1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Regjeringa gjer i proposisjonen her framlegg til lov om register for frivillig virksomhet.
Gjennom frivillig arbeid blir folk aktiviserte til meiningsfull og samfunnsnyttig verksemd. Frivillige organisasjonar yter omfattande økonomisk bidrag til samfunnet gjennom tenesteproduksjon og omfattande ulønt innsats. Samtidig gjev det offentlege omfattande stønad til frivillige aktivitetar. I Soria Moria-erklæringa legg regjeringa opp til ein ny og heilskapleg frivilligpolitikk, som mellom anna tydeleggjer frivillig verksemd som ein sjølvstendig sektor i samfunnslivet.
Målet til departementet med eit register for frivillig verksemd er å betra og forenkla samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter. Det kan spara både organisasjonane og det offentlege for unødvendig byråkrati og dobbelarbeid, mellom anna i samband med offentlege tilskotsordningar til frivillig verksemd. Eit anna mål er å sikra systematisk informasjon som legg til rette for den offentlege politikken overfor frivillig sektor. Slik systematisk informasjon vil òg styrkja legitimiteten til og kunnskapen om den frivillige aktiviteten, mellom anna fordi eit register vil gje betre grunnlag for statistikk og forsking.
For å sikra at Frivilligregisteret blir organisert og drive mest mogleg rasjonelt, blir det lagt opp til at registeret skal basera seg på grunndata frå Einingsregisteret. Det blir føreslått at ansvaret for utvikling og drift av registeret skal leggjast til Brønnøysundregistra. Etter forslaget skal ingen ha plikt til å registera seg, men alle frivillige organisasjonar som kan reknast som sjølvstendige rettssubjekt, skal ha rett til å bli registrert. Det inneber at organisasjonane, når dei registrerer seg, må senda inn stiftingsdokument og vedtekter eller statuttar, i tillegg til opplysningar om aktiviteten og styresamansetjinga i organisasjonane. Forslaget legg opp til at det ikkje skal bli dobbelregistrering av opplysningar i eksisterande register og Frivilligregisteret, men at opplysningar skal kunna hentast frå eksisterande register og koplast saman med opplysningar frå Frivilligregisteret. Samtidig skal ein kunna henta ut opplysningar om einingar i Frivilligregisteret på same staden, jamvel om dei ligg i ulike databasar.
Som hovudregel skal det vera gratis å be om og ta imot opplysningar om dei registrerte einingane. Registeret skal finansierast gjennom eit registreringsgebyr og ei årleg avgift for dei registrerte einingane. Førebelse kalkylar tilseier at avgift og gebyr vil liggja på eit så lågt nivå at dei ikkje vil vera til hinder for at også mindre einingar registrerer seg.