9 Forslag om å endre føresegner som gjeld privatskolar som gir opplæring særskilt tilrettelagd for funksjonshemma
9.1 Bakgrunn
I Ot.prp. nr 37 (2006-2007) uttalte departementet mellom anna:
«Departementet viser til vurderinga i høringsnotatet om at det er ei rekkje forhold rundt dei særskilde skolane for funksjonshemma som må vurderast nærmare, og at det derfor bør leggjast fram ei eiga sak om desse skolane for Stortinget. [...] For å få ei tilstrekkeleg grundig utgreiing om desse skolane, ser departementet at det er nødvendig med noko lengre tid til utgreiinga enn signalisert i høringsnotatet. Departementet vil på denne bakgrunn komme tilbake med ei eiga sak for Stortinget om dei særskilde skolane for funksjonshemma våren 2009.»
I Innst. O. nr. 88 (2006-2007) uttaler komiteen mellom anna:
«Komiteen understreker verdien i å opprettholde skoler som kan sikre barn og voksne med et særskilt behov for tilrettelagt opplæring et tilbud, og at det er etablert en rekke private tilbud som har lykkes godt overfor denne målgruppen. Komiteen har merket seg at det skal foretas en gjennomgang av disse skoletilbudene som følge av påpekninger fra Riksrevisjonen, slik det er opplyst i proposisjonen, og forutsetter at siktemålet er å komme fram til klare retningslinjer for tilskuddene for skolene, basert på en klargjøring av blant annet forholdet mellom opplæring og behandling. Komiteen ber Regjeringen om å bidra til at det ikke skapes unødig usikkerhet om fremtiden for disse skolene. Komiteen vil understreke betydningen av disse viktige skoletilbudene.»
Om skolane
I dag er 10 skolar for funksjonshemma godkjende etter den tidlegare privatskolelova, og dei fell no inn under gjeldande privatskolelov § 2-1 andre ledd bokstav f). Desse skolane er
Soon Sjøskole
Aglo videregående skole
Hop videregående skole
Østerbo videregående skole
Krokeide videregående skole
Seiersborg videregående skole
Øvrebø videregående skole
Helsepedagogisk Rudolf Steinerskole i Oslo
Helsepedagogisk Steinerskole på Hedemarken
Steinerskolen på Skjold, helsepedagogisk avdeling.
9.2 Gjeldande rett
Lov 4. juli 2003 nr. 84, privatskolelova § 2-1 første ledd, lyder:
«Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Vertskommunen eller vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og kan klage på departementet sitt vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.»
Det følgjer av privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav f) at «særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma» er eit grunnlag for godkjenning etter lova.
Privatskolelova § 3-1 om inntak av elevar lyder:
«Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova §§ 2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd. Dette gjeld òg skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg.
Ved inntak til vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande skole. Norske vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.
Departementet kan gi forskrifter om inntak av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og om inntak av utanlandske søkjarar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Når det gjeld særskilde skolar for funksjonshemma, kan departementet gjere unntak frå reglane i andre ledd.»
Privatskolelova § 8-1 første ledd lovfester overgangsreglar og lyder:
«Departementet kan ikkje godkjenne nye skolar etter § 2-1 andre ledd bokstav f før 1. juli 2009.»
Om tilskot frå staten
Godkjende private grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma får tilskot etter privatskolelova § 6-1 fjerde ledd, som lyder:
«Dei særskilde skolane for funksjonshemma får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.»
I retningslinjene for Tilskudd til private skoler med rett til statstilskudd, kap. 228 post 70, heiter det i samband med elevteljingar:
«Reglene ovenfor gjelder også for skoler for funksjonshemmede. Imidlertid gjelder følgende tillegg for videregående opplæring: Dersom elevtallet per 1. april er lavere enn elevtallet per 1. oktober, legges elevtallet per 1. oktober til grunn for beregningen av tilskudd for våren.»
