Ot.prp. nr. 3 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

5 Kreditor sitt krav på erstatning for innkrevjingskostnader

5.1 Reglane i direktivet

Kreditor skal ifølgje direktivet artikkel 3 nr. 1 bokstav e kunne krevje rimeleg kompensasjon for alle relevante kostnader ved innkrevjing av kravet, med mindre skuldnaren ikkje er ansvarleg for forseinkinga. Direktivet opnar for at statane kan fastsetje maksimalbeløp i forhold til kva som kan krevjast for forskjellige gjeldsnivå under føresetnad av at dette er gjort i samsvar med prinsippa om synbarheit og proporsjonalitet («transparency and proportionality»).

Føresegna er på enkelte punkt noko uklar. Det er t.d. ikkje presisert kva som ligg i «rimeleg kompensasjon» eller «relevante kostnader». Bruken av skjønsmessige omgrep taler for ei forholdsvis romsleg direktivtolking på desse punkta.

Ein kan først stille spørsmål om kva som ligg i «innkrevjing». Etter departementet sitt syn tilseier ordlyden at dette omfattar både eigeninkasso og framandinkasso, og både utanrettsleg og rettsleg innkrevjing. Faktureringskostnader fell derimot utanfor.

Kva som er «relevante kostnader», må ein vurdere konkret i kvart enkelt tilfelle. Kostnadene kan vanskeleg reknast som relevante dersom det var klart for kreditor at forsøket på å innkrevje kravet ikkje ville lukkast. Dette kan til dømes vere tilfelle dersom kreditor nyleg har prøvd å innkrevje krav frå same skuldnar utan å ha lukkast med det.

Ein må vidare kunne sjå kravet i samanheng med krava til god inkassoskikk. Dersom ein til dømes har gått til vidare innkrevjingssteg før det er sendt naudsynte purringar, vil kostnadene i samband med dette ikkje vere «relevante».

Uttrykket «rimelig kompensasjon» legg også opp til ei brei totalvurdering. Etter departementet sitt syn ligg det generelt i dette at ein ikkje kan krevje dekka større kostnader enn det som vanlegvis er normalt for det aktuelle innkrevjingssteget, og at det ikkje kan krevjast dekning for større samla kostnader enn det som er rimeleg. Slik departementet ser det, stiller direktivet ikkje krav om at kreditor skal få dekka unødvendige innkrevjingskostnader. Direktivet gir heller ikkje kreditor noko absolutt krav på å få dekka alle sine unødvendige kostnader. At direktivet opnar for å fastsetje maksimale innkrevjingssatsar for innkrevjing av ulike gjeldsnivå, støttar ei slik tolking.

5.2 Gjeldande rett

5.2.1 Utanrettsleg innkrevjing

Kreditor sitt krav på erstatning for utanrettslege innkrevjingskostnader er regulert i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) kapittel 6. Inkassolova gjeld innkrevjing av pengekrav som er forfalne, jf. § 1 første ledd første punktum, men vik for reglar i eller i medhald av anna lov, jf. tredje punktum. Lova kan til dels fråvikast ved avtale, jf. § 3.

Inkassolova § 17 første ledd første punktum slår fast utgangspunktet om at skuldnaren er objektivt erstatningsansvarleg for «nødvendige kostnader» ved utanrettsleg innkrevjing av forfalne pengekrav. Andre punktum gjer det klart at skuldnaren si erstatningsplikt både gjeld kostnader ved å drive inn kravet sjølv (eigeninkasso) og ved å engasjere ein inkassator (framandinkasso).

Med kostnader meiner ein faktiske kostnader. I merknaden til § 17 i Ot.prp. nr. 2 (1987-88) side 120 nemner ein kostnader til telefon, porto, skriving av purrebrev og vederlag til inkassator som døme på kostnader ein normalt vil kunne krevje erstatta. Fjernare tap, til dømes tap av andre inntekter i den tida som er brukt til innkrevjingsarbeidet, kan derimot vanskeleg reknast for å vere pårekneleg, jf. proposisjonen same stad.

Kva som er nødvendige kostnader må vurderast konkret, utfrå om det var naudsynt å setje i verk det tiltaket som førte til kostnaden, og om det var naudsynt med ein så høg pris for tiltaket. Spørsmålet er om kostnaden stod fram som forsvarleg for kreditor. Kostnaden kan difor måtte reknast som unødvendig dersom det var klart at innkrevjingsforsøket ville mislukkast. Kostnaden vil alltid bli å rekne som forsvarleg dersom kostnaden skuldast at ei lovpålagt plikt er følgd.

Paragraf 17 andre til fjerde ledd gjer fleire unntak frå utgangspunktet om objektivt ansvar: Skuldnaren er ikkje erstatningspliktig dersom han hadde innvendingar mot kravet som det var «rimelig grunn til å få vurdert før inndrivingen ble satt i verk», jf. andre ledd. Dette gjeld sjølv om det har påløpt innkrevjingskostnader før innvendinga vart sett fram, med mindre innvendinga burde ha vore sett fram tidlegare.

