Ot.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Til innhaldsliste

3 Internasjonale forpliktingar og tilrådingar, og lovgiving i andre nordiske land

3.1 Internasjonale konvensjonar og retningslinjer

3.1.1 Oversikt over internasjonale forpliktingar som får verknader for lova om kommunale krisesentertilbod

Nedanfor følgjer ei kort oversikt over internasjonale instrument som er særleg relevante i samband med utforminga av krisesenterlova. Oversikta er ikkje uttømmande.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen, FNs konvensjon om sivile og politiske rettar og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar

Den europeiske menneskerettskonvensjonen av 1950, FNs konvensjon om sivile og politiske rettar av 1966 og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar av 1966 blei inkorporerte i norsk lovgiving gjennom menneskerettslova og gjeld såleis som norsk lov. Det same gjeld FNs konvensjon om barnerettane av 1989, som blei inkorporert i menneskerettslova i 2003. 1 Etter forrangsføresegna i menneskerettslova skal dei konvensjonane som er inkorporerte, gå føre anna lovgiving ved motstrid.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen krev at retten til liv blir verna ved lov, og forbyr tortur og umenneskeleg og nedverdigande behandling eller straff (artikkel 2 og 3). Etter praksis frå den europeiske menneskerettsdomstolen inneber dette at statane blir pålagde aktivt å hindre at menneske blir utsette for behandling i strid med desse føresegnene. Praksis frå domstolen tilseier at forbodet mot tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling også omfattar handlingar utførte til dømes av eit familiemedlem.

Eit krisesentertilbod er eit tiltak for å førebyggje at liv og helse blir sett i fare som følgje av bruk av vald mot kvinner, menn og barn i nære relasjonar. Den europeiske menneskerettskonvensjonen regulerer retten til familie- og privatliv, men gir ikkje rett til eit familieliv som utset andre medlemmer av familien for skade eller fare (artikkel 8). Ein kan derfor med heimel i lov gjere nødvendige inngrep i familielivet, mellom anna for «å førebyggje uorden eller kriminalitet» eller for «å verne andre sine rettar og fridommar», til dømes den enkelte sin rett til vern mot valdsbruk og overgrep. Konvensjonen inneheld også eit generelt forbod mot diskriminering (artikkel 14). Rettane etter konvensjonen skal sikrast utan diskriminering på noko grunnlag «slik som kjønn, rase, hudfarge, språk, religion, politisk eller anna oppfatning, nasjonalt eller sosialt opphav, tilknyting til ein nasjonal minoritet, eigedom, fødsel eller annan status». Dette inneber at kommunen sitt ansvar for eit tilbod om krisesenter eller tilsvarande tilbod må omfatte alle som har vore utsette for vald i nære relasjonar.

Etter FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar forpliktar statane seg til å sikre at kvinner og menn får lik rett til å nyte godt av alle rettar som er fastsette i konvensjonen (artikkel 3). Etter artikkel 10 skal ekteskap berre inngåast «med dei framtidige ektefellane sitt frie samtykke». Føresegna inneheld såleis eit forbod mot tvangsekteskap. Artikkelen forbyr også økonomisk og sosial utnytting av barn og ungdom, og inneheld eit forbod mot barnearbeid «som er skadeleg for moralen eller helsa deira, som set livet deira i fare, eller som mest sannsynleg kjem til å hemme den normale utviklinga deira». Denne føresegna er også relevant i forhold til menneskehandel, medrekna barneprostitusjon.

Også FNs konvensjon om sivile og politiske rettar inneheld eit forbod mot diskriminering (artiklane 2 og 26) og føresegner om rett til liv og om vern mot tortur, mot brutal, umenneskeleg eller nedverdigande behandling og mot slaveri og tvangsarbeid (artiklane 6-8). Vidare inneheld også denne konvensjonen eit forbod mot tvangsekteskap (artikkel 23 nr. 3).

