Ot.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Til innhaldsliste

7 Kvalitet i tilbodet til enkelte brukargrupper

7.1 Barn

7.1.1 Barn som brukarar

Frå det første krisesenteret starta opp har barn budd saman med mor på krisesenter, men barn har ikkje alltid vore rekna som ei eiga brukargruppe med eigne problem og behov.

Det er om lag 1400 barn som bur på eit krisesenter gjennom eit år, og over halvparten av desse barna er under skulealder. 1

Utgangspunktet er at den føresette, vanlegvis mor, har omsorg for barnet under opphaldet. Barneverntenesta kan derfor ikkje med heimel i barnevernlova plassere eit barn på eit krisesenter åleine. Dette følgjer av at krisesenter ikkje er omfatta av kapittel 5 i barnevernlova om institusjonar, og derfor ikkje utgjer eit aktuelt plasseringsalternativ etter barnevernlova. Krisesentra har verken kompetanse eller myndigheit til å ta på seg omsorgsansvaret for barn i foreldra sin stad. Barn som kjem åleine til krisesentra, skal som hovudregel visast til barnevernet. Berre unntaksvis tek krisesentra imot barn under 18 år som ikkje er i følgje med mora eller ein annan omsorgsperson.

Departementet ønskte å tydeleggjere at krisesentertilbodet først og fremst rettar seg mot valdsutsette vaksne, og at det ikkje kan fungere som ei erstatning for plassering i institusjon etter barnevernlova. På bakgrunn av dette valde ein formuleringa «medfølgjande barn» i høyringsnotatet.

Synspunkt frå høyringsinstansane

Somme høyringsinstansar kritiserer at det i høyringsnotatet ikkje er gjort nærmare greie for statusen til barn.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) meiner at barn som bur på eit krisesenter, bør få ein klarare status:

«Den foreslåtte lovteksten når det gjelder barn på krisesentrene synes noe uklar. NKVTS går inn for et sterkere fokus på barna som selvstendige individer og som en egen brukergruppe med samme rettigheter til støtte og hjelp som de voksenpersonene de kommer sammen med. Det gjelder både under oppholdet på senteret og i oppfølgingsfasen.»

Redd Barna peikar på at barn som opplever vald i familien, sjølve er utsette for vald, og meiner at det er uheldig at § 1 i lovforslaget skil mellom «personar utsette for vald» og «medfølgjande barn».

Også Barneombodet er kritisk til omgrepet «medfølgjande barn»:

«Ombudet tror det kan være hensiktsmessig å la være å bruke ordet medfølgende for å vise at barn på lik linje med voksne har egne behov og rettigheter. Fokuset på barns behov for oppfølging på krisesenter vil på denne måten tydeliggjøres.»

Vurderingar og forslag frå departementet si side

Trass i ein stadig aukande aksept for at barn er personar med eigne rettar, viser forsking at barn som opplever vald i nære relasjonar, ofte ikkje blir sedde. 2 Kvinnevaldsutvalet understreka behovet for å fokusere spesielt på barn i familiar med valdsproblematikk. Departementet har derfor valt å ta inn eit eige kapittel om barn i proposisjonen, og viser dessutan til § 3 i lovforslaget, der det blir gjort klart at barn skal takast vare på på ein god måte og få dei rettane dei har etter anna regelverk.

Departementet vil understreke at barn er sjølvstendige rettssubjekt med eigne rettar og behov. Nemninga «medfølgjande» blei brukt i høyringsforslaget for å understreke at krisesentertilbodet ikkje er eit tilbod som vender seg til barn utan omsorgspersonar. Barn utan omsorg er først og fremst barnevernet sitt ansvar. Departementet er likevel samd med høyringsinstansane i at «medfølgjande» kan vere ei uheldig nemning som gir inntrykk av at barn ikkje har ein sjølvstendig rett til vern mot vald og overgrep, inkludert det å oppleve vald og overgrep i familien. Departementet har derfor i det lovforslaget som no blir fremja, føreslått at § 1 presiserer at krisesentertilbodet skal rette seg mot «kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar». 3

7.1.2 Kvalitet i tilbodet til barna

Lovforslaget slår fast at kommunen skal sørgje for eit tilbod av god kvalitet, og ta vare på barn på ein god måte. Når det gjeld korleis ein skal ta godt vare på barna, blir det understreka at god kvalitet her må sjåast i lys av dei rettane barn har etter gjeldande regelverk, mellom anna barnekonvensjonen. Barn som bur mellombels på eit krisesenter, har dei same rettane og behova som alle andre barn. I ein slik situasjon vil det ofte krevje særskild tilrettelegging om barna skal få dekt grunnleggjande behov, som behov for omsorg, utdanning, stimulering, leik og aktivitetar.