Kreditor kan heller ikkje krevje erstatning for vederlag til ein inkassator «dersom skyldneren har betalt innen fristen i et inkassovarsel etter § 9», jf. tredje ledd.

Av fjerde ledd går det fram at skuldnaren ikkje har plikt til å erstatte kostnader dersom fordringshavaren, ein inkassator eller andre som har hjelpt kreditor «har opptrådt i strid med god inkassoskikk overfor skyldneren, jf. § 8, eller en inkassator har unnlatt å følge pålegg i forholdet til skyldneren etter § 24 tredje ledd».

Ein kan heller ikkje krevje erstatning for vederlag til ein inkassator, dersom reglane i § 9 om inkassovarsel og betalingsfrist, § 10 om betalingsoppmoding eller § 11 om plikter før rettsleg innkrevjing ikkje er følgt, jf. § 17 fjerde ledd i.f.

I inkassoforskrifta 14. juli 1989 nr. 562 kapittel 1 er det - med heimel i inkassolova § 19 - gitt gebyrsatsar som kreditor kan krevje for purring, inkassovarsel og anna arbeid med saka etter §§ 9 og 10. Slikt gebyr kan krevjast i staden for erstatning for dokumenterte kostnader. Med heimel i inkassolova § 20 er det dessutan fastsett maksimalsatsar for skuldnaren si erstatningsplikt når det gjeld utanrettslege innkrevjingskostnader, jf. kapittel 2 i forskrifta.

5.2.2 Rettsleg innkrevjing

For kostnader ved rettsleg innkrevjing gjeld rettargangslovgjevinga sine reglar om sakskostnader, jf. inkassolova § 21. Slike reglar finn ein i tvistemålslova 13. august 1915 nr. 6 kapittel 13 og tvangsfullføringslova 26. juni 1992 nr. 86 §§ 3-1 til 3-3.

Etter tvistemålslova § 176 første ledd første punktum er hovudregelen for utmåling av sakskostnader at ein part skal ha dekka alle kostnadene han har hatt i saka «forsaavidt de efter rettens skjøn var nødvendige for at faa saken betryggende utført». Etter tvangsfullføringslova er hovudregelen at saksøkte skal dekkje kostnadene til saksøkjaren dersom saksøkjaren krev det og saka og kostnadene har vore naudsynte, jf. tvangsfullføringslova § 3-1 første ledd første punktum.

Både etter tvistemålslova og tvangsfullføringslova er det gitt nokre forskrifter om fastsetjing av sakskostnader, jf. forskrift 23. juli 1993 nr. 768 om maksimalsatser for utmåling av sakskostnader i forliksrådet og forskrift 4. desember 1992 nr. 898 om saksøktes sakskostnadsansvar ved tvangsfullbyrdelse.

5.3 Høyringsnotatet

5.3.1 Utanrettsleg innkrevjing

Det første spørsmålet departementet reiste i høyringsnotatet, var om plikta til å erstatte kreditor sine «nødvendige kostnader», jf. inkassolova § 17, går like langt som plikta etter direktivet artikkel 3 nr. 1 bokstav e, som gjev kreditor krav på rimeleg kompensasjon for alle relevante kostnader ved inndrivinga, jf. høyringsnotatet side 15:

«Det er mogeleg ein kan hevde at ein kostnad kan reknast som «relevant» utan at den kan seiast å vere «nødvendig», men det er heller ikkje noko i vegen for at berre «nødvendige» kostnader, slik dette er forstått i norsk rett, jf. ovanfor under punkt 5.2.1, er å rekne som «relevante» etter direktivet. Etter departementet sitt syn er dette den mest naturlege tolkinga av direktivet, og departementet legg difor til grunn at hovudregelen om erstatning for utanrettslege inndrivingskostnader oppfyller kravet i direktivet på dette punktet. Vi oppmodar likevel høyringsinstansane til særskilt å uttale seg om dette spørsmålet.»

Vidare blei det reist spørsmål om unntaksreglane i inkassolova § 17 kan vidareførast. Departementet uttalte på side 15 i høyringsnotatet at dette synest å vere mest tvilsamt i forhold til § 17 andre ledd om «innsigelser» frå skuldnaren:

«Etter inkassolova § 17 andre ledd har kreditor ikkje krav på erstatning av innkrevjingskostnader dersom «skyldneren hadde innsigelser som det var rimelig grunn til å få vurdert før inndrivinga ble satt i verk». Etter andre punktum gjeld dette «selv om kostnadene påløp før innsigelse ble satt fram, dersom ikke skyldneren burde satt dem fram tidligere».

Bakgrunnen for unntaksreglane er at det ikkje er rimeleg at kreditor skal få erstatta sine kostnader i dei situasjonane unntaksreglane regulerer. Direktivteksten seier ikkje noko direkte om slike unntaksreglar, men etter departementet sitt syn må ein kunne forankre slike unntaksreglar i at direktivteksten seier at kompensasjonen skal vere «rimeleg».

