1 Innleiing og samandrag
1.1 Bakgrunn for lovarbeidet
Gjeldande inndelingslov (lov 21. desember 1956 nr. 3) er på fleire punkt forelda og generelt lite tidsmessig. Lova er også mangelfull og etterlet ofte tvil ved praktiseringa i konkrete saker. Til dømes omfattar ho etter ordlyden berre endring av kommunale grenser. Endring av fylkesgrenser har dermed blitt gjennomført ved ein analog bruk av lova, noko som ikkje er ein formålstenleg modell. Lova inneheld heller ikkje reglar om fastsetjing av uklare eller tidlegare ikkje fastsette grenser, og heimelen til å gjere vedtak om dette kviler nå på sedvanerettsleg grunnlag.
Lova er vidare svært kortfatta når det gjeld reglar om saksførebuinga, og regulerer ikkje kven som har høvet til å reise forslag om endring av kommunegrenser. Ho har dessutan eit sterkt fullmaktspreg, noko som gjer at departementet/Regjeringa må gi reglar i den enkelte saka for å sikre gjennomføringa av vedtak om inndelingsendring. Dette gjer det vanskeleg for dei aktuelle kommunane/fylkeskommunane og andre partar å føreseie verknadane, og fører dessutan til unødig mykje administrativt arbeid i samband med den enkelte saka om grenseendring eller grensefastsetjing.
Departementet har ut i frå dette funne behov for å revidere lovgivinga om kommunal inndeling, med tanke på fornying og klargjering av prosessar og verknader av fastsetjingar og endringar av kommune- og fylkesgrensene. Siktemålet bør mellom anna vere å gjere prosessen meir pårekneleg for kommunane/fylkeskommunane og å gi kommunane/fylkeskommunane og innbyggjarane større moglegheiter for påverknad.
1.2 Høyringsnotatet
Høyringsnotatet inneheldt ei drøfting av behovet for nye lovreglar om prosessar og verknader for fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser. Departementet føreslo at ei ny lov, i likskap med gjeldande lov, i sin karakter skal vere ei «prosesslov» - med reglar om saksførebuing, vedtaksfullmakt, verknader av inndelingsendringar, gjennomføring av samanslåing og økonomisk oppgjer etter grenseendring.
Departementet la til grunn at den nye lova bør utformast med tanke på å vere eit formålstenleg verktøy for å førebu og gjennomføre inndelingsvedtak uavhengig av den til kvar tid gjeldande politikk på dette området. Lovforslaget inneheldt ikkje vilkår som verkar styrande på talet av kommunar eller fylke. Ei ny lov på dette området vil dermed ikkje i seg sjølv initiere saker om endringar i gjeldande inndeling. Departementet meinte det likevel er viktig med eit best mogleg lovgrunnlag for aktuelle prosessar, som ofte er prega av ulike omsyn og ulike oppfatningar hos dei partane som ei sak gjeld.
Meir konkret blei det føreslått at ei ny lov bør innehalde reglar for alle typar kommuneinndelingssaker, det vil seie både samanslåingar, delingar, grensejusteringar (overføring av område mellom kommunar eller fylkeskommunar) og grensefastsetjing. Departementet gjorde framlegg om at lova bør ha ein formålsregel, men likevel slik at denne ikkje gir nærmare kriterium for når endringar bør skje. Høyringsutkastet inneheldt vidare meir detaljerte reglar om saksførebuinga enn gjeldande lov. Mellom anna blei det føreslått reglar om kven som kan ta initiativ i ei sak og om kven som har det overordna ansvaret for saksførebuinga. Utkastet inneheldt dessutan ei føresegn om plikt til å høyre innbyggjarane (i dei fleste sakene). Forslaget til vedtaksreglar gav noko vidare fullmakter for Kongen enn gjeldande lov. Elles blei det føreslått reglar om kva for verknader ei grenseendring vil få for skatteplikt, lokale forskrifter og vedtekter, planvedtak, statlege avgiftskrav og interkommunalt samarbeid. Lik gjeldande lov, blei det føreslått detaljerte reglar om økonomisk oppgjer ved grensejustering og deling av kommunar og fylke. Og endeleg inneheldt utkastet eigne reglar om gjennomføring av samanslåing. M.a. blei det føreslått at kommunane skal opprette eit felles organ, ei fellesnemnd, til å samordne og førebu iverksetjing av samanslåinga.
