13 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
13.1 Endringar i opplæringslova
Til § 1-3 ny overskrift og nytt andre ledd
Overskrifta er endra for å synleggjere plikta til tidleg innsats på 1.-4. årstrinn.
Andre ledd er ei konkretisering av den generelle plikta til tilpassa opplæring som er regulert i første ledd. Første ledd er ei generell føresegn om plikta til tilpassa opplæring for alle elevar, medan føresegna i andre ledd lovfestar plikt til tilrettelegging i form av tidleg innsats for elevar på 1.-4. årstrinn i faga norsk eller samisk og matematikk. Innsatsen skal rettast mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning. Innføringa av plikta etter andre ledd endrar ikkje innhaldet i den eksisterande plikta til tilpassa opplæring etter første ledd, og skal såleis ikkje tolkast eller brukast som noka innskrenking av første ledd.
Den nye føresegna i andre ledd gir ikkje elevar nokon individuelle rettar. Det skal ikkje gjerast enkeltvedtak etter denne føresegna. Formålet med plikta til tidleg innsats er å styrkje dei grunnleggjande dugleikane i lesing og rekning, jf. kompetansemåla i lærerplanen. I faga norsk og samisk gjeld plikta der eleven får si grunnleggjande leseopplæring, dvs. i norsk eller i samisk som førstespråk. For elevar med samisk som førstespråk må såleis plikta når det gjeld leseopplæringa gjennomførast på samisk. Både norsk eller samisk, og matematikk skal vere omfatta. Fordelinga mellom faga må vedtakast lokalt etter konkret vurdering og kartlegging av behova hos elevane.
At innsatsen skal vere «særleg retta mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning», betyr at desse elevane er målgruppa for dei tiltaka som blir sette i verk. Det er ingenting i vegen for at også andre elevar oppnår større læring som direkte eller indirekte konsekvens av konkrete tiltak, all den tid tiltaka er særleg retta mot elevar med svak dugleik, med målet om å forbetre dei grunnleggjande dugleikane. Oppfølginga av fagleg sterke elevar skal som tidlegare gjerast gjennom oppfølging av den generelle føresegna om tilpassa opplæring i første ledd. Denne plikta er ikkje endra ved innføringa av prinsippet om tidleg innsats på 1.-4. årstrinn i norsk eller samisk og matematikk.
For å oppfylle plikta til tidleg innsats i form av målretta og tilpassa opplæring for å heve grunnleggjande dugleikar, er det viktig å kjenne til dugleikane og kunnskapsnivået hos elevane. Saman med leiinga på skolane bør skoleeigarane identifisere elevgrupper med svake dugleikar i lesing og rekning. Informasjon innhenta ved elevvurdering, kartleggingsprøver og anna kartleggingsmateriell vil vere til hjelp i dette arbeidet. Kommunane må sørgje for å ha tilstrekkeleg kunnskap og informasjon om dugleiken og kunnskapsnivået hos elevane til å kunne målrette tiltaka for elevar med svak dugleik i lesing og rekning. Kor «svake ferdigheter» som utløyser plikta, må ein avgjere ut frå ei skjønnsmessig vurdering av dugleiksnivået hos elevane og på bakgrunn av målsetjinga om å lyfte nivået generelt når det gjeld lesing og rekning. Terskelen for å setje i verk særlege tiltak etter denne føresegna for konkrete elevgrupper skal likevel ikkje vere høg.
Plikta til tidleg innsats etter andre ledd skal m.a. innebere «særleg høg lærartettleik». I dette ligg ei plikt til å sørgje for ein lærartettleik på desse trinna i dei aktuelle faga, slik at elevane får ein ekstra innsats i opplæringa av grunnleggjande dugleikar. Akkurat kor høg lærartettleiken skal vere, konkret, følgjer ikkje av lova. Føresegna fungerer som rettsleg standard.