Statstilskotet blir utbetalt med 100 % av to fastsette satsar, ein sats for særleg ressurskrevjande elevar og ein sats for nokså ressurskrevjande elevar. I alt er det om lag 500 elevar ved desse ti skolane. Om lag 120 av elevane får tilskot etter satsen for særleg ressurskrevjande. Etter gjeldande reglar kan ikkje skolar for funksjonshemma krevje skolepengar frå elevane. I 2008 er satsen for særleg ressurskrevjande elevar 384 318 kroner per elev, medan satsen for nokså ressurskrevjande elevar er 238 166 kroner per elev. Det krevst ikkje at arten eller graden av funksjonshemming blir dokumentert. Det er skolane sjølv som vurderer kva hjelpebehov elevane har. Riksrevisjonen påpeiker i rapport datert 12. april 2005 om Revisjon av tilskudd til frittstående skoler at departementet ikkje har etablert kriterium for å skilje mellom dei to særskilde tilskotssatsane for ressurskrevjande elevar. Riksrevisjonen peiker på at det er stor differanse mellom dei to tilskotssatsane, og at departementet har overlete ansvaret for å vurdere den enkelte eleven i spørsmålet om kva sats som skal brukast til skolane. Riksrevisjonen peiker på at tilskotssatsen for nokså ressurskrevjande elevar er vesentleg høgare enn tilskotssatsane for funksjonsfriske elevar. Tilskotsgrunnlaget per elev i private grunnskolar er om lag 50 000 kroner for skolar med 41 til 200 elevar, medan tilskotsgrunnlaget per elev i vidaregåande opplæring varierer frå om lag 90 000 kroner på Allmenne, økonomiske og administrative fag, til om lag 152 000 kroner på Naturbruk. Skolane får 85 % av tilskotsgrunnlaget per elev.
Etter den tidlegare privatskolelova av 1985 hadde skolane for funksjonshemma krav på dekning av driftsutgifter, eksklusive husleigeutgifter. Etter søknad kunne skolane i tillegg få dekt investeringsutgifter, under dette utgifter til husleige. I samband med behandlinga av Ot.prp. nr. 33 (2002-2003) om lov om frittståande skolar, jf. Innst. O. nr. 80 (2002-2003), vart føresegna i den tidlegare privatskolelova frå 1985 om dekning av driftsutgifter ført vidare, medan føresegnene om at skolane etter søknad kunne få statstilskot til investeringsutgifter, ikkje vart førte vidare. Tilskotet til dekning av husleigeutgifter for skolane for funksjonshemma er likevel ført vidare på tilskotsnivået for 2003. Dette tilskotet er ulikt fordelt mellom skolane.
9.3 Høringa
9.3.1 Høringsforslaget frå departementet
I høringsnotatet frå departementet vart det vist til spørjeundersøkinga og rapporten om dei 10 eksisterande skolane, frå Econ Pöyry, som vart utarbeidd i 2008 etter oppdrag frå departementet (Rapport 2008-095. Dei særskilde skolane for funksjonshemma: Spørreundersøkelse).
Rapporten omtaler mellom anna samansetjinga av elevmassen ved skolane, praksis for inntak, opplæringstilbod, sluttkompetanse, og kva del av elevane som fullfører. I høringsnotatet vart konklusjonane på desse punkta i rapporten oppsummerte slik:
«Om elevene
Hovedtyngden av opplæringa på de særskilte skolene for funksjonshemmede ligger på videregående nivå.
På videregående trinn er det flest elever i aldersgruppen 16-19 år og over 30 år. De fleste skolene har en klar overvekt av unge elever (16-19 år). Det er primært Krokeide videregående skole som har elever over 30 år. Østerbo videregående skole har en stor andel av elever mellom 25 og 29 år.
Elevene ved skolene har et bredt spekter av funksjonshemminger og øvrige tilstander. De fleste skolene har elever med psykiske og sosiale funksjonshemminger. Et lite antall av skolene har elever med fysiske funksjonshemminger, som bevegelseshemminger, hørsels- eller synshemminger. En del av skolene har elever med andre tilstander eller problemer som ADHD, epilepsi, adferdsvansker eller rusproblemer. Ingen av skolene har klar overvekt av én type funksjonshemmede elever framfor andre, med unntak av Soon Sjøskole som primært har elever med ulike former for lærevansker. Alle skolene (med unntak av Soon Sjøskole) har i undersøkelsen oppgitt at de fleste av elevene har to eller flere funksjonshemminger.
Det er samlet sett en litt større andel gutter enn jenter ved skolene. Det er forholdsvis jevn spredning av gutter og jenter på de fleste skolene. Unntakene er Østerbo videregående skole og Krokeide videregående skole med henholdsvis 80 prosent og 66 prosent gutter.
