NOU 2011: 17

Når sant skal sies om pårørendeomsorg— Fra usynlig til verdsatt og inkludert

Til innholdsfortegnelse

1 Kommunanes bruk av omsorgslønn 2010

Oppdrag for Kaasa-utvalet/Helsedirektoratet

Jon Erik Finnvold, NOVA

1.1 Samandrag

NOVA har ved to tidlegare høve kartlagt ordninga med omsorgslønn. Den første undersøkinga omfatta alle norske kommunar (Løwe 1997), mens den andre var basera på eit utval (Skollerud 2003). Datagrunnlaget som blir nytta i denne rapporten følgjer i hovudsak malen frå undersøkinga i 2002 (Skollerud 2003), og tok utganspunkt i eit bruttoutval på 59 kommunar og bydelar. I alt 48 kommunar leverte inn skjema (80 prosent av bruttoutvalet).

Eit hovudresultat frå dei tre undersøkingane er at ordninga over tid er blitt meir omfattande og meir kostbar for kommunane. Utviklinga for omsorgslønn følgjer dermed utviklinga for mange andre tenester og ytingar på helse- og omsorgsområdet. Rekna i kroneverdien for 2010 auka dei faktiske utgiftene frå 164 millionar i 1995 til 456 millionar i 2002 og til 689 millionar i 2010. Utgiftene til ordninga er altså meir enn firedobla mellom 1995 og 2010. I nokon grad skuldas auken i utgiftene ein auke i gjennomsnittsløna, men den viktigaste årsaka er at fleire har søkt om og fått innvilga omsorgslønn. I 1995 var det 3500 mottakarar av omsorgslønn, ved utgongen av 2010 er det 9070 mottakarar av omsorgslønn. Omsorgslønna utgjorde ei gjennomsnitts månadsinntekt på 5700 kroner i 2010, og om lag 5300 kroner i 2002. I gjennomsnitt fekk mottakarane betalt for 10,6 timar i veka, eit timetal som ikkje endra seg frå 2002 til 2010.

Ordninga har betydelig spreiing i alder og familiesituasjon til den som er mottakar av omsorg. Den største gruppa er barn under 18 år, som utgjorde 44 prosent i 2010, mens eldre over 67 år utgjorde 18 prosent. I 60 prosent av tilfella var det foreldre som var tildelt omsorgslønn for å ta seg av eigne barn. I 25 prosent handla det om omsorgsrelasjonane mellom ektefellar, mens 9 prosent av tilfella handla om barn som tok vare på foreldra sine. Fordelinga på alder og familitype har vore relativt stabil mellom 2002 og 2010. Til ein viss grad har det vore ein auke andelen barn som var mottakarar av omsorg.

I hovudsak er det kvinner som er blir tildela omsorgslønn. Kvinneandelen var 82 prosent i 2010, om lag den same som i 1995. Kvinneandelen er klart betinga av slektsrelasjonen til den som er mottakaren av omsorg. Når det gjeld omsorg for eigne barn er mødrene i eit klart fleirtal på 92 prosent. I tilfeller der det er tale om omsorgsrelasjonar mellom ektefellar, er kvinneandelen 60 prosent. Når det er snakk om å ta ansvar for eigne pleietrengande foreldre utgjorde døtrene 81 prosent av dei som var mottakarar av omsorgslønn, mens sønnene utgjorde 19 prosent.

Det var stor semje mellom kommunane om at departementet bør utforme klarare retningsliner for tildeling og utmåling av omsorgslønn. Om ordninga bør vere ein lovbestemt rett var kommunane meir delt i synet på.

I valet av kriterier for tildeling av omsorgslønn var det som tidlegare omsynet til omsorgsarbeidets omfang og belastning som var avgjerande. Det kan imidlertid sjå ut til at kommunane i større grad enn tidligare legg vekt på kva den omsorgstrengande ønskjer når dei tildeler omsorgslønn.

1.2 Om ordninga

Ordninga med omsorgslønn blei introdusera i 1988 i samband med overføring av ansvaret for ulike helsetenester til kommunane. Seinare blei ordninga flytta til sosialtenestelova, og omfattar «lønn til personer som har et særlig tyngende omsorgsarbeid». Alle kommunar har etter denne lova plikt til å ha ei ordning med omsorgslønn. Det er derimot ikkje slik at nokon har rett til å få omsorgslønn. Ordninga er ei fullt ut kommunal yting, utan statlege løyvingar eller øyremerking.

Å få omsorgslønn inneber at pårørande engasjerast av kommunen som oppdragstakarar og ikkje som tilsette i kommunen. Lønna er skattepliktig og gir pensjonspoeng, men utover dette er det ikkje andre arbeidstakkarretter knytt til ordninga.