Barn som oppheld seg på eit krisesenter eller tilsvarande har behov for eigne leike- og aktivitetsrom og trygge uteareal. I tillegg bør det finnast eit eigna rom der ein kan ta imot besøk av venner, så sant tryggleiksforholda tillet det. Det at faste rutinar som barnehage, skule og fritidsaktivitetar blir førte vidare så framt det er mogleg, kan vere viktig for mange. 4

Etter opplæringslova § 2-1 har barn og unge plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring. Dersom situasjonen tilseier at barna ikkje kan nytte det ordinære skuletilbodet, må det leggjast til rette for alternative løysingar. Barn som har behov for transport til skule eller barnehage på grunn av tryggleikssituasjonen, eller som har lang reiseveg, bør derfor få tilbod om skuleskyss. 5 Samtidig er det nødvendig at barn får tilbod om fritidsaktivitetar, og at det blir lagt til rette for at barn kan få leike. Å få gjennomført dette vil i mange tilfelle krevje assistanse frå tilsette ved krisesentertilbodet.

I tillegg kan barn som bur på eit krisesenter, ha behov for å arbeide seg igjennom traumatiske erfaringer. Utgreiingar viser at barn som lever i familiar der det blir utøvd vald, har behov for ein fristad der dei kan utvikle seg og få tankane bort frå den valden dei har opplevd. Barn som er eksponerte for vald, kan ha behov for eit samtaletilbod. Dette behovet stiller krav til innsikt om barns vilkår og røyndom både hos føresette og hos medarbeidarar ved eit krisesenter/butilbod. Det krev også kunnskap om rettar i forhold til barnevernet og andre delar av hjelpe-, kontroll- og rettsapparatet, i tillegg til fagleg innsikt i meistrings- og overlevingsstrategiar hos barn.

Gjennom prosjektet «Barn som lever med vold i familien», som blir gjennomført av Alternativ til Vold og Senter for Krisepsykologi i Bergen, er det utvikla rettleiingsmateriell spesielt retta mot krisesentra. Det består av «Samtaleguide til barn på krisesentrene», ein film som illustrerer det å snakke med barn, og ei høgtlesingsbok om vald, som skal lesast for barn.

Kva tiltak og aktivitetar som bør setjast i verk overfor barn i konkrete situasjonar, er avhengig av alderen til barnet og kva omsorgssituasjonen barnet er i. Oppfølging av barn bør helst skje i regi av føresette, i samarbeid med krisesentertilbodet og andre relevante instansar. Krisesentertilbodet skal ikkje overta ansvaret til dei føresette eller oppgåvene til barnefaglege instansar som til dømes barnevernet eller BUP. Det må i staden skapast faglege nettverk og samarbeidsordningar mellom eit krisesentertilbod og instansar som arbeider med barn og føresette i skule, barnehage, helsetenesta, sosialtenesta, barneverntenesta o.a. Mange av dei eksisterande sentra har utvikla fleire og betre tiltak retta mot barn i dei siste åra. 6

Ei ordning med eigne barneansvarlege ved krisesenter/butilbod blir vurdert å vere ei god organisatorisk løysing for å styrkje tilbodet til barn. Dei tilsette som har ansvar for kontakten med og tilbodet til barna på senteret, har også ansvar for kontakt og samarbeid med aktuelle hjelpetenester. I samråd med omsorgspersonen til barnet, vanlegvis mor, kan dei mellom anna ved behov vise til behandling utanfor krisesenteret.

I denne samanhengen kan det nemnast at det kan eksistere praktiske problem når det gjeld retten til behandling for barn. Etter pasientrettslova skal begge foreldra som har foreldreansvar, gi samtykke til helsehjelp dersom barnet er under 16 år. Samtykkespørsmålet er drøfta i NOU 2008: 9 Med barnet i fokus. Departementet arbeider med endringar i barnelova. I denne samanheng vurderer ein endringar når det gjeld samtykke til helsehjelp frå begge foreldra.

Synspunkt frå høyringsinstansane

Mange av høyringsinstansane er opptekne av at barn som bur på krisesenter, må få eit godt tilbod. Dei understrekar kor viktig det er at barna blir tekne godt vare på, og at krisesentertilbodet må tilpassast barna sine behov. Dei høyringsinstansane som er kritiske til høyringsforslaget når det gjeld barn, meiner at lovutkastet gir rom for mykje skjønn, og fleire etterlyser klarare retningslinjer. Redd Barna uttaler såleis:

«Redd Barna mener at minimumsrettigheter for barn burde vært inkludert i lovteksten. Dette bør blant annet omfatte retten til skolegang, fritid og samvær med venner (en normalisert hverdag). Også retten til å bo i et miljø som er barnevennlig og retten til helsetjenester kunne med fordel vært ivaretatt i lovteksten.»

Barneombodet etterlyser også minimumskrav:

«Ombudet mener det er problematisk at det ikke gis detaljerte anvisninger om hvordan barn skal ivaretas, og mener det blir for tilfeldig dersom kommunene selv skal definere hva som ligger i dette. Det er viktig at det ikke foreligger variasjoner i landet for hvilken ivaretakelse barn på krisesentrene får.»

