser at besøkstalet vart redusert det første året etter innføring av inngangsbillettar. Her skal ein også hugsa på at besøksregistrering med billettar er langt meir påliteleg enn alle kjende registreringsmetodar der det er fri inngang. To år seinare hadde fem av dei sju musea større besøkstal enn før innføring av inngangspengar. Nationalmuseet hadde nesten dobla besøkstalet i 1993 samanlikna med 1990. Dette heng sjølvsagt også saman med at Nationalmuseet opna etter ei omfattande ombygging i 1993. Derimot hadde Statens museum for kunst enno ikkje kome opp på 1990-nivå i 1993.

Erfaringane både frå Danmark og andre land tyder på at inngangspengar i seg sjølv ikkje er eit vesentleg hinder for å gå på museum, dersom motivasjon og interesse er til stades. Ni av dei ti best besøkte musea i Noreg har alle inngangspengar. I den ovanfornemnde Omnibus-undersøkinga spelar økonomi ubetydeleg rolle som grunn for ikkje å gå på museum. Spørsmålet er då reint prinsipielt om institusjonar som er finansierte av det offentlege og som forvaltar ein felles «arv», skal vera fritt tilgjengelege for alle.

No vil det vera kunstig å vurdera musea isolert. Dei er ein del av samfunnet elles og må vurderast i samsvar med det. Spørsmålet kan då stillast slik: Er det rimeleg at dei som besøkjer museum skal ha 100% subsidiering, medan andre tenester der det offentlege har eit hovudansvar, har ein eigendel? Tendensen dei seinaste åra for tenester som er finansierte av det offentlege, har gått mot eit system der ein på stendig fleire område betaler ein eigendel når ein bruker ei teneste. Innanfor ei slik ramme verkar det kunstig å gje musea særbehandling. Slik sett kan det seiast å vera rimeleg at dei som bruker museum, må betala ei form for eigendel, på same måten som dei gjer det i andre samanhengar.

8.3.8.1 Tilråding

Museumsutvalet ser dei prinsipielle motførestellingane mot bruk av inngangspengar i dei offentlege musea. Museumsutvalet kan likevel ikkje sjå at det kan forsvarast å behandla musea annleis enn andre tenester som i hovudsak er finansierte av det offentlege. Hovudregelen bør såleis vera at institusjonane tek inngangspengar. Eit viktig prinsipp må i den samanhengen vera at billettinntektene skal tilfalla institusjonane heilt og fullt. Inngangspengar er det viktigaste og ofte det einaste inntektspotensialet musea har, dersom dei skal kunna bidra med eigeninntekter.

Eit anna spørsmål i tilknyting til inngangspengar er om skuleklassar skal betala for omvisingar eller andre tenester på musea. Vanlegvis høyrer skulebesøk til dei mest ressurskrevjande tenestene som musea yter. Praksis varierer mykje frå institusjon til institusjon. Somme museum tek ikkje betalt for skular i det heile. Andre skil mellom skular i vertskommunen og den nære regionen, og skular utanfor primærområdet. Atter andre tek betaling av alle skuleklassar.

Med det klare politiske signalet om at ein skal prioritera tiltak som aukar museumsbesøk av born og unge, burde konsekvensen vera at alle museum som får tilskot frå det offentlege, har gratis inngang for skuleelevar i undervisningssamanheng. Samstundes er det grunn til å peika på at det i stendig større grad blir vanleg at offentlege sektorar kjøper tenester hjå kvarandre. Slik sett burde det vera rimeleg at skulesektoren betaler for tenester dei får frå musea, på same måten som dei betaler for skuleframsyningar på teater, konsertar og kino. Det kan tenkjast ordningar der skuleklassar går gratis når dei bruker museumsutstillingar på eiga hand, medan det blir betalt for bruk av museumspersonalet til omvisingar, spesielle opplegg o.a. Den beste utnyttinga av museum i skulesamanheng er i alle fall at skular og museum legg opp skikkelege planar for korleis museum skal integrerast i undervisninga.