Dersom skuldnaren hadde god grunn til å kome med innvendingar, er departementet av den oppfatning at kostnadene ved inndriving av gjelda uansett ikkje vil vere «relevant» etter direktivet, slik at den norske regelen kan vidareførast.

Dette blir noko meir tvilsamt dersom innvendingane er sett fram etter at kostnaden påløp, sjølv om skuldnaren ikkje burde kome med dei tidlegare, jf. § 17 andre ledd andre punktum. Dersom kreditor ikkje var kjent med innvendinga på førehand, vil kreditor kunne ha hatt god grunn for å setje i verk innkrevjinga, og ein kan såleis hevde at kostnadene er relevante og gjev grunnlag for kompensasjon.»

Departementet var på denne bakgrunn noko i tvil om det er mogeleg å oppretthalde regelen i § 17 andre ledd andre punktum i handelshøve. Departementet bad difor høyringsinstansane om å kome med sine synspunkt på tolkinga av direktivet opp mot føresegna i inkassolova, kor vidt det er behov for lovendring på dette punktet, og om ei slik lovendring bør gjelde allment eller berre i handelshøve.

Når det gjaldt inkassolova §§ 19 og 20 med tilhøyrande forskriftsreglar om standardiserte erstatningsbeløp, meinte departementet at desse er i samsvar med direktivet artikkel 3 nr. 1 bokstav e tredje punktum, jf. også første punktum om rimeleg kompensasjon. Det blei difor lagt til grunn at desse føresegnene kan vidareførast utan endringar, jf. høyringsnotatet side 16.

5.3.2 Rettsleg innkrevjing

Når det gjeld erstatning for rettslege innkrevjingskostnader, la departementet til grunn at reglane om tilkjenning av sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullføringslova vil oppfylle krava i direktivet, jf. høyringsnotatet side 16. Både hovudreglane og unntaksreglane etter desse føresegnene er i tråd med reglane i direktivet.

Derimot blei det reist spørsmål om forskrift 7. juli 1993 nr. 768 om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet fullt ut er i tråd med direktivet:

«Etter § 1 første ledd nr. 1 i forskrifta kan klagaren få erstatta gebyret for handsaming i forliksrådet, jf. rettsgebyrlova § 7.

Etter § 1 første ledd nr. 2 kan ein få «et beløp lik rettsgebyret for skriving av klage og andre alminnelige sakskostnader». Dette siste kan ein likevel gjere unntak frå etter § 3 første ledd dersom «det er klart at klageren eller dennes prosessfullmektig har hatt nevneverdig mer arbeid med saken enn det som er vanlig i saker for forliksrådet». Rettsgebyret er pr. 1. januar 2003 kr. 700,-. Det er vanlegvis ikkje så tid- eller kostnadskrevjande å skrive forliksklage. Oftast vil difor ein kompensasjon på rettsgebyret (for tida kr. 700,-) vere rimeleg. Når ein i tillegg kan få meir dersom det har vore «nevneverdig mer arbeid med saken enn det som er vanlig», ser Justisdepartementet det som klart at desse reglane oppfyller krava i direktivet.

Etter § 1 andre ledd er hovudregelen at ein klagar kan tilkjennast eit beløp inntil ein firedel av rettsgebyret for nødvendige kostnader ved frammøte til mekling eller domsforhandling i forliksrådet. Føresegna gjeld ikkje dersom ein part møter personleg og i enkelte andre tilfelle som er nemnt i forskrifta § 3 andre ledd. Føresegna vil typisk gjelde dersom ein part som ikkje har personleg møteplikt, engasjerer ein annan person til å møte for seg, t.d. ein advokat eller ein person med personleg inkassoløyve.

Det kan tenkjast at klagaren har hatt høgare kostnader for frammøte til mekling eller domsforhandling enn ein firedels rettsgebyr (for tida kr. 175,-). Sidan det ikkje er nokon unntaksregel som fullt ut opnar for at ein kan få erstatta høgare utgifter i særskilte tilfelle, kan ein stille spørsmål om denne regelen er i samsvar med direktivet. Det er til dømes ikkje opna for høgare utgifter ved at ein møter ved advokat eller ein som har inkassoløyve. I eit høyringsnotat 6. desember 2002 har Justisdepartementet uavhengig av direktivet om forseinka betaling reist spørsmål om maksimalsatsen for frammøte i forliksrådet bør aukast. Vi bed likevel høyringsinstansane om å uttale seg særskilt om korvidt ein meiner føresegna i forskrifta § 1 andre ledd er i samsvar med direktivet eller ikkje.»

5.4 Høyringsinstansane sitt syn

5.4.1 Utanrettsleg inndriving

Kredittilsynet, Oslo kommune og Norges Fondsmeglerforbund seier seg samd i at hovudregelen om erstatning for utanrettslege inndrivingskostnader i inkassolova § 17 oppfyller kravet i direktivet artikkel 3 nr. 1 bokstav e.