Vidare meiner barneombodet at det bør vere minst éin barneansvarleg ved kvart krisesenter, og at barnefagleg tilsette bør ha minst treårig høgskuleutdanning med relevant fagkombinasjon.

Mange kommunar understrekar også kor viktig det er at barna blir tekne godt vare på. Trondheim og Stavanger peikar spesielt på at barn på krisesenter må få hjelp til å vidareføre vande strukturar i kvardagen.

Krisesentersekretariatet understrekar særleg kor viktig det er med kunnskap om vald og overgrep mot barn:

«Vår holdning til dette spørsmålet er at kompetansen om vold og overgrep og konsekvensene av dette må økes i alle instanser i hjelpeapparatet som skal ivareta barns behov.»

Vurderingar og forslag frå departementet si side

Departementet er samd med høyringsinstansane i at det er viktig at tilbodet til barn blir så likeverdig som råd er i ulike delar av landet. Når det gjeld å forskriftsregulere krav til kvalitet i tilbodet til barn, meiner departementet at dette ikkje er tenleg. Årsaka er at behova hos ulike barn vil variere mykje, det er nok å peike på ulikskapar ut frå alder og omsorgssituasjon.

Departementet meiner at det blir teke godt nok omsyn til barna sine behov i samband med eit opphald på eit krisesenter på andre måtar. For det første blir det føreslått teke inn ei presisering i § 3 om at å ta vare på barn på ein god måte inneber å sørgje for at ein tek omsyn til barn sine rettar etter anna lovgiving under opphald på eit krisesenter. Dette inneber at tilbodet bør tilpassast dei særlege behova barn har for omsorg, støtte, leik og utfalding. 7 For det andre føreslår departementet at det blir teke inn i § 3 i lovforslaget at tilbodet i størst mogleg grad skal vere individuelt tilpassa. For det tredje blir det føreslått ein forskriftsheimel om krav til kompetanse generelt. Dette opnar for at det eventuelt kan stillast krav til barnefagleg kompetanse ved eit krisesentertilbod. Tilsette med barnefagleg kompetanse vil ha gode føresetnader for å vurdere dei konkrete behova barna måtte ha, og ein må også kunne gå ut frå at dei har kjennskap til relevant regelverk om barn og til andre hjelpetilbod til barn, og slik sett kan medverke til eit godt og effektivt samarbeid med andre instansar.

Departementet viser elles til at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har ansvar for eit regionalt pilotprosjekt for utprøving av samarbeidsmodellar og rutinar mellom krisesenter, barnevernet og familievernet for å styrkje den barnefaglege kompetansen ved krisesentra. Dette prosjektet gir tilrådde løysingar for tilbodet til barn og forslag til gode og tenlege samarbeidsløysingar i hjelpeapparatet. Arbeidet er gjort tilgjengeleg gjennom ei elektronisk handbok.

Regjeringa har nyleg sett ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis ein betre kan samordne tenester for utsette barn og unge. Utvalet skal særleg greie ut korleis dei kommunale tenestene kan organiserast meir systematisk, og korleis ein kan få til eit meir forpliktande samarbeid mellom kommunale tenester. Utvalet skal også sjå på korleis samarbeidet kan betrast mellom kommunale og statlege tenester som gir hjelp til utsette barn og unge. Utvalet skal leggje fram si utgreiing innan utgangen av 2009. Denne utgreiinga vil truleg også få verknader for barn og føresette som er brukarar av krisesentertilbodet.

7.1.3 Opplysningsplikt til barnevernet

Offentlege styresmakter har opplysningsplikt til barneverntenesta etter barnevernlova § 6-4, mens opplysningsplikta til medarbeidarar ved private krisesenter er heimla i barnevernlova § 6-4a. Opplysningsplikta går føre teieplikta. Med desse føresegnene har lovgivaren signalisert at omsynet til vern av barnet veg tyngre enn det tillitsbrotet ei slik opplysningsplikt kan innebere overfor barnet sine føresette.

Opplysningsplikta trer i kraft når det er grunn til å tru at barn blir mishandla i heimen, at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller at barnet har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre det som står i barnevernlova, pliktar offentlege styresmakter å gi slike opplysningar vidare dersom dei nemnde vilkåra ligg føre. Det følgjer direkte av ordlyden i § 6-4 at organisasjonar og private som utfører oppgåver for kommunane, er likestilte med offentlege styresmakter.

Opplysningsplikta til barnevernet er også nedfelt i særlover, som familievernlova og helsepersonellova. Dette er grunngitt med pedagogiske omsyn. Departementet har derfor valt å flytte den gjeldande føresegna frå barnevernlova og over i krisesenterlova. Denne føresegna er utforma som § 6 i lovforslaget, og samtidig blir det føreslått at føresegna i barnevernlova § 6-4a blir oppheva.