8.3.9 Riksutstillingar - for alle typar museumsutstillingar?

På kunstområdet fekk ein i 1952 Riksgalleriet, som skulle «føre god kunst frem til folk i bygd og by». Den gongen var kunstutstillingar i hovudsak eit storbyfenomen. Riksgalleriet var barn av den same folkeopplysande ideologien som låg bak etableringa av Rikskonsertane og Riksteatret. I samband med skipinga av Museet for samtidskunst i 1988 vart Riksgalleriet overført dit som ei avdeling under namnet Riksutstillingar. Oppgåvene, formidling og produksjon av vandreutstillingar, er i hovudsak dei same som for det tidlegare Riksgalleriet, men med eit noko redusert omfang og aktivitetsnivå.

I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det peika på behovet for å styrkja den landsomfattande formidlinga av biletkunst og kunsthandverk. I tilleggsmeldinga til Kulturmeldinga, St.meld. nr. 27 (1992-93) Tillegg til St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden, vart det skissert ei meir sjølvstendig rolle for Riksutstillingar som hovudansvarleg for kunstformidling i Noreg. Nasjonal plan for formidling av billedkunst og kunsthåndverk (1994) konkretiserer desse tankane og dreg opp konturane av institusjonen Riksutstillingar som eit samordnande tyngdepunkt i den nasjonale kunstformidlinga, med hovudvekt på vandreutstillingar. Riksutstillingar skal utvikla spisskompetanse på utstillingsteknikkar og formidlings- og prosjektleiaroppgåver. Eit avgjerande punkt i Nasjonal plan er at alle aktørane på feltet skal samarbeida i eit nettverk med Riksutstillingar som nettverkssamordnar. Hovudaktørane vil vera dei to nasjonale kunstmusea, dei tre kunstindustrimusea og knutepunktinstitusjonane for kunst. I tillegg kjem fylkesgalleria (førebels 5), kunstnarsentra i fylka, over 220 lokale kunstforeiningar og i somme høve, private galleri. Det nye Riksutstillingar vil koma i drift andre halvår 1996.

Museumsutvalet ser svært positivt på den medvitne statlege satsinga over fleire år på kunstformidling. Arbeidet har også heilt tydeleg gjeve resultat. I SSBs rapport om kultur- og mediebruk for 1994 svarer 44% av dei spurde at dei hadde vore på kunstutstilling dei seinaste 12 månadene (Vaage 1995). Interessant å merka seg er at det er relativt liten skilnad mellom dei ulike geografiske områda. I Omnibus-undersøkinga frå mai-juni 1995 vart det berre spurt om besøk i kunstmuseum. Det gav ein besøksprosent på 28,1, og etter måten stor skilnad geografisk, som ein refleks av ujamn tilgang til kunstmuseum. Resultatet i undersøkinga om kultur- og mediebruk tyder på at den ujamne spreiinga av kunstmuseum i viss monn blir kompensert av dei andre utstillingsstadene. At dei mange aktørane på området no skal samarbeida i eit meir formalisert nettverk, er eintydig positivt.

8.3.9.1 Tilråding

På museumsfeltet er den mest konkrete, statlege satsinga på utstillings- og formidlingsarbeid retta mot kunstområdet. Ein svært nærliggjande tanke er å ta nemninga Riksutstillingar bokstavleg, og på same måten som i Sverige utvikla institusjonen til ein organisasjon med spisskompetanse på vandreutstillingar og anna formidlingsarbeid utan omsyn til tematisk innhald. Det vil sjølvsagt gje ein annan institusjon enn det som er planlagt pr. dato. Men då vil ein få ei meir samlande kompetanseoppbygging med betre utnytting av ein felles infrastruktur, til beste for ein samla innsats på utstillingsområdet. Den meir tradisjonelle, tematiske kompetansen kan takast vare på ved at personalet har sine spesialfelt. Med tida vil ein kunna få ein institusjon der det reint organisatorisk ligg vel til rette for spennande eksperimenttiltak som kan gå på tvers av dei tradisjonelle og stundom litt stivna båsane som skil mellom ulike utstillingskategoriar.