1.3 Høyringsrunden
Høyringsnotat om ny lov om fastsetjing og endring i kommune- og fylkesinndeling blei sendt på høyring 4. februar 2000 med høyringsfrist 8. mai 2000. Følgjande instansar blei bedt om å kome med eventuelle merknader:
Departementa
Fylkesmennene
Fylkeskommunane
Kommunane
Registrerte politiske parti
Kommunenes Sentralforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Norsk Kommuneforbund
Kommunalansattes Fellesorganisasjon
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Akademikernes Fellesorganisasjon
Akademikerne
Norsk Lærerlag
Næringslivets Hovedorganisasjon
Norsk Journalistlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Den Norske Bankforening
Sparebankforeningen
Norges Kooperative Landsforening
Norges Kommunerevisorforbund
Norges Kemner- og kommunekassererforbund
Norsk Rådmannsforum
Norges Registrerte Revisorers Forening
Norges Statsautoriserte Revisorers Forening
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
Norges Bank
Husbanken
Kommunal Landspensjonskasse
Kommunalbanken
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond
Handelshøgskolen BI
Norges Handelshøgskole
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Universitetet i Tromsø
Universitetet i Trondheim
Høgskolen i Oslo, Avd for økonomi, kommunal- og sosialfag
Norges Forskningsråd
Norsk institutt for by- og regionforskning - NIBR
Statistisk Sentralbyrå
Statens kartverk
Kredittilsynet
Sivilombudsmannen
Forbrukerombudet
Følgjande høyringsinstansar har sagt at dei ikkje ønskte eller ikkje fann grunn til å uttale seg:
Østfold fylkeskommune, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Landsorganisasjonen i Norge, Kredittilsynet, Den norske advokatforening, Norges Bank.
Følgjande har meldt at dei ikkje har merknader til forslaget:
Den norske revisorforening, Forbrukerrådet, Forbrukarombodet, Norges kooperative landsforening, Akademikerne, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet, Forsvarsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Finnmark fylkeskommune, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Råde kommune, Berg kommune, Lenvik kommune, Målselv kommune, Sørreisa kommune, Torsken kommune, Tranøy kommune, Sandnes kommune, Os kommune, Trondheim kommune, Stryn kommune, Nannestad kommune, Vestnes kommune, Skiptvet kommune Austrheim kommune, Lardal kommune, Halsa kommune, Selje kommune, Lørenskog kommune.
Følgjande høyringsinstansar har slutta seg til lovforslaget utan vidare merknader til innhaldet:
Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Akershus fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Lenvik kommune, Farsund kommune, Nittedal kommune, Hole kommune, Rælingen kommune, Askøy kommune, Sørum kommune, Lyngdal kommune, Fredrikstad kommune, Stavanger kommune, Vefsn kommune, Kristiansand kommune, Gran kommune, Jevnaker kommune, Vindafjord kommune, Nøtterøy kommune, Gjemnes kommune.
Følgjande høyringsinstansar har kome med merknader og /eller kommentarar til forslaget:
Statens kartverk, Tverrpolitisk kyst- og distriktsparti, Norsk lærerlag, Statistisk sentralbyrå, Kommunalansattes fellesorganisasjon, Næringslivets Hovedorganisasjon, Riksarkivaren, Kommunenes Sentralforbund, Finansdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Fylkesmannen i Nordland, Fylkesmannen i Aust-Agder, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Oppland fylkeskommune, Lierne kommune, Hjartdal kommune, Jølster kommune, Enebakk kommune, Bjerkreim kommune, Karmøy kommune, Øvre Eiker kommune, Bømlo kommune, Sogndal kommune, Samanslåinga av Ramnes og Våle kommunar, Stranda kommune, Narvik kommune, Oslo kommune, Skien kommune, Åfjord kommune, Kvæfjord kommune, Os kommune, Tolga kommune, Tynset kommune, Alvdal kommune, Folldal kommune, Rendalen kommune, Tydal kommune, Røros kommune, Holtålen kommune, Sokndal kommune, Lier kommune, Sauherad kommune, Bamble kommune, Molde kommune, Harstad kommune, Lesja kommune, Dovre kommune, Sel kommune, Vågå kommune, Lom kommune, Nome kommune, Røyrvik kommune, Larvik kommune, Øygarden kommune, Hægebostad kommune, Surnadal kommune, Kviteseid kommune, Nore og Uvdal kommune, Rollag kommune, Leikanger kommune, Vinje kommune, Tinn kommune, Bø kommune i Telemark, Sandefjord kommune, Vågsøy kommune, Nord-Fron kommune, Hjelmeland kommune, Nissedal kommune, Marker kommune.
Samferdselsdepartementet har lagt saka fram for Jernbaneverket, Vegdirektoratet og Luftfartsverket. Vegdirektoratethar svara at dei sluttar seg til forslaget. Jernbaneverkethar ikkje merknader.
KS Telemark har utarbeidd ei uttale til bruk for kommunane i fylket. Ein del av Telemarkskommunane viser til denne uttalen i sine fråsegner.
