2 Bakgrunnen for lovforslaga
2.1 Direktivet om forseinka betaling
Ulike undersøkingar har vist at forseinka betaling er eit stort problem for verksemder i Europa, særleg for små og mellomstore verksemder. Dette er bakgrunnen for at det er vedtatt eit EU-direktiv om tiltak mot forseinka betaling i handelshøve (Europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/35/EF av 29. juni 2000), nedanfor kalla direktivet om forseinka betaling eller berre direktivet. Direktivet har som føremål å innføre likare reglar om forseinka betaling i handelshøve innanfor EU-området og gjennom dette medverke til at betalingsmoralen blir betre.
EFTA-landa si vurdering var at direktivet fell utanfor EØS-avtalen sitt verkeområde slik EØS-avtalen er i dag. Spørsmålet om direktivet likevel burde innlemmast i EØS-avtalen på frivillig grunnlag vart sendt på høyring av Justisdepartementet 9. februar 2001. Høyringsinstansane var i hovudsak positive til gjennomføring av direktivet, som no er foreslått innlemma i avtalen, jf. EØS-komiteens beslutning nr. 48/2003 og St.prp. nr. 80 (2002-2003). I St.prp. nr. 80 (2002-2003), vart Stortinget invitert til å gje sitt samtykke til EØS-komiteens avgjerd.
Den opphavlege gjennomføringsfristen for direktivet var 8. august 2002, men det går fram av avgjerda i EØS-komiteen at EFTA-statane sin gjennomføringsfrist er 31. desember 2003. I og med at den opphavlege fristen er utløpt, skal EU-landa allereie ha gjennomført direktivet. Justisdepartementet er kjent med at i alle fall Danmark, Finland og Sverige har gjort dette. I Danmark vart det fremja forslag om lovendringar på bakgrunn av direktivet i Lovforslag til Folketinget nr. 74 (2001-2002), vedtatt som lov nr. 379 av 6. juni 2002. I Sverige vart det fremja forslag om lovendringar i proposisjon 2001/02:132, vedtatt som lover 2002: 352-358 av 23. mai 2002.
2.2 Hovudpunkta i høyringsnotatet
Departementet la i høyringsnotatet til grunn at gjeldande rett stort sett er i samsvar med direktivet, men at det likevel er naudsynt med nokre mindre justeringar i norsk rett. Departementet foreslo difor at månadsfristen i forseinkingsrentelova § 2 første ledd andre punktum vert endra til ein 30 dagars frist. Vidare vart det foreslått endringar i måten å fastsetje forseinkingsrentesatsen på, slik at rentesatsen vert fastsett i samsvar med krava i direktivet. Dessutan vart det gjort framlegg om ein ny § 4 a i forseinkingsrentelova, for å lovfeste ein rett for organisasjonar som representerer små og mellomstore verksemder til å gå til søksmål for å prøve spørsmålet om standardavtalar om betalingstid eller konsekvensane av forseinka betaling er urimelege for verksemdene.
2.3 Høyringa
Justisdepartementet sendte 10. mars 2003 forslaga om endringar i forseinkingsrentelova på høyring til følgjande institusjonar og organisasjonar:
Departementa
Domstoladministrasjonen
Forbrukarrådet
Forbrukarombodet
Husbanken
Kommunalbanken AS
Konkurransetilsynet
Kredittilsynet
Noregs Bank
Postbanken
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Skattedirektoratet
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond
Statens Innkrevjingssentral
Toll- og avgiftsdirektoratet
Verdipapirsentralen
ØKOKRIM
Bergen kommune
Oslo kommune
Stavanger kommune
Trondheim kommune
Tromsø kommune
Arbeidsgiverforeningen for Skip og Offshorefartøyer
Bankklagenemnda
COOP NKL BA
Debitorforeningen
De selvstendige kommunale pensjonskasser
Den Norske Advokatforening
Den norske Aktuarforening
Den norske Dommerforening
Den norske Revisorforening
Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø
Europabevegelsen
Finansieringsselskapenes Forening
Finansforbundet
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Handelsbanken Liv
Handelshøyskolen BI
Kommunenes Sentralforbund
Kreditorforeningen i Oslo
Kredittforetakenes Forening
Landsorganisasjonen i Norge
Maskinentreprenørenes Forbund
Nei til EU
NKK - Forbund for kommunal økonomi, forvaltning og skatteinnfordring
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Bilbransjeforbund
Norges Bondelag
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norges Fiskarlag
Norges Fondsmeglerforbund
Norges Handelshøyskole
Norges Huseierforbund
Norges Juristforbund
Norges Kreditorforbund
Norges Lastebileierforbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og Småbrukerlag
Norske Boligbyggelags Landsforbund
Norske Finansanalytikeres Forening
Norske Forsikringsmegleres Forening
Norske Inkassobyråers Forening
Norske Kredittopplysningsbyråers Forening
Norske Pensjonskassers Forening
Norske Siviløkonomers forening
NTL-Skatt
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo Børs
Rettspolitisk forening
Sjøassurandørenes Centralforening (CEFOR)
Skattefogdenes Landsforening
Skatterevisorenes Forening
Sparebank 1 Livsforsikring
Sparebankforeningen i Norge (Sparebankforeningen)
Verdipapirfondenes forening
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Høyringsfristen vart sett til 10. juni 2003. Følgjande instansar har gjeve melding om at dei ikkje vil kome med fråsegn i saka, at dei ikkje har merknader til høyringsbrevet, eller at dei støttar framlegga utan merknader:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Fiskeridepartementet
Forsvarsdepartementet
Helsedepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utdannings- og forskningsdepartementet
Domstolsadministrasjonen
Forbrukarrådet
Husbanken
Konkurransetilsynet
Regjeringsadvokaten
Statens Innkrevjingssentral
COOP NKL BA
Den norske Revisorforening
De selvstendige kommunale pensjonskasser
Finansieringsselskapenes Forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Handelshøyskolen BI
Kommunenes Sentralforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Sjøassurandørernes Centralforening (CEFOR)
Følgjande instansar har merknader til forslaga:
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Utanriksdepartementet
Forbrukarombodet
Kredittilsynet
Toll- og avgiftsdirektoratet
Juss-Buss
Noregs Bank
Oslo kommune
Den norske Advokatforening
Den norske Dommerforenings utvalg for obligasjonsrett, selskapsrett og avtalerett
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Maskinentreprenørenes Forbund
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Bilbransjeforbund
Norges Fondsmeglerforbund
Norske Inkassobyråers Forening
Gjennomgåande gjev også desse høyringsinstansane støtte til departementet sine framlegg om lovendringar. Norges Fondsmeglerforbund uttrykkjer såleis generell semje, og seier at det«ser det som positivt at departementet ikke legger opptil større endringer lovverket og gjeldende rett enn det som synes (strengt) nødvendig i forhold til det aktuelle direktiv». Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon seier seg tilfreds med at direktivet skal innlemmast i norsk rett sjølv om det fell utanfor EØS-avtalen, og grunngjev dette med at ei harmonisering av reglane vil ha stor verdi for handelen over landegrensene.
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening gjev uttrykkjeleg støtte til Justisdepartementet si vurdering om at norsk rett i hovudsak er i samsvar med direktivet.
Høyringsinstansane sine syn vil bli tatt opp nærare i tilknyting til dei enkelte forslag, jf. nedanfor.