Ot.prp. nr. 41 (2000-2001)

Om lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

Til innhaldsliste

12 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovutkastet

§ 1 Formål

Formålet med denne lova er å leggje til rette for ei kommune- og fylkesinndeling som innafor ramma av det nasjonale fellesskap kan sikre eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning. Endringar i kommune- eller fylkesinndelinga bør medverke til å skape formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning. Verksemda etter denne lova skal byggje på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar.

Til § 1

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 4.1

Føresegna er ny, og byggjer på prinsippa i formålsregelen i kommunelova. Den gir uttrykk for sentrale verdiar knytte til kommunalt folkestyre og lokalt demokrati, men også effektivitet og tilpassinga til eit nasjonalt fellesskap. Regelen kan tene som ei rettesnor ved tolking og bruk av lova elles. Med formålstenlege einingar er det tenkt på mellom anna økonomisk berekraft, tilstrekkeleg kapasitet til å løyse pålagde oppgåver og fagleg kompetanse.

§ 2 Virkeområde

Denne lova gjeld for kommunar og fylke. Lova omfattar både endring av grenser og fastsetjing av grenser.

Til § 2:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 4.2

Føresegna er ny. Lova har same geografiske virkeområde som kommunelova, det vil seie fastlands-Noreg, med vanleg utstrekning i sjøen til territorialgrensene. Dette går ikkje fram av lovteksten, men følgjer av allmenne rettsgrunnsetningar. Lova gjeld både kommune- og fylkesinndelinga. Kommunelova § 3 slår fast prinsippet om at kvar kommune høyrer til eitt fylke, og at kvart fylke utgjer ein fylkeskommune (med unntak av Oslo). Om ikkje anna går fram av lovteksten gjeld reglane eins for kommunar og fylke. Lova gjeld alle typar inndelingssaker; samanslåing, deling, grensejustering og grensefastsetjing, jf. definisjonane i § 3.

§ 3 Definisjonar

Samanslåing inneber at to eller fleire kommunar eller fylke blir slutta saman til éi ny eining.

Deling inneber at éin kommune eller eitt fylke blir delt i to eller fleire nye einingar.

Grensejustering inneber at eit område blir flytta over frå ein kommune til ein annan, eller frå eit fylke til eit anna. På same måten blir det rekna når ein heil kommune blir flytta over til eit anna fylke.

Omgrepet grenseendring i denne lova er ei fellesnemning på samanslåing, deling og grensejustering.

Grensefastsetjing inneber at det blir gjort vedtak om å fastsetje uklare, omstridde eller tidlegare ikkje fastsette grenser mellom kommunar eller fylke.

Til § 3:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 4.2

Føresegna er ny. Første ledd slår fast at når to eller fleire kommunar eller fylke blir slutta saman til ei ny eining, har vi ei samanslåing. Dette gjeld også når ein kommune blir slått saman med ein annen kommune i eit anna fylke. Det vil da samstundes vere ei grensejusteringssak (justering av fylkesgrense), sjå tredje ledd.

Andre ledd definerer deling som når ein kommune eller eit fylke blir delt inn i to eller fleire nye einingar. Det er ikkje snakk om deling når ein kommune blir delt og dei ulike delane blir lagt til allereie eksisterande kommunar.

Tredje ledd fastslår at grensejustering inneber at ein del av ein kommune blir overført til ein annan kommune, eller at ein del av eller heile kommunen blir overført til eit anna fylke. Lova bruker omgrepet grensejustering berre om endringssaker.

Fjerde ledd seier at omgrepet grenseendring er ei fellesnemning på saker som gjeld samanslåing, deling og grensejustering. Ei fastsetjingssak, sjå femte ledd, er ikkje ei grenseendringssak.

Femte ledd slår fast at grensefastsetjing inneber å få avklart hittil uklare og omstridde grenser. Ennå er ikkje alle kommunegrenser i heile landet kartlagt, samstundes som mange av dei grensene som er fastsette, til dømes på gamle kart, ikkje tilfredsstiller dei krav som blir stilt til grenseteikning på nye kart etter moderne målemetodar. Ved ei fastsetjing blir ikkje grenser endra, det blir berre fastsett kvar dei går.

§ 4 Vedtak om samanslåing

Stortinget gjer vedtak om samanslåing av fylke. Kongen gjer vedtak om samanslåing av kommunar når dei kommunane saka gjeld har slutta seg til forslaget om samanslåing. Dersom nokon av kommunane har uttalt seg mot samanslåing, skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.

Til § 4:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 6

  • Gjeldande inndelingslov: § 1

Første punktum fastslår at det berre er Stortinget som kan gjere vedtak om samanslåing av fylke. Den tidlegare lova omfatta etter ordlyden ikkje fylka. Ved slike grenseendringar vil det og vere nødvendig for Stortinget å sjå på mandatfordelinga etter Grunnlova § 58.

Etter andre punktum skal Kongen gjere vedtak om samanslåing av kommunar dersom kommunane er samde. Det er kommunestyret sjølv som må gje fråsegn til sak om samanslåing jf. § 9 fjerde ledd.

Tredje punktum slår fast at dersom det ikkje er semje mellom kommunane i ei sak om samanslåing, dvs. at minst eitt av kommunestyra har gått imot, må eventuelt vedtak om samanslåing gjerast av Stortinget. Ei negativ fråsegn frå fylkeskommunen vil ikkje ha som konsekvens at Stortinget må avgjere saka. Ei slik fråsegn vil likevel etter ei konkret vurdering kunne gjere at regjeringa etter høva ønskjer å leggje saka fram for Stortinget. Lova inneheld elles ikkje kriterium for når ei samanslåingssak der det er usemje mellom dei involverte kommunar, skal leggjast fram for Stortinget til vurdering. Det vil såleis vere opp til regjeringa og kome an på politiske føringar til ei kvar tid.

§ 5 Vedtak om deling

Stortinget gjer vedtak om deling av eit fylke i to eller fleire nye einingar. Kongen gjer vedtak om deling av ein kommune når kommunen saka gjeld har slutta seg til forslaget. Dersom kommunen har uttalt seg mot deling, skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.

Til § 5:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 5.6

  • Gjeldande inndelingslov: § 1

Stortinget treff vedtak i saker om deling av fylker. Kongen gjer vedtak om deling av kommunar dersom den aktuelle kommunen ønskjer dette. Om kommunen ikkje ønskjer deling, må Stortinget treffe eventuelt vedtak. Ei negativ fråsegn frå fylkeskommunen vil ikkje medføre at saka må leggjast fram for Stortinget.

§ 6 Vedtak om grensejustering

Kongen gjer vedtak om justering av grenser mellom kommunar og mellom fylke. Dersom grensejustering mellom fylke får verknad for fleire innbyggjarar enn det talet som står bak kvart stortingsmandat i fylket, skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.

Til § 6:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 6

  • Gjeldande inndelingslov: § 1

Kongen gjer vedtak i alle saker om grensejusteringar, både mellom kommunar og mellom fylke. Dersom grensejusteringar mellom fylke er av eit visst omfang, kan det bli aktuelt å endre mandatfordelinga til Stortinget jf. Grunnlova § 58. Grunnlova seier ikkje noko om kva kriterium som ligg til grunn for mandatfordelinga. Regelen fastset at grensejusteringar som inneber at fleire innbyggjarar enn det som står bak eit stortingsmandat i fylket, skifter fylkestilhøyrsle, skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.

Lova er ikkje til hinder for at regjeringa etter eige ønskje legg justeringssaker fram for Stortinget, sjølv om Kongen etter lova har mynde til å treffe vedtak. Det er ein føresetnad at mynde til å avgjere mindre saker om justering av kommunegrenser der kommunane er samde, blir delegert til Fylkesmannen som før.

§ 7 Vedtak om grensefastsetjing

Kongen gjer vedtak om fastsetjing av uklare, omstridde eller tidlegare ikkje fastsette grenser mellom kommunar eller fylke.