Synspunkt frå høyringsinstansane

Somme høyringsinstansar har peika på at dei ønskjer å innskjerpe opplysningsplikta til barnevernet for tilsette ved krisesenter og ved tilsvarande tilbod. Dette blir særleg grunngitt med den situasjonen som oppstår når mor tek med seg barna og flyttar tilbake til valdsutøvaren. I 2007 flytta 26 prosent av dei bebuarane på krisesentra som hadde barn, tilbake til overgriparen.

Redd Barna kan stå som representant for dette synet:

«Krisesentres opplysningsplikt til barnevernet er lovfestet, men Redd Barna vil understreke at i de situasjoner der mor flytter tilbake til voldsutøvende ektefelle/samboer, bør dette rutinemessig meldes til barnevernet av hensyn til barnas helse og sikkerhet.»

Vurderingar og forslag frå departementet si side

Departementet er samd med høyringsinstansane i at det er viktig at krisesentra oppfyller den opplysningsplikta dei er pålagde. Denne plikta vil omfatte tilfelle der barnet flyttar heim saman med mor, og der det er grunn til å tru at barnet kjem til å bli utsett for vald. Plikta dekkjer også tilfelle der barnet ikkje er direkte utsett sjølv, men blir eksponert for vald på andre måtar gjennom til dømes å vere vitne til, sjå eller høyre valdsepisodar mellom foreldra. 8 Departementet vil understreke kor viktig det er at ein ikkje er tilbakehalden med å melde frå til barnevernet, sjølv om ei slik melding kan resultere i at barneverntenesta reiser sak om omsorgsovertaking. Barnevernlova er bygd opp slik at hjelpetiltak skal vere vurderte og ha vist seg nyttelause, eller vere prøvde, før ein kan gjere vedtak om omsorgsovertaking. Der tilsette på krisesenteret ottast for omsorgssituasjonen til barnet når familien flyttar heim, men vurderer det slik at situasjonen ikkje utløyser opplysningsplikt, bør ein alltid oppmode forelderen om å ta kontakt med barnevernet for å få hjelp i form av frivillige tiltak.

Departementet ser det slik at ei automatisk meldeplikt til barnevernet i tilfelle der ein familie flyttar tilbake til ein person som har utøvd vald, vil kunne omfatte tilfelle som i dag ikkje fell inn under meldeplikta. Ei skjerpa meldeplikt vil innebere ein risiko for at fleire kvinner vil vegre seg for å ta kontakt med eit krisetilbod av frykt for å misse omsorga for barna. Departementet fryktar derfor at ein konsekvens kan vere at færre familiar søkjer hjelp, og at valden dermed held fram med stadig alvorlegare følgjer for barna.

Departementet vurderer det slik at det gjeldande regelverket, i kombinasjon med oppmodingar til brukarane om å samarbeide med barnevernet, i tilstrekkeleg grad dekkjer behovet for å verne barn mot vald og overgrep, samtidig som ein sikrar at krisesentra nyt tillit hos potensielle brukarar. Departementet meiner derfor at det ikkje er behov for å utvide opplysningsplikta.

Departementet vil likevel understreke at det er viktig at dei tilsette har god kunnskap om opplysningsplikta, og at opplysningsplikta blir følgd opp. Rundskrivet Barnevernet og taushetsplikten, opplysningsretten og opplysningsplikten gir her god rettleiing. 9 Departementet vil også peike på at formuleringa «grunn til å tru», som er knytt til opplysningsplikta, er eit vilkår som ikkje krev noka form for dokumentasjon. Det er barneverntenesta, og ikkje tilsette ved krisetilboda, som skal undersøkje om det er grunnlag for tiltak i det enkelte tilfellet.

7.2 Brukarar med etnisk minoritetsbakgrunn

7.2.1 Tilrettelegging av tilbodet og tolketenester

Brukarar med etnisk minoritetsbakgrunn er ei samansett gruppe som omfattar kvinner, menn og barn med bakgrunn frå ulike samfunn, med ulike tradisjonar, språk og religiøse og sosiale praksisar. Etter norsk regelverk er det ikkje lov å registrere personar ut frå etnisitet. Det finst derfor inga nøyaktig oversikt over den etniske bakgrunnen til krisesenterbrukarane. Nokre brukarar er samar eller nasjonale minoritetar som til dømes kvener og rom. Andre kan ha komme til Noreg gjennom familiesamanføring, arbeidsinnvandring eller som flyktningar. Fleire kan vere fødde og ha vakse opp i Noreg, mens andre nyleg har komme hit til landet.