1.3 Datagrunnlag

Utvalet omfattar alle kommunar og bydelar som var med i ei tidlegare undersøking gjennomført av NOVA i 2002 (Skollerud 2003). Utvalet er representativt men omsyn til bruken av ordninga målt som talet på innbyggjarar pr. mottakar av omsorgslønn, og kommunanes storleik. I tillegg blei kommunane valde med omsyn til geografisk spreiing. Utvalet frå 2002 blei vidare supplert med 10 nye kommunar i utvalsplanen for 2010. Desse kommunane blei valt med omsyn til geografisk spreiing og storleik. I 2002 var 2 bydelar frå Bergen og 4 bydelar frå Oslo med. Etter 2002 er organiseringa av bydelane endra, slik at utvalet frå 2010 omfattar bydelar med større geografiske einingar.

SSBs statistikk (SSB 2011) oppgjev at det var til saman 9121 mottakarar av omsorgslønn ved utgangen av 2009. Statistikken lar seg bryte ned på bydel (Oslo) og kommune. I nettoutvalet av kommunar og bydelar som var med i denne undersøkinga var det til saman 1049 mottakarar av omsorgslønn. Det betyr at undersøkinga er basera på eit utval kommunar med i alt 11,5 prosent av alle mottakarar av omsorgslønn.

Spørjeskjemaet blei sendt til kommunane i midten av desember 2010. I midten av mars 2011 hadde 48 av dei 59 kommunane og bydelane sendt inn skjema. Dette gjer ein svarprosent på vel 80, det same resultat som vart oppnådd i 2002. Spørjeskjemaet var utforma slik at det i hovudsak skulle vera mogleg å samanlikne resultata med det som var samla inn i 2002. Spørjeskjemaet inneheldt kontaktinformasjon om kven som er administrativt ansvarleg for omsorgslønnsordninga i kommunen, og kven som var ansvarleg for utfylling av skjemaet.

Av omsyn til personvern blei prosjektet lagt fram for Personvernombodet ved Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste (NSD). Bakgrunnen for dette er at spørjeskjemaet inneheld ei registrering av mottakarar av omsorgslønn, og ulike eigenskapar ved desse. Desse eigenskapane inkluderte blant anna alder, kjønn og fødeland. Ettersom bustadskommune er kjent, var det nødvendig å kategorisere .d. alder. Dermed er det ikkje mogleg å identifisere enkelte mottakarar av omsorgslønn eller kven som var den hjelpetrengande. Personvernombodet fant difor at spørjeskjemaet i prinsippet var anonymt, og difor ikkje trong meldeplikt eller konsesjonsplikt etter personopplysingslova.

Datagrunnlaget innehelt opplysingar om i alt 389 omsorgsrelasjonar, det vil seie opplysingar om mottakarar av omsorgslønn og eigenskapar ved den som fekk omsorg. I skjemaet var kommunane beden om å føre opp opplysningar om inntil 10 mottakarar av omsorgslønn. Til saman rapporterte kommunane at dei hadde 1043 mottakarar av omsorgslønn ved utgangen av 2010. Datagrunnlaget inneheldt altså 37 prosent av alle mottakarar i utvalskommunane, og litt over 4 prosent av alle mottakarar på nasjonalt nivå.

Datagrunnlaget frå 2002 omfatta om lag 260 omsorgsrelasjonar. Avviket mellom dei to registreringspunkta skuldast ikkje berre at utvalet var større, men også at kommunane i større grad brukar ordninga samanlikna med i 2002.

Til saman 14 opplysingar om desse omsorgsrelasjonane vart samla inn. Ikkje alle kommunane hadde registrert alle opplysingane om kvar relasjon. Difor varierer talet på observasjonar i dei ulike tabellane.

1.4 Kven gir omsorg og kven får omsorg? Endringar i personkretsen 1995 – 2010

Omsorgslønnsordninga er i utgangspunktet kjønnsnøytral. Sentrale spørsmål har vore om ordninga faktisk svekkar kvinners tilknyting til arbeidsmarknaden , eller gjer det vanskeligare for kvinner å fullføre utdanningsløp (Eriksen, Andersen et al. 2003). Ei undersøking basert på oppgåver frå kommunane kan ikkje isolere effekten av denne spesielle ordninga for den arbeidsdelinga den einskilde familie velgjer. Ofte vil det vere generelle kjønnsrollemønster ein kan avlese i den aktuelle kjønnsfordelinga som kan observerast på ulike tidspunkt. Bruken av omsorgslønnsrodninga speglar det generelle kjønnsrollemønsteret i samfunnet heller enn å skape fordelinga. Summen av ulike offentlege tenester og kontantytingar kan sjølvsagt ha innverknad på kjønnsrollemønsteret, men dette er eit tema som ligg utanfor denne undersøkinga.