Den tilpassa opplæringa skal «mellom anna» innebere særleg høg lærartettleik. I dette ligg at for å oppfylle plikta må ein vurdere å setje i verk både utvida lærartettleik og andre tiltak. Som ved all tilpassa opplæring vil det vere skoleeigaren som skal vurdere og vedta det nærmare innhaldet, ut frå det behovet som ligg føre. Det kan vere fleire lærarar i den ordinære opplæringa til å hjelpe dei som treng det, individuell oppfølging eller særlege kurs/grupper med spesielle opplegg. Føresegna i opplæringslova § 8-2 om inndeling i grupper blir ikkje endra ved innføringa av føresegna om tidleg innsats. Plikta i føresegna krev at ein bruker målretta tiltak for å betre dugleikane i lesing og rekning. Dette inneber også at dei ekstra lærarressursane som blir sette inn, med fordel kan vere lærarar med særleg kompetanse innan lese- og rekneopplæring. I tillegg kan det vere formålstenleg å vurdere spesialisert fagpersonell med slik kompetanse, f.eks. logopedar eller spesialpedagogisk personale. For skoleeigarane vil det i alle fall vere ei særleg oppgåve å innrette og gjennomføre opplæringa slik at formålet om betre dugleik i lesing og rekning blir oppfylt. Målsetjinga er å få flest mogleg til å nå kompetansemåla i norsk eller samisk og matematikk, og at dei elevene som har dei svakaste grunnleggjande dugleikane, får eit fagleg lyft.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 2.4.
Til § 2-3 tredje ledd
Lovendringa inneber at det blir lovfesta heimel for departementet til å gi forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag. Aktivitetane vil vere ein del av den lovfesta retten og plikta til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 8.4.
Til § 2-3 fjerde ledd
Endringa er ein konsekvens av at tidlegare § 1-3 vart flytta til ny § 1-5 ved ei endring opplæringslova som var sett i kraft 1. august 2008. Ved ein inkurie vart ikkje dette samstundes følgd opp med ei endring i tilvisinga i denne paragrafen. Departementet foreslår at dette blir retta.
Til § 2-8 nytt fjerde ledd
Nytt fjerde ledd presiserer den plikt kommunen har til å kartleggje dugleiken i norsk hos minoritetsspråklege elevar før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring etter lovføresegna. Plikta følgjer i dag av forarbeida til § 2-8, og følgjer av reglane om saksførebuing i forvaltningslova.
Føresegna presiserer at det også skal gjennomførast kartlegging av norskdugleiken hos elevane undervegs i opplæringsløpet for elevar som får særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den ordinære undervisninga når dugleiken tilseier det, i samsvar med intensjonen i lova. Kor lang tid det må gå mellom kvar kartlegging, må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.
Kartlegginga er ikkje å sjå som enkeltvedtak, men som ei absolutt plikt før det blir gjort vedtak som gjeld retten til særskild språkopplæring. Manglande kartlegging vil innebere ein feil ved saksbehandlinga.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 6.4.
Til § 2-12
Lovendringane i § 1-3 og § 2-3 skal gjelde for private grunnskolar utan rett til statstilskot, godkjende etter opplæringslova § 2-12. Opplæringslova § 2-12 viser i dag til både § 1-3 og 2-3, noko som gjer at det ikkje er påkravd å endre føresegna.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 2.4 og kapittel 8.4.
Til § 3-1 femte ledd
Tilføyinga i andre punktum er gjord for å presisere og klargjere at det er sikta til vedtaket om utvida opplæringstid etter femte ledd. Endringa inneber inga realitetsendring.
Endringa i tredje punktum inneber ei presisering av at retten til utvida opplæringstid gjeld elevar som får særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12. Endringa presiserer at retten til inntil to år ekstra vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege elevar i offentleg skole no er utleidd av føresegna om særskild språkopplæring, ikkje av retten til spesialundervisning, slik tilfellet var før 1. august 2008. Den ekstra opplæringstida kjem i tillegg til dei tre åra eleven har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 første ledd.