I prinsippet ville då Riksutstillingar kunna arbeida med alle typar utstillingar, og musea kunne ha ein felles kunnskapsbase å konsultera. Med Riksutstillingar som eit koordinerande organ ville det også vera mogeleg å få til ein betre struktur og høgare aktivitet når det gjeld vandreutstillingar. Ikkje minst vil dette vera positivt når det gjeld å få utanlandske vandreutstillingar til Noreg.

Eit hovudpoeng for Museumsutvalet er at ein ikkje automatisk etablerer nye institusjonar/organisasjonar kvar gong ein skal gjera noko som ikkje er heilt likt det ein har gjort før. Når det gjeld statlege fellestiltak på utstillingssida, kan samordning ha eit så stort potensiale at det bør prøvast.

8.4 Museum og reiseliv

Så lenge museum har eksistert i den forma vi kjenner dei, har dei hatt eit samspel med dei som reiser for å sjå, oppleva og læra om natur, folk og kultur andre stader. Som nemnt ovanfor fungerer museum som eit utgangspunkt for å orientera seg om folk og land der ein reiser. Nivået på besøkstal vil difor så godt som alltid vera ein refleks av reiselivet og reiselivsmønsteret. På den andre sida veit ein også at mange reisemål både i inn- og utland har blitt omtykte fordi dei har godt utbygde museum.

Internasjonalt er reiselivet den næringa som veks raskast, og som kan bli den største næringa i verda. I 1992 reiste 482 mill. personar som turistar. Av desse reiste 280 mill. (58%) i Europa, som er den verdsdelen som har størst volum på reiselivet (UN Statistical Yearbook 1994). I eit slikt perspektiv ligg det klare utsikter til at museum kan nå endå fleire gjester enn tilfellet er i dag.

Som nemnt i avsnitt 8.3.3. har ein ikkje opplysningar som kan fortelja kor stor del av museumsgjestene som er turistar, innanlandske eller utanlandske. Dei institusjonane som har høgt innslag av turistar blant sine gjester, må leggja til rette informasjon, utstillingar og aktivitetar slik at dei «framande» kan forstå dei. For året 1991 var det 98 institusjonar (21%) som rapporterte at dei hadde utstillingar som var teksta på engelsk, 50 (11%) på tysk og 16 (3%) på fransk. Utan at ein kan dokumentera det, er det grunn til å tru at fleire museum bør ta omsyn til at dei har eit publikum som treng informasjon på andre språk enn norsk.

Interessa frå reiselivsnæringa for museum er knytt til møtestadfunksjonen, korleis museum presenterer eit innhald som turistar kan ha nytte og glede av. I skjeringspunktet mellom museum og reiselivsnæring kan det stundom oppstå interessemotsetnader. Frå reiselivshald blir det stundom hevda at musea er for alvorlege og lite publikumsvenlege, det må leggjast meir vekt på underhaldande publikumstilbod som gjer at fleire gjester kan lokkast innanfor museumsportane. Frå musea blir det hevda at reiselivet einsidig er opptekne av utvendige underhaldningselement og av kvantitet i besøkssamanheng, og at dei manglar forståing for arbeidsoppgåvene og omsyna som følgjer med at musea også er eit samfunnsminne. I den daglege kontakten mellom museum og reiseliv finn ein fram til fungerande samarbeidsrelasjonar, samstundes som ein er klar over dei ulike interessene. Det er også ein tendens til at museum er aktivt med i planlegging som gjeld utvikling av lokalsamfunn og regionar som reiselivsmål.

