7 Eigedomsatterhald
7.1 Direktivet artikkel 4
Etter direktivet artikkel 4 skal statane innanfor EØS-området syte for at ein seljar bevarer eigedomsretten til varer inntil kjøpesummen er fullt betalt, dersom eigedomsatterhald er uttrykkjeleg avtalt mellom seljaren og kjøparen før vara er levert, og eigedomsatterhaldet er gyldig etter det landet sine reglar som gjeld etter lovvalsreglane i den aktuelle staten, jf. artikkel 4 nr. 1 og fortalen punkt 21. Eigedomsatterhald («retention of title») er i artikkel 2 nr. 3 definert som avtalevilkår som gjev seljaren eigedomsretten til ei vare inntil kjøpesummen er betalt.
Kravet i artikkel 4 nr. 1 om at statane på dei nemnde vilkåra skal syte for at seljaren bevarer eigedomsretten, inneber berre at statane skal anerkjenne som gyldig mellom partane ein avtale om eigedomsatterhald, på dei vilkåra som gjeld etter retten i det landet som lovvalsreglane peiker ut. Kravet i artikkel 4 nr. 1 inneber ikkje at statane må fastsetje eller endre dei nasjonale reglane om når eigedomsatterhald er gyldige. Dette går tydeleg fram av den engelske og danske språkversjonen av direktivet. Direktivet stiller heller ikkje krav om at eigedomsatterhald inngått etter reglane i ein annen stat skal anerkjennast tingsrettsleg i høve til kjøparen sitt konkursbu eller andre tredjepersonar, jf. det svenske forslaget i Prop 2001/02:132 side 42.
I medhald av artikkel 4 nr. 2 skal statane kunne vedta eller oppretthalde reglar om delbetalingar som skuldnaren allereie har gjort.
7.2 Gjeldande rett
Avtalar om eigedomsatterhald slik dette er definert i direktivet, vert etter norsk rett rekna for avtalar om salspant, jf lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant (pantelova) § 3-22 første ledd. For å få rettsvern må slike avtalar vere inngått seinast samtidig med at tingen vert overlevert til kjøparen, jf. § 3-17 andre ledd første punktum. Det er òg rekna som eit vilkår for at avtalen er gyldig mellom partane, at han er inngått før salsgjenstanden er overlevert til kjøparen. Pantelova § 3-14 gir nærare reglar om kva for krav som kan sikrast ved salspant, og pantelova § 3-15 har reglar om kva for gjenstandar som ein kan ta salspant i.
I høve til norske lovvalsreglar vil ein panterett bli rekna som gyldig stifta mellom partane dersom avtalen om pantsetjing med omsyn til form og innhald er i samsvar med reglane i det landet der lausøyregjenstanden var då panteretten blei stifta. Det er mogleg at avtalen jamvel blir rekna for gyldig stifta dersom han er i samsvar med reglane i det landet sin rett som gjeld for kontraktstilhøvet elles (lex causae).
7.3 Høyringsnotatet
Departementet peika på side 24 i høyringsnotatet på at føremålet med direktivet artikkel 4 er at avtalar om eigedomsatterhald skal bli rekna for gyldige mellom partane innanfor heile EØS-området, dersom dei er gyldige etter det landet sin rett som etter lovvalsreglane skal leggjast til grunn. Departementet uttalte vidare at det ikkje er naudsynt med endringar i norsk rett for å oppfylle direktivet sine krav.
7.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sitt syn no
Ingen av høyringsinstansane har uttala seg om dette spørsmålet.
Departementet held difor fast ved at direktivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i dei norske reglane om eigedomsatterhald, og syner til det som vart sagt om dette i høyringsnotatet, jf. punkt 7.3 ovanfor.