3 Kort om direktivet
3.1 Føremål og definisjonar
Direktivet om forseinka betaling inneheld ei rekkje reglar som har til føremål å styrkje kreditorane si rettsstilling ved forseinka betaling i handelshøve. Direktivet trekkjer opp ei rettsleg ramme for å hindre forseinka betaling og for å sikre passande kompensasjon der dette likevel skjer. Det er også gitt visse reglar om innkrevjing av gjeld for å sikre at innkrevjinga vert effektiv og rimeleg.
Det følgjer av artikkel 1 at direktivet berre gjeld for betalingar som vert gjort som vederlag for handelstransaksjonar («commercial transactions»). Med handelstransaksjonar meiner ein forretningsmessige transaksjonar mellom verksemder eller mellom verksemder og det offentlege, som inneber levering av varer eller tenester mot vederlag («delivery of goods or the provision of services for remuneration»), jf. artikkel 2 nr. 1. Same stad er omgrepet «virksomhet» definert som eikvar eining som handlar som ledd i sjølvstendig økonomisk eller ervervsmessig aktivitet, uavhengig av om den berre vert utøva av ein einskild person, jf. òg fortalen punkt 22.
Direktivet gjeld altså ikkje forbrukarforhold. Dette er uttrykkjeleg sagt i fortalen punkt 13, der det også er presisert at direktivet heller ikkje gjeld for renter i samband med andre betalingar, til dømes betalingar etter lovgivinga om sjekkar og vekslar eller betaling som kompensasjon for skader, inkludert betalingar frå forsikringsselskap.
Artikkel 2 nr. 2 definerer kva som er å rekne som forseinka betaling. Dette er overskriding av den betalingstida som følgjer av avtale eller lov.
Vidare er eigedomsatterhald definert i artikkel 2 nr. 3 og referanserente i artikkel 2 nr. 4. Tvangsfullbyrdingsgrunnlag er definert i artikkel 2 nr. 5.
Direktivet er eit minimumsdirektiv i den forstand at medlemsstatane kan oppretthalde eller fastsetje reglar som er gunstigare for kreditor enn det som følgjer av direktivet, jf. artikkel 6 nr. 2.
3.2 Hovudinnhaldet i direktivet
Etter artikkel 3 nr. 1 bokstav a skal skuldnaren betale forseinkingsrenter til kreditor frå dagen etter siste rettidige betalingstidspunkt fastsett i avtalen. Dersom det ikkje er avtalt betalingsfrist, skal skuldnaren betale forseinkingsrenter frå eit bestemt tidspunkt, som varierer noko ut frå dei faktiske omstenda, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav b. Dersom kreditor sjølv er skuld i at skuldnaren ikkje betaler i tide, kan kreditor ikkje krevje forseinkingsrenter, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav c.
Etter artikkel 3 nr. 1 bokstav d skal storleiken på forseinkingsrentene, i statar som ikkje tek del i det tredje stadiet av Den økonomiske og monetære union, fastsetjast på grunnlag av summen av den nasjonale sentralbanken si pengepolitiske styringsrente (referanserenta) tillagt minst sju prosentpoeng, dersom ikkje anna følgjer av avtalen. Den referanserenta som gjeld på sentralbanken sin første kontordag i det aktuelle halvåret, skal gjelde i dei etterfølgjande seks månadane.
Kreditor skal også ha rett til å krevje erstatning for rimelege inkassokostnader, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav e. Statane kan fastsetje maksimalbeløp som kan krevjast for forskjellige gjeldsnivå.
I artikkel 3 nr. 2 er statane gitt høve til å fastsetje særskilde reglar for enkelte kategoriar av avtalar.
Direktivet stiller i artikkel 3 nr. 3 krav om at statane skal ha føresegner om at betalingsfristar eller følgjer av forseinka betaling som ikkje er i samsvar med reglane i direktivet, enten ikkje er bindande eller gir rett til erstatning dersom ein etter ei totalvurdering kjem til at avtalen er klart urimeleg overfor kreditor.
Det må vidare finnast effektive verkemiddel som kan bringe bruken av klart urimelege avtalevilkår til opphøyr, jf. artikkel 3 nr. 4. Slike verkemiddel må etter artikkel 3 nr. 5 innehalde føresegner om at organisasjonar som er offisielt godkjende som representantar for små og mellomstore verksemder eller som har rettsleg interesse i å representere slike verksemder, skal ha rett til å bringe spørsmålet om standardavtalar om betalingstid eller konsekvensane av forseinka betaling er klart urimelege etter kriteria nemnt i artikkel 3 nr. 3, inn for domstolane eller kompetente administrative styresmakter.
Direktivet artikkel 4 gir nokre særlege føresegner om eigedomsatterhald.
Direktivet artikkel 5 stiller krav om at kreditor normalt skal kunne få tvangsgrunnlag innan 90 dagar etter å ha sett fram stemning eller oppmoding til retten eller anna kompetent styresmakt. Dette skal gjelde uavhengig av storleiken på gjelda så lenge gjelda eller forhold rundt innkrevjingsprosedyrane ikkje er omstridt. Direktivet gir nærare reglar om korleis ein skal rekne fristen på 90 dagar.
I artiklane 6, 7 og 8 er det gitt nærare føresegner om gjennomføring, iverksetjing og adressatar.