I tilknyting til ein veksande turisme har det i fleire land vakse fram det som blir kalla «kulturarvindustri». Med det er meint museum, historiske bygningar og stader med interessant historie som blir utvikla som attraktive besøksmål. Meininga er at desse stadene skal vera sjølvfinansierande og at dei skal skapa arbeidsplassar og økonomisk vekst. I FNs og UNESCOs rapport for kultur og utvikling blir det peika på dei problema som ukritisk bruk av fysiske kulturminne kan føra med seg (Cuéllarkommisjonens rapport 1995). Her i landet er det nok å visa til dei problema som ein del område med bergkunst har fått, det same gjeld somme av stavkyrkjene. Utfordringa er å finna ein balanse mellom bruk og bevaring for framtida, elles vil denne kulturarvindustrien saga av den greina som dei sit på.

I dei seinaste åra har det dukka opp planar og prosjekt der museum eller museumsliknande tiltak blir etablerte utifrå eit næringsperspektiv, delvis med tilvising til det som har skjedd på dette området i utlandet. Førebels er det ikkje mange nye museum som er etablerte på denne måten. Men det er fleire på planstadiet. Av det spinkle erfaringsgrunnlaget ein har så langt, kan ein seia at det er relativt lett å få finansiert investeringane, medan det er vanskelegare å få drifta til å gå rundt. Det er ein tendens til å overvurdera evna til å eigenfinansiera drifta. Besøkspotensialet blir vurdert altfor høgt i forhold til realitetane, samstundes som kostnadsestimata er for låge. Dette gjer at tiltaka slit med å overleva.

I dei fleste tilfella er interessa knytt til utstillingar og/eller aktivitetar av eit eller anna slag, og ikkje til dei oppgåvene som følgjer med samfunnsminnefunksjonen. Den einsidige fokuseringa på publikumsfunksjonar i dei nye tiltaka gjer at dei er svært sårbare når det har gått ei tid, når utstillingar skal endrast og oppdaterast. Då har dei ikkje kompetansen sjølve, og utan eit godt kompetansenettverk, kan det heile smuldra bort. Dette betyr at løysinga stundom kan vera å etablera nye utstillingsstader i samarbeid med eksisterande museum i staden for å skapa nye museum som vil slita med å overleva, i alle fall om dei ikkje skal inn på offentlege budsjett. Mykje vil stå på kor realistiske planane er når det gjeld driftsfinansieringa. I den grad slike nye institusjonar også skal inn på ordningar med offentleg driftstilskot, vil dei måtta vurderast på same måten som andre museum i samband med den registrerings- og avtaleordninga som Museumsutvalet gjer framlegg om (jf. avsnitt 10.9.1..)

8.5 Oppsummering

Det som kjenneteiknar musea som opplærings- og opplevingsinstitusjonar, er at dei er frivillige besøksmål, dvs. folk bestemmer sjølve om dei vil og når dei vil søkja dit. Dette betyr at museum alltid har vore ein del av fritidstilbodet til folk flest.

Møtestadfunksjonane omfattar mange oppgåver, frå rådgjevarrolla overfor dei som vil gå djupare inn i museumsmaterialet, til den meir uforpliktande «ein stad å vera»-funksjonen for dei som ikkje heilt veit kva dei ser etter. Musea yter mange tenester som kunnskapsbank, der eksterne brukarar kan bruka gjenstands-, foto-, arkiv- og boksamlingar.

Dei aller fleste utanforståande møter museum som gjester i museumsutstillingar. Det er ikkje tilfeldig at mange bruker 'museum' synonymt med 'utstillingar'. Ein viktig indikator på om museum lukkast, er difor korleis museumsutstillingar når fram med bodskapane sine, korleis musea maktar å vekkja opplevingar og impulsar som stimulerer intellektuell og kjenslemessig nyfikne.

