1 Innleiing
1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld forslag til endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova).
Desse endringane blir foreslått:
lovfeste plikt i opplæringslova og privatskolelova til tidleg innsats i faga norsk eller samisk og matematikk på 1.-4. årstrinn (pkt. 2)
endre føresegna i opplæringslova og privatskolelova om organisering av elevane i grupper (pkt. 3)
lovfeste plikt i opplæringslova og privatskolelova til å utarbeide årleg rapport om tilstanden innanfor grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring (pkt. 4)
presisere retten minoritetsspråklege elevar har til utvida tid i vidaregåande opplæring i opplæringslova (pkt. 5)
presisere plikta i opplæringslova og privatskolelova til å kartleggje dugleiken minoritetsspråklege elevar har i norsk (pkt. 6)
presisere plikta i opplæringslova til foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring (pkt. 7)
lovfeste heimel i opplæringslova og privatskolelova for forskrifter om rett og plikt til fysisk aktivitet i grunnskoleopplæringa (pkt. 8)
endre føresegner i privatskolelova som gjeld private skolar som gir særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma (pkt. 9)
lovfeste rett i opplæringslova til refusjon for utgifter knytte til opplæring i helseinstitusjonar (pkt. 10)
Dei forslaga som er omtalte i punkta 2, 3, 4, og 5 er oppfølging av tiltak varsla av regjeringa i St.meld. nr. 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen. Bakgrunnen for forslaga blir nærmare utdjupa i omtalen av kvart enkelt av forslaga i proposisjonen. I lovforslaget er det gjort enkelte endringar av rettsteknisk karakter som ikkje inneber realitetsendringar i gjeldande rett. Endringane er omtalte i punkt 13.
Departementet tek sikte på at lovendringane blir sette i kraft 1. august 2009, med unntak av forslaget om å lovfeste plikt for private skolar med rett til statleg tilskot til å gi tidleg innsats i norsk eller samisk og matematikk på 1.-4. årstrinn. Denne endringa blir foreslått sett i kraft 1. august 2011. Departementet foreslår at endringar av rettsteknisk karakter i endringslov til forvaltningslovgivningen mv. skal tre i kraft straks.
Kapittel 11 drøfter forslaget om å endre føresegnene om skolepengar for særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, som også var til offentleg høring. Forslaget blir ikkje fremja.
1.2 Høringane
Høringsbrev, vedlagt høringsnotat med forslaga om å presisere plikta til å kartleggje dugleiken i norsk hos minoritetsspråklege elevar og lovfeste refusjonsrett for utgifter knytte til opplæring i helseinstitusjonar, vart sendt ut 20. juni 2008, med frist for fråsegner 20. oktober 2008. Høringsnotatet vart sendt til desse instansane:
Departementa
Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Akademikarane
Aktive foreldre
Arbeidsgiverforeningen NAVO
Barneombodet
CULCOM (Kulturell kompleksitet i det nye Norge)
Datatilsynet
Dei statlege helseføretaka
Det utdanningsvitskaplege fakultet, UiO
Dysleksiforbundet
Elevorganisasjonen
FAFO
Faglege råd
Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdanna (Unio)
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)
Institutt for samfunnsforsking (ISF)
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Kontaktutvalet mellom innvandrerbefolkninga og myndigheitene (KIM)
Kristne friskolers forbund (KFF)
KS - Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon
Landslaget for udelt og fådelt skole (LUFS)
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Longyearbyen lokalstyre
Lærernes Yrkesforbund
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)
Nasjonal Senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)
Nettverket av samfunnsvitskaplege forskningsinstitutt
NIFU STEP
Noregs Forskingsråd
Noregs Handikapforbund
Norsk Bibliotekforening
Norske fag- og friskolers forbund
Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU)
Norsk foreldrelag for funksjonshemma
Norsk Forbund for fjernundervisning
Norsk innvandrerforum
Norsk Kulturskoleråd
Norsk Lektorlag
Norsk Montessoriforbund
Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping
Norsk Skoleleiarforbund
Norsk Studentunion
NOVA
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Opplysningstenesta for heimeundervisning
Private Barnehagers Landsforbund (PBL)
Private grunnskolar
Private skolar med rett til statstilskot
Privatskoleorganisasjonane
Riksrevisjonen
Riksarkivet
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (SRY)
Samarbeidsforum for funksjonshemmedes fellesorganisasjon (SAFO)
Sametinget
Samnemnda for NF og NKF
Samordna opptak
SEFIA, Høgskolen i Oslo
Senter for interkulturell kommunikasjon
Senter mot etnisk diskriminering
Sivilombodsmannen
Skolenes landsforbund
Statens lånekasse for utdanning
Statens råd for funksjonshemma
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Statlege vidaregåande skolar
Steinerskolane i Noreg
Studentenes Landsforbund
Sysselmannen på Svalbard
Utdanningsdirektoratet
Utdanningsforbundet
Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon
Utlendingsdirektoratet (UDI)
Universitet
Universitets- og høgskolerådet
VOX - vaksenopplæringsinstituttet
Vaksenopplæringsforbundet (VOFO)
Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS)
Det kom inn 90 høringsfråsegner. Synspunkta frå høringsinstansane på forslaga er nærmare oppsummerte under omtalen av kvart enkelt forslag.