Inntaksbestemmelser og praksis ved skolene
Skolene skal følge reglene om inntak i privatskoleloven § 3-1, herunder ha et inntaksreglement, jf. bestemmelsens tredje ledd. Praksis for alle de 10 skolene er at inntak skjer på grunnlag av direkte søknader til skolene. De fleste skolene oppgir at elevene også blir henvist til skolene. De henvisende instansene er som oftest rehabiliteringstjenesten, utrednings- og behandlingssteder, spesialisthelsetjenesten innenfor rusbehandling og psykiatri, NAV, ungdomsskoler og barnevern. Opplysningene i rapporten indikerer at det ikke er noen systematikk når det gjelder hvilke elever som henvises fra hvilken instans.
Skolenes opplæringstilbud og elevenes sluttkompetanse
Det er fire skoler som tilbyr opplæring på grunnskolenivå:
Steinerskolene, som alle har et godkjent faglig pedagogisk alternativ med vekt på kunstneriske og praktiske fag på alle trinn.
Soon Sjøskole, som er en alternativ maritim ungdomsskole.
De skolene som tilbyr opplæring på videregående nivå har svært ulik opplæring.
Skolene der elevene går opp til eksamen har gjennomgående høy prosentandel med elever som består. Elever som ikke går opp til eksamen får individuell vurdering gjennom kompetansebevis.
Så godt som alle skolene oppgir i undersøkelsen at en høy andel av elevene fullfører det påbegynte skoleåret. En tilsvarende høy andel av elevene fullfører også sin opplæring ved den skolen de har begynt på.»
I høringsnotatet presiserte departementet at norsk offentleg skole - som det klare utgangspunktet - skal vere for alle. Departementet peikte i den samanheng på at å etablere eigne skolar for elevar med forskjellige diagnosar ikkje harmonerer med målsetjinga om god integrering. Dei eksisterande 10 skolane for funksjonshemma har etter departementet si oppfatning preg av å vere spesialskolar. Departementet gav uttrykk for eit ønske om sterk satsing på den offentlege skolen, og om at inkluderande opplæring skal vere hovudregelen.
Departementet viste til at den statlege finansieringsordninga for dei 10 skolane for funksjonshemma i dag, samanhalden med det tilbodet desse skolane gir, gjer desse skolane til ei særskild gruppe privatskolar i høve til andre skolar godkjende på andre grunnlag i privatskolelova, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd. Den største delen av elevane ved skolar for funksjonshemma har rett til grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring etter opplæringslova, under dette rett til spesialundervisning når vilkåra for det er oppfylte. Dette inneber at elevane ved dei særskilde skolane for funksjonshemma - også utan dei tilboda som blir gitt ved desse skolane - i høg grad har lovfesta rett til individuelt tilpassa tilbod i den offentlege skolen eller ved privatskole godkjend på andre grunnlag etter privatskolelova § 2-1 andre ledd. Finansieringssystemet med to faste satsar er ikkje tilpassa til dagens krav om individuell vurdering av elevane og til individuell tilpassing av opplæringa til elevar som har behov for spesialundervisning. Satsane for tilskot per elev er forholdsvis høge. Graden av funksjonshemmingar og tilstandar elles varierer mellom elevane, og det er ein veikskap at skolane sjølv har fått ansvaret for å vurdere kvar enkelt elev med tanke på kva sats som skal leggjast til grunn. Dette har også Riksrevisjonen peikt på, jf. omtalen ovanfor. På denne bakgrunn foreslo departementet i høringsnotatet at det skal innførast kriterium for å skilje mellom dei to særskilde tilskotssatsane for ressurskrevjande elevar. Innføring av slike kriterium er i samsvar med merknader frå Riksrevisjonen, jf. ovanfor. Departementet bad om synspunkt frå høringsinstansane på korleis slike kriterium mest formålstenleg kunne formast ut. Departementet gav uttrykk for at kriterium for å skilje mellom dei to særskilde tilskotssatsene bør givast i forskrift. Departementet foreslo derfor å endre § 6-1 fjerde ledd i lova ved å tilføye eit nytt andre punktum om at departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei særskilde skolane for funksjonshemma. Det vart vidare vist til at det mellom anna på grunnlag av innspel frå høringsinstansane ville bli sett i gang arbeid med å utarbeide formålstenlege forskrifter.
I høringsnotatet viste departementet til at det kan vere formålstenleg å opne for at desse skolane i særskilde tilfelle kan få høve til å krevje inn skolepengar, og foreslo å endre § 6-2 i lova, slik at det blir gitt heimel for at skolane etter søknad kan få dispensasjon til å krevje inn skolepengar. Departementet presiserte at dispensasjon til å krevje inn skolepengar berre kan givast i heilt spesielle tilfelle og etter konkret vurdering.