Til § 7:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 6

Føresegna er ny. Fastsetjing av kommune- og fylkesgrenser kan vere aktuelt når grensene i eit område ikkje tidlegare er offisielt fastsette, eller grensa blir funnen å vere uklar, t.d. i samband med kartforretning eller oppdatering av gamle kart, sjå også merknad til § 3. Det er ein føresetnad at mynde til å treffe vedtak i saker om fastsetjing av grenser mellom kommunar blir delegert til Fylkesmannen, som før.

§ 8 Initiativrett

Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om grensejustering eller grensefastsetjing kan fremjast av innbyggjarar og grunneigarar i dei kommunane søknaden gjeld, av næringsdrivande som har sin registrerte forretningsstad der og av kommunestyret eller fylkestinget i dei kommunane eller fylkeskommunane søknaden gjeld.

Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om samanslåing eller deling kan berre fremjast av kommunestyret eller fylkestinget sjølv i dei kommunane eller dei fylkeskommunane endringsforslaget gjeld.

Departementet kan på eige initiativ utgreie spørsmål om grenseendring eller grensefastsetjing.

Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om grenseendring eller grensefastsetjing skal vere skriftleg og grunngitt, og må innehalde forslag til nye grenser. Søknaden skal sendast Fylkesmannen i det området saka gjeld. Fylkesmannen skal så snart som råd orientere kommunane eller fylkeskommunane om søknaden.

Til § 8:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 5.2

Føresegna er ny. Første ledd slår fast at alle innbyggjarar i kommunen har rett til å ta initiativ til grensejustering for område som gjeld sin kommune. Med innbyggjar må ein forstå den som er folkeregistrert der. Også den som er grunneigar i det aktuelle området kan søkje om grensejustering uavhengig av si registrerte bustadadresse, det same gjeld næringsdrivande med registert forretningsstad i kommunen. Søknad om grensejustering kan gjelde eit område som ligg i den kommunen ein har ei slik tilknyting til, men kan også gjelde overføring av eit område frå ein annan kommune eller eit anna fylke til sin kommune. Initiativretten gjeld tilsvarande for fastsetjing av kommunegrenser og fylkesgrenser. Også kommunestyret og fylkestinget har initiativrett.

Etter andre ledd er det berre kommunestyret og fylkestinget som kan initiere saker om samanslåing eller deling som gjeld respektive kommune eller fylke. Etter tredje ledd har departementet initiativrett i alle typar saker om grenseendring og grensefastsetjing. Departementet legg til grunn at fylkesmennene bør få ein generell initiativrett gjennom delegasjon. Stortinget kan, som øvste nasjonale myndigheit, ta opp saker av eige tiltak.

Nærmare krav til søknaden går fram av fjerde ledd. Søknaden bør gjere greie for på kva måte søkjaren blir omfatta av grenseendringa/grensefastsetjinga. Det bør gå tydeleg fram at det er ein reell søknad og ikkje berre ei meiningsytring. Søknaden må også innehalde minst ei skisse med forslag til ny grense. Avgjerdsorganet er ikkje bunde av forslaget og kan gjere endringar i det.

Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i det området saka gjeld. Gjeld saka fleire fylke, er det tilstrekkeleg at ein av fylkesmennene mottar søknaden. Fylkesmannen skal varsle dei aktuelle kommunane eller fylkeskommunane om innkomne søknader, slik at dei kan følgje saka frå starten og eventuelt kome med fråsegn og bakgrunnsopplysningar. At varslinga skal skje så snart som råd, er ikkje til hinder for at Fylkesmannen først kan hente inn supplerande opplysningar der han finn behov for det. Til dømes kan det vere aktuelt å undersøkje om søkjaren verkeleg har initiativrett. Det må óg vere mogleg for Fylkesmannen å avslå ei sak som openbart ikkje kan føre fram, utan å varsle kommunane på førehand. Kommunen bør likevel varslast om sjølve avslaget.

At nokon har initiativrett inneber at vedkomande har rett til å ta opp ei sak og ei motståande plikt for myndigheitene til å vurdere om det bør gjerast ei nærmare utgreiing av saka. Initiativretten inneber altså ikkje eit krav på ei fullstendig utgreiing av av saka. Avgjerd om at det ikkje skal setjast i gang utgreiing, kan påklagast jf. § 9. Sjå nærmare kommentarane til § 9 om saksutgreiing. Ein kvar står fritt til å fremje forslag overfor organ eller person med formell initiativrett, sjølv om ein ikkje har slik rett sjølv.

§ 9 Saksutgreiing

Departementet avgjer om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter § 8 og tar i tilfelle stilling til kva som er nødvendig omfang av denne. Avgjerd etter første punktum er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Avgjerd om ikkje å setje i gang utgreiing bør likevel bli grunngitt i samsvar med reglane i forvaltningslova § 25 og kan påklagast i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Departementet kan avvise søknad frå søkjarar som ikkje har initiativrett. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt.

Kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan skal gi nødvendige opplysningar og i rimeleg utstrekning medverke ved saksførebuinga, etter oppmoding frå den som gjer utgreiinga.

Før det blir gjort vedtak om grenseendring eller grensefastsetjing, skal dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld, få uttale seg. I saker om samanslåing eller deling må kommunestyret eller fylkestinget sjølv uttale seg.

Til § 9:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 5.3

  • Gjeldande inndelingslov: § 1

Av første ledd går det fram at departementet avgjer om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ teke av nokon med initiativrett etter lova.

Retten til å ta initiativ inneber altså ikkje nokon rett til å få saka utgreidd. Den inneber ein rett til å krevje at myndigheitene vurderer om utgreiing skal skje. Dersom det ikkje er grunnlag for utgreiing, kan søknaden avslåast uten at utgreiing er gjennomført. I slike tilfelle skal søkjaren få svar om at saka ikkje er aktuell å utgreie, og at ho derfor blir avslått. Formålet med å begrense initiativtaker sin rett til å få sett i gang utgreiing, er at myndigheitene ikkje skal bli belasta med utgreiingsarbeid i saker som likevel ikkje vil føre fram. Departementet avgjer spørsmålet om utgreiing ut frå eit fritt skjønn. Svaret bør likevel grunngjevast i samvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI. Blir det teke avgjerd om at saka ikkje skal greiast ut, kan søkjaren klage over saka til overordna styresmakter.

Det er departementet som har det overordna ansvaret for å gjere den nødvendige saksutgreiing. Fylkesmannen vil i første instans ha ansvar for å hente inn dei viktigaste nøkkeldata om det området inndelingssøknaden gjeld. Dette gjeld til dømes opplysningar om folketal, areal, geografi og kommunikasjonstilhøve. I tillegg bør Fylkesmannen peike på andre forhold som kan vere relevante i saka. I den grad mynde til å avgjere saker blir delegert til Fylkesmannen, vil Fylkesmannen som regel ha ansvaret for heile utgreiinga.

Andre forhold som kan vere viktige er demografiske utviklingstrekk, flytteaktivitet, pendling, næringsstruktur og næringsutvikling, byggjemønster og arealbruk, inntekts- og utgiftsstruktur, det kommunale tenestetilbodet osv. Departementet har i tidlegare rundskriv tilrådd å hente inn uttale frå grunneigarar og andre som har rettar i det aktuelle området og Statens kartverk. Dersom saka må avgjerast av departementet, har også Fylkesmannen blitt bede om å uttale seg.

For fastsetjingssaker vil det vere mest aktuelt å innhente opplysningar om eldre kart, soknegrenser, den vanlege oppfatninga blant folk på staden, private eigedomsgrenser og rettsavgjerder om slike, bruksrettar osv. Opprekninga er ikkje meint er vere uttømmande.

Den som står ansvarleg for utgreiinga, må avgjere kva som er «nødvendig» å greie ut i kvar enkelt sak. Overføring av små geografiske areal med få innbyggjarar, vil ha færre og mindre verknader enn overføring av store areal og mange personar. Ulike saker stiller ulike krav til kva som er nødvendig utgreiing. Mellom anna må det, i ei større sak, kunne leggjast vekt på kor stor del av befolkninga i eit område som står bak ein søknad, når det skal avgjerast kva som skal til for å avslå ei sak. Dette er ein viktig føresetnad bak regelen om at alle innbyggjarar i kommunen har initiativrett. Ikkje alle søknader kan få, eller treng, den same grad av utgreiing.