I tabell 1.1 ser vi at kvinner har dominert blant mottakarane og utgjorde 82 prosent i 2010. Andelen kvinner var 76 prosent i 2002. Skollerud si undersøking fann at det hadde vore ein mindre reduksjon i kvinneandelen frå 1995 til 2002. Undersøkinga frå 2010 tyder på at det som kunne sjå ut som ein trend mot fleire menn som mottakarar ikkje held fram. Kvinneandelen er no tilbake til same nivå som i 1995.

Det mest vanlege når det gjeld slektskap er at det er foreldre som tek seg av barna sine. Kategorien son/dotter utgjorde 60 prosent i 2010 og 54 prosent i 2002. I alt 25 prosent av omsorgsrelasjonane handla om omsorg mellom ektefeller, mens 9 prosent var omsorg som blei gitt av barn til foreldre.

Når det gjeld omsorgsmottakaranes alder er dei fleste (71 prosent) mellom 27 og 59 år.

Innvandrarar, er dei overrepresenterte i bruken av ordninga? SSBs statistikk fortel at innvandrarar frå 3.verden, det vil seie Asia inkl. Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika utgjorde 5,5 prosent av folkemengda i 2010 (SSB 2010a). Inkluderer ein aldersgruppa 0-15 var andelen noko høgare, 7,5 prosent (SSB 2010b). I utvalsundersøkinga var det 5 prosent av mottakarane av omsorgslønn som var frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. I alt 44 prosent av dei som fekk omsorg var under 17 år. På denne bakgrunnen er det ikkje grunn til å tru at innvandrarar er overrepresentert når det gjeld bruken av ordninga.

Tabell 1.1 Mottakarar av omsorgslønn etter omsorgsgjevarens kjøn, alder og relasjon til den som får omsorg. 2002 og 2010. Prosent. (N)

2002

2010

Kjønn

Kvinne

76

82

Mann

24

18

I alt

100

100

(N)

(257)

(375)

Relasjon

Ektefelle

31

25

Son/dotter

54

60

Foreldre

7

9

Andre

8

7

I alt

100

100

(N)

(259)

(385)

Alder

0-17

0

0

18-26

2

2

27-59

74

71

60-67

11

15

68+

13

12

100

100

(245)

(388)

Fødeland

Noreg

-

90

Asia/Afrika/ Sør-Amerika

-

5

Andre

-

5

-

100

-

(388)

Ser ein på aldersfordelinga hos dei som får omsorg (tabell 1.2) går det fram at 44 prosent var under 18 år i 2010. I alt 57 prosent var under 27 år, mens denne delen utgjorde 48 prosent i 2002. Slik det også gjekk fram av tabell 1.1 kan sjå ut til at ordninga i aukande grad omfattar foreldre som tek hand om eigne barn. Berre i 18 prosent av tilfella handle det om omsorg gitt til personar over 67 år.

Tabell 1.2 Mottakarar av omsorg etter alder. 2002 og 2010. Prosent. (N)

2002

2010

Alder

0-17

39

44

18-26

9

13

27-59

21

16

60-67

9

9

68+

22

18

I alt

100

100

(N)

(247)

(385)

Tabell 1.3 viser tilhøvet mellom andelen kvinner og menn som er omsorgsgjevarar i dei ulike slektsrelasjonane i 2010. I tilfelle der det er tale om omsorg mellom ektefeller er andelen som gjer omsorg 60 prosent kvinner og 40 prosent menn. I lys av at det er lågare giftemålsalder og lenger levetid for kvinner kan ein seie at ordninga i praksis fungerer tilnærma kjønnsnøytralt. Det same er langt frå tilfelle når det gjeld omsorg for eigne barn. Her er det kvinner som i hovudsak er den som gir omsorg. Andelen menn som var mottakarar av omsorgslønn utgjorde 8 prosent i 2010 og 9 prosent i 2002 (tabell 1.4) blant dei familiane som tok hand om eigne barn. Når det gjeld omsorg for foreldre er det rapportert 19 prosent menn i 2010.

Ved tolking av resultata som viser fordeling mellom kjønn er det viktig å vere klar over at prosentfordelinga viser kven som får omsorgslønn. Dette er ikkje eit uttrykk for omfanget av den omsorga som foreldre eller andre pårørande yter i kvardagen. At mødrene utgjer 92 prosent av dei som fekk omsorgslønn for å pleie eigne barn betyr ikkje det same som at dei i praksis yter 92 prosent av omsorga. Det kan til dømes vere slik at det er mor som står som den formelle mottakaren av løna, men at foreldra likevel deler omsorgsoppgåvene likt.