Retten til utvida tid til vidaregåande opplæring inneber heiltids opplæring i inntil to år ekstra. Før fylkeskommunen gjer vedtak om utvida tid etter føresegna, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av kva behov eleven har for meir tid i vidaregåande opplæring. Det følgjer av opplæringslova § 5-6 at det er pedagogisk-psykologisk teneste som skal sørgje for den sakkunige vurderinga. Det er ikkje eit vilkår at eleven har komme til Noreg seint i skoleløpet for å få rett til inntil to år ekstra tid i vidaregåande opplæring; det konkrete behovet for utvida tid eleven har, er avgjerande.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 5.4.
Til § 3-4 andre ledd
Merknadene til opplæringslova § 2-3 fjerde ledd gjeld tilsvarande.
Til § 3-12 nytt fjerde ledd
Nytt fjerde ledd presiserer fylkeskommunens plikt til å kartleggje den språklege dugleiken i norsk hos minoritetsspråklege elevar før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring etter lovføresegna. Denne plikta følgjer av lovforarbeida og reglane i forvaltningslova om saksførebuing til enkeltvedtak. Kartlegginga skal vise om eleven treng særskild norskopplæring og har behov for morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.
Føresegna presiserer at det også skal gjennomførast kartlegging av norskdugleiken hos elevane undervegs i opplæringsløpet for elevar som får særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den ordinære undervisninga når dugleiken tilseier det, i samsvar med intensjonen i lova. Kor lang tid det må gå mellom kvar kartlegging av elevar som får særskild språkopplæring, må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.
Kartlegginga er ikkje å sjå som enkeltvedtak, men som ei absolutt plikt før det blir gjort vedtak som gjeld retten til særskild språkopplæring. Manglande kartlegging vil innebere ein feil ved saksbehandlinga.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 6.4.
Til § 4A-2 tredje ledd
Endringa er av rettsteknisk art og medfører inga realitetsendring. Departementet foreslår at tilvisinga til eit ikkje eksisterande tredje ledd i § 5-1 blir erstatta med korrekt tilvising til § 5-1 andre ledd.
Til § 4A-6
Merknadene til opplæringslova § 2-3 fjerde ledd gjeld tilsvarande.
Til § 4A-12
Plikt til tidleg innsats som blir foreslått lovfesta i nytt andre ledd i § 1-3 gjeld ikkje for opplæring etter kapittel 4A. Dette krev presisering i denne paragrafen.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 2.4.
Til § 8-2
Endringane presiserer at i opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta behovet deira for sosialt tilhør. Så mykje av opplæringa må gå føre seg i klassen eller basisgruppa at elevane sitt grunnleggjande behov for sosialt tilhør kan bli vareteke her. Kontaktlæraransvaret er blitt kopla direkte til klassen og basisgruppa, og dei elevane som er der. Det vil også vere tillate å la fleire kontaktlærarar dele kontaktlæraransvaret for klassen/basisgruppa mellom seg. Dette føreset at ansvarsforholda mellom dei er klargjort, særleg ansvaret for den enkelte eleven. Elles blir rammene som følgde av den tidlegare lovføresegna, førte vidare, under dette høvet til organisatorisk differensiering og alle sider av kravet om det forsvarlege.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 3.4.
Til § 13- 3a nytt andre og tredje ledd
Forslaget inneber at fylkeskommunen der helseinstitusjonen ligg, får rett til refusjon av utgifter til opplæring av barn og unge frå fylkeskommunen der pasienten er busett på det tidspunktet da pasienten blir innlagd. Refusjonsretten er avgrensa til å gjelde utgifter knytte til opplæring av pasientar i institusjonar som tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling for rusmiddelavhengige og pasientar i institusjonar innan psykisk helsevern.
Forslaget medfører ingen endringar i institusjonsfylket sitt heilskaplege ansvar (det faglege, juridiske og økonomiske) for å oppfylle pasientrettane etter opplæringslova.
Departementet viser elles tilvurderingane i kapittel 10.4.