Andre ledd fastslår at departementet har rett til å avvise ein søknad frå ein som ikkje har initiativrett etter § 8. Avvisninga skal skje skriftleg og skal vere grunngitt. Ei avvising kan ikkje påklagast.

Tredje ledd framhevar den plikt offentlege organ har til å medverke til å framskaffe opplysningar i saka. Dette skal likevel berre skje så langt dette er «rimeleg», og departementet/Fylkesmannen kan såleis ikkje overlate utgreiingsarbeidet i sin heilskap til ein kommune/fylkeskommune med heimel i denne føresegna.

Etter fjerde ledd er avgjerdsorganet forplikta til å sørgje for at dei kommunar eller fylkeskommunar saka gjeld, får uttale seg før det blir teke avgjerd om å endre eller fastsetje kommune- eller fylkesgrenser. Kommunen eller fylkeskommunen har likevel ikkje plikt å uttale seg. I saker om samanslåing og deling må kommunestyret eller fylkestinget sjølv gje fråsegn. Denne mynda kan ikkje delegerast. I saker om grensejustering og grensefastsetjing er det opp til kommunen/fylkeskommunen sjølve å bestemme kven som skal gje fråsegn i saka, jf. prinsippa i kommunelova. Det er ikkje nødvendig å hente inn slik uttale når vedtaket går ut på å avvise eller avslå ein søknad utan nærmare utgreiing.

§ 10 Innbyggjarhøyring

Kommunestyret bør innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte.

Til § 10:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 5.4

Føresegna er ny. Regelen fastset at kommunestyret i dei kommunane som er omfatta av eit forslag om grenseendring, som utgangspunkt skal hente inn synspunkt frå innbyggjarane i kommunen. Den enkelte kommune står sjølv fritt til å avgjere kva form høyringa skal ha ut frå sakstype og lokale forhold elles. Kommunen vil ikkje ha plikt til å grunngi kvifor høyring av innbyggjarane ikkje blir iverksett.

Ei høyring er normalt ikkje noko mål i seg sjølv. Meininga er å bringe fram opplysningar om saka som ikkje er kjende på førehand. Innbyggjarhøyring vil vere unødvendig til dømes når grenseendringa gjeld eit lite område der det ikkje bur menneske, eller at kommunen allereie med sikker kunnskap veit kva befolkninga meiner om saka. Kommunestyret avgjer sjølv kven som i tilfelle skal omfattast av høyringa. Dersom det aktuelle området kryssar kommune- eller fylkesgrensene, kan det bli aktuelt for fleire kommunar å halde høyring. I så fall er det ein fordel om prosessane blir samordna. Kommunen er ikkje bunden av resultatet av høyringa, når den skal gje fråsegn om saka. Det er i siste instans opp til avgjerdsinstansen å avgjere kva vekt den vil leggje på resultatet.

Opprekninga over høyringsmåtar er ikkje uttømmande, og «annan måte» kan vere til dømes underskriftslister og anna.

§ 11 Utgifter

Departementet avgjer om utgiftene ved utgreiinga skal berast av ein eller fleire av dei interesserte kommunane eller fylkeskommunane, eller heilt eller delvis av staten. Kommunane eller fylkeskommunane skal få høve til å uttale seg før departementet tek endeleg avgjerd om kostnadsdeling.

Til § 11:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 5.3

  • Gjeldande inndelingslov: § 2 tredje ledd

Utgiftene kan variere mykje, og årsakene til dette kan vere mange. Lova legg difor opp til ei fleksibel løysing. Vurderinga vil måtte vere konkret og til dømes ta omsyn til kva fordelar eller ulemper utgreiinga har ført med seg for dei enkelte aktørane, kven som har initiert saka, om saka er viktig mest av lokale eller av nasjonale omsyn med vidare. Eit statleg initiativ til utgreiing av omfattande endringar i eit større område vil det vere naturleg at staten betaler, medan kommunane sjølve bør dekke kostnader knytt til ei sak som gjeld mindre område utan interesse for andre enn dei involverte kommunane.

§ 12 Skatteplikt o.a.

Når det med verknad frå byrjinga av eit kalenderår er gjennomført samanslåing av to eller fleire kommunar, blir alle skattepliktige i eit distrikt som tidlegare har danna ein sjølvstendig kommune, ved den første likninga etter samanslåinga å ilikne kommuneskatt etter dei skattesatsane som i dette distriktet blei lagt til grunn ved fastsetjinga av forskot på skatt for vedkomande inntektsår. Dette gjeld likevel ikkje dersom kommunestyret i vedkomande distrikt før samanslåinga har gjort vedtak om at det ved likninga skal nyttast andre skattesatsar, og slikt vedtak er godkjent av Fylkesmannen.

Før samanslåing som nemnt i første ledd blir sett i verk, skal kommunestyret i den nye kommunen gjere vedtak om kva skattesatsar som skal nyttast ved berekning av forskot på skatt for det komande inntektsåret for alle forskotspliktige skatteytarar i den nye kommunen. Vedtaket må gjerast innan den fristen som er fastsett av Fylkesmannen. Dersom fristen ikkje blir halden, skal Fylkesmannen avgjere kva for satsar som skal brukast.

Når eit område blir overført frå ein kommune til ein annan med verknad frå byrjinga av eit kalenderår, blir alle skattepliktige i dette området å ilikne kommuneskatt til den kommunen som avstår området, ved likning som gjeld inntektsåret før overføringa.

Person som 1. november er busett i eit område som frå 1. januar i det etterfølgjande året på grunn av grenseendring kjem inn i ein annan kommune, blir rekna som busett i denne kommunen når det gjeld skatteplikta for det inntektsåret som byrjar den nemnte 1. januar, jf. skattelova § 3-1 andre ledd.

Til § 12 Skatteplikt o.a.:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 7

  • Gjeldande inndelingslov: § 12

Føresegnene fører vidare gjeldande rett. Det er ikkje tatt inn føresegner om overgangssituasjonen i høve til eigedomsskatt. I staden har Kongen heimel i derogasjonsfullmakta i § 17 bokstav d) til å gjere unntak frå reglar om fristar og vilkår for å krevje inn eigedomsskatt. Eigedomsskatt er ein frivilleg skatt som kan innførast av kommunestyret når vilkåra i eigedomsskattelova § 3 (lov av 6. juni 1975 nr 29) er oppfylte. Finansdepartementet har tidlegare lagt til grunn at etter ei grenseendring kan den nye kommunen delast inn i fleire eigedomsskattesoner med ulike skattesatsar. Inndelinga må i så fall skje etter utbyggingsgraden i områda, slik at det blir fastsett ein lågare skattesats for område som berre er delvis utbygde på byvis enn for område som heilt er utbygde på byvis, jf. kriteria i § 3. Etter eigedomsskattelova § 10 skal kommunestyret kvart år i samband med budsjettet fastsetje kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret.

§ 13 Lokale forskrifter, vedtekter og planvedtak

Ved samanslåing og deling av kommunar eller fylke gjeld lokale forskrifter og vedtekter framleis for vedkomande område inntil dei blir endra. Departementet fastset ein nærmare frist for når det lokale regelverket må vere vurdert med sikte på nødvendig endring.

Ved grensejustering skal forskrifter og vedtekter i den utvida kommunen straks gjelde for det overførte området.

Ei grenseendring har ikkje verknad for kommunale og fylkeskommunale arealplanar som er utarbeidde etter reglane i plan- og bygningslova. For andre planvedtak kan departementet gi nærmare reglar om verknad av grenseendringa, mellom anna fristar for revisjon av planvedtaka.