Tabell 1.3 Mottakarar av omsorgslønn etter kjønn og relasjon til den som får omsorg. 2002. Prosent. (N)

I alt

Kvinner

Menn

(N)

Alle

100

76

24

(259)

Relasjon

Ektefelle

100

58

42

(80)

Son/dotter

100

91

9

(140)

Foreldre

100

77

24

(19)

Andre

100

68

32

(20)

Tabell 1.4 Mottakarar av omsorgslønn etter kjønn og relasjon til den som får omsorg. 2010. Prosent. (N)

I alt

Kvinner

Menn

(N)

Alle

100

82

18

(372)

Relasjon

Ektefelle

100

60

40

(94)

Son/dotter

100

92

8

(226)

Foreldre

100

81

19

(31)

Andre

100

83

17

(23)

Ein implikasjon av resultata i tabell 1.4 er et dersom ordninga i første rekke nyttast som ektefelleomsorg vil vi få ei ordning som fungerer tilnærma kjønnsnøytralt. På det andre ytterpunktet vil vi få ein svært ulik kjønnsbalanse dersom ein vel å satse ei ordning som i hovudsak skal vere ei yting til foreldre som tek hand om eigne barn. Dersom tendensen til at ordninga i aukande grad handlar om foreldre som har omsorg for eigne barn held fram, kan vi ikkje rekne med ei utjamning i ubalansen mellom kjønna.

1.5 Endringar i ordningas omfang

Mottakarar: Løwe si undersøking i 1996 synte at det var 3500 mottakarar av omsorgsløn i 1996. I 2002 var talet auka til 6500 (Skollerud 2003), til 9070 ved utgangen av 2010. Desse tala er altså basera på oppgåver frå utval av kommunar (2002 og 2010, fullteljing i 1995). Talet frå 2010 ligg nær opptil det som er rapportert i SSBs Statistikk basera på IPLOS-registeret, som hadde registrert 9121 tilfeller av omsorgslønn i kommunane i 2009 (SSB 2011).

Talet på innvilga søknader vaks frå 2400 i 1995 til 2930 i 2002, til 3922 i 2010. Andelen søknader som blei avslått har vore stabilt i heile perioden på rundt 19 prosent. Vi ser at om lag halvparten av søknadene gjaldt barn under 18 år i 2010.

Tabell 1.5 Søknader om omsorgslønn. I alt og fordele etter talet på innvilga og avslåtte søknader. Antal og prosent.

Totalt

Innvilga

Avslått

Prosent andel avslått

Antall søknader, 19951

3000

2400

580

19

Antall søknader, 20012

3780

2930

720

19

Antall søknader, 20103

5147

3922

930

18

Antall søknader i 20103 som gjaldt omsorg for personer 18 år eller yngre

2513

1974

382

15

1 Kjelde 1995: Løwe 1997

2 Kjelde 2002: Skollerud 2003

3 Det totale omfanget av søknader som var rapportert var omtrent likt i 2009 og 2010. Estimatet i tabellen er berekna ved å ta utgangspunkt i at det som var rapportert utgjorde eit representativt utval av 11,5 prosent av kommunane.

Kommunal økonomi: Berekna ut frå innbyggjartalet ved inngangen til fjerde kvartal i 2010 utgjorde budsjettet for omsorgslønn i gjennomsnitt 155 kroner pr. innbyggjar. Tilsvarande gjennomsnitt var 106 kr. Pr innbyggar i 2002. Rekna i den gjennomsnittlege kroneverdien for 2010 tilsvarar 2002 beløpet 124 kroner. Utgiftene til omsorgslønn utviste stor variasjon mellom kommunane. Den kommunen som brukte mest brukte 817 kroner pr. innbyggar på ordninga. Vel ein tredjedel av kommunane i utvalet brukte mindre enn 100 kroner pr. innbyggar til omsorgslønn.

Kommunen med den høgaste registrerte utgifta pr. innbyggar brukte 817 kroner pr. innbyggar på ordninga. Vel ein tredjedel av kommunane hadde eit budsjett på mindre enn 100 kroner pr. innbyggar.

I alt 40 av dei 48 kommunane svarte ja på spørsmålet om dei hadde ein eigen budsjettpost for omsorgslønn. Til saman 8 prosent hadde ikkje ein slik budsjettpost i 2002, mens tilsvarande for 1996 var 20.

Det var 43 kommunar som hadde oppgitt storleiken på budsjettet for 2010, mens 39 kommunar hadde oppgitt omfanget av faktiske utgifter. Dette grunnlaget er bruka til å rekne ut storleiken på budsjettet og dei faktiske utgiftene. Talet på mottakarar av omsorgslønn i nettoutvalet utgjer 11,5 prosent av alle mottakarar som er oppgitt i SSBs statistikk. Dei kommunane som hadde oppgitt faktiske utgifter hadde 10,6 prosent av alle mottakarar, mens dei som hadde oppgitt budsjettet hadde 11,0 prosent av alle mottakarar av omsorgslønn. Desse andelane er bruka til å estimere budsjetta og utgiftene på nasjonalt nivå.