Fleirtalet av dei som i dag er bebuarar på krisesenter, har etnisk minoritetsbakgrunn. Prosentdelen har vore aukande i dei siste åra. Majoriteten er utsett for vald frå noverande eller tidlegare ektemake/sambuar. Evalueringar viser at krisesentra blir oppfatta som eit viktig og velfungerande tilbod til kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn som har eit akutt behov for eit trygt butilbod i ein mellombels fase. 10

Evalueringar viser også at mange kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn har eit større behov enn gjennomsnittskvinna med etnisk norsk bakgrunn for tilrettelagd informasjon om det norske samfunnet og om eigne rettar og plikter, for praktisk hjelp med sikte på å manøvrere i samfunnet, for følgje til hjelpeapparatet og for støtte til å etablere sosiale nettverk. Fleire krisesenter har derfor sett i verk eigne tiltak for brukarar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Ei stor utfordring er at ein aukande del av denne brukargruppa ikkje meistrar norsk språk godt nok. 11 God kommunikasjon kan vere avgjerande for om ein får rett hjelp. Det er derfor utslagsgivande at brukarar som har behov for tolk, får tilgang til tolketenester. Særleg viktig er det at eit lågterskeltilbod har tolk tilgjengeleg, for kommunikasjon ved hjelp av tolk på eit tidleg tidspunkt inneber at ein raskare finn gode hjelpetilbod og løysingar. Dette er også kostnadseffektivt på litt lengre sikt. Den europeiske menneskerettskonvensjonen og Nordisk språkkonvensjon fastslår den grunnleggjande retten personar har til å bli høyrde og til å ta imot informasjon og rettleiing.

Departementet føreslår at kommunen skal sørgje for at brukarar får tilgang til kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for at vedkommande skal få utbyte av krisesentertilbodet. Tilgang til tolk må sjåast som ein del av den individuelle tilrettelegginga, og er teke inn som tredje ledd i § 3 i lovforslaget. Departementet føreslår vidare at kommunen skal ha rutinar for kvalitetssikring, bestilling og betaling av tolketenester.

Statistikken viser vidare at kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn i gjennomsnitt bur lenger på krisesentra enn etnisk norske kvinner - i mangel på alternative butilbod. Å finne eit meir varig butilbod har særleg vore ei utfordring når det gjeld brukarar utsette for menneskehandel og barna deira. 12 Eit krisesenter eller eit tilsvarande butilbod høver ikkje som bustad over lengre tid. Departementet legg derfor til grunn at kommunane vil leggje til rette for at valdsutsette får hjelp til å skaffe seg husvære, der dette er det som hindrar reetablering, jf. kommunane sitt ansvar etter sosialtenestelova, og § 4 i lovforslaget om samordning av tenester.

I samband med gjennomføringa av «Handlingsplan mot menneskehandel (2006-2009)» og «Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008-2011)» blir det vurdert ulike løysingar for å etablere alternative butilbod til personar utsette for tvangsekteskap og menneskehandel. Når det gjeld butilbod til unge over 18 år som er utsette for eller blir truga med tvangsekteskap, eksisterer det i tillegg til krisesentra per i dag til saman ti kriseleilegheiter i fire bykommunar, og dessutan eit bukollektiv med fem plassar. Ein arbeider med å etablere ytterlegare tjue plassar for denne gruppa. For personar utsette for menneskehandel er det etablert ei bueining med fem plassar. Dette er butilbod som det er viktig å sjå i samanheng med krisesentertilbodet. Likevel meiner departementet at desse tilboda ikkje kan erstatte kommunane sitt ansvar for å sørgje for eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn utsette for tvangsekteskap og menneskehandel. Dei spesialiserte butilboda erstattar ikkje, men kjem i tillegg til krisesentertilbodet.

7.2.2 Synspunkt frå høyringsinstansane

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om tolketenester, støttar i all hovudsak forslaget. Tolketenester blir rekna som ein viktig del av kvalitetssikringa av tilbodet for denne målgruppa. Dei som oppfattar det slik, er krisesentra, paraplyorganisasjonane deira og andre høyringsinstansar som har vald og etniske minoritetar som arbeidsfelt. Dei fleste kommunane som har uttalt seg om tolketenester, støttar også forslaget, men ser med uro på kostnadene.

Fleire høyringsinstansar etterlyser ei presisering av når kommunen skal sørgje for tolketenester. Ein del høyringsinstansar viser til at det kan vere vanskeleg å sørgje for kvalifiserte tolketenester somme stader i Noreg. Mange peikar på at spesielt tolking over telefon kan vere problematisk. Norsk Sykepleierforbund viser til at det er stor mangel på slike tolkar, og at tilgangen er geografisk ujamnt fordelt. Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM) meiner at det er allment kjent at tolketilbodet rundt om i norske kommunar ofte er svært tilfeldig.

Somme høyringsinstansar etterlyser også ei nærmare presisering av korleis tilbodet best kan leggjast til rette for brukarar med etnisk minoritetsbakgrunn. KIM uttaler såleis:

«KIM etterlyser en beskrivelse av tilbud om hjelp for særlig utsatte brukergrupper som et eget punkt i loven. Det er alminnelig kjent at [det] i mange minoritetsmiljøer eksisterer en dyp skepsis og mistillit til det offentlige hjelpeapparatet. En viktig årsak er manglende felles forståelse av situasjonen, som igjen kan være forårsaket av manglende og dårlig informasjon og kommunikasjon. KIM etterlyser en beskrivelse av måter å informere på overfor særlig utsatte brukergrupper som et eget punkt i loven. Eventuelt må informasjonsmåter og tilbud til særlig utsatte brukergrupper presiseres og utdypes bedre i en forskrift.»

