10 Merknader til lovutkastet
10.1 Merknader til endringar i forseinkingsrentelova
Til § 2
Tidsromet for når ein skal byrje rekne forseinkingsrenter ved påkrav i første ledd andre punktum vert endra frå ein månad til 30 dagar. Bakgrunnen for endringa er å tilpasse norsk rett til direktivet om forseinka betaling artikkel 3 nr. 1 bokstav b alternativ i), og er nærare omtalt ovanfor under punkt 4.1.
Til § 3
Måten å fastsetje forseinkingsrentesatsen på i første ledd første punktum vert endra for å tilpasse norsk rett til direktivet om forseinka betaling artikkel 3 nr. 1 bokstav d. Kompetansen til å fastsetje rentesatsen vert delegert til departementet. Dette gjeld også kompetansen etter første ledd andre punktum. Bakgrunnen for endringa er nærare omtalt ovanfor under punkt 4.3.
Til ny § 4 a
Bakgrunnen for føresegna er å tilpasse norsk rett til direktivet om forseinka betaling artikkel 3 nr. 5, jf. nr. 3. Føresegna er nærare omtalt ovanfor under punkt 6.3.
Første punktum skipar til ein rett for organisasjonar som representerer små eller mellomstore verksemder til å gå til søksmål for å få prøvd om ein standardavtale - eller vilkår i han - om betalingstid og følgjene av forseinka betaling vil verke urimeleg overfor kreditor, jf. avtalelova § 36. Ein organisasjon kan nytte denne søksmålsretten sjølv om han ikkje berre representerer små og/eller mellomstore verksemder. Retten gjeld for alle organisasjonar som kan seiast å vere ein naturleg representant for desse verksemdene. Ved vurderinga lyt ein byggje på same moment som er lagt til grunn i rettspraksis når det gjeld søksmålsretten for organisasjonar i saker som ikkje gjeld rettshøve dei sjølve er part i. Viktig vil det vere om det ligg innanfor organisasjonen sitt føremål å ivareta verksemdene sine økonomiske interesser.
Første punktum inneber også at ein dom vil vere bindande for partane i saka (organisasjonen som saksøker og den organisasjon eller part i det konkrete kontraktshøvet som er saksøkt) og dessutan for kreditor i det konkrete kontraktshøvet dersom saka knyter seg til eit bestemt kontraktshøve. Etter andre punktum kan retten dessutan fastsetje - etter påstand frå ein av partane i saka - at dommen skal ha utvida rettskraft, dvs. at den vil vere bindande for alle som vil nytte standardavtalen, anten dei er skuldnarar eller kreditorar. Får saksøkjaren medhald, kan dommen etter påstand gå ut på forbod mot å nytte standardavtalen eller dei ugyldige vilkåra innanfor heile eller ein del av verkeområdet for avtalen.
10.2 Til lovforslaget del II
Fristen som EFTA/EØS-landene har til å gjennomføre direktivet, er 31. desember 2003. Departementet gjer difor framlegg om at lova skal tre i kraft 1. januar 2004.