Som tabell 1.6 syner har det vore ein betydelig auke. I perioden frå 1995 til 2010 auka dei faktiske utgiftene til omsorgslønn frå 120 millionar til 689 millionar kroner. I same periode auka budsjettet frå 130 millionar til 663 millionar.

Tabell 1.6 Kommunanes budsjetterte og faktiske utgifter til omsorgslønn. Gjennomsnitt for kommunane og estimert beløp på landsnivå.1995, 2002 og 2010.

Budsjett

Faktiske utgifter

År

Gjennomsnitt, tusen kroner

Totalt

Gjennomsnitt, tusen kroner

Totalt

19951

360

130 mill

330

120 mill

20022

810

350 mill

900

390 mill

2010

1698

663 mill

1873

689 mill

1 Kjelde 1995: Løwe 1997.

2 Kjelde 2002: Skollerud 1993.

Ettersom kroneverdien har endra seg er tabellen lite eigna til a belyse endring over tid. I tabell 1.7 er kroneverdien for 2002 og 1995 rekna om til kroneverdien for 2010.

Ein gjennomsnittskommune brukte i 1995 451000 kroner på omsorgslønn, i 2010 er beløpet over 1,8 millionar kroner.

På nasjonalt nivå har budsjettet auka frå 178 millionar i 1995 til om lag 663 millionar i 2010.

Tabell 1.7 Kommunenes budsjetterte og faktiske utgifter til omsorgslønn. Gjennomsnitt for kommunene og estimert beløp på landsnivå.1995, 2002 og 2010. Justert etter den gjennomsnittlege kroneverdien i 2010.

Budsjett

Faktiske utgifter

År

Gjennomsnitt, tusen kroner

Totalt

Gjennomsnitt, tusen kroner

Totalt

19951

492

178 mill

451

164 mill

20022

948

409 mill

1053

456 mill

2010

1698

663 mill

1873

689 mill

1 Kjelde 1995: Løwe 1997.

2 Kjelde 2002: Skollerud 1993.

1.6 Lønns- og tilsettingsvilkår for omsorgslønnsmottakarane

Dei aller fleste kommunane svarte at mottakarane ikkje er tilsett i kommunen, berre i ein kommune vert det oppgitt at vedkommande er tilsett i kommunen. I 2002 var det 10 prosent som var tilsett av kommunen.

Skjemaet hadde og eit spørsmål om kor lenge omsorgslønn vart innvilga. I alt 41 kommunar svarte på dette spørsmålet. Det mest vanlige er at omsorgslønn innvilgast for 12 månader (78 prosent). 12 prosent oppgav 6 månader. 3 kommunar oppgav 24 månader og ein kommune 36 månader.

Kva slags lønnsvilkår har dei som får omsorgslønn? Vel 80 prosent av kommunane seier at dei brukar timelønn etter same lønnssats som for heimehjelp, mens om lang 20 prosent seier at omsorgslønn lønnast etter andre satsar. Gjennomsnittsløna var 5704 kroner pr. månad (N=305). Justert etter kroneverdien i 2010 var gjennomsnittsløna i 2002 5278 kroner pr. månad (N=204). I nokon grad har det altså vore ein auke i gjennomsnittsløna. Det er på begge registreringstidspunkta stor variasjon mellom ulike grupper (tabell 1.8), men mønsteret er det same.

Tabell 1.8 Utbetalt månadslønn i 2002 og 2010 fordelt etter kroner pr. månad. Prosent.

Kroner pr. månad, prosent

2002

2010

0-999

2

1

1000-1999

16

7

2000-2999

20

17

3000-3999

21

19

4000-4999

10

13

5000-5999

8

13

6000-6999

8

6

7000-7999

6

5

8000-8999

1

5

9000-9999

1

3

1000+

7

11

I alt

100 (N=204)

100 (N=305)

Kommunane blei spurde om kva som var høgaste og lågaste timetal pr. veke som blei tildelt mottakarane av omsorgslønn.

  • Det lågaste timetalet varierte mellom 0,5 og 15 timar. Nesten 60 prosent av kommunane svarte at det lågaste timetalet var 3, 4 eller 5 timar.

  • Det høgaste timetalet varierte frå 10 timar til 37,5. Vel 20 prosent av kommunane hadde mottakarar av omsorgslønn på tilnærma fulltid, dvs 36-37,5 timar.

  • Det gjennomsnittlige talet på timar pr. veke var 10,6 timar (N=359), det same omfanget som i 2002 (N=221).

Når utgiftene til omsorgsløn har auka skuldast det altså ikkje at mottakarane får fleire timar. I nokon grad kan auken i utgifter tilskrivast større utbetalinga pr. time. Bakgrunnen for auken i utbetalingar frå kommunane er i hovudsak at det er blitt fleire som blir tildelt omsorgslønn.