Høringsbrev vedlagt høringsnotat med dei andre forslaga som er omtalte i proposisjonen, vart sendt ut 4. november 2008 med frist for fråsegner 31. desember 2008. Høringsnotatet vart sendt til desse instansane:
Departementa
Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Akademikarane
Aktive foreldre
Arbeidsgiverforeningen NAVO
Barneombodet
CULCOM (Kulturell kompleksitet i det nye Norge)
Datatilsynet
Det Utdanningsvitskaplege fakultet, UiO
Dysleksiforbundet
Elevorganisasjonen
FAFO
Faglege råd
Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)
Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskoleutdanna (Unio)
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)
Institutt for samfunnsforsking (ISF)
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkningen og myndigheitene (KIM)
Kristne friskolers forbund (KFF)
KS - Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon
Landslaget Fysisk Fostring i Skolen
Landslaget for udelt og fådelt skole (LUFS)
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar
Landsorganisasjonen i Noreg (LO)
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Longyearbyen lokalstyre
Lærernes Yrkesforbund
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)
Nasjonalt Senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)
Nettverket av samfunnsvitskaplege forskningsinstitutt
NIFU STEP
Noregs Forskingsråd
Noregs Handikapforbund
Norske fag- og friskolers forbund
Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU)
Norsk foreldrelag for funksjonshemma
Norsk Forbund for fjernundervisning
Norsk innvandrerforum
Norsk Kulturskoleråd
Norsk Lektorlag
Norsk Montessoriforbund
Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping
Norsk Skoleleiarforbund
Norsk Studentunion
NOVA
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Opplysningstenesta for heimeundervisning
Private Barnehagers Landsforbund (PBL)
Private grunnskolar
Private skolar med rett til statstilskot
Privatskoleorganisasjonane
Riksrevisjonen
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (SRY)
Samarbeidsforum for funksjonshemmedes fellesorganisasjon (SAFO)
Sametinget
Samnemnda for NF og NKF
Samordna opptak
SEFIA, Høgskolen i Oslo
Senter for interkulturell kommunikasjon
Senter mot etnisk diskriminering
Sivilombodsmannen
Skolenes landsforbund
Statens lånekasse for utdanning
Statens råd for funksjonshemma
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Statlege grunnskolar og vidaregåande skolar
Steinerskolane i Noreg
Studentenes Landsforbund
Sysselmannen på Svalbard
Utdanningsdirektoratet
Utdanningsforbundet
Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon
Utlendingsdirektoratet (UDI)
Universitet/Høgskolar
Universitets- og høgskolerådet
VOX - vaksenopplæringsinstituttet
Vaksenopplæringsforbundet (VOFO)
Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS)
Det kom inn 150 høringsfråsegner. Synspunkta frå høringsinstansane er nærmare oppsummerte under omtalen av kvart enkelt forslag.
Departementet har gjennomført administrative konsultasjonar med Sametinget. Synspunkta frå Sametinget er innarbeidde i proposisjonen.