1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Departementet foreslår i proposisjonen her å følgje opp EU-direktivet om tiltak mot forseinka betaling i handelshøve, som har blitt innlemma i EØS-avtalen. Det blir difor gjort framlegg om enkelte endringar i forseinkingsrentelova, slik at norsk rett kjem i samsvar med direktivet.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen at månadsfristen i forseinkingsrentelova § 2 første ledd andre punktum vert endra til ein 30 dagars frist. Vidare blir det foreslått endringar i måten å fastsetje forseinkingsrentesatsen på, og kompetansen til å fastsetje rentesatsen vert foreslått delegert til departementet. Endeleg blir det gjort framlegg om ein ny paragraf i forseinkingsrentelova, som lovfestar ein rett for organisasjonar som representerer små og mellomstore verksemder til å fremje søksmål for å prøve om standardavtalar om betalingstid eller konsekvensane av forseinka betaling er urimelege for verksemdene.