1.7 Val av tildelingskriteriar

Kartlegginga omfatta spørsmålet «Hvilken betydning har hvert av de følgende forhold for om en søker vil få omsorgslønn i kommunen?». Resultata og dei ulike fråsegnene er lista opp i tabell 1.9. Likelydande spørsmål vart også stilt i 2002. Det avgjerande for kommunane når dei tildeler omsorgslønn er - før som nå - omsynet til mottakaren av lønna, og omfanget av omsorgsoppgåver som denne har. For omtrent alle kommunane i 2010 hadde det «Stor betydning» at «omsorgen er mer belastende enn normalt».

Ein kan også merke seg at 64 prosent av kommunane i 2010 meinte at «Den omsorgstrengendes ønsker» hadde «Stor betydning». Denne andelen var berre 20 prosent i 2002. Ei tolking av dette er at folk er blitt meir merksame på eksistensen av ordninga, og i større grad etterspør omsorgslønn.

Omsynet til kommunal økonomi har «noe betydning», men er ikkje blitt viktigare etter 2002. Sett på bakgrunn av at ordninga er blitt dyrare for kommunane, ser det likevel ikkje ut til at utgiftene opplevast som eit større problem enn før.

Det ser ut til å ha blitt færre kommunar som meiner at «Kommunenes muligheter for selv å tilby den omsorgstrengende de nødvendige tjenester» har «stor betydning». Kategorien «stor betydning» blei brukt av 58 prosent av kommunane i 2002 og 33 prosent i 2010. Dette resultatet kan tyde på at kommunanes kapasitetsproblem er blitt mindre viktig når dei tildeler omsorgslønn.

Tabell 1.9 Respons på spørsmålet «Hvilken betydning har hvert av de følgende forhold for om en søker vil få omsorgslønn i kommunen?» Prosent. 2002 (N=40) og 2010 (N=48)

 

I alt

Stor betydning

Noe betydn.

Ingen betydning

Vet ikke

a) Omsorgsarbeidets omfang pr uke/døgn

2002

100

82

16

3

0

2010

100

94

6

0

0

b) At omsorgen er mer belastende enn normalt

2002

100

90

10

0

0

2010

100

98

2

0

0

c) Omsorgslønnsmottaker har eller påføres inntektstap som følge av omsorgsarbeidet

2002

100

23

58

20

0

2010

100

13

58

29

0

d) Omsorgslønnsmottakers økonomi generelt

2002

100

13

85

2

0

2010

100

13

85

2

0

f) Den omsorgstrengendes ønsker

2002

100

20

73

8

0

2010

100

64

32

2

2

h) Den omsorgstrengendes økonomi

2002

100

10

88

3

0

2010

100

4

94

2

0

i) Kommunens muligheter for selv å tilby den omsorgstrengende de nødvendige tjenester

2002

100

58

40

3

0

2010

100

33

63

2

2

j) Om omsorgen blir billigere for kommunen

2002

100

3

58

35

5

2010

100

2

54

42

2

k) Kommunens økonomi på søknadstidspunktet

2002

100

10

43

48

0

2010

100

6

42

50

2

I registreringa for 2010 var det tatt inn to nye spørsmål om korleis kommunane vurderte nytten for den som var mottakaren av omsorgslønn. I alt var det 38 prosent av kommunane som meinte at omsorgslønn kunne vere uheldig for dei som fekk ytinga (tabell 1.10). Dette er ei generell fråsegn, og betyr ikkje at kommunen meiner at ordninga er uheldig for dei som faktisk er tildela omsorgslønn. Som vi tidligare har vist blir rundt 19 prosent av søknadene avvist.

Tabell 1.10 Respons på spørsmålet «Hvilken betydning har hvert av de følgende forhold for om en søker vil få omsorgslønn i kommunen?» Prosent. 2010 (N=48)

I alt

Stor betydning

Noe betydning

Ingen betydning

Vet ikke

e) Omsorg gitt av pårørende vurderes som uheldig for omsorgslønnsmottaker

100

38

31

23

8

g) Omsorg gitt av pårørende vurderes som den beste løsningen for omsorgsmottaker

100

77

17

2

2

1.8 Kommunanes evaluering av ordninga

I kva grad er kommunane samstemde synet på ordninga? Har kommunane endra oppfatning om korleis ordninga fungerer? Registreringsgrunnlaget inneheldt ei rekke fråsegne om ordninga som er lista opp i tabell 1.11. Det må strekast under at dei synspunkta som kjem fram ikkje alltid kan takast som eit uttrykk for kommunens offisielle haldning elle meining. I dei fleste tilfelle

Omtrent halvparten av kommunane opplever det som eit problem at kriteria for tildeling av omsorgslønn er for upresise. Om lag to av tre kommunar meiner vidare at det er eit problem at kriteria for sjølve utmålinga av lønna er for upresise. Det store fleirtalet av kommunane meiner at departementet bør utforme klarare retningsliner for utmåling og tildeling av omsorgslønn.

