Ot.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Til innhaldsliste

10 Svalbard

10.1 Bruk av lova på Svalbard

10.1.1 Krisesentertilbod på Svalbard

I dag er det ikkje eit krisesentertilbod på Svalbard, men valdsutsette kan kontakte politiet, kyrkja eller Longyearbyen lokalstyre, som administrerer barnevernet og familievernkontoret i Longyearbyen. Busette på Svalbard kan også vende seg til krisesenter på fastlandet. Sjølv om befolkninga på Svalbard totalt sett er lita, rundt rekna 2500 personar, reknar departementet med at behovet for eit krisesentertilbod relativt sett ikkje er mindre på øygruppa enn på fastlandet. Dei som bur på Svalbard, er i ein spesiell situasjon ved at dei bur i eit lite og etter måten isolert samfunn, der svært mange manglar dei vanlege nettverka sine. Sysselmannen på Svalbard viser til at politiet sidan 2005 har registrert om lag 25 familiesaker av ein slik art at det kunne ha vore behov for eit eller anna slags krisesentertilbod. I dei siste par åra har politiet vidare vore involvert i seks tilfelle der det har vore behov for eit mellombels butilbod.

Det følgjer av Svalbardlova § 2 at offentlegrettsleg lovgiving ikkje gjeld for Svalbard, med mindre anna er fastsett. 1 I familievernkontorlova og barnevernlova er det gjennom forskrift bestemt at lovene også gjeld på Svalbard. Departementet meiner at det bør opnast for eit tilsvarande høve i denne lova. På grunn av fleire særeigne forhold vil det vere vanskeleg å gjennomføre lova slik ho er skissert i lovforslaget. Ei eiga tilpassing til forholda på Svalbard gjennom forskrift blir halde for å vere mest tenleg.

10.1.2 Synspunkt frå høyringsinstansane

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget, heller ikkje Longyearbyen lokalstyre og Sysselmannen på Svalbard. Longyearbyen lokalstyre uttaler:

«Longyearbyen lokalstyre vurderer forslaget om lovfesting av krisesentertilbudet som nødvendig (...). Longyearbyen ligner mer og mer på et fastlandssamfunn og det innebærer at det også er behov for et krisesentertilbud her.»

Sysselmannen på Svalbard ser ingen prinsipielle grunnar til at eit krisesentertilbod ikkje skal lovfestast også på Svalbard:

«Den politiske målsettingen om å opprettholde Longyearbyen som et familiesamfunn taler tvert imot for dette. I tråd med at det nå vurderes mest mulig lik beskatning av alle på Svalbard, er det naturlig at det offentlige tjenestetilbudet gjøres tilgjengelig for alle på øygruppa. Dette innebærer i så fall at det må vurderes hvordan et krisesentertilbud skal gjøres tilgjengelig for den russiske bosetningen i Barentsburg, og hvem som skal stå ansvarlig for tilbudet. Tilsvarende vil gjelde for bosetningen i Ny-Ålesund, selv om behovet der antakelig vil være atskillig mindre fordi samfunnet er lite og ikke tilrettelagt for familier.»

10.1.3 Vurdering og forslag frå departementet si side

Departementet føreslår ein forskriftsheimel for Kongen til å gjere lova gjeldande på Svalbard. Korleis tilbodet eventuelt skal utformast og dimensjonerast, må vurderast nærmare i samarbeid med Sysselmannen på Svalbard, Longyearbyen lokalstyre og fastlandskommunar som til dømes Tromsø.

Forslaget er nedfelt i § 11.

Fotnotar

1.

Jf. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (Svalbardlova)

Til forsida