Også Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) meiner at det er samsvar mellom direktivet og inkassolova § 17 første ledd. Likevel meiner NARF at det kan vere føremålstenleg å endre ordlyden i § 17, slik at den blir tilpassa direktivet si formulering:

«Høringsinstansene er spesielt anmodet om å uttale seg i forhold til hvorvidt uttrykket «nødvendige kostnader» i inkassoloven § 17 er i overensstemmelse med «relevante kostnader», som er uttrykket benyttet i direktivet.

Etter NARFs vurdering vil det alminnelige språklige innholdet av de to begreper ikke være sammenfallende. Nødvendige kostnader vil etter NARFs vurdering innebære at kreditor må vurdere kostnader opp mot hverandre, for deretter å falle ned på den rimeligste løsningen for debitor. Dette i motsetning til relevante kostnader som åpner for at alle kostnader med den utenrettslige inndrivelsen kan regnes med, under forutsetning av at kostnadene har tilknytning til inndrivelsen.

Til tross for den språklige forskjellen i de to uttrykkene vil resultatet, når inkassoloven § 17 leses i sammenheng med samme lovs § 19 med tilhørende forskrifter, bli at alle relevante kostnader blir dekket. Dette fordi inkassoloven § 19 etter vår vurdering oppstiller klare grenser for hva som er relevante utgifter. Samlet resultatet av någjeldende lov og forskrift er at alle relevante kostnader blir dekket i tråd med direktivet.

Inkassoloven § 17 må derfor etter NARFs vurdering strengt tatt ikke endres sett hen til ovennevnte. Det vil likevel være en fordel om loven ble endret slik at inkassolovens ord og uttrykk også var i overensstemmelse med direktivet. Etter NARFs vurdering må det være et mål at ord og uttrykk både i lov- og forskriftstekst i minst mulig grad må tolkes for at bruker skal komme frem til regelens reelle innhold.»

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon er derimot noko usikker på om inkassolova § 17 fullt ut harmonerer med direktivet:

«Når det gjelder kreditors krav på erstatning for innkrevingskostnader, er vi noe usikre på om dagens ordlyd harmonerer med direktivet. Dette gjelder hovedsakelig forholdet mellom «nødvendige» kostnader i inkassoloven § 17 og «relevante» kostnader i direktivet. Ser man på ordlyden, vil relevante kostnader etter vårt skjønn henspille på visse type kostnader som det vil være aktuelt å kreve dekket. I «nødvendige» kostnader ligger det i tillegg en henvisning til omfanget av den enkelte kostnaden. Sagt på en annen måte må det her avgjøres om kostnaden er av en slik art at den kan kreves dekket, men også om kravet er av en slik størrelse at det kan sies å være «nødvendig» sett i forhold til inndrivelsen av fordringen. Vi er følgelig noe usikre på om det er harmoni mellom direktivet og inkassolovens ordlyd her.»

Toll- og avgiftsdirektoratet gir også uttrykk for at inkassolova § 17 første ledd er snevrare enn direktivet sin ordlyd, men at den kanskje likevel kan vidareførast:

«Etter normal forståing av ordlyden, er «relevante inndrivelseskostnader» et vidare omgrep enn «nødvendige kostnader». Departementet sitt syn kan likevel oppretthaldast om det føreligg haldepunkt for at omgrepet «relevant» i direktivet skal ha ei snevrare tyding enn det som følgjer av ei normal tyding av ordlyden.»

Norske inkassobyråers Forening (NIF) er av den oppfatning at inkassolova § 17 ikkje er i samsvar med direktivet. Dei uttaler:

«Etter NIFs oppfatning kan man ikke direkte slutte at inkassolovens § 17 er i overensstemmelse med direktivet art. 3 nr. 1 bokstav e. Vanlig språkfortolkning tilsier at det er vesensforskjell mellom uttrykket «relevante kostnader» i direktivet og uttrykket «nødvendige kostnader» i inkassoloven. NIF er enige med departementet i at uttrykket nødvendige kostnader konsumerer uttrykket relevante kostnader. I denne forstand vil enhver nødvendig kostnad være å anse som relevant. Derimot kan man ikke slutte at en hver kostnad som direktivet henviser til er å anse som en nødvendig kostnad i inkassolovens forstand. Etter NIFs oppfatning må her inkassoloven endres slik at den kommer i harmoni med direktivet. Uttrykket «nødvendige» i inkassolovens § 17 bør derfor erstattes med «relevante».

Den norske Advokatforening kjem med liknande synspunkt, og uttaler:

«Etter utvalgets mening er inkassolovens begrep «nødvendige kostnader» snevrere enn direktivets begrep «relevante kostnader». En nødvendig kostnad vil alltid være relevant, mens det kan tenkes relevante kostnader som strengt tatt ikke er nødvendige ved utenrettslig inndriving. Kreditors stilling etter norsk rett vil derfor kunne være dårligere enn etter direktivet.