MiRA - Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner viser til korleis det er i England, og føreslår at det blir oppretta eigne krisesenter for minoritetskvinner der dei tilsette har den nødvendige språk-, religions- og kulturforståinga som skal til for å gi eit heilskapleg tilbod til minoritetskvinner utsette for vald i nære relasjonar.

7.2.3 Vurdering og forslag frå departementet si side

Krisesentertilbodet skal i størst mogleg grad leggjast til rette for å møte behova hos brukarane, jf. § 3 i lovforslaget. Kvinner, menn og barn med etnisk minoritetsbakgrunn er inga einsarta gruppe og vil ha ulike behov. Dette tilseier at tiltak også for denne gruppa må leggjast til rette individuelt.

Personar med etnisk minoritetsbakgrunn skal ikkje diskriminerast. 13 For dei mange brukarane som ikkje kan norsk godt nok, er tolketeneste avgjerande for at dei skal få eit godt og likeverdig tilbod. § 3 tredje ledd i lovforslaget pålegg derfor kommunane ei plikt til å sørgje for tolketeneste der dette er nødvendig for at ein brukar skal få eit fullgodt tilbod.

Når det gjeld tilgangen på kvalifiserte tolkar i ulike delar av landet, vil departementet peike på at Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er det nasjonale fagorganet når det gjeld tolking i offentleg sektor. Det nasjonale fagorganet arbeider med å drive fram tiltak som betrar kvaliteten på tolkinga i offentleg sektor. Nasjonalt tolkeregister gir oversikt over kvalifikasjonane til praktiserande tolkar og skal sikre tilgang på kvalifiserte tolkar. 14

Kommunen sitt ansvar for å hjelpe vanskelegstilte med å skaffe husvære følgjer av sosialtenestelova. Informasjons- og rettleiingsplikta som følgjer av forvaltningslova og kommunelova, føreset at kommunen utarbeider informasjon som er tilrettelagd for alle innbyggjarane i kommunen. Departementet held derfor fast ved forslaget om at det ikkje skal takast inn ei eiga føresegn om informasjons- og rettleiingsplikt i krisesenterlova.

7.3 Brukarar med nedsett funksjonsevne

7.3.1 Vurdering av krav til universell utforming og tilrettelegging av tilbodet

Nedsett funksjonsevne oppstår når det er eit gap mellom individet sine føresetnader og omgivnadene. Nedsett funksjonsevne omfattar både fysiske, psykiske og kognitive funksjonar. 15

I dei siste åra er fleire krisesenter blitt lettare tilgjengelege reint fysisk for kvinner med nedsette rørsle-, syns- eller høyrselsfunksjonar. Det står likevel att ein god del oppgradering før eksisterande krisesenter er universelt utforma. 16

I forslag til ny plan- og bygningslov er det føreslått krav til universell utforming av både nye og eksisterande bygningar der ålmenta skal ha tilgjenge. For eksisterande bygningar er det føreslått ei stegvis og prioritert tilnærming. Det vil seie at det over tid blir fastsett krav til visse bygningskategoriar, til dømes til krisesenter, i eigne forskrifter. Dei konkrete reglane om skjerpa krav til tilgjenge kjem til å bli gitt i dei tekniske forskriftene til plan- og bygningslova. Ein reknar med at ny plan- og bygningslov blir sett i kraft 1. juli 2009.

Den nye lova om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne tok til å gjelde 1. januar 2009. Etter § 9 i denne lova skal ei offentleg verksemd retta mot ålmenta arbeide aktivt for å fremje universell utforming. Denne aktivitetsplikta vil også gjelde krisesentertilbodet. Kravet inneber at hovudløysinga i dei fysiske forholda skal vere slik at den allmenne funksjonen til verksemda skal kunne nyttast av flest mogleg. Sidan den nye plan- og bygningslova og lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne omfattar bygningar og verksemder som rettar seg mot ålmenta, meiner departementet at det ikkje er behov for å stille ytterlegare krav om universell utforming av bygningar og tenester i denne lova. Departementet viser derfor til dei nemnde lovene når det gjeld den fysiske tilrettelegginga av eit krisesenter eller eit tilsvarande bu-/dagtilbod.

Valdsutsette som har nedsett psykisk funksjon, er sterkt avhengige av rusmiddel eller har redusert kognitiv funksjon, har også behov for eit tilrettelagt tilbod. I 2007 var det 34 krisesenter som rapporterte at dei hadde brukarar med rusproblem og psykiske problem. Samtidig viser utgreiingar at dei eksisterande krisesentra ikkje er eit eigna tilbod for kvinner med omfattande rusproblem eller psykiske lidingar, sjølv om erfaring tilseier at dei er meir utsette for vald enn gjennomsnittet. Dette er brukarar som ofte blir avviste eller visast vidare frå dei eksisterande krisesentra også av omsyn til andre bebuarar.