FNs konvensjon om barnerettane

Barn sine rettar etter barnekonvensjonen av 1989, til dømes retten til vern mot vald og overgrep (artikkel 19), skal respekterast utan omsyn til kva rase, hudfarge, kjønn, språk, religion, politisk eller anna oppfatning barnet eller foreldra har, og utan omsyn til nasjonalt, etnisk eller sosialt opphav, eigedomsforhold, funksjonshemming, fødsel eller annan status. Dette går fram av artikkel 2 i barnekonvensjonen - forbodet mot diskriminering. Under «annan status» kjem til dømes seksuell orientering hos foreldra og opphaldsstatusen. Barn er også verna under artikkel 14 i den europeiske menneskerettskonvensjonen, som inneheld eit tilsvarande forbod mot diskriminering.

Etter barnekonvensjonen skal omsynet til kva som gagnar barnet mest, vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn, anten dei blir utførte av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgivande organ (artikkel 3 nr. 1). Dette inneber at eit krisesentertilbod der barn kjem saman med ein forelder, må utformast på ein måte som sikrar omsynet til barna sine interesser og behov.

Retten til liv utgjer sjølve fundamentet for alle menneskerettar. Artikkel 6 i barnekonvensjonen omfattar ikkje berre barnet sin rett til liv og til å overleve, men også barnet sin rett til å utvikle seg. Med den kunnskapen vi har i dag om kor skadelege og i somme tilfelle livstrugande verknader valdsbruk kan ha for barn, vil ei lovfesting av krisesentertilbodet medverke til å sikre dei rettane barn har etter denne føresegna.

Etter artikkel 8 i den europeiske menneskerettskonvensjonen har barn og foreldre rett til vern mot inngrep i eller krenkingar av familie- og privatlivet sitt. Domstolen har i fleire saker presisert at foreldre ikkje kan gjere krav på vern under artikkel 8 dersom familielivet kan skade helsa og utviklinga til eit barn. Dette gjeld også i spørsmål om samvær. Når det gjeld barn sin rett til privatliv, har domstolen behandla fleire saker der barn er blitt utsette for krenkingar av den fysiske eller psykiske integriteten gjennom valdsbruk, mishandling eller seksuelle overgrep. Slike krenkingar inneber eit brot mot barnet sin rett til privatliv. Alvorlege krenkingar og grov omsorgssvikt kan også vere eit brot på føresegnene i artikkel 3 - vernet mot tortur og mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling. I slike tilfelle har domstolen tolka artikkel 3 slik at statane har plikt til å setje i verk tiltak for å verne barnet.

Retten til deltaking er eit anna av hovudprinsippa i barnekonvensjonen. Eit barn har rett til å uttale seg og bli høyrd i alle samanhengar som vedkjem barnet, og synspunkta til barnet «skal ha slik vekt som svarer til det alders- og modningssteget barnet står på». For barn på krisesenter inneber desse føresegnene at dei har rett til å få relevant informasjon om kva rettar dei har, og om den faktiske situasjonen, og at dei har rett til å uttale seg og bli høyrde, tekne på alvor og respekterte. Informasjonen må tilpassast alderen til barnet og det utviklingsnivået barnet er på. Det bør leggjast til rette for at eit barn får høve til snakke åleine med tilsette på eit krisesenter dersom barnet ønskjer det. Undersøkingar viser at noko av det viktigaste for valdsutsette barn er å få snakke om valdsbruken med nokon som barnet har tillit til. 2

Vidare inneber artikkel 12 at barn må få høve til å uttrykkje sine eigne ønske og synspunkt om aktivitetstilbod og om eventuell samværsordning med den andre forelderen, eventuelt også med besteforeldre, eller om andre tiltak og løysingar. Barn ønskjer å bli konsulterte og få komme med sine eigne vurderingar av situasjonen, men mange har erfaring med at råd og vurderingar som dei kjem med, blir oversedde av vaksne. 3

FNs barnekomité har understreka kor viktig det er at særleg utsette grupper av barn ikkje må diskriminerast i forhold til artikkel 12, men at forholda må leggjast til rette slik at dei kan delta i avgjerder om viktige spørsmål på lik linje med andre barn. 4 Barn på krisesenter må reknast som ei særleg sårbar gruppe av barn. Krisesentra må derfor sørgje for at barn på ein fullverdig måte kan dra nytte av dei rettane dei har etter artikkel 12.