Sidan eigne privatskolar for funksjonshemma ikkje er i samsvar med sentrale målsetjingar om god integrering og ein skole for alle, la departementet fram forslag om at privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav f) blir endra slik at det ikkje lenger er heimel for å godkjenne nye, særskilde skolar for funksjonshemma. Det vart vist til at dette er ei vidareføring av gjeldande rett, idet privatskolelova § 8-1 første ledd etter lovendring, i kraft 1. juli 2007, slår fast at det ikkje er heimel for å godkjenne nye særskilde skolar for funksjonshemma før 1. juli 2009.
Forslaga i høringsnotatet var som det følgjer av dette:
å innføre heimel for etter søknad å gi dispensasjon til å krevje inn skolepengar
å innføre heimel for å gi forskrift om tilskotsordninga for dei særskilde skolane for funksjonshemma
å fjerne heimelen for å godkjenne nye skolar for funksjonshemma.
9.3.2 Synspunkta frå høringsinstansane
Av høringsinstansane har 16 gitt realitetsfråsegner om dei ulike endringsforslaga som gjeld private skolar for funksjonshemma. I tillegg er det fem instansar som ikkje har merknader til forslaget.
Elevorganisasjonen meiner at det er den offentlege fellesskolen som best kan sikre prinsippet om likeverdig utdanning for alle. Organisasjonen meiner at det på sikt må vere ei målsetjing å inkludere alle tilbod som er moglege i den offentlege skolen, men understrekar samtidig betydninga av sikker og trygg finansiering av tilboda.
Norges Handikapforbund (NHF) er samd i departementet si vurdering om at den norske skolen skal vere for alle, og at etablering av eigne skolar for elevar med forskjellige diagnosar ikkje harmonerer med målsetjinga om inkludering.
Fellesorganisasjonen (FO) støttar departementet sine vurderingar om den plass dei private skolane har i det norske utdanningssystemet. FO vil at den offentlege skolen skal vere for alle, og at det generelt sett skal vere så få spesialskolar som mogleg knytte til den grunnleggjande opplæringa.
Unge funksjonshemma meiner det er positivt at departementet gir klare signal om at det skal fokuserast på ein inkluderande skole, og at ein dermed ønskjer å gå bort frå at det skal opprettast skolar som gir preg av å vere spesialskolar. Det same synspunktet gir Vestfold fylkeskommune uttrykk for.
Norske fag- og friskolers landsforbund (NFFL) meiner at skolane er viktige, fordi skoleslaget må sjåast i nær samanheng med dei reformer som er under utvikling innan helsesektoren, der prinsippa om hjelp til sjølvhjelp og aktiv rehabilitering er viktige.
Kristne friskolers forbund (KFF) meiner at departementet i arbeidet med denne lovgivinga ikkje har lagt tilstrekkeleg vekt på alle dei positive utsegnene om skolane og arbeidet deira. KFF meiner forslaga ikkje i tilstrekkeleg grad tek vare på høvet til å føre vidare dei gode erfaringane med arbeidet i slike skolar.
Utdanningsforbundet understrekar at dei private skolane for funksjonshemma gir gode og viktige tilbod til funksjonshemma elevar som dei ikkje kan få andre stader. Forbundet er tilfreds med at det er lagt opp til at desse skolane skal vere sikra vidare godkjenning og finansiering.
Forslaget frå departementet om å innføre heimel for å krevje skolepengar i særskilde tilfelle, får ikkje støtte frå dei høringsinstansane som har uttalt seg om det. Dei skolane som har uttalt seg, Aglo videregåande skole, Østerbo videregåande skole, Seierborg videregåande skole og Øvrebø videregåande skole, viser til at dei har elevar med dårleg betalingsevne, og at det i realiteten ville vere ulike delar av hjelpeapparatet, for eksempel NAV, som i tilfelle må betale skolepengane.
Ni av høringsinstansane: Steinerskoleforbundet, Kristne Friskolers Forbund, Fellesorganisasjonen, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Østerbo videregåande skole, Aglo videregåande skole, Seierborg videregåande skole, Øvrebø videregåande skole og Krokeide videregående skole, har uttalt seg om forslaget om å lovfeste heimel for departementet for å gi forskrift om tilskotsordninga for private skolar for funksjonshemma. Somme av høringsinstansane påpeiker at beskrivinga i høringsnotatet om korleis tildelinga av dei to ulike tilskotssatsene skjer, ikkje er korrekt. Høringsinstansene gir uttrykk for at skolane sjølv ikkje kan velje kva tilskotssats dei skal ha for elevane, og at dei har same tilskotssats for alle elevane ved ein skole.