I utgangspunktet skal ingen valdsutsette bli avviste ved eit krisetilbod. Kvar brukar må få ei individuell vurdering av sin situasjon og av kva slags hjelp vedkommande kan få. Dersom det viser seg at vedkommande har behov for anna hjelp enn det eit krisesenter kan tilby, og/eller utgjer ein fare for andre brukarar eller medarbeidarar, skal ein sørgje for at vedkommande blir vist vidare til relevante instansar. 17 Departementet vil i denne samanhengen peike på at kommunane har ansvar for å sikre plass i institusjon eller husvære med heildøgns omsorgsteneste når det er behov for det. 18 Vidare føreset departementet at kommunen vil sørgje for gode rutinar for samarbeid, slik at eit krisesenter/butilbod kan vise valdsutsette vidare til instansar som kan gi dei relevant oppfølging og eventuelt behandling. Sjå omtalen i kapittel 8 av kommunen sitt ansvar for å sørgje for samordning av tenester.

7.3.2 Synspunkt frå høyringsinstansane

Hovudparten av høyringsinstansane som har uttalt seg om krav til fysisk tilrettelegging, støttar forslaget frå departementet om at det ikkje er nødvendig å stille ytterlegare krav til universell utforming i krisesenterlova.

Fylkesmannen i Finnmark er ein av dei høyringsinstansane som er usamd i dette forslaget:

«Med bakgrunn i at svært få av dagens krisesentra er tilpasset mennesker med nedsatt funksjonsevne, mener vi at krav om tilpasning til personer med ulike funksjonshemninger bør tas spesifikt inn i loven. Vi vurderer at reglene i Plan- og bygningsloven og Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven ikke er tilstrekkelig for å sikre at voldsutsatte med nedsatt funksjonsevne får tilbud om krisesenter etter behov.»

Landsorganisasjonen (LO) meiner og at det må sikrast gjennom lovverket at utsette grupper får tilstrekkeleg informasjon og reelt tilgjenge.

Andre høyringsinstansar er samde i at det ikkje blir stilt krav om fysisk tilrettelegging i denne lova, men understrekar at tilbodet ikkje må diskriminere valdsutsette med nedsett funksjonsevne. Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV) uttaler såleis:

«Tilbudet må tilrettelegges slik at det ikke gir en diskriminerende effekt for noen i målgruppen, for eksempel personer med nedsatt funksjonsevne, psykiske lidelser og/eller rusproblemer, menn osv. Dette kan bety at det er nødvendig med særskilt tilrettelegging av tilbudet for å ivareta behovene hos enkelte målgrupper. Det må være opp til kommunen å vurdere konkrete løsninger for å sikre at ingen diskrimineres.»

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet meiner at det må finnast krisesentertilbod med kompetanse til å ta imot valdsutsette med nedsett kognitiv funksjon:

«IMDi vil også presisere behovet for at det finnes krisesentertilbud med kompetanse til å ta i mot psykisk utviklingshemmede. Kompetanseteamet har hatt noen saker hvor psykisk utviklingshemmede utsatt for vold i forbindelse med tvangsekteskap har hatt behov for beskyttelse og opplever at dette i dagens tilbud er en vanskelig plasserbar gruppe.»

Kirkens Bymisjon understrekar også kor viktig det er å sikre eit tilbod til alle valdsutsette:

«For rusavhengige kvinner, eller kvinner med alvorligere psykiske lidelser er ikke krisesenter et godt tilbud, og ansvaret for å bistå kvinner i en slik livssituasjon er heller ikke noe som krisesentrene skal ta. Vi ønsker likevel å understreke viktigheten i å sikre et tilbud til denne gruppen, gjennom å tilse at ansatte på krisesentrene har god kompetanse på samarbeid og formidling videre i tjenesteapparatet.»

7.3.3 Vurdering og forslag frå departementet si side

Departementet vil understreke at valdsutsette med nedsett funksjonsevne ikkje skal diskriminerast. 19 Departementet meiner at nytt regelverk i lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne og i forslaget til ny plan- og bygningslov er tilstrekkeleg for å sikre dette. Departementet held derfor fast ved forslaget om at det ikkje skal takast inn ei eiga føresegn om universell utforming i krisesenterlova.

At krisesentertilbodet skal vere av god kvalitet og leggjast til rette for brukaren så langt råd er, gjeld også for valdsutsette med nedsett funksjonsevne, jf. § 3 i lovforslaget. Dersom eit krisesenter ikkje blir vurdert som veleigna for å imøtekomme dei behova ein brukar har, må kommunen finne andre løysingar som sikrar eit likeverdig tilbod.

Fotnotar

1.