Storparten av dei utstillingane som publikum møter, er faste utstillingar i den forstand at dei skifter relativt sjeldan. Det er likevel eit kontinuerleg arbeid med å skifta og laga nye basisutstillingar. Skiftande utstillingar møter eit klart behov for å fanga opp meir dagsaktuelle saker og hendingar og tema som ikkje er representerte i dei faste utstillingane.

I tillegg til utstillingar bruker musea publikasjonar og ulike former for aktivitetar for å møta publikum. Det aukande mangfaldet av aktivitetar i museumssamanheng er eit vitnemål om det formidlingspotensialet som ligg i å bruka det materielle som utgangspunkt for å fortelja historie og historier, anten det blir fokusert på natur, kunst eller andre kulturytringar.

Norske museum har dei seinaste åra hatt eit besøksvolum på 8,4-8,6 mill. gjester. Det tilsvarer 2 museumsbesøk pr. år pr. innbyggjar. Det er høgt i internasjonal samanheng.

I samband med utgreiingsarbeidet vart det gjort ei undersøking for å få litt informasjon om den gruppa som ikkje gjestar museum. Dei utgjorde 47% av dei spurde. Denne gruppa representerer både potensialet og utfordringa for alle museum som ønskjer å nå fleire. Hovudtyngda av ikkje-brukarane finn ein blant ufaglærde arbeidarar, faglærde arbeidarar, funksjonærar på lågare nivå, gardbrukarar/fiskarar og blant pensjonistar.

Besøkstal i seg sjølv fortel lite og ingen ting om det kvalitative utbytet dei einskilde gjestene måtte ha av eit museumsbesøk. Om gjestene kjenner seg klokare, nøgde, overvelda, forvirra, frustrerte eller bortkomne, fortel besøkstal aldri noko om. Det er heller ikkje mogeleg på grunnlag av besøkstal åleine å seia noko om kva delar av bodskapen som når fram til eit mangslunge publikum. Slik sett betyr besøkstal berre at nokon har vore innom eit museum.

Ei fullstendig relativisering av besøkstal vil ikkje vera rett. Det er ei grov undervurdering av publikum å hevda at besøkstal er heilt uavhengig av det kvalitative innhaldet i eit museum. Evna til å fengja mange har vore og vil vera eit kvalitetskriterium ved museum som samfunnsinstitusjon, i alle fall så lenge ein gjer krav på å vera aktør på vegner av eit fellesskap.

Vurdering av besøkstal må baserast på ei oppfatning av kven det einskilde museet vil nå. Mange norske museum har folk i lokalsamfunna og i det geografiske nærområdet som den viktigaste målgruppa. Dette at norske museumsgjester i hovudsak besøkjer museum i nærområdet, kan tyda på at musea i viss monn lukkast. I eit grisgrendt land som Noreg betyr dette ofte at det er urealistisk og kanskje også uinteressant med høge besøkstal. Når det er sagt, er det også berrsynt at dei nærare 50% av befolkninga som ikkje går på museum, representerer ei stor utfordring for den samla museumsverda.

Dei aller fleste norske museum vil truleg ha eit ønskje om høgare besøkstal, fordi dei gjerne vil nå fleire og fordi dei klart har kapasitet til å få fleire gjester i tale. I den samanhengen kan ein peika på det potensialet som universitetsmusea har med store og viktige samlingar og ei sentral plassering i dei største byane.

Når det gjeld opningstider, er det mange praktiske og økonomiske årsaker til at musea har overvekt av opningstid på vanleg dagtid, dvs. når folk flest er på arbeid. Det er grunn til å peika på at musea i større grad burde vurdera ulike former for verkemiddel som kan ta større omsyn til når folk faktisk har høve til å gjesta musea.