Til § 13:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 7

  • Gjeldande inndelingslov: § 14

Føresegna i første ledd er ny. Gjeldande lov regulerer berre situasjonen ved grensejustering. Det er ikkje sett nokon frist for tilpassing av det lokale regelverket, men dette bør som hovudregel gjerast i løpet av det første året etter at samanslåinga eller delinga er sett i verk. Kongen kan med heimel i § 17 gjere unntak frå eventuelle lovbestemte fristar for å sikre fleksibilitet i kvart enkelt tilfelle. Med lokale forskrifter og vedtekter meiner ein både reglar som den enkelte kommune kan fastsetje og reglar som fylkeskommunen eller statlege organ fastset for eitt enkelt fylke, ein enkelt kommune eller for andre geografisk område som er mindre enn heile landet. Døme på lokale reglar som er omfatta av prinsippet her er politivedtekter, opningstidsvedtekter, vedtekter om selje- og skjenketider etter alkohollova, vedtekter etter plan- og bygningslova, vedtak om hamneavgift, satsar for eigedomsskatt og andre betalings- og avgiftsregulativ, lokale fiske- og jaktforskrifter (når desse er geografisk avgrensa) og avfallsforskrifter.

Etter andre ledd vil forskrifter og vedtekter i den utvida kommunen, ved ei grensejustering, straks bli gjeldande for det overførte området. Eventuelle overgangsproblem vil kunne løysast ved bruk av Kongen si fullmakt til å gjere unntak frå gjeldande lovgiving.

Ein arealplan i tredje ledd vil vere reguleringsplan, arealdel til fylkesplan, kommuneplanen sin arealdel og utbyggjingsplan etter plan- og bygningslova § 28-2. Grenseendringa har ikkje verknader for arealplanar som er stadfesta eller vedtekne etter reglane i plan- og bygningslova på iverksetjingstidspunktet for grenseendringa. Dersom det er framsett motsegn til ein arealplan frå statleg organ eller fylkeskommunen og saka er til mekling hos Fylkesmannen eller ligg hos departementet til avgjerd, vil ikkje lova her innebere noko krav om at kommunen må vedta planen på nytt. Dersom den nye eininga seinare ønskjer å endre arealplanane, må dette skje etter reglane i plan- og bygningslova.

«Andre planvedtak» som nemnt i siste punktum er til dømes kommuneplanen sin «samfunnsdel» og økonomiplan etter kommunelova.

§ 14 Statlege avgiftskrav

I samband med disposisjon som er ei direkte følgje av grenseendring etter lova her skal det ikkje betalast dokumentavgift etter § 6 i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift, tinglysingsgebyr etter § 21 i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr eller omregistreringsavgift etter § 1 i lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer og båter.

Til § 14:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 7.3.3 og 7.5

Føresegna er ny. I samband med samanslåingane i 1990-åra gav Finansdepartementet, med heimel i lov om dokumentavgift av 12. desember 1975 nr. 59 § 3 og stortingsvedtak om omregistreringsavgift for 1991 § 4, dei aktuelle kommunane fritak for dokumentavgift og omregistreringsavgift ved disposisjonar som samanslåingane var årsak til. Finansdepartementet ga berre fritak i dei sakene der kommunane blei slått saman utan at dei ønskte det sjølve.

Regelen omfattar avgiftskrav som følgje av nødvendig omregistrering etter samanslåing, grensejustering og deling av kommunar eller fylke. Dette vil i utgangspunktet omfatte både kommunale, fylkeskommunale og statlige organ.

Avgiftsfritaket gjeld utan omsyn til om grenseendringa skjer på grunnlag av semje eller ikkje.

§ 15 Økonomisk kompensasjon ved samanslåing

Ved samanslåing av kommunar eller fylke gir staten delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til samanslåingsprosessen. I ein overgangsperiode gir staten også kompensasjon for bortfall av rammetilskot.

Til § 15

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 10.1

Føresegna er ny, men er vidareføring av tidlegare praksis. Med eingongskostnader direkte knytt til samanslåingsprosessen er det tenkt på mellom anna kostnader knytt til sjølve omstillingsprosessen, som investeringar og samordning av edb-anlegg, telekommunikasjonar, nye rutinar for saksbehandling, flytting, leige av bygg med vidare. Staten har dekt slike ekstrautgifter etter ei analyse av nødvendige omstillingskostnader i kvart enkelt tilfelle, og kompensasjonsgraden har vore på mellom 40 og 60 prosent. Andre omstillingskostnader og kostnader i samband med eventuelle forbetringar i standarden har kommunane måtte dekke sjølve.

Bortfall av rammetilskot vil i praksis gjelde basistilskotet og eventuelt regionaltilskot. Samanslåing av fylke vil ikkje ha same verknader med omsyn til rammetilskot som samanslåing av kommunar, sidan fylkeskommunane ikkje får basistilskot. Kompensasjonen gjeld for ein overgangsperiode, utan at lova seier noko nærmare om kor lang tid dette er. Stortinget gjorde i vårsesjonen 2000 vedtak om at «inndelingstilskotet» til samanslåingskommunar skal ytast i 10 år, jf. Innst. S. nr. 252 (1999-2000).

Kompensasjonsordningane gjeld utan omsyn til om samanslåinga skjer på grunnlag av semje eller ikkje.

§ 16 Interkommunalt samarbeid

Kommunar og fylkeskommunar som er med i interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27, lov om interkommunale selskap eller kommunal særlovgiving, kan innan eitt år frå iverksetjing av ei grenseendring seie opp deltakarforholdet sitt med ein frist på seks månader. Innan den same fristen kan også kvar av partane krevje at vedtektene for samarbeidet eller selskapsavtalen blir vurderte på nytt. Reglane i kommunelova § 27 om å gå ut av interkommunalt samarbeid og reglane i lov om interkommunale selskap § 30 om å gå ut av interkommunale selskap, gjeld elles tilsvarande i slike tilfelle.

Til § 16:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 7.3.4

Føresegna er ny. Regelen gir, i samband med grenseendringar, ein kortare frist enn det som elles gjeld for krav om oppseiing av deltaking i interkommunalt samarbeid basert på reglane i kommunelova § 27 og lov om interkommunale selskap. Det er óg gitt forkorta frist for å setje fram krav om revidering av vedtektene/selskapsavtalen. Oppseiingsfristen i perioden frå iverksetjingstidspunktet for grenseendringa og eitt år framover skal vere på seks månader. Andre punktum slår fast at den same fristen gjeld for å setje fram krav om endring av vedtektene eller selskapsavtalen.

Det er berre gjort unntak frå fristane i dei nemnde lovene. Dei andre reglane i kommunelova § 27 og lov om interkommunale selskap § 30 om prosedyrar ved uttreden gjeld på same måte. Den forkorta fristen gjeld for alle deltakarane i samarbeidet/selskapet, ikkje berre dei som er direkte involverte i grensesaka.

§ 17 Fullmakter for Kongen til å gi nærmare reglar for å setje i verk vedtak og til å gjere unntak frå gjeldande lover og forskrifter.

Kongen kan gi nærmare reglar for å sikre gjennomføring av vedtak om grenseendring etter denne lova.

Når det blir rekna som nødvendig for å gjennomføre vedtak om grenseendring, kan Kongen dessutan gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift. Unntak frå lov må knyttast til følgjande forhold:

  1. reglar om lovpålagte organ i stat, fylkeskommune eller kommune

  2. reglar om lovfesta fristar, saksbehandlingsreglar o.a.

  3. reglar om forhold og vilkår for arbeidstakarar i stat, fylkeskommune eller kommune

  4. reglar for fristar og vilkår for å krevje inn eigedomsskatt

Til § 17:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 8.1 og 8.2.5

  • Gjeldande inndelingslov: § 17

Føresegna er vidareføring av gjeldande rett. Området for Kongen si fullmakt er snevra noko inn, som følgje av at reglane om direkte verknader av grenseendringar og prosedyrar ved samanslåing og deling, er vesentleg utvida i høve til lova frå 1956. Situasjonen blir på denne måten meir føreseieleg for dei som er involverte i ein endringsprosess. Døme på vedtak Kongen kan gjere med heimel i første ledd er fastsetjing av nytt namn på ein kommune etter samanslåing, fastsetjing av dato for ekstraordinært kommunestyreval, fastsetjing av fristar for harmonisering av lokalt regelverk og liknande.