Det er generelt stor oppslutnad om lovutkastet. Dei fleste høyringsinstansane har vore samde eller har ikkje hatt innvendingar til forslaga frå departementet, sjølv om dei har kome med nokre kommentarar til utforminga av dei enkelte reglane.
Fleire gir uttrykk for at forslaga representerer ei nødvendig opprydding i eit forelda og ufullstendig lovverk. Narvik kommune skriv:
«Narvik bystyre slutter seg til høringsutkastet til ny lov om kommune- og fylkesinndelinga. Bystyret vil gi honnør til departementet for et gjennomarbeidet og godt forslag.»
Høyringsinstansane er spesielt nøgde med at det blir føreslått å lovfeste retten til å ta initiativ og at kommunen som hovudregel pliktar å høyre innbyggjarane. Mange peiker dessutan på at det er ein fordel at lova også gjeld for fastsetjingssaker og for endring av fylkesgrenser. At det blir gitt nærmare reglar for gjennomføring av samanslåing er også trekt fram som spesielt positivt.
Sjølv om høyringsinstansane gjennomgåande er positive, er det nokre som har generelle merknader til lovutkastet. Til dømes uttalar Oppland fylkeskommune:
«Det kan synes som om departementet vekter de nasjonale hensyn i for stor grad i forhold til andre interesser som også bør ivaretas».
Nore og Uvdal kommune uttaler at:
«Det er nødvendig å revidere dagens inndelingslov fra 1956 for å kunne nå målsettinger om et levende lokalt folkestyre og en effektiv lokalforvaltning.... I det videre arbeidet med ny inndelingslov er det viktig å opprettholde mulighetene for lokale folkevalgte organer og innbyggere i norske kommuner til å kunne øve innflytelse på inndelingen av kommuner og fylker».
Øvre Eiker kommune uttaler:
«Øvre Eiker kommune deler departementets vurdering av behovet for revidering av gjeldende kommuneinndelingslov. Slike saker er gjerne preget av stort engasjement og følelser. Behovet for å avveie lokale ønsker og interesser mot interessene fra storsamfunnet, berører kjernespørsmål i vårt demokrati. Det er derfor viktig å ha et lovverk som sikrer gode og allment aksepterte prosedyrer for de ulike fasene i et slikt arbeid..... Øvre Eiker kommune vurderer lovutkastet som godt grunnlag for å sikre enighet om prosedyrer som kan sikre en god og demokratisk saksbehandling.»
Regionrådet for Fjellregionen:
«Det er imidlertid lett å se at en lov av denne karakter også vil kunne påvirke omfanget av initiativ og gjennomføring av eventuelle endringssaker og slik sett ikke være noe «politisk nøytralt redskap», jf. § 8 om initiativrett.»
Andre ser ut til å meine at departementet burde lagt opp til å lage noko anna enn ei rein prosesslov. Karmøy kommune skriv:
«Hovedinntrykket er et defensivt, forsiktig og konservativt lovutkast, uten visjoner for en framtidig nødvendig restrukturering av kommune- og fylkeskommuneinndelingen. Lovutkastet er ikke tilpassa de utfordringer en står overfor på 2000-tallet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt».
Nord-Fron kommune uttaler at den
«....saknar element i lovutkastet der staten kan initiere til at lokale styresmakter legg auka vekt på rasjonelle økonomiske forhold ved debatt om korleis kommunane skal organisere seg framover».
Ei nærmare omtale av høyringsfråsegner som gjeld konkrete forslag er gitt i dei enkelte kapitla.
1.4 Samandrag av proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld drøfting og vurdering av behovet for nye lovreglar om prosessar og verknader ved fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser. I proposisjonen føreslår departementet at det blir gitt ei ny kommuneinndelingslov, med reglar som mellom anna gjer prosessen meir pårekneleg for kommunane, og som gjer det tydelegare kva moglegheiter kommunen og innbyggjarane har til å påverke prosessar. Det blir her gitt eit kort oversyn over innhaldet i dei enkelte kapitla og lovforslaga i samband med det enkelte temaet.
Kapittel 2 gir ei skildring av historikk og aktuelle politiske vedtak, samt erfaringar med og særtrekk ved gjeldande lov. Departementet meiner det er viktig å byggje på konkrete erfaringar om bruken av gjeldande lov når ein skal revidere og fornye lova.
Kapittel 3 gir ei oversikt over lovgivinga om kommunal inndeling i Finland, Sverige og Danmark.
Kapittel 4 inneheld framlegg om ein særskild formålsregel i lova, og gir ei klargjering av det geografiske og saklege virkeområde. Det blir føreslått at den nye lova skal omfatte alle typar inndelingssaker både for kommune- og fylkesnivået. Vidare blir det føreslått at lova bør innehalde definisjonar av dei ulike typar inndelingssaker.