Det bør vurderes å bytte ut «nødvendige» i inkassolovens § 17 med «relevante» for å bringe bestemmelsen på linje med direktivet».

Når det gjeld unntaksregelen i inkassolova § 17 andre ledd første punktum, er Kredittilsynet samd med departementet i at lovføresegna kan vidareførast:

«Kredittilsynet slutter seg til departementet si oppfatning om at kostnadene ved innkrevjing av krav kor skuldnaren «hadde innsigelser som det var rimelig grunn til å få vurdert før inndrivelsen ble satt i verk», jf. § 17 andre ledd første punktum, ikkje vil vere «relevante» ihht. direktivet. Etter departementet sitt syn, må ein kunne forankre unntaksreglar i at direktivteksten seier at kompensasjonen skal vere rimeleg. Sjølv om det, etter det som no er sagt, ikkje har nokon konsekvens for vidareføringen av § 17 andre ledd første punktum, er det Kredittilsynet si oppfatning at kreditor etter direktivet kan krevje alle kostnader erstatta så lenge dei er «relevante» for innkrevjinga, forutsatt at skuldnaren er ansvarleg for forseinkinga. Er vilkåra for erstatning til stades, skal storleiken på erstatninga, etter Kredittilsynet sitt syn, vere rimeleg.»

Kredittilsynet og Oslo kommune kan ikkje sjå behov for å endre unntaksregelen i inkassolova § 17 andre ledd andre punktum. Kredittilsynet grunngjev dette slik:

«Når det gjeld kostnader som er påløpt før kreditor var kjent med eventuelle innvendinger og skuldnaren ikkje burde ha sett dei fram tidlegare, jf. § 17 andre ledd andre punktum, vil Kredittilsynet peike på at det er ei grunnsetning i inkassolova at tvilsame krav i utgangspunktet ikkje skal vere gjenstand for utanrettsleg innkrevjing. Regelen må, slik Kredittilsynet ser det, tolkast i samsvar med denne grunnsetninga. Skuldnaren skal difor, som hovudregel, ikkje verte krevd for kostnader i samanheng med innkrevjing av krav som er omstridde. Såleis er det Kredittilsynet si oppfatning at kostnader som følgjer av forsøk på inndriving av omstridde krav, heller ikkje vil vere «relevante» i hht. direktivet, og at det er mogeleg å oppretthalde regelen i § 17 andre ledd andre punktum i handelshøve.»

Etter Toll- og avgiftsdirektoratet sitt syn kan unntaksregelen i inkassolova § 17 andre ledd andre punktum derimot ikkje vidareførast:

«Kostnadene som oppstår før innvendingane frå skuldnaren vert framsett, kan vere relevante eller naudsynte kostnader som det er rimeleg at kreditor får dekket sjølv om kreditor ikkje kjende til eller burde ha kjent til innvendingane på førehand. Om unntaksregelen vidareførast vil denne stemme dårleg overeins med føremålet til direktivet om å styrke kreditorane si stilling.

Toll- og avgiftsdirektoratet er av den oppfatning at en eventuell lovendring bør gjelde generelt for ikkje å komplisere regelverket unødig.»

Også Norske Inkasssobyråers Forening (NIF)har det synet at inkassolova § 17 andre ledd andre punktum må endrast:

«Videre er det NIFs klare oppfatning at direktivet åpner for at inndrivelseskostnader som er påløpt før skyldneren har fremsatt innvendinger mot kravet, og som ikke var kjent for kreditor vil måtte bli å erstatte av skyldneren. NIF mener derfor at inkassolovens § 17 andre ledd andre punktum må omformuleres slik at relevante inndrivelseskostnader som er påløpt før skyldneren fremsetter innsigelser, og som ikke var kjent for kreditor pliktes erstattet av skyldneren.

Regelen bør gjelde både for næringsdrivende forhold og forbrukere for å skape et ensartet regelverk. Begrunnelsen for reglen tilsier også at den nærmeste til å bære kostnadene som er påløpt er den passive part, uavhengig av om denne har status som forbruker eller næringsdrivende. Etter NIFs oppfatning vil slike kostnader klart falle inn under direktivets tekst mht. relevante kostnader som det er rimelig at kreditor kan kreve dekket av skyldner. På dette området er inkassoloven ikke i overensstemmelse med den naturlige forståelse av direktivet og må således etter vår oppfatning endres.»

Den norske Advokatforening uttaler:

«Etter utvalgets mening er fritaksregelen i inkassolovens § 17, 2. ledd, annet punktum mer omfattende enn direktivets ordlyd tar sikte på og gir kreditor en svakere stilling enn etter direktivet.

Etter utvalgets mening bør fritaket i § 17, 2. ledd, annet punktum ikke gjelde i handelsforhold hvor direktivet gjelder og hvor det må forutsettes en viss grad av profesjonalitet fra skyldnerens side.»