Åtte av desse høringsinstansane støttar forslaget frå departementet om forskriftsheimel, og kjem med innspel til kva kriterium dei meiner vil vere relevante når det gjeld bruken av dei to tilskotssatsane.
Somme av høringsinstansane, m.a. Aglo videregåande skole, Østerbo videregåande skole, Seierborg videregåande skole og Øvrebø videregåande skole foreslår at det blir sett ned ei arbeidsgruppe for å utforme kriterium for tilskotsordninga.
Steinerskoleforbundet er mellom dei som ser positivt på forslaget om forskriftsheimel. Forbundet viser likevel til at den noverande ordninga med tilskot fungerer godt i praksis. Forbundet uttaler mellom anna:
«En funksjonshemmet elev med f. eks. Downs syndrom vil ha samme funksjonshemming år etter år, da vil vår nåværende tilskuddsordning nettopp gi en forutsigbarhet og langsiktig garanti. Ved enkeltvedtak om elevinntak, bygd på dokumentasjon om psykisk funksjonshemming, vil eleven ha en langsiktig garanti om ressurs i en viss nivå-sone. Dette fungerer i praksis fordi den høyeste tilskuddsatsen er en erfaringsbasert gjennomsnittssats.»
KFF er ikkje samd i forslaget om forskriftsheimel for tilskotsordninga. KFF uttaler mellom anna:
«Skolene er jo allerede inndelt i grupper og må forholde seg til disse. De skolene som har nokså ressurskrevende elever må ta opp elever som minst svarer til et nivå som forsvarer en gruppedeling i 8-grupper eller et snitt av elever med spes. ped tilskudd minst på nivå med forskjellen på tilsvarende normalsats for det utdanningsprogrammet eleven går på og tilskuddet pr. elev til skolen. Hvis skolen skal ta inn tyngre elever enn dette, må kommunen eleven kommer fra skaffe ekstra spes. ped tilskudd.»
Fleirtalet av dei høringsinstansane som har uttalt seg om forslaget om at det ikkje skal vere heimel for å godkjenne nye private skolar for funksjonshemma, støttar ikkje forslaget. Steinerskoleforbundet uttaler m.a.:
«Vi mener at departementet har oversett de særskilt tilrettelagte skolenes samfunnsmessige betydning på det konkrete plan og skolenes prinsipielle betydning i forhold til funksjonshemmedes rett til valg av skole i fremtiden.»
Østerbo videregående skole meiner det er viktig for å sikre eksistensen av skolane at det blir gitt høve til driftsendringar, eksempelvis elevtalsutvidingar. Dette er eit syn Aglo og Øvrebø videregående skoler og KFF også gir uttrykk for.
Seiersborg videregående skole meiner det bør kunne godkjennast nye skolar, men at departementet gjerne må ha ein restriktiv praksis for godkjenninga.
KFF har dette forslaget:
«KFF foreslår at nye skoler for funksjonshemmede, pkt f, bør gis anledning til godkjenning dersom skolene i tillegg til punkt f oppfyller også enten punkt a eller pkt b. Vi mener dette innebærer en harmonisering med andre skoleslag og det vil gi disse elevene, som trenger mye tilrettelagt opplæring og disse skolenes spesielle kompetanse, mulighet til å søke seg inn på en tilsvarende privatskole fundert på de grunnleggende menneskerettskonvensjoner. KFF foreslår altså et tillegg til punkt f: særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma, såfremt skolen og drivast på religiøst grunnlag eller på grunnlag av ein anerkjend pedagogisk retning.»
NFH uttaler at det er glad for forslaget om at det ikkje skal godkjennast nye skolar. Utdanningsforbundet og Norsk forbund for utviklingshemma støttar også forslaget.
Somme av høringsinstansane gir uttrykk for at det er uheldig at departementet ikkje har valt å vente på vurderingane frå Midtlyngutvalet når det gjeld forslaga om dei private skolane for funksjonshemma. Steinerskoleforbundet uttaler mellom anna:
«Vi har bl.a. merket oss at hovedintensjonen med utvalgets arbeid er å legge frem konkrete forslag til bedre organisering av effektiv ressursbruk for en fremtidig helhetlig tiltakskjede for barn, unge og voksne med behov for spesialpedagogisk støtte.»