Det er også nødvendig at det blir teke stilling til om det i samband med grenseendringar bør setjast i verk særlege tiltak for å sikre at arkivmateriale i dei opphavlege kommunar og/eller fylkeskommunar blir behandla på ein forsvarleg måte. Særleg ved deling og grensejusteringar vil det bli spørsmål om kor ansvaret skal plasserast og korleis arkivmaterialet skal behandlast for ettertida.

Etter andre ledd kan Kongen gjere unntak frå reglar som gjeld nærmare opprekna høve i bokstav a - d. Døme på reglar under bokstav a er oppretting av eit felles valstyre etter vallova og unntak frå regelen om at formannskapet skal vere valstyre. Det kan óg vere aktuelt å opprette felles organ etter kyrkjelovgivinga eller andre særlover for kommunar eller fylke som skal slåast saman.

Etter bokstav b kan det vere aktuelt å gjere unntak frå reglar som gjeld fristar kommunestyret har til å velje lekdommarar, forliksråd og anna. Det har også ofte vist seg nødvendig å gjere unntak frå ulike fristreglar og andre teknisk prega reglar i vallovgivinga i samband med lokalval etter grenseendringar. Det kan mellom anna dreie seg om ein kortare valperiode enn dei vanlege fire åra, dersom ei samanslåing eller større grensejustering blir sett i verk på eit anna tidspunkt enn ved starten av ein ordinær kommunestyrevalperiode. Det kan vere praktisk å halde ekstraordinært kommunestyreval saman med stortingsval. Da blir valperioden for dei nyvalte representantane på berre to år. Det kan og vere nødvendig å tilpasse reglar for manntalsføring og la innbyggjarar som skal overførast til ein annan kommune få gi stemme til den nye kommunen. Om ei samanslåing eller deling blir sett i verk frå eit anna tidspunkt enn årsskiftet, vil det vere nødvendig å gjere unntak frå reglar i kommunelova om konstituering av nytt kommunestyre og vedtak av årsbudsjett. Etter bokstav b kan det og vere aktuelt å gjere unntak frå fristreglar knytte til revisjon av kommunale eller fylkeskommunale planar (unntatt arealplanar), samt skatte- og avgiftsvedtak og liknande.

Bokstav c om unntak frå arbeidsrettslege reglar er meint som ein tryggingsventil. Departementet har lagt til grunn som eit utgangspunkt at det ikkje vil vere nødvendig å fråvike arbeidsmiljølova eller tenestemannslova som følgje av grenseendringar. Heimelen inkluderer ikkje rett til å gjere unntak frå avtaler gått inn mellom arbeidstakarorganisasjonane og kommunesektoren v/Kommunenes Sentralforbund eller staten som arbeidsgivar. Dette må i tilfelle skje etter forhandling mellom partane.

§ 18 Avtale om økonomisk oppgjer

Ved grensejustering og deling av kommunar og fylke skal det gjennomførast økonomisk oppgjer mellom kommunane og fylkeskommunane, dersom dei ikkje finn det unødvendig. Kommunane kan be Fylkesmannen om hjelp til å forhandle fram ein avtale om det økonomiske oppgjeret.

Dersom partane ikkje blir samde om det økonomiske oppgjeret, skal det gjennomførast ved skjønn. Ved skjønnet skal reglane i §§ 19-22 leggjast til grunn.

Til § 18:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.1, 9.2.2 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 3

Regelen fører vidare gjeldande rett. Første ledd gjeld berre ved grensejustering og deling. Ved samanslåing og fastsetjing av grenser er det ikkje behov for noko oppgjer. Kommunane eller fylkeskommunane avgjer sjølve om det er behov for eit økonomisk oppgjer, noko det ikkje alltid vil vere, til dømes etter mindre grensejusteringar. Fylkesmannen skal yte hjelp til å få i stand ei avtale om det økonomiske oppgjeret, dersom kommunane er samde i å be om hjelp til det. Det er ein føresetnad at kommunane først gjer det dei kan for å kome til semje.

Andre ledd fastslår at om ikkje partane blir samde om det økonomiske oppgjeret, skal det fastsetjast ved skjønn. Det er gitt nærmare reglar om samansetjinga av skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda i §§ 23 og 24. Materielle reglar og kriterium som skal leggjast til grunn ved skjønnet finst i §§ 19-22. Det er naturleg at kommunane og fylkeskommunane og eventuelt Fylkesmannen tek utgangpunkt i desse reglane når dei arbeider med å kome fram til ein avtale. Dei er likevel ikkje bundne til å leggje dei til grunn for ein avtale.

§ 19 Grensejusteringar

Blir eit område skilt ut frå ein kommune eller eit fylke og lagt til ein annan kommune eller eit anna fylke, skal den retten som den første kommunen eller fylkeskommunen har til vegar, gater, bruer, offentlege plassar og annan forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener vedkommande område, overførast til den andre kommunen eller fylkeskommunen.

Annan eigedom kan fordelast mellom kommunane eller fylkeskommunane, eller påbydast nytta i fellesskap, dersom dette er rimeleg og formålstenleg ut frå kommunale eller fylkeskommunale omsyn. Skjønnsnemnda, jf. § 23, avgjer i kva forhold delinga eller samarbeidet skal gå føre seg, og kan fastsetje nærmare vilkår.

Skjønnsnemnda kan avgjere at gjeld som ein kommune eller fylkeskommune har stifta i samband med kjøp av eller påkostnad på eigedom som nemnt i første og andre ledd, heilt eller delvis skal takast over av den kommunen eller fylkeskommunen eigedommen blir overført til. Eventuelt kan det fastsetjast at vedkomande kommune eller fylkeskommune skal betale vederlag for eigedommen i pengar.

Dersom det ikkje blir teke særskilt avgjerd, skal rettar og plikter som ikkje er fordelte etter første til tredje ledd i denne paragrafen, bli att hos den opphavlege kommunen eller fylkeskommunen.

Til § 19:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.2, 9.2.3 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 4

Reglane er vidareføring av gjeldande rett. Skiljet mellom forvaltningseigedom og annan eigedom i første ledd er ikkje skarpt, men er ført vidare sidan konkret bruk kviler anten på avtale eller avgjerd av ei skjønnsnemnd. Opprekninga av forvaltningseigedom er ikkje uttømmande og kan til dømes også omfatte skulebygg som tener ein enkelt skulekrins, lokale idrettsanlegg og leikeplassar.

«Annan eigedom» i andre ledd kan vere til dømes aksjar, verdipapir, skatterestansar, kinoar, el-verk eller sentralinstitusjonar og anlegg som tener heile kommunen eller ein større del av denne. Døme på det siste kan vere administrasjonsbygg, sjukehus og liknande. Såkalla finansformue er óg omfatta, det vil seie verdiar av privatøkonomisk art som er omsetjeleg og inntektsgivande. Det kan nemnast skog- og landeigedommar, sporvegar og annan fast eigedom som ikkje er kjøpt for å tene forvaltningsmessige formål. Departementet føreset at skjønnsnemnda berre unntaksvis kan påby deling av eigedom som ikkje følgjer grunnen, slik andre ledd opnar for. Etablering av interkommunalt samarbeid vil ofte vere ei betre løysing. Formålet med samarbeidsløysingar må vere å ordne forholda i ein overgangsperiode, ikkje å etablere permanente arrangement. Skjønnsnemnda bør såleis ikkje etablere tingrettsleg sameige eller selskap eller interkommunalt samarbeid utan at det er fastsett ei nærmare tidsramme for samarbeidet. Om interkommunalt samarbeid er ønskjeleg ut frå nasjonale omsyn, kan Kongen påby det med heimel i kommunelova § 27.