Til ny § 13-3d
Lovforslaget inneber ei presisering av gjeldande plikt til foreldresamarbeid for offentlege skoleeigarar. Plikta gjeld for både kommunen og fylkeskommunen. Oppmodingsvedtaket i Stortinget rettar seg mot foreldresamarbeidet i vidaregåande opplæring, men departementet meiner det må presiserast ei tilsvarande plikt for heile den offentlege grunnopplæringa. I lovforslaget er det gitt éi føring for det nærmare innhaldet i foreldresamarbeidet, nemleg at det må takast omsyn til lokale forhold i organiseringa av samarbeidet. Det er ikkje med dette meininga å opne for endringar i samarbeidsorgana for grunnskolen med heimel i opplæringslova kapittel 11. Føringa er først og fremst teken inn for å understreke at det må takast omsyn til lokale forhold når foreldresamarbeidet skal organiserast på vidaregåande opplæringsnivå. Elles er det opp til dei involverte partane, skoleeigaren på den eine sida og foreldra på den andre, korleis dette samarbeidet nærmare skal organiserast. I grunnskolen kan eit slikt foreldresamarbeid m.a. skje gjennom foreldreråda, jf. opplæringslova § 11-4. I vidaregåande opplæring er ikkje foreldreråd eit lovfesta brukarorgan ved skolane. Fylkeskommunane må derfor organisere samarbeidet med foreldra på annan måte, for å vareta lokale forhold. I lovforslaget er departementet gitt høve til å gi nærmare forskrifter på området.
§ 13-3d er generelt utforma og gjeld for grunnskolen og vidaregåande opplæring, også der vidaregåande opplæring skjer i bedrift. I denne samanheng viser departementet også til den nye formålsføresegna i opplæringslova § 1-1 første ledd. Her heiter det «Opplæringa i skole og lærebedrift skal, [...] gi elevane og lærlingane [...].
Føresegna må tolkast utvidande, slik at ho også omfattar elevar som ikkje bur saman med foreldra - i fosterheim, på internat osv. Ho skal m.a.o. tolkast som eit krav om samarbeid med føresette.
Departementet understrekar at plikta til å sørgje for foreldresamarbeid ligg til skoleeigaren, ikkje foreldra. Men det er føresetnaden at foreldra tek aktivt del i det foreldresamarbeidet som skoleeigaren er forplikta til å sørgje for.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 7.4.
Til § 13-10 andre ledd
Nytt tredje punktum fastslår at offentlege skoleeigarar som ein del av oppfølgingsansvaret som følgjer av andre ledd skal utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i verksemda innanfor grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Opplæring etter opplæringsloven kapittel 4A er omfatta av plikta og rapporten skal dermed også omfatte tilstanden innanfor opplæringa av vaksne når skoleeigaren gir slik opplæring. Den nye setninga presiserer ein del av det heilskaplege ansvaret for oppfølging som ligg i dette leddet frå før. Plikta til å utarbeide årleg tilstandsrapport endrar ikkje innhaldet i det heilskaplege ansvaret elles som følgjer av leddet, og oppfølging av plikta til å utarbeide tilstandsrapport vil ikkje aleine vere nok til å oppfylle det ansvaret som følgjer av opplæringslova § 13-10 andre ledd.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 4.4.
13.2 Endringar i privatskolelova
Til § 2-3 andre ledd
Lovendringane inneber at departementet kan gi forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag. Aktivitetane vil vere opplæring og vere del av den lovfesta retten og plikta til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 8.4.
Til § 3-4
Merknadene til opplæringslova § 8-2 gjeld tilsvarande.
Til ny § 3-4a
Første ledd fører vidare tidlegare § 3-4 første ledd om plikta til tilpassa opplæring i all opplæring som blir gitt med heimel i privatskolelova. Føresegna er flytt for å lyfte fram det generelle prinsippet om tilpassa opplæring, og for å synleggjere den nære samanhengen mellom dette prinsippet og plikta til tidleg innsats på 1.-4. årstrinn.
