12 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga
Forslaget om å lovfeste plikt til tidleg innsats i norsk eller samisk og matematikk på 1.-4. årstrinn
Etter departementet si vurdering er tidleg innsats lønnsamt både for samfunnet og for den enkelte. Ein konsekvens av plikt til tidleg innsats er den generelle samfunnsnytten ved at fleire enn i dag vil forbetre sine grunnleggjande dugleikar tidleg i grunnopplæringa. Dei vil dermed få eit betre grunnlag for å gjennomføre høgare utdanning. Ein annan mogleg verknad er at ved at dei grunnleggjande dugleikane blir styrkte innanfor grunnopplæringa, kan det heilskaplege behovet for spesialundervisning innanfor grunnopplæringa bli redusert.
Plikta til tidleg innsats i norsk og samisk og i matematikk dei fire skoleåra, med krav om særleg høg lærartettleik, utløyser eit utvida behov for lærarar. Kostnadene ved innføring av plikta for kommunane frå 1. august 2009, med verknad frå skoleåret 2009/2010, skal, som beskrive i St.prp. nr. 1 (2008-2009) finansierast ved at 430 mill. kroner av dei frie inntektene til kommunane, som blir frigjorde som følgje av at utskiftinga av nye læremiddel tilpassa Kunnskapsløftet er gjennomført, blir førte vidare i kommuneramma til bruk for dette tiltaket i 2009, ut frå fastsett kostnadsnøkkel. Det vil vere opp til skoleeigarane å fordele midlane internt i kommunen. Frå 2010 vil det bli kompensert for heilårsverknad.
For private grunnskolar med rett til statstilskot krev innføring av plikt til tidleg innsats eit heva tilskot. Auken i dei kommunenale rammene for å dekkje plikta til tidleg innsats i offentleg grunnskoleopplæring vil på lengre sikt gi ein tilsvarande forholdsmessig auke i tilskotet til privatskolane. På denne måten vil det etter ei bestemt tid vere økonomisk grunnlag for å innføre plikt til tidleg innsats i privatskolelova. Ut frå tilskotssystemet i dag vil privatskolane vere kompenserte frå hausten 2011. Departementet foreslår derfor å innføre ei tilsvarande pliktføresegn i privatskolelova, med ikraftsetjing 1. august 2011.
I statsbudsjettet er det lagt inn kompensasjon til statlege skolar (Samisk skole i midt-Noreg) og skolen i Longyearbyen på Svalbard for å innføre plikt i samsvar med høringsforslaget. Dette er det teke omsyn til i St.prp. nr. 1 (2008-2009).
Departementet vil følgje opp tiltaket ved å undersøkje lærartettleiken på 1.-4. trinn hausten 2009 gjennom tilgjengeleg statistikk. Gjennom tilgjengeleg informasjon i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet kan departementet også vurdere om tiltaket har verknad for læringsutbyttet hos elevane.
Forslaget om å endre føresegna om organisering av elevane i grupper
Det er allereie i dag eit lovkrav at organiseringa skal ta omsyn til behovet for sosialt tilhør hos elevane. Skal skolen ta hand om dette kravet, må elevane gruppeorganiserast på ein måte som tek vare på deira behov for sosialt tilhør. Innføringa av dei nye omgrepa klasse og basisgruppe i lova, har difor ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. På denne bakgrunn legg departementet til grunn at lovendringa ikkje vil få vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar utover det som følgjer av gjeldande rett, noko som også har god forankring i høringa.
Forslaget om å lovfeste plikt til å utarbeide årleg rapport om tilstanden innanfor grunnopplæringa
Forslaget legg opp til at skoleeigarane skal kunne nytte data som blir gjorde tilgjengelege i eigna form på udir.no/skoleporten når dei utarbeider den årlege tilstandsrapporten for grunnopplæringa. Av den grunn, og med vekt på at offentlege og private skoleeigarar allereie etter gjeldande rett har lovfesta plikt til å ha eit forsvarleg system for å følgje opp lovverket og resultatet av nasjonale kvalitetsvurderingar, legg departementet til grunn at det ikkje vil vere vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar knytte til lovforslaget.
Forslaget om å presisere rett for minoritetsspråklege elevar til utvida opplæringstid i vidaregåande opplæring
Forslaget om å endre opplæringslova § 3-1 femte ledd, slik at ho får ei tilvising til opplæringslova § 3-12, er ei klargjering av ei plikt fylkeskommunen har i dag. Av den grunn vil forslaget etter departementet si vurdering ikkje leggje nye økonomiske eller administrative plikter på fylkeskommunen.
