Tilråing
Justis- og politidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve) i samsvar med eit vedlagt forslag.