Eit sentralt spørsmål er om omsorgslønn bør vere ein lovbestemt rett. Frå kommunane er det vanskelig å få eit klart råd om dette, ettersom det er om lag like mange som er samd eller usamd i at omsorgslønn i større grad bør bli ein lovfesta.

Mønstra i tabellen er relativt stabile over tid. Det kan likevel sjå ut til at fleire kommunar meiner at ordninga kan spare kommunen for pengar. I 2010 var det i alt 63 prosent av kommunane som var heilt eller dels enige i fråsegna «Omsorgslønnsordningen vil kunne spare min kommune for penger». Tilsvarande for 2002 var 43 prosent.

Tabell 1.11 Respons på spørsmålet «Hvordan stiller kommunene seg til de følgende utsagn om omsorgslønn?» 2002 og 2010. Prosent

 

Helt enig

Dels enig

Dels uenig

Helt uenig

Vet ikke

Min kommunes kriterier for tildeling av omsorgslønn er for upresise

2002

13

30

13

39

5

2010

13

30

28

19

11

Min kommunes kriterier for utmåling av omsorgslønn er for upresise

2002

15

36

21

23

5

2010

17

55

9

11

9

Departementet bør gi klarere retningslinjer for tildeling og utmåling av omsorgslønn

2002

44

39

10

8

0

2010

61

33

6

0

0

Alle kommuner bør ha mest mulig like regler for omsorgslønn

2002

62

28

8

3

0

2010

75

7

5

0

0

Omsorgslønnsordningen vil kunne spare min kommune for penger

2002

11

32

42

5

11

2010

19

44

13

15

11

Omsorgslønn kan lett bli en tung økonomisk byrde for kommunen

2002

13

59

26

15

8

2010

13

35

35

4

13

Kommunen bør gi omsorgslønn. til flere enn den gjør i dag, selv om vanlige hjemmetjenester da måtte redusere tilsvarende

2002

3

24

34

34

5

2010

4

8

40

33

14

Familiene bør kunne stå friere i valget av omsorgsløsning

2002

10

31

33

18

8

2010

4

33

39

22

Omsorgslønn burde i større grad bli en lovbestemt rettighet

2002

13

33

33

10

10

2010

8

33

27

2

6

Det er viktig at man oppmuntres økonomisk til å ta seg mer av sine omsorgstrengende familiemedlemmer eller venner

2002

10

26

49

13

3

2010

13

29

27

23

8

Kommunane vart og spurde om dei meinte det var problematisk at dei ikkje hadde lovheimel til å føre tilsyn og kontroll med omsorgsmottakarens situasjon. Over ein tredel av kommunane meinte dette var eit problem.

1.9 Omsorgsmottakaranes bruk av andre kommunale tenester: heimehjelp, heimesjukepleie, BPA

I registreringa av personkretsen omfatta også spørsmål om andre kommunale tenester og ytingar som var i bruk (tabell 1.12). Bruk av heimehjelp er blitt mindre vanleg, i 2010 var det 14 prosent av familiane som fekk omsorgslønn som også hadde heimehjelp. Registreringa hadde også spørsmål om i kva grad kommunen tilsette pårørande som heimehjelp. I alt 92 prosent svarte at dette ikkje skjer i dag, mens 8 prosent brukte svarkategorien «Ja, det hender».

Det er svært vanleg, særleg i yngre aldersgrupper, at familien også er mottakarar av hjelpestønad. Dette heng saman med at mange kommunar krev at dei som søker om omsorgslønn også søker om hjelpestønad.

Tabell 1.12 Mottak av hjelpestønad samt pleie- og omsorgstenester etter alder til den som får omsorg. Prosent. 2002 og 2003.

Mottar hjelpestønad

Hjemmehjelp

Hjemme- sykepleie

2002

2010

2002

2010

2002

2010

Alle

88

83

21

14

29

26

0-17 år

93

94

8

4

8

7

18-26 år

94

87

10

17

5

9

27-59 år

90

80

29

12

35

33

60-67 år

86

66

41

33

59

50

Eldre enn 67 år

63

68

35

25

62

60

Bruk av ordninga med personleg brukarstyrt assistanse: I alt 19 prosent av kommunane svarte at dei ikkje nytta denne ordninga. Det var berre ein kommune som svarte at ordninga blei nytta utelukkande for barn, og ein kommune som utelukkande nytta ordninga for vaksne over 67 år. Det vanlege var altså at tilbodet blei gitt til alle aldersgrupper. Tabell 1.13 viser aldersfordelinga, og det kan sjå ut til at ordninga i relativt liten grad er bruka av aldersgruppene mellom 18 og 59 år. Tryggleiksalarm er mest vanleg blant dei eldre, mens dagsenter/avlastning er mest vanleg blant dei yngste.