Fleirtalet av musea tek inngangspengar, m.a. fordi det er ei av dei få inntektskjeldene musea har utanom dei offentlege tilskota. Inngangspengar høyrer med til dei spørsmåla som har eit prinsipielt preg. Spørsmålet er spesielt aktuelt for dei musea som staten eig og driv. I dag er det ingen eins praksis når det gjeld bruk av inngangspengar. Somme er gratis, medan andre tek inngangspengar. Museumsutvalet ser klart dei prinsipielle motførestellingane mot bruk av inngangspengar i dei offentlege musea. Det kan likevel ikkje forsvarast å behandla musea annleis enn andre tenester som i hovudsak er finansierte av det offentlege. Der er det vanleg at publikum betaler ein eigendel. Museumsutvalet meiner difor at hovudregelen bør vera at institusjonane tek inngangspengar. Eit viktig prinsipp må i den samanhengen vera at billettinntektene skal tilfalla institusjonane heilt og fullt.

Når det gjeld skuleverkets bruk av museum og betaling for tenester, varierer praksis mykje frå institusjon til institusjon. Somme museum tek ikkje betalt for skular i det heile. Andre skil mellom skular i vertskommunen og den nære regionen, og skular utanfor primærområdet. Atter andre tek betaling av alle skuleklassar. Museumsutvalet meiner det bør vera felles praksis på den måten at skulesektoren betaler for tenester dei får frå musea, på same måten som dei betaler for skuleframsyningar på teater, konsertar og kino. Den beste utnyttinga av museum i skulesamanheng er i alle fall at skular og museum i fellesskap legg opp skikkelege planar for korleis museum skal integrerast i undervisninga.

Når det gjeld biletkunst og kunsthandverk, har staten sidan 1950-talet med Riksgalleriet stått for ei relativt omfattande satsing på formidling og produksjon av vandreutstillingar. Med verknad frå 1996 blir Riksutstillingar på nytt ein sjølvstendig organisasjon, etter å ha vore samorganisert med Museet for samtidskunst sidan 1988. Riksutstillingar skal vera eit samordnande tyngdepunkt i den nasjonale kunstformidlinga, med hovudvekt på vandreutstillingar. Institusjonen skal dessutan utvikla spisskompetanse på utstillingsteknikkar og formidlings- og prosjektleiaroppgåver.

Ein svært nærliggjande tanke er å ta nemninga Riksutstillingar bokstavleg, og på same måten som i Sverige utvikla institusjonen til ein organisasjon med spisskompetanse på vandreutstillingar og anna formidlingsarbeid, utan omsyn til tematisk innhald.

Interessa frå reiselivsnæringa for museum er knytt til møtestadfunksjonen, korleis museum presenterer eit innhald som turistar kan ha nytte og glede av. I skjeringspunktet mellom museum og reiselivsnæring kan det stundom oppstå interessemotsetnader. I den daglege kontakten mellom museum og reiseliv finn ein fram til fungerande samarbeidsrelasjonar, samstundes som ein er klar over dei ulike interessene. Det er også ein tendens til at museum er aktivt med i planlegging som gjeld utvikling av lokalsamfunn og regionar som reiselivsmål. I den samanhengen er det grunn til å visa til FNs og UNESCOs rapport for kultur og utvikling, der det blir peika på dei problema som ukritisk bruk av fysiske kulturminne kan føra med seg. Utfordringa er å finna ein balanse mellom bruk og bevaring for framtida.

Fotnoter

1.

Det er berre rekna med museum som rapporterte minst eitt årsverk i 1993. Spørsmålet var stilt slik at det var uaktuelt for kunst- og kunstindustrimuseum.

2.

Korrigerte tal. SSB opererer med 7,9 mill. i 1992 og 8,2 mill. i 1993.

3.

SSB gjennomfører fire Omnibus-undersøkingar kvart år. Spørsmåla gjekk til eit representativt utval på 1 403 personar.

4.

Norsk Telemuseum og Postmuseet høyrde også til denne gruppa sjølv om deira eigarar no ikkje er statlege etatar, men selskap.

Til forsiden