Andre ledd er nytt og inneber plikt for private skolar til tidleg innsats. Departementet viser til at merknadene til opplæringslova § 1-3 nytt andre ledd gjeld tilsvarande for andre leddet.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 2.4.
Til § 3-5 fjerde ledd
Nytt fjerde ledd presiserer den plikt kommunen og fylkeskommunen har til å kartleggje den dugleiken minoritetsspråklege elevar har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring etter lovføresegna. Denne plikta følgjer av reglane om saksførebuing for enkeltvedtak i forvaltningslova.
Føresegna presiserer at det også skal gjennomførast kartlegging av norskdugleiken hos elevane undervegs i opplæringsløpet for elevar som får særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal sikre at dei elevane som får særskild språkopplæring, får realisert overgangen til den ordinære undervisninga når dugleiken tilseier det, i tråd med intensjonen i lova. Kor lang tid det må gå mellom kvar kartlegging av elevar som får særskild språkopplæring, må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.
Kartlegginga er ikkje å sjå som eit enkeltvedtak, men som ei absolutt plikt før det blir gjort vedtak som gjeld retten til særskild språkopplæring. Manglande kartlegging vil innebere ein feil ved saksbehandlinga.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 6.4.
Til § 5-2 tredje ledd
Nytt tredje punktum fastslår at private skoleeigarar, som ein del av oppfølgingsansvaret, skal utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i verksemda innanfor grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den nye setninga presiserer ein del av det heilskaplege ansvaret for oppfølging som ligg i dette leddet frå før. I denne samanheng er det å seie at plikta til å utarbeide årleg tilstandsrapport ikkje endrar innhaldet i det heilskaplege ansvaret elles som følgjer av leddet, og at oppfølging av plikta til tilstandsrapport ikkje aleine vil vere nok til å oppfylle det ansvaret som følgjer av opplæringslova § 5-2 tredje ledd.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 4.4.
Til § 6-1 fjerde ledd nytt andre punktum
Føresegna gir departementet heimel for å gi forskrift om tilskotsordninga for skolar som er godkjende etter § 2-1 bokstav f).
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 9.4.
Til § 6-2 nytt andre ledd
Føresegna inneber at skolar som er godkjende etter § 2-1 bokstav f) i lova, etter søknad til departementet kan få dispensasjon til å krevje inn skolepengar. Ei konkret, skjønnsmessig vurdering vil liggje til grunn for vedtak om dispensasjon. Føresegna inneber ikkje krav om at skolane skal krevje skolepengar, men gir høve til det i særskilde tilfelle.
Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 9.4.
13.3 Endringar i endringslov til forvaltningslovgivningen mv.
Merknad til romartal III om endringar i lov 9. januar 2009 nr. 4 om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen)
Til gjennomføring av forvaltningsreforma vart det 18. desember 2008 vedteke ny § 13-3c i opplæringslova. Ved ein inkurie vart føresegna vedteken på bokmål. Departementet foreslår føresegna endra til nynorsk, som er målforma i opplæringslova. Dette er ei endring av rettsteknisk karakter, og inneber inga realitetsendring i lovforslaget som vart vedteke 18. desember 2008. Departementet viser til Innst. O. nr. 30 (2008-2009) og Ot.prp. nr. 10 (2008-2009).
13.4 Iverksetjing
Merknad til romartal IV om iverksetjing
Departementet tek sikte på at lovendringane i opplæringslova og privatskolelova blir sette i kraft 1. august 2009. Dette gjeld ikkje forslaget om å lovfeste plikt for private skolar med rett til statleg tilskot til tidleg innsats i norsk eller samisk og matematikk på 1. til 4. årstrinn. Denne lovendringa tek departementet sikte på at skal ta til å gjelde 1. august 2011. Departementet foreslår at forslaget om endringar i endringslov til forvaltningslovgivningen mv. trer i kraft straks.