Forbrukarombodet, Juss-Buss og Kredittilsynet tek til orde for at § 17 andre ledd andre punktum under einkvar omstende ikkje må bli endra til ugunst for forbrukarar. Forbrukarombodet uttaler i samband med dette følgjande:

«Etter mitt syn gir inkassolovens § 17 annet ledd annet punktum uttrykk for en viktig regel i forbrukerforhold, nemlig at det er den næringsdrivende som bærer kostnaden for inndrivelsen dersom skyldneren hadde innsigelser som det var rimelig grunn til å få vurdert før inndrivelse ble iverksatt. Hvorvidt innsigelsene fremsettes før eller etter kostnadene påløp bør ikke ha noen betydning i denne sammenhengen, så lenge loven i § 17 annet ledd annet punktum tar forbehold om at regelen ikke gjelder dersom forbrukeren burde ha satt frem innsigelsen tidligere.

Jeg ønsker derfor ikke at denne bestemmelsen skal endres slik at forbrukeren får dårligere beskyttelse enn det som følger av loven i dag. Dersom departementet skulle komme til at inkassolovens § 17 må endres som følge av direktivet, bør endringen bare gjelde i næringsforhold.»

5.4.2 Rettsleg inndriving

Når det gjeld rettsleg inndriving, meiner Oslo kommune at det i særskilte tilfelle bør opnast for erstatning av høgare kostnader ved frammøte til mekling eller domsforhandling i forliksrådet.

Norske inkassobyåers forening (NIF) meiner ein må endre forskrift 23. juli 1993 nr. 768 om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet. Dei uttaler:

«NIF er ikke enig med departementets vurdering av at reglene for erstatning for rettslige innkrevingskostnader er i overensstemmelse med direktivet. Riktig nok ble satsene for kostnader i forbindelse med oppmøte i forliksrådet ihht forskrift av 23. juli 1993 om maksimalsatser for utmåling av sakskostnader i forliksrådet endret f.o.m. 01.07.03 til 0,5 R. Imidlertid er dette ikke tilstrekkelig til å dekke de faktiske kostnader ved oppmøte, hvilke bør være å anse som «rimelige» å få dekket inn. Norsk rett kan således ikke anses å være i overensstemmelse med direktivet.

NIF har i brev av 23.10.03 og i høringsnotat HØRINGSNOTAT - FORSLAG TIL ENDRINGER I FORSKRIFTER OM SAKSKOSTNADER, I INKASSOFORSKRIFTEN OG I FORSKRIFT OM TVANGSSALG VED MEDHJELPER påpekt at kostnadene ved å engasjere en møtefullmektig de siste årene har økt drastisk. Alt fra starten har det vært en differanse mellom det man faktisk har vært nødt til å betale en møtefullmektig og det beløp man hadde krav på å få dekket av innklagede. Imidlertid har denne differansen dessverre bare blitt større. Årsakene til dette er flere. NIF vil gjerne peke på det faktum at man tidligere kunne få lensmenn til å møte i forliksrådet. De møtte ofte i flere saker, slik at kostnaden pr. sak kunne holdes nede. Siden disse ikke lenger kan møte i forliksrådet har inkassobransjen sett seg nødt til å etablere et eget nettverk av forliksfullmektiger. Disse møter gjerne i enkeltstående saker og må ofte reise lenger enn det de lokale lensmennene måtte. Kostnadene er derfor naturlig blitt høyere pr. sak. I tillegg er det enkelte kommuner hvor man ikke har møtefullmektig. Her er kreditor/møtefullmektig henvist til å reise forholdsvis langt for å møte i forliksrådet. Selv i de distrikter hvor hovedstevnevitner engasjeres for å møte i forliksrådet ser man at kostnadene øker. Hovedstevnevitnet er nå i ferd med å sette opp prisen for å møte i forliksrådet. Her kan nevnes at hovedstevnevitnet i Oslo nå tar kr. 600,- pr. fremmøte. Dette er blitt begrunnet med at hovedstevnevitnet ønsker å dekke inn den reelle kostnad som hovedstevnevitnet har i forbindelse med saksforberedelse - og selve møtet i forliksrådet. Dette indikerer at selv det offentlige med kort reisevei og muligheten til å møte i flere saker på samme sted den samme dagen, ikke klarer å holde den reelle kostnad lavere enn kr. 600,- pr. fremmøte.

Det at hovedstevnevitnet i Oslo nå tar kr. 600,- for å møte, er et sterkt signal om at dagens sats er for lav og ikke på langt nær dekker de reelle kostnader man har i forbindelse med et møte i forliksrådet. Hovedstevnevitnet bør i utgangspunktet være den mest effektive løsningen idet de som oftest er på stedet og kan møte i flere saker.