Tabell 1.13 Bruk av støttekontakt, Tryggleiksalarm, BPA og dagsenter/avlastning etter alder. Omsorgslønnstilfeller. Prosent.

Støttekontakt (N=336)

Trygghetsalarm (N=329)

BPA (N=326)

Dagsenter/ Avlastning (N=347)

Alle

37

15

8

55

0-17 år

39

1

11

75

18-26 år

57

0

3

61

27-59 år

40

20

3

33

60-67 år

45

32

10

37

Eldre enn 67 år

10

41

5

32

1.10 Utgiftsvekst, kva er bakgrunnen? Resultat frå intervju med kommunar med høgt utgiftsnivå

Som vist tidligare i rapporten har kostnadene til ordninga auka i heile perioden frå 1995 til 2010. Eit hovudresultat er at fleire har søkt om og fått innvilga omsorgslønn (avsnitt 5). For å få vite meir om bakgrunnen for denne utviklinga blei det gjennomført telefonintervju med representantar (informantar) for dei som administrerte ordninga i 10 kommunar. Alle desse kommunane utmerka seg med relativt høge utgifter pr. innbyggar til omsorgslønn. I dette underutvalet var det både større bykommunar og rurale kommunar med få innbyggarar. Formålet med intervjua var dels å klargjera om dei som arbeidde med ordninga i kommunane oppfatta at det over tid ..

  • hadde blitt ein større etterspurnad etter omsorglønn,

  • eller om veksten skuldast at kommunen sjølv hadde lagt opp til å bruke ordninga mykje.

I tillegg spurde vi informantane om dei oppfatta nivået på ytinga i sin kommune som meir eller mindre omfattande enn gjennomsnittet for norske kommunar.

Fleire informantane meinte at dei hadde opplevd auka etterspurnad, og nemnde eit eller fleire av følgjande element som mulig årsaker:

  • Kunnskap om ordninga gjennom internett, pasientorganisasjonar har ført til større etterspurnad.

  • «Klyngeeffektar» der kunnskapen om ordninga spreiar seg i lokalmiljøet, (ryktebørsen), og fører til at fleire søker.

  • Det er over tid blitt meir sosialt akseptabelt å ta i mot hjelp frå det offentlege.

  • Det er blitt fleire barn med funksjonshemmingar enn tidligare.

  • Helsetenesta nyttar i større grad enn tidligare diagnosar om problem som tidligare ikkje blei oppfatta som medisinske problem (eks. ADHD).

Frå kommunanes side meinte mange av informantane at dei hadde blitt flinkare til å informere om ordninga, og fått betre informasjonsrutinar. I aukande grad mente dei at det blitt eit større fokus på kommunanes plikt til å informere om ordninga. Nokon av informantane opplevde også at dei var for små til å gje eit tilpassa bustadtilbod og difor oftare nyttar omsorgslønn.

Hovudinntrykket frå intervjua er at utgiftsveksten i hovudsak skuldast auka etterspurnad, og i mindre grad ein planlagd styring av kommunens tilbod mot omsorgslønn. Berre to av kommunane såg ut til å vere klar over at dei brukte relativt mykje på omsorgslønn samanlikna med andre kommunar. Dei øvrige kommunane visste ikkje posisjonen til sin eigen kommune, men trudde at nivået var middels. Dette resultatet kan støtte opp under inntrykket av at utgiftsveksten i mindre grad skuldast ein medviten kommunal politikk for omsorgslønn.

Litteratur

Eriksen, J., T. Andersen, et al. (2003). Omsorgslønn til foreldre med funksjonshemmede barn. Lønn, påskjønnelse eller avlat?, NOVA. Rapport 11/03.

Løwe, T. (1997). Kommunenes bruk av omsorgslønn. Rapport, NOVA. 2/97.

Skollerud, K. (2003). Omsorgslønn i et utvalg kommuner. Notat til Sosial- og helsedirektoratet. Februar 2003 NOVA.

SSB (2010a). «Folkemengd, etter kjønn, alder og sivilstand. 1. januar 2010.» Retrieved 14.03., 2011, from http://www.ssb.no/innvbef/ tab-2010-04-29-01.html.

SSB (2010b). «Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre og personer med annen innvandringsbakgrunn etter kjønn, landbakgrunn og alder. 1. januar 2010. Absolutte tall og prosent». Retrieved 04.03, 2011, from http://www.ssb.no/vis/emner/02/01/10/ innvbef/main.html.

SSB (2011). «Tal mottakarar av avlasting, støttekontakt, omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistanse. Alder. 2002-2009.» Retrieved 02.03., 2011, from http://www.ssb.no/emner/03/02/pleie/ tab-2010-07-08-08.html.

Til forsiden