Tredje ledd gir skjønnsnemnda rett til å fastsetje at gjeld som kommunen har stifta i samband med kjøp eller påkostnad på eigedom, skal takast over av den kommunen der eigedommen ligg etter grenseendringa. Dette vil truleg vere det mest naturlege i dei fleste situasjonar. At dette ikkje er slått fast som allmenn regel, er for å kunne gi fleksible løysingar i situasjonar der det til dømes er tatt opp gjeld kort tid før grenseendringa. Som eit anna alternativ kan det fastsetjast at det skal betalast pengevederlag for eigedommen som blir overført.

For å gjere det heilt klart at all eigedom og alle pliktar som det ikkje er gjort særskilt vedtak om, blir att hos den opphavlege kommunen, er dette presisert i fjerde ledd. Det same prinsippet må gjelde når kommunane eller fylkeskommunane har kome til semje om ein avtale.

§ 20 Delingar

Blir ein kommune eller eit fylke delt i to eller fleire kommunar eller fylke, eller blir ein kommune eller eit fylke delt og dei enkelte delane lagt til andre kommunar eller fylke, skal § 19 første ledd tilsvarande gjelde forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område.

Annan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom dei kommunar eller fylkeskommunar områda blir lagt til. Fordelinga blir gjort på grunnlag av eit forholdstal som blir rekna ut etter skatteinntektene i dei siste fem åra i kvart av områda, med mindre skjønnsnemnda av særlege grunnar fastset noko anna. Så framt det er mogleg, skal oppgjeret gjennomførast slik:

  1. Fast eigedom blir lagt til den kommunen eller fylkeskommunen som må reknast som mest rettkomen til den ut frå folketalet og innbyggjarane sine behov og plasseringa av eigedommen - også i høve til andre anlegg.

  2. Gjeld blir fordelt i forhold til dei omsetjelege verdiane som blir overtekne.

  3. Andre tilgodehavande og plikter blir overtekne av den kommunen eller fylkeskommunen som etter forholda blir rekna som nærmast til å overta dei.

  4. Anlegg med rettar og plikter som det etter delinga ikkje er rimeleg at nokon enkelt kommune eller fylkeskommune tek over, kan påbydast nytta i fellesskap av to eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane.

Har nokon kommune eller fylkeskommune ved fordelinga av rettar og plikter teke over meir eller mindre enn det som følgjer av forholdstalet, skal det jamnast ut i pengar.

Til § 20:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.3, 9.1.4 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 5

Regelen er vidareføring av gjeldande rett med eit par mindre endringar: Omgrepet skattekraft er endra til skatteinntekt, og perioden skatteinntektene skal reknast ut i frå, er korta ned frå åtte til fem år. Ved deling held ei eining opp med å eksistere. Dette gjer det nødvendig med eit fullstendig oppgjer, med fordeling av alle typar rettar og plikter.

Etter første ledd skal forvaltningseigedom fordelast på same måte som ved grensejustering, sjå § 19. Andre ledd slår fast at annan eigedom og andre plikter skal fordelast mellom dei aktuelle kommunane eller fylkeskommunane på grunnlag av eit forholdstal, som reknast ut på grunnlag av skatteinntektene i dei siste fem åra i kvart av områda. Skatteinntekter omfattar inntektsskatt (frå privatpersonar og næringsdrivande), formuesskatt, naturressursskatt og eigedomsskatt. Om det kjem nye skatteformer er det naturleg å inkludere dei i utrekninga dersom det er direkte skatt for kommunane eller fylkeskommunane.

Skjønnsnemnda kan likevel fråvike denne regelen dersom det føreligg særlege grunnar til å fastsette noko anna. Det kan vere at skatteinntektene ikkje alltid gir det beste og mest rettferdige utgangspunktet for utrekninga.

§ 21 Erstatning

Dersom ein kommune eller fylkeskommune etter det oppgjeret som blir gjennomført i samsvar med §§ 19 eller 20, blir vesentleg svekt økonomisk, kan ein annan av kommunane eller fylkeskommunane, der det blir rekna som rimeleg, påleggjast å betale erstatning, som blir betalt med ein eingongssum eller i årlege ratar i ein viss overgangsperiode.

Til § 21:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.4, 9.2.5 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 6

Føresegna er vidareføring av gjeldande rett, der det i praksis er krav om at kommunar som har fått erstatning må ha blitt «vesentleg svekt» økonomisk. Ikkje alle tap skal dekkjast. Erstatning skal vere løysing på spesielle problem. Regelen gjeld både ved grensejustering og deling.

Om tapet fører til vesentleg svekt økonomi må vurderast ikkje berre ut frå om kommunen eller fylkeskommunen kan halde oppe sin standard, men óg ut frå ei breiare analyse av den totale økonomien til kommunen/fylkeskommunen. Korleis inndelingsendringa vil påverke overføringane frå staten gjennom inntektssystemet og kva moglegheiter kommunen har for å tilpasse seg tapet, er døme på faktorar som må tilleggjast vekt.

Det er óg krav om at det skal vere rimeleg at ein annan av kommunane dekkjer tapet. Også denne kommunen sin økonomiske situasjon må vurderast. Om kommunane er likeverdige med omsyn til skattetrykk og standard, vil det som regel ikkje framstå som rimeleg å påleggje ein kommune å betale erstatning til ein annan.

§ 22 Garantiar

Kommunal eller fylkeskommunal garanti for gjeld eller plikter som er knytte til fast eigedom eller bedrift, skal ved grensejustering og deling takast over av den kommunen eller fylkeskommunen der eigedommen eller bedrifta ligg etter grenseendringa.

Ved deling av kommunar eller fylkeskommunar skal garantiar for gjeld eller plikter som ikkje er knytte til fast eigedom eller bedrift, fordelast mellom dei nye kommunane eller fylkeskommunane etter forholdstalet for det økonomiske oppgjeret i det heile.

Til § 22:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.5, 9.2.6 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 7

Føresegna fører vidare gjeldande rett. Hovudregelen når det gjeld kommunal garanti for gjeld som er knytt til fast eigedom eller bedrift,er at garantien blir overført saman med eigedommen eller bedrifta. Når ein kommune eller fylkeskommune blir delt, må ein óg fordele garantiansvar som ikkje er knytt til objekt som kan lokaliserast geografisk. Slike garantiar skal fordelast etter forholdstalet for det økonomiske oppgjeret i det heile og etter ei konkret vurdering av risiko i kvart enkelt garantiforhold.

§ 23 Skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd

Kommune eller fylkeskommune som er omfatta av grenseendring etter denne lova, kan innan eitt år etter at vedtaket er sett i verk, krevje at det økonomiske oppgjeret - eller delar av det - skal fastsetjast ved skjønn, såframt partane først har prøvd å kome til semje om eit økonomisk oppgjer.

Til å fastsetje slikt skjønn nemner departementet opp ei skjønnsnemnd på tre medlemmer med varamedlemmer. Nemnda skal ha ein funksjonsperiode på fire år.

Kvar av partane kan innan to månader etter at dei har teke i mot avgjerda til skjønnsnemnda, reise saka for ei overskjønnsnemnd til endeleg avgjerd. Departementet nemner opp overskjønnsnemnda, som skal ha tre medlemmer med varamedlemmer. Nemnda skal ha ein funksjonsperiode på fire år.

Leiarane i nemndene og deira varamedlemmer skal ha dei eigenskapane som er føreskrivne for dommarar, jf. domstolslova §§ 53 og 54 andre ledd. Reglane i domstolslova kapittel 6 om ugildskap gjeld tilsvarande for medlemmene av skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda. Departementet avgjer spørsmål om ugildskap for leiarane i nemndene og deira varamedlemmer. Elles blir slike spørsmål avgjort av vedkomande nemndleiar.

Til § 23:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.6, 9.2.7 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 8

Føresegna fører vidare gjeldande rett, med nokre endringar: Alle medlemmene og varamedlemmene, ikkje berre leiarane, både til skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda, skal no oppnemnast for fire år om gongen. Dei spesielle habilitetsreglane i gjeldande lov er ikkje ført vidare, men erstatta av reglane i domstolslova.

Det er ein føresetnad at partane først har prøvd å kome til semje om eit økonomisk oppgjer før dei fremjar krav om skjønn. Dei bør og søkje å bli samde ved først å be Fylkesmannen om hjelp til å forhandle fram ein avtale, jf. § 18 andre ledd. Dette er likevel ikkje nokon vilkår etter lova.