Det er derfor NIFs oppfatning at reglene om sakskostnader nå bør endres slik at de bringes mer i samsvar med intensjonen om at «en part som utgangspunkt skal ha dekket alle kostnader han har hatt i saken, for så vidt disse etter rettens skjønn var nødvendige», altså de reelle kostnader som klager blir påført ved et oppmøte i forliksrådet. NIF mener at satsen fremdeles bør være knyttet opp mot rettsgebyret og legges på et nivå som gjenspeiler de reelle kostnadene. NIF foreslår at regelen endres til 1R pr. oppmøte. Dette vil etter NIFs oppfatning gjøre at norske regler på en bedre måte gjenspeiler det reelle kostnadsnivået og dermed vil harmonisere bedre med direktivet. I tillegg bør reglene omformuleres slik at de også inkluderer de faktiske utgifter en part selv har ved personlig møteplikt.»

Også Den norske Advokatforening meiner forskrifta må endrast. Dei uttaler:

«Etter utvalgets mening er den maksimalsats for fremmøte til megling eller domsforhandling som er fastsatt i Forskrift av 7.7.1993 nr. 768 urealistisk lav. Et fremmøte vil i de fleste tilfelle vare i 1 time eller mer. Det finnes neppe noen profesjonelle representanter (advokater eller andre) som vil akseptere kr. 175,- for et slikt fremmøte. Maksimalsatsen for fremmøte i Forliksrådet bør definitivt økes.

Den nåværende begrensning på ¼ rettsgebyr er ikke i samsvar med direktivets retningslinjer om at «alle relevante inndrivelseskostnader» kan kreves erstattet.»

5.5 Departementet sitt syn no

5.5.1 Utanrettsleg innkrevjing

Enkelte høyringsinstansar har som nemnt peikt på at omgrepet «relevante kostnader» i direktivet femner vidare enn omgrepet «nødvendige kostnader» i inkassolova § 17 første ledd. Departementet er samd i at uttrykket «relevant kostnad» isolert sett kan bli oppfatta som å vere vidare enn «nødvendig kostnad». Ein kan likevel spørje om ein unødvendig kostnad kan vere relevant i direktivet si meining. Sett i samanheng med at direktivet berre gir kreditor krav på «rimelig erstatning», ser departementet det slik at norsk rett oppfyller kravet i direktivet på dette punktet. Direktivet stiller etter departementet sitt syn ikkje krav om at kreditor skal få dekka innkrevjingskostnader som ikkje har vore nødvendige.

Departementet kan heller ikkje sjå at det vil vere tenleg å endre ordlyden i inkassolova § 17 første ledd, slik Den norske Advokatforening, Norske Inkassobyråers Forening og Noregs Autoriserte Regnskapsføreres Forening tek til orde for. Så lenge den norske regelen materielt sett oppfyller kravet i direktivet, meiner departementet det er mest tenleg, særskilt for brukarane av lova, å halde fast ved den terminologien som er innarbeidd i norsk rett. Departementet peiker i denne samanheng på at direktiv skal transformerast til nasjonal rett, og at det difor ofte kan vere slik at ordlyden i nasjonal rett ikkje er heilt lik ordlyden i direktivet. Departementet legg vidare vekt på at uttrykket «nødvendige kostnader» har den fordel at det signaliserer at reglane om ansvar for innkrevjingskostnader byggjer på allmenne erstatningsrettslege reglar, medrekna reglane om tapsavgrensingsplikt.

Fleire av høyringsinstansane har kommentert unntaksregelen i inkassolova § 17 andre ledd andre punktum om at kreditor ikkje kan krevje dekka kostnader ved innkrevjinga dersom skuldnaren hadde innvendingar som det var rimeleg grunn til å få vurdert før innkrevjinga vart sett i verk, sjølv om kostnadane oppstod før innvendinga vart sett fram. Det er likevel berre Norske Inkassobyråers Forening og Toll- og avgiftsdirektoratet som meiner at lovføresegna må endrast, då dei tolkar direktivet slik at norsk rett ikkje er i samsvar med direktivet. I tillegg meiner dei at det er rimeleg at kreditor får dekka kostnadane i slike tilfelle.

For at kreditor i det heile skal kunne få dekka kostnadene ved innkrevjinga, er det ein føresetnad at kreditor ikkje kjende til innvendinga, eller i tilfelle hadde vurdert innvendingane frå skuldnaren. Den situasjonen § 17 andre ledd andre punktum regulerer, er nettopp at kreditor ikkje var kjent med innvendingane på det tidspunkt han pådrog seg kostnaden, og debitor heller ikkje burde ha sett fram innvendinga på det aktuelle tidspunktet.

I Ot. prp. nr. 2 (1987-88) s. 67 grunngir departementet regelen slik:

«Slik departementet ser det er det her spørsmål om hvem som skal ha risikoen dersom et tvilsomt krav, som egentlig ikke burde vært gjenstand for utenrettslige inndrivingsforsøk, likevel blir gjort til gjenstand for slik inndriving. Departementet finner at det i slike situasjoner er den part som setter det kostnadskrevende tiltaket i verk, som er nærmest til å bære kostnadsrisikoen dersom det viser seg at forutsetningene for tiltaket ikke var tilstede. Dette vil dessuten innebære en viss oppfordring til varsomhet med å sende krav til inkasso, noe departementet finner gunstig.