Forslaget om å presisere plikta til å kartleggje dugleiken i norsk hos minoritetsspråklege elevar
Kommunen og fylkeskommunen har allereie i dag plikt til å kartleggje norskdugleiken hos elevane før det det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Plikta er formulert i forarbeida til opplæringslova og privatskolelova. I tillegg følgjer plikta etter føresetnadene av forvaltningslova § 17 om utgreiingsplikta til forvaltningsorganet og av § 25 i forvaltningslova om kravet til grunngiving av enkeltvedtak. Presisering av denne plikta til kartlegging, i opplæringslova § 2-8 og § 3-12 og privatskolelova § 3-5, medfører derfor ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunen eller fylkeskommunen.
Forslaget om å presisere plikta til foreldresamarbeid i grunnskole og vidaregåande opplæring
Lovendringsforslaget er ei presisering av innhaldet i den plikta til foreldresamarbeid som allereie følgjer av opplæringslova og tilhørande forskrift. Formålsføresegna i opplæringslova § 1-1 og prinsippdelen av læreplanverket uttrykkjer denne plikta, og den er vidare presisert i forskrifta til opplæringslova, sjå omtalen i pkt. 7.2 ovanfor. Forslaget vil understreke den eksisterande plikta kommunar og fylkeskommunar har til foreldresamarbeid, under dette plikta som gjeld for vidaregåande opplæring.
På denne bakgrunn er lovendringsforslaget ikkje vurdert til å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunen eller fylkeskommunen.
Forslaget om å lovfeste rett og plikt til fysisk aktivitet i grunnskoleopplæringa
I statsbudsjettet for 2009 er det løyvt 49 mill. kroner til å leggje inn to veketimar à 60 minutt til fysisk aktivitet på barnetrinnet, jf. Innst. S. nr. 12 (2008-2009) og St.prp. nr. 1 (2008-2009). Av dette er 47,7 mill. kroner lagde inn i rammetilskotet til kommunane, og 0,7 mill. kroner blir løyvde til private skolar med rett til statstilskot. Det er teke budsjettmessig omsyn til overføringane til Longyearbyen skole på Svalbard. Kostnaden per time til fysisk aktivitet er utrekna på grunnlag av den gjennomsnittlege lærarlønna utan leseplikt, dvs. på same vilkår som kommunalt tilsette. Det er også lagt på 15 % til dekning av administrative kostnader ved ordninga.
Forslaget om å endre føresegnene som gjeld private skolar for funksjonshemma
Ingen av forslaga vil ha vesentlege økonomiske eller administrative kostnader. Departementet vil måtte komme tilbake til vurderinga av økonomiske og administrative konsekvensar når forskrifta om kriterium for tilskotsordninga skal utformast. Forslaget om at departementet framleis kan godkjenne skolar heimla i § 2-1 bokstav f) i lova, inneber at desse skolane vil bli behandla på same måten som andre skolar som søkjer om godkjenning etter bokstavane a) til e). Når ein skole blir godkjend etter privatskolelova, utløyser det rett til statstilskot. Ved å opne for godkjenning blir rettstilstanden slik han var før det vart lovfesta mellombels stopp i høvet til å godkjenne private skolar for funksjonshemma. Departementet viser til at det ikkje er søknader om skolar for funksjonshemma som no ligg til behandling i Utdanningsdirektoratet. På grunn av den fristen som er sett for søknader om godkjenning av nye privatskolar, vil ingen søknad om godkjenning av privat skole for funksjonshemma bli behandla før forskrifta om kriterium for tilskotsordninga er vedteken.
Forslaget om å lovfeste rett til refusjon av kostnader knytte til opplæring i helseinstitusjonar
Det er føresett at forslaget til lovendring skal liggje innanfor uendra økonomiske rammer, noko som også følgjer av at forslaget berre inneber omfordeling av dei utgiftene fylkeskommunane bruker på opplæring i dei aktuelle helseinstitusjonane. Forslaget om at institusjonsfylket kan krevje å få dekt opplæringskostnader for pasientar frå andre fylkeskommunar medfører derfor ingen endringar i dei samla utgiftene til opplæring i helseinstitusjonar.
Den fylkeskommunen som etter lovforslaget får rett til refusjon av utgifter til opplæring av pasientar frå andre fylkeskommunar, vil også få det administrative arbeidet med å krevje refusjonen. Etter departementet si vurdering vil ei rimelegare fordeling av kostnadene langt meir enn oppvege det administrative arbeidet med innkrevjing av refusjonen. Dessutan vil innkrevjinga av refusjonen byggje på eit enkelt system med refusjon etter få, faste satsar. Dette vil ikkje skape dei same administrative problema som eit system som byggjer på oppgjer med varierande beløp i kvart enkelt tilfelle. Departementet meiner derfor at forslaget ikkje vil medføre særlege administrative konsekvensar.