Etter barnekonvensjonen artikkel 19 har barn rett til vern mot alle former for fysisk eller mental vald, skade eller misbruk, vanstell eller forsøming, mishandling eller utnytting, medrekna seksuelt misbruk i heimen. Noreg er pålagd å setje i verk alle lovgivingsmessige, administrative, sosiale og opplæringsmessige tiltak som er eigna til å verne barnet mot vald og overgrep. Kommunane har gjennom krisesentertilbodet eit sjølvstendig ansvar for å medverke til at Noreg oppfyller dei forpliktingane landet har etter denne føresegna. Det inneber at krisesentra må ha eit adekvat tilbod til valdsutsette barn, og at sentra også må samarbeide med andre instansar når det gjeld å kartleggje kva behov eit barn har for hjelp og oppfølging etter avslutta opphald på eit krisesenter.

Barn har rett til utdanning etter artikkel 28 og 29 i barnekonvensjonen. Det følgjer også av opplæringslova § 2-1 at barn i skulepliktig alder har rett og plikt til skulegang. Å halde skulegangen ved like for barn på krisesenter kan vere svært viktig også psykologisk, ved at nokre av dei faste strukturane i kvardagen då blir førte vidare. Tilsvarande vil kunne gjelde for barn som går i barnehage. Eit tilleggsmoment er her at det vil gi barnet høve til å vere saman med andre barn utanfor krisesenteret. Når det gjeld gjennomføringa av skulegang og barnehagetilbod, må ein ta nødvendig omsyn til tryggleiken.

Noreg er forplikta til å verne barn mot alle former for seksuell utnytting og seksuelt misbruk, og skal setje i verk alle tiltak som eignar seg for mellom anna å hindre at nokon tvingar barn til å delta i seksuell aktivitet eller utnyttar barn i prostitusjon eller pornografi, jf. artikkel 34 i barnekonvensjonen. Vidare skal Noreg setje i verk alle eigna tiltak for å hindre bortføring og sal av eller handel med barn til noko som helst formål og på nokon som helst måte, jf. artikkel 35. Dei tilboda krisesentra gir til barn og den plikta sentra har til å samarbeide med andre aktuelle instansar, til dømes utlendingsstyresmaktene, barnevernet, kommunehelsetenesta og politiet, vil vere eit slikt tiltak. Barnekomiteen har vedteke ein tilleggsprotokoll mot handel med barn der komiteen mellom anna rår statane til å sørgje for å setje i verk alle eigna tiltak som kan sikre offer for slik utnytting får nødvendig hjelp og støtte, inkludert hjelp til sosial reintegrering og fysisk og psykisk rehabilitering. 5 Krisesentra kan her spele ei viktig rolle i samarbeid med andre instansar, som helsetenesta, utlendingsforvaltninga og politiet.

Barnekonvensjonen inneheld i artikkel 37a ei eiga føresegn om forbod mot tortur og umenneskeleg eller vanærande behandling. Føresegna svarer til artikkel 3 i den europeiske menneskerettskonvensjonen. Krisesentertilbodet vil vere med på å verne barn mot slik behandling, og mot å bli eksponerte for at mor (unntaksvis far) blir utsett for vald og andre overgrep i heimen.

FNs kvinnekonvensjon

FNs kvinnekonvensjon av 18. desember 1979 om avskaffing av alle former for diskriminering av kvinner, blei inkorporert i likestillingslova i 2005. 6

Kvinnekonvensjonen tek sikte på å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner. Konvensjonen omfattar også diskriminerande handlingar utførte av privatpersonar eller organisasjonar (artikkel 2 bokstav e). Noreg har gjennom kvinnekonvensjonen artikkel 1 forplikta seg til å føre ein politikk som tek sikte på å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner, medrekna å innføre eit rettsvern for rettane til kvinner på lik linje med rettane til menn og å sikre kvinner effektivt vern mot alle diskriminerande handlingar. Etter artikkel 3 skal Noreg setje i verk alle tiltak som er nødvendige, også i lovs form, «for å sikre kvinnene fulle utviklingsmuligheter og framgang, med garanti for å kunne utøve og nyte menneskerettighetene og de grunnleggende friheter på lik linje med menn». Etter artikkel 5 bokstav a skal Noreg setje i verk alle tiltak som er nødvendige «for å endre menns