(...)

I tråd med alminnelige prinsipper må det imidlertid gjøres en reservasjon i unntaket fra erstatningsplikten for de situasjoner hvor det kan bebreides skyldneren som uaktsomt at utgifter til inkasso eller annen inndriving ikke ble avverget.»

Sidan direktivet ikkje nærare definerer kva som er meint med «relevante kostnader» og «rimeleg kompensasjon», må det vere forsvarleg å leggje til grunn at statane har eit forholdsvis vidt spelerom på dette området. Dette gir også Danmark uttrykk for i Lovforslag L 74 (2001-2002) s. 16 og Sverige i Regeringens proposisjon 2001/02:132 s. 34.

Sidan regelen i inkassolova § 17 andre ledd andre punktum regulerer ein situasjon der det har oppstått kostnader i tilknyting til eit krav som eigentleg ikkje skulle vore gjenstand for inkasso, meiner departementet det er ei forsvarleg tolking av direktivet å seie at slike kostnader ikkje er «relevante» i direktivet sin forstand, eventuelt at det ikkje er «rimelig» at kreditor får dekka desse kostnadene. Det kan såleis ikkje vere i strid med direktivet å oppretthalde regelen i inkassolova § 17 andre ledd andre punktum. Det vert på denne bakgrunn ikkje fremja noko forslag om å endre føresegna.

Departementet syner elles til det som er sagt i høyringsnotatet, jf. punkt 5.3.1 ovanfor.

5.5.2 Rettsleg innkrevjing

Det er ingen høyringsinstansar som har hatt merknader til departementet si vurdering i høyringsnotatet om at reglane om tilkjenning av sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullføringslova oppfyller kravet i direktivet. Det vert på denne bakgrunn ikkje gjort framlegg om endringar i desse lovene.

Når det gjeld spørsmålet om forskrift 23. juli 1993 nr. 768 om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet er i tråd med direktivet, meiner Den norske Advokatforening og Norske Inkassobyråers Foreningat forskrifta må endrast. Oslo kommune meiner at det i særskilte tilfelle bør opnast for erstatning av høgare kostnader ved frammøte til mekling eller dom i forliksrådet.

Etter at høyringsnotatet vart sendt ut, har forskrifta vorte endra ved kongleg resolusjon 9. mai 2003. Etter endringa av § 1 andre ledd i forskrifta kan klagaren tilkjennast eit beløp inntil eit halvt rettsgebyr (mot tidlegare eit firedels) for naudsynte kostnader ved frammøte til mekling eller domsforhandling i forliksrådet. Som nemnde ovanfor gjeld ikkje føresegna dersom parten møter personleg, og i enkelte andre tilfelle som er nemnde i forskrifta § 3 andre ledd. Føresegna vil typisk gjelde dersom ein part som ikkje har personleg møteplikt, engasjerer ein annan person til å møte for seg, t.d. ein advokat eller ein person med personleg inkassoløyve.

Endringa tok til å gjelde 1. juli 2003, samtidig med at rettsgebyret vart auka frå kr 700,- til kr 740,-. Dette inneber at ein klagar i saker som blir brakt inn for retten 1. juli 2003 eller seinare, jf. punkt V i endringsforskrifta om iverksetjings- og overgangsføresegner, kan få erstatta inntil kr 370,- for kostnader til frammøte i forliksrådet.

Den tvil departementet uttrykte i høyringsnotatet om kor vidt maksimalsatsen i forskrifta ville tilfredsstille kravet i direktivet om «rimeleg kompensasjon», var basert på at maksimalsatsen skulle vere ein firedels rettsgebyr (av kr 700,-, dvs. kr 175,-). Spørsmålet blir om den nye satsen på kr 370,- oppfyller kravet i direktivet om «rimelig erstatning».

Departementet er klar over at det i nokre tilfelle kan koste meir enn kr 370,- å la seg representere ved møtefullmektig i forliksrådet. Direktivet gir likevel ingen rett til full erstatning for alle kostnader ein har ved innkrevjinga, men berre rett til «rimelig erstatning». Som nemnt ovanfor må statane ha relativt stort spelerom til å fastsetje kva som er å rekne som «rimelig erstatning». Departementet meiner det er eit sentralt moment i denne samanhengen at ordninga med handsaming i forliksrådet er meint å vere ei rimeleg løysing for begge partar. At ein ikkje får erstatning for alle kostnader, kan vere med på å halde kostnadsnivået nede. Sett i lys av dette, meiner departementet at maksimalsatsen på kr 370,- tilfredsstiller kravet i direktivet om «rimeleg erstatning».

Departementet ser etter dette ikkje grunn til å skipe til endringar i forskrifta om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet.

Til forsida