11 Økonomiske og administrative konsekvensar
Lovforslaget inneber ingen nye materielle rettar eller plikter og har dermed ingen direkte økonomiske eller administrative konsekvensar. Lova vil, til liks med gjeldande lov, først og fremst vere ei prosessprega lov som viser dei nærmare rammene for saksbehandling, vedtak og etterfølgjande oppgjer ved endring av grenser mellom kommunar og fylke. Det vil dermed vere talet på saker, det vil seie den praktiske bruken av lova, som vil vere avgjerande for omfanget av administrativ og økonomisk innsats.
Lovforslaget legg opp til at regjeringa skal kunne avgjere nokre fleire saker enn etter gjeldande lov. Dette kan innebere ei viss innsparing av ressursar når det gjeld behandling av slike saker i Stortinget.
Prinsippa for økonomisk oppgjer mellom kommunar etter grensejustering eller deling vil etter forslaget vere dei same som etter gjeldande lov. Det same gjeld i samband med særskilt oppgjersorgan som kjem inn ved usemje mellom kommunane - eller fylkeskommunane - sidan departementet føreslår at systemet med særskild skjønnsnemnd og overskjønnsnemnd blir ført vidare med visse tekniske justeringar. Talet på medlemmer i overskjønnsnemnda er føreslått redusert frå fem til tre. Dette vil kunne innebere ei viss økonomisk innsparing.
Lovframlegget legg opp til at statlege avgifter og liknande ikkje skal krevjast inn når dei oppstår som følgje av grenseendring. Dette er i samsvar med den praksisen som allereie har utvikla seg ved dei seinaste kommunesamanslåingane, den gongen basert på eit vedtak i Stortinget.
Det blir gjort framlegg om at staten skal gi delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til samanslåingsprosessar. Dette er ei vidareføring av dagens praksis. Når det gjeld lovforslaget om at staten i ein overgangsperiode vil kompensere for bortfall av rammetilskot for kommunar som slår seg saman, vil ikkje dette ha noko å seie for dei samla, statlege overføringane til kommunesektoren, da dette dreiar seg om korleis midlane blir fordelt mellom kommunane.
Den føreslåtte ordninga med automatisk lovlegkontroll med budsjetta til kommunar og fylkeskommunar som er i ein samanslåingsprosess, vil medføre arbeid for statlege myndigheiter (særleg Fylkesmannen), men ikkje av større omfang.
Reglane om saksførebuing (kapittel III i lova) er bygd ut vesentleg i forhold til gjeldande inndelingslov. Innhaldet i reglane er for det aller meste basert på den praksisen som er utvikla. Departementet legg til grunn at dei nye lovreglane vil verke klargjerande og gjere sakene meir føreseielege for både innbyggjarar, involverte kommunar/fylkeskommunar og statlege etatar. Lovfesting av retten til å søkje om at det skal setjast i gang utgreiing om grenseendring, er den einaste delen av lova som har konsekvensar for innbyggjarane og næringslivet. Framlegget om dette kan kome til å føre med seg at det blir fleire søknader til Fylkesmannen enn etter nåverande lov, fordi fleire blir merksame på at dei kan ta initiativ i slike saker. På den andre sida kan førespurnader til fylkesmenn og departement om framgangsmåten i slike saker bli færre, ved at lova klargjer kven som har initiativrett.
Forslaget om utgreiingsplikt (§ 9) vil venteleg ikkje innebere vesentlege konsekvensar av administrativ og økonomisk art. Førespurnader om grensesaker får også i dag ei viss utgreiing før dei eventuelt blir avvist/avslått. Den føreslåtte regelen om dette let det vere opp til utgreiingsinstansen (departementet eller Fylkesmannen) å avgjere omfanget av utgreiinga, slik at det i realiteten ikkje treng å innebere meir enn at det blir gitt eit svar tilbake til søkjaren. At det blir opna for å klage over vedtak om at utgreiing ikkje skal setjast i gang, vil kunne medføre noko ekstraarbeid for Fylkesmannen og departementet. Men sakstypen gjer at klagebehandlinga venteleg ikkje vil vere særleg arbeidskrevjande.
Det er ein føresetnad at Fylkesmannen blir delegert oppgåver etter den nye lova - i prinsippet av same omfang som etter gjeldande lov. Dei vil såleis måtte gjere ei viss utgreiing i enkeltsaker og i visse høve sjølv treffe vedtak. Lovforslaget vil i seg sjølv ikkje føre til meirbelastning på fylkesmannsembeta, med mindre talet på saker aukar. Det vil likevel ikkje vere aktuelt for fylkesmannsembeta å førestå større utgreiingar i store og kompliserte saker utan at dette er særskilt avtalt med departementet.
Departementet sitt arbeid med å forvalte lova og vere øvste utgreiingsorgan vil ikkje bli endra i høve til tidlegare.
Konsekvensar for kommunar og fylkeskommunar vil i utgreiingsfasen kome som følgje av regelen om opplysnings- og medverknadsplikt (§ 9 tredje ledd). Det same gjeld for så vidt også overfor andre statlege etatar (enn Fylkesmannen). Plikta til å hjelpe og medverke gjeld etter lovutkastet berre i «rimeleg utstrekning», men vil likevel i konkrete saker innebere noko meirarbeid for kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Men ei generell opplysningsplikt for kommunesektoren følgjer alt av kommunelova § 59.
Lovfesting av prinsippet om at kommunane bør arrangere innbyggjarhøyring (§ 10) kan innebere noko meirarbeid for kommunane. Departementet har ikkje presis kunnskap om omfanget av innbyggjarhøyringar i slike saker i dag, men truleg er dette vanleg. Lovforslaget er dessutan fleksibelt utforma ved at kommunen sjølv tek avgjerd om høyring skal haldast, og om korleis ho eventuelt skal gjennomførast. Den minst kostnadskrevjande høyringsmetoden er å halde møte. Folkerøystingar er den mest kostnadskrevjande metoden - særleg når den ikkje er knytt opp mot eit ordinært val. Det er ingen lovreglar om korleis folkerøystingar skal haldast. Kostnadene ved å halde lokal folkerøysting vil dermed avhenge av korleis kommunen gjennomfører det.