Jf. kapittel 2.3, som inneheld opplysningar både om barna og om det tilbodet til barn som finst i dag.

2.

Mullender o.fl. (2002) i NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner. Justis- og politidepartementet.

3.

Når det gjeld kvinne/mann, sjå drøftingane i kapittel 5.

4.

NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner, Jonassen, Sogn, Mathiesen Olsvik og Hjemdal (2008) Kunnskap - kvalitet - kapasitet. En nasjonal utredning om krisesentrenes kompetanse og tilgjengelighet, Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.

5.

Skuleskyssordninga er regulert i lov 17. juli 1998 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 7-1.

6.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (2007) En kartlegging av krisesentrenes tilgjengelighet i Norge, Bufdir; Jonassen o.fl. (2008) Kunnskap - kvalitet - kapasitet. En nasjonal utredning om krisesentrenes kompetanse og tilgjengelighet, NKVTS.

7.

Jf. gjennomgangen av barnekonvensjonen i kapittel 3.

8.

Jf. gjennomgangen av barnekonvensjonen i kapittel 3.

9.

Rundskriv Q-24/2005 Barnevernet og taushetsplikten, opplysningsretten og opplysningsplikten, Barne- og likestillingsdepartementet.

10.

Skogøy (2006) De får meg til å føle at jeg hører til blant folk. Krisesentrenes arbeid med kvinner utsatt for menneskehandel, Krisesentersekretariatet; Skogøy (2008) Arbeid med voldsutsatte kvinner med minoritetsbakgrunn, NKVTS; Dyrlid og Berg (2008) Menneskehandelens ofre - fra utnytting til myndiggjøring, NTNU; Bredal og Orupabo (2008) Et trygt sted å bo. Og noe mer. Evaluering av botilbudet til unge som bryter med familien på grunn av tvangsekteskap, Institutt for samfunnsforsking; Berntsen (2008) Ny i Norge. Rapport om erfaringer i arbeidet med voldsutsatte kvinner med minoritetsbakgrunn, Oslo krisesenter.

11.

Sjå kapittel 2, som viser at 22 prosent ikkje snakka norsk, mens 34 prosent snakka litt norsk.

12.

Av 84 kvinner utsette for menneskehandel har 35 kvinner budd på eit krisesenter i over tre månader og 11 kvinner i overkant av 12 månader, jf. Krisesentersekretariatet (2008) Bistand og trygge oppholdssteder for kvinner utsatt for menneskehandel. Årsrapport 2007 ROSA.

13.

Jf. FNs konvensjon om avskaffelse av alle former for rasediskriminering 21. desember 1965. Konvensjonen er inkorporert i diskrimineringsloven av 2005 (Ot.prp. nr. 33 (2004-2005)).

14.

Nasjonalt tolkeregister er allment tilgjengeleg på www.tolkeportalen.no. Registeret, som blei oppretta i september 2005, blir drifta og utvikla av IMDi. Målet er at alle som treng tolk i offentleg sektor, skal ta utgangspunkt i Nasjonalt tolkeregister ved alle søk etter tolk.

15.

Fysiske funksjonar kan vere rørsle-, syns- eller høyrselsfunksjonar. Nedsette psykiske funksjonar kan ha si årsak i sjukdommar og tilstandar som ikkje direkte har konsekvensar for kognitive funksjonar. Døme på nedsette kognitive funksjonar er redusert evne når det gjeld mentale prosessar som språk, minne, oppfatning av informasjon, problemløysing og tileigning av kunnskap og erfaring. Kroniske sjukdommar kan også bli omfatta av omgrepet nedsett funksjonsevne. Dersom ein person er fysisk og psykisk avhengig av rusmiddel, inneber det nedsett funksjonsevne, og slike tilstandar kan slik sett også bli omfatta av omgrepet, jf. Ot.prp. nr. 44 (2007-2008) Om lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven), Barne- og likestillingsdepartementet.

16.

Når det gjeld dei eksisterande krisesentra, består den kunnskapen som ligg føre, av eigenvurderingar sentra har gjort i samband med spørjeundersøkingar. Desse undersøkingane dekkjer ei rad forhold, sjå Bufdir (2007) En kartlegging av krisesentrenes tilgjengelighet i Norge; tiltak 14 i «Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2004-2007)»; Jonassen, Sogn, Mathiesen Olsvik og Hjemdal (2008) Kunnskap - kvalitet - kapasitet. En nasjonal utredning om krisesentrenes kompetanse og tilgjengelighet, Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress; Bufdir (2008) Questback-undersøkelse fra krisesentrene.

17.

Gjennom handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, «Vendepunkt», har RVTS Sør fått i oppdrag å utarbeide forslag til rutinar for avvising og tilvising av valdsutsette som ikkje kan bu på eit krisesenter.

18.

Jf. sosialtenestelova § 4-2d.

19.

FNs konvensjon om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne av 2006, artikkel 16.

Til forsida