9.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet har merka seg at fire av dei ti skolane som har godkjenning etter privatskolelova § 2-1 første ledd bokstav f), har uttalt seg i høringa. Dei fire skolane sluttar seg ikkje til forslaget om å innføre heimel for å krevje skolepengar. Dei andre seks skolane som er godkjende til å gi «særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma», har ikkje gitt høringsfråsegn.
Som omtalt i høringsnotatet kunne skolane, etter privatskolelova av 1985, søkje om å få dekt investeringsutgifter, deriblant husleigeutgifter. Denne føresegna vart ikkje ført vidare i samband med behandlinga av Ot.prp. nr. 33, (2002-2003), jf. Innst. O. nr. 80 (2002-2003). Tilskot til dekning av husleigeutgifter for skolane for funksjonshemma er likevel ført vidare på tilskotsnivået for 2003. Dette tilskotet er ulikt fordelt mellom skolane. Departementet meiner at manglande dekning av husleigeutgifter kan vere ein særskild grunn til å krevje skolepengar. Departementet held fast ved forslaget i høringsnotatet, men presiserer at hovudregelen skal vere at det ikkje krevst skolepengar ved skolar godkjende etter § 2-1 bokstav f) i privatskolelova. Det er understreka at forslaget ikkje betyr at skolane må krevje skolepengar, men at den foreslåtte heimelen gir høve til å krevje skolepengar i særskilde tilfelle, dersom det skulle vere behov for det. Eventuell dispensasjon for å krevje skolepengar vil bli gitt etter konkret, skjønnsmessig vurdering. Departementet foreslår å endre lova slik at private skolar for funksjonshemma i særskilde tilfelle kan få dispensasjon til å krevje skolepengar.
Departementet viser til at fleirtalet av dei høringsinstansane som har uttalt seg, er positive til forslaget om forskriftsheimel for tilskotsordninga. Gjennom høringa har departementet registrert at enkelte meiner det er behov for rettleiing om bruken av dei to tilskotssatsane. Det er teke sikte på å klargjere dette i det vidare forskriftsarbeidet. Dei innspela som har komme fram i høringa, vil departementet også ta med inn i det vidare arbeidet med forskrift. Departementet har merka seg ønsket frå somme av høringsinstansane om å opprette ei arbeidsgruppe for å utforme kriteria for tilskotsordninga. Departementet foreslår å innføre ein forskriftsheimel i lova for å gi nærmare føresegner om tilskotsordninga for private skolar for funksjonshemma.
Departementet har merka seg at fleirtalet av dei høringsinstansane som har uttalt seg til forslaget om at det ikkje skal kunne godkjennast nye skolar, er negative til forslaget. Fleire viser til det desse skolane har å seie for dei aktuelle elevgruppene. Departementet meiner at dei 10 skolane som har godkjenning til å gi « særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma» gir eit opplæringstilbod som i høg grad tek hand om behova hos dei elevene som blir tekne inn i skolane. Etter å ha vurdert forslaget om ikkje å godkjenne nye skolar etter § 2-1 bokstav f) i lova, i lys av merknadene frå høringa, foreslår departementet at privatskolelova framleis skal ha heimel for å godkjenne nye private skolar for funksjonshemma. Det vil ikkje vere rett til slik godkjenning. Ein søknad om godkjenning vil eventuelt bli innvilga etter ei skjønnsmessig vurdering. Departementet viser i denne samanheng til merknadene til § 2-1 første ledd i lova, slik dei er gitt i Ot.prp. nr. 37 (2006-2007). Det vil også vidare vere høve til å godkjenne driftsendringar i form av til dømes å utvide elevtalet og å endre utdanningsprogram. Skolar godkjende etter § 2-1 bokstav f) kan dermed søkje om slike driftsendringar. Også slike søknader vil bli vurdert konkret. Det er ikkje nokon rett til å få godkjent driftsendringar.
Til dei merknadene som har komme i høringa om at departementet burde avvente vurderingane frå det såkalla Midtlyngutvalet, vil departementet vise til at private skolar for funksjonshemma ikkje ligg innanfor kjerneområdet i mandatet for utvalet. Skulle det likevel vise seg at vurderingar frå utvalet tilseier at føresegner som gjeld private skolar for funksjonshemma bør følgjast opp, vil departementet komme tilbake til dette.