Avgjerda til overskjønnsnemnda er endeleg og kan ikkje ankast inn for dei ordinære domstolane.

Leiarane av nemndene og varaleiarane, skal fylle dei krav som er sett til dommarar i domstolslova §§ 53 og 54, andre ledd. Det gjeld elles ikkje særlege krav til dei som skal nemnast opp til medlemmer og varamedlemmer i nemndene. Det er likevel ein føresetnad at dei som blir oppnemnde har god kjennskap til kommunesektoren. Krava til habilitet i domstolslova er noko strengare enn dei allmenne reglane i forvaltningslova.

§ 24 Saksbehandling og dekning av kostnader ved skjønn

Den av partane som reiser ei sak for skjønnsnemnda til avgjerd, skal gi ei utgreiing om kravet sitt og dei faktiske forholda som kravet byggjer på. Nemnda skal innhente synspunkt frå motparten og kan elles påleggje kvar av partane å kome med ytterlegare opplysningar. Skjønnsnemnda bør så tidleg som mogleg kalle inn partane til ein konferanse der saka blir gjennomgått i hovudtrekk og det elles blir teke nødvendige avgjerder om behandlinga av saka.

Skjønnsnemnda og overskjønnsnemnda fastset spørsmålet om dekning av kostnader, mellom anna om fordeling av utgiftene mellom partane når dette synest rimeleg. Departementet svarer for godtgjersle og andre utgifter til medlemmene i nemndene. Departementet gir nærmare reglar om godtgjersle og utgiftsdekning.

Til § 24:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 9.1.6, 9.2.7 og 9.4

  • Gjeldande inndelingslov: § 8

Føresegna er ny, og gir reglar om dei første stega i behandlinga av saker for skjønnsnemnda. Nemnda har spelerom i den vidare behandlinga for å få til ein smidig, fleksibel og formålstenleg prosess i den enkelte sak.

Skjønnsnemnda og eventuelt overskjønnsnemnda skal ta stilling til kven som skal bere kostnadene ved saka. Spørsmålet bør i størst mogleg grad løysast i tråd med dei prinsippa som gjeld for rettssaker.

§ 25 Felles kommunestyre- eller fylkestingsmøte

Når det er gjort vedtak om samanslåing av to eller fleire kommunar, skal Fylkesmannen snarast mogleg kalle saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra. Ved samanslåing av fylke eller kommunar som ligg i ulike fylke, kallar departementet saman fylkestinga eller kommunestyra. På slike fellesmøte skal følgjande saker drøftast:

  1. forslag til namn på den nye kommunen eller det nye fylket

  2. talet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget

  3. kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i denne lova

  4. val av revisjonseining for verksemda i fellesnemnda

  5. oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

Til § 25:

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 8.21 og 8.4

Føresegna om fellesmøtet er ny. I fellesmøtet mellom kommunane skal det ikkje treffast vedtak. Møtet er av prosessleiande karakter. Etter kommunelova § 3 er det Kongen som gjer endeleg vedtak om endringar i kommunane sine namn. Etter kommunelova § 7 gjer kommunestyret eller fylkestinget sjølv, med verknad frå neste valperiode, vedtak om kor mange representantar som skal veljast. Denne regelen kan ikkje brukast i ein samanslåingssituasjon, og Kongen/departementet vil framleis ha mynde til å fastsetje medlemstalet for den første perioden etter samanslåinga. Fråsegna frå fellesmøtet vil ikkje vere ei endeleg avgjerd, men ei tilråding som det vil vere naturleg å leggje stor vekt på.

For at kommunane/fylkeskommunane skal kunne gi frå seg mynde til fellesnemnda, jf. § 26, må reglementet for fellesnemnda vedtakast i kvar enkelt kommune/fylkeskommune. Ei drøfting i fellesmøtet av samansetjinga av og funksjonane til fellesnemnda, vil likevel vere med på å gi retning og skape føresetnader for ein rask og smidig prosess i det vidare arbeidet med reglementet.

Fylkesmannen kan overlate til kommunane sjølve å kalle inn til eit felles kommunestyremøte. Om saka gjeld samanslåing av to fylke eller kommunar som ligg i ulike fylke, skal departementet kalle inn til møtet.

§ 26 Fellesnemnd

Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga. Nemnda skal setjast saman slik at ho speglar av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum fem medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune. Fellesnemnda blir valt av og blant medlemmene i kommunestyret eller fylkestinget. Nemnda vel sjølv leiaren og nestleiaren i nemnda. Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande.

Kommunane eller fylkeskommunane kan også opprette eit felles partssamansett utval etter kommunelova § 25 for behandling av saker som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgivar og dei tilsette.

Fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk. Nemnda skal i sin virkeperiode gi fråsegn til departementet om årsbudsjetta for dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld.

Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda blir fastsette i reglement som må vedtakast i alle kommunestyra eller fylkestinga. Kvar av kommunane eller fylkeskommunane kan be departementet om å ta avgjerd i slike spørsmål dersom det ikkje er mogleg å kome til semje.

Nemnda kan få fullmakt til å tilsetje personale i den nye eininga. Dette gjeld også kommunestyret/fylkestinget si fullmakt til å tilsetje administrasjonssjef og revisor.

Fellesnemnda kan gi eit arbeidsutval myndigheit til å gjere vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell art.

Reglane i kommunelova om møte- og talerett for ordførar, leiar av kommuneråd eller fylkesråd, administrasjonssjef og tilsette gjeld tilsvarande for nemnda. Reglane i § 59 om lovlegkontroll gjeld tilsvarande for avgjerder fellesnemnda tek.

Funksjonsperioden for fellesnemnda går ut når det nye kommunestyret eller fylkestinget er konstituert etter reglane i § 27.

Til § 26

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 8.2.2, 8.2.3 og 8.4

Første ledd

Reglane om fellesnemnd er ny, men byggjer på praksis frå dei siste kommunesamanslåingane. Fellesnemnda skal fungere som organ i perioden frå det er gjort vedtak om samanslåing og fram til samanslåinga blir sett i verk, i praksis frå eitt til to år. Føresegna gir pålegg om oppretting av eit bestemt, folkevalt organ i kommunesektoren. Det er ikkje ønskjeleg å gi for mange og detaljerte lovreglar om samansetjing, funksjon og arbeidsoppgåver. Slike spørsmål bør drøftast og avgjerast av kommunane/fylkeskommunane sjølve. Det er mogleg å gi nemnda relativt vide fullmakter.

Det er viktig at nemnda er tett knytt til dei ansvarlege organ i kvar enkelt kommune, og medlemmene skal derfor veljast av og blant medlemmene i kommunestyra eller fylkestinga. Kravet om at det skal vere minst fem medlemmer frå kvar kommune eller fylkeskommune svarer til kravet om kor mange medlemmer det skal vere i formannskap og fylkesutval, jf. kommunelova § 8. Reglane om saksbehandling i kommunelova gjeld både ved val og for nemnda si drift elles. Dette inneber mellom anna at prinsippet om likestilling mellom kjønna skal følgjast ved val og at møta i nemnda i utgangspunktet er opne for publikum.

Andre ledd

Det nye eininga vil bli den nye arbeidsgivaren for dei tilsette i kommunane eller fylkeskommunane, og vil også kunne tilsetje nye medarbeidarar. Det vil kunne vere behov for eit partsamansett utval allereie tidleg i prosessen.

Tredje ledd

Dei einaste oppgåvene for nemnda som er nedfelt i lova, er pålegget om at fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med budsjettet for første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk og at nemnda skal gi fråsegn om årsbudsjetta til dei involverte partane. Det er det nyvalte formannskapet eller fylkesutvalet (kommunerådet eller fylkesrådet ved parlamentarisk styreform), som har ansvaret for å fremje budsjettinnstilling til det nye kommunestyret eller fylkestinget. Fellesnemnda skal óg, i den perioden den er verksam, gi fråsegn til departementet om årsbudsjetta for dei kommunane eller fylkeskommunane som skal slåast saman. Dette er for å lette den statlege kontrollen med budsjetta jf. § 28.

Fjerde ledd

Det er opp til kommunane eller fylkeskommunane sjølve å bli samde om kva oppgåver og fullmakter fellesnemnda skal ha. Det bør ikkje gå for lang tid før den nye kommunen er operativ. Det kan vere praktisk at fellesnemnda førebur og inngår avtaler om leige av kontorlokale, innkjøp av utstyr med vidare. Kommunestyra eller fylkestinga bør og ta stilling til omfanget av budsjett til nemnda og i kva grad nemnda skal kunne inngå avtalar på vegner av den nye kommunen.

Om kommunane ikkje greier å kome til semje om kva reglementet for fellesnemnda skal innehalde, kan kvar av partane bringe saka inn for departementet til avgjerd. Det er ikkje meininga at alle slags stridsspørsmål skal kunne bringast inn for departementet. Det må vere spørsmål av vekt, som det er viktig å bli samde om før arbeidet kan gå vidare. Partane må sjølve kome med framlegg til løysing. Det er ikkje meininga at departementet skal opptre som meklar.

Femte ledd

Fellesnemnda kan få delegert mynde til å tilsetje personell i den nye eininga. Nemnda kan også, trass i delegasjonsforbodet i kommunelova, få mynde til å tilsetje revisor og administrasjonssjef i den nye eininga. Slik delegasjon må takast inn i reglementet.

Sjette ledd

Kommunale eller fylkeskommunane kan delegere mynde til nemnda til å gjere vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell art. Kommunelova § 23 nr. 4 gir kommunane og fylkeskommunane moglegheit for å delegere denne type mynde til administrasjonen i kommunen eller fylkeskommunen, og regelen her må tolkast på same måte.

Sjuande ledd

Kommunelova § 59 om lovlegkontroll gjeld for avgjerder fellesnemnda tek. Det vil seie at tre medlemmer frå eit av dei enkelte kommunestyra eller fylkestinga kan be statleg myndigheit om å kontrollere at ei avgjerd er blitt til på lovleg måte. Som elles har også statleg styresmakt med fullmakt etter kommunelova høve til å kontrollere dette på eige initiativ. Nemnda vil truleg berre sjeldan treffe avgjerd i saker der lovlegkontroll av eige tiltak vil vere aktuelt.

Åttande ledd

Når kommunestyret for den nye eininga er valt, er det ikkje lenger behov for ei fellesnemnd, og verksemda i denne må såleis opphøyre. Det er det nyvalde formannskapet eller fylkesutvalet som skal gi innstilling til årsbudsjett til kommunestyret eller fylkestinget på grunnlag av førebuingane fellesnemnda har gjort.

§ 27 Konstituering av nytt kommunestyre eller fylkesting

Når det er gjennomført val til kommunestyre eller fylkesting i løpet av september månad året før ei samanslåing blir sett i verk, skal det nyvalte kommunestyret eller fylkestinget kallast saman til konstituerande møte innan utgangen av oktober månad. Leiaren av fellesnemnda kallar saman og leier møtet inntil ny ordførar er valt. Elles gjeld reglane i kommunelova § 17 nr. 1-3 om konstituerande møte mv. i kommunestyre og fylkesting.

Funksjonsperioden for kommunestyra og fylkestinga i dei kommunane og fylkeskommunane som skal slåast saman, varer inntil tidspunktet for iverksetjing av samanslåinga. Deira ansvar og fullmakter er likevel avgrensa til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i dei eksisterande einingane.

Til § 27

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 8.1, 8.2.4 og 8.4

Det er leiaren i fellesnemnda som kallar saman det nyvalte kommunestyret eller fylkestinget. Møtet skal haldast innan utgangen av oktober, og innkallinga skal skje med 14 dagars varsel, slik kommunelova § 17 nr. 1 krev. Minst 2/3 av medlemmene av det nyvalte kommunestyret eller fylkestinget må vere tilstades ved konstitueringa. Kommunestyret eller fylkestinget trer i funksjon frå konstitueringa. I det konstituerande møtet skal det veljast formannskap/fylkesutval, ordførar og varaordførar.

Etter kommunelova bør det óg veljast medlemmer og leiarar til nemnder i det konstituerande møtet. Det er gunstig om det nye kommunestyret eller fylkestinget kan gjere vedtak om politisk og administrativ organisering, slik at den nye eininga kan bli operativ så snart som råd. Om det er mogleg å gjere slike vedtak før årsskiftet, vil avhengje mykje av den tilrettelegginga fellesnemnda har gjort, noko som vil kome an på kva fullmakter nemnda har hatt i sin verkeperiode.

Ei samanslåing vil normalt bli sett i verk ved eit årsskifte. Dette inneber at det nyvalte kommunestyret eller fylkestinget ikkje har ei fullstendig oppgåveportefølje dei første to månadene. Før årsskiftet skal det treffe vedtak om budsjett for det første driftsåret. Det skal også godkjenne rekneskapane for det siste driftsåret i dei gamle kommunane eller fylkeskommunane.

Den nye kommunestyret eller fylkestinget kan ikkje treffe vedtak som bind dei eksisterande einingane i deira siste driftsår. Her bør fullmaktene framleis ligge hos dei «gamle» kommunestyra eller fylkestinga inntil samanslåinga er sett i verk. På same måte må mynde og ansvar for det sitjande kommunestyret eller fylkestinget vere avgrensa til det som er nødvendig for å avvikle verksemda i dei eksisterande einingane. Funksjonstida for det sitjande kommunestyret eller fylkestinget varer inntil grenseendringa blir sett i verk. Sidan grenseendringar normalt blir sette i verk ved årsskiftet, inneber dette at funksjonstida blir forlenga om valet blir halde saman med ordinære lokalval, medan ho blir forkorta om det blir halde ekstraordinært val før den ordinære kommunestyreperioden går ut.

Det kan innførast parlamentarisk styringsform i den nye eininga dersom spørsmålet har vore behandla i alle aktuelle kommunestyre eller fylkesting etter reglane i § 18 nr 2, det vil seie før 31. desember i nest siste år av valperioden. Kongen kan fastsetje ein annan frist med heimel i § 17. Dersom alle involverte partar i ei samanslåingssak har hatt parlamentarisk styreform, vil denne styringsforma kunne førast vidare utan særleg vedtak. Situasjonen kan óg vere at nokre, men ikkje alle, kommunane har innført parlamentarisme. I slike tilfelle må dei som ikkje har slik styringsform, kunne påleggjast å behandle spørsmålet etter dei allmenne reglane i kommunelova § 18. Fellesnemnda bør ha fullmakt til å kunne ta dette opp med kommunane eller fylkeskommunane, elles vil ikkje den nye eininga ha råderett over spørsmålet om styringsform den første perioden. Departementet kan gi slikt pålegg med heimel i §17 første ledd i lova her.

§ 28 Lovlegkontroll med budsjettvedtak

Departementet fører kontroll med lovlegheita av budsjettvedtaka i kommunar eller fylkeskommunar når utgreiing om samanslåing er sett i gang.

Til § 28

Tilvisingar:

  • Allmenne motiv: Kapittel 10.2

Føresegna er ny. Kommunelova er endra med verknad frå 1. januar 2001, og kontroll med kommunebudsjetta skal berre skje på særlege vilkår. Ein er såleis ikkje sikra at årsbudsjetta til kommunar eller fylkeskommunar som er i ein samanslåingsprosess, blir kontrollerte gjennom kommunelova. Erfaringar viser at særleg investeringar har ein tendens til å auke sterkt før iverksetjing av vedtak om samanslåing. Ved statleg kontroll i tida før ei samanslåing kan ein mellom anna unngå at handlingsfridomen til den nye kommunen blir svekka av overinvesteringar i samanslåingskommunane før iverksetjinga. Når utgreiing om samanslåing er sett i gang, kan vere eit skjønnsmessig kriterium, og må vurderast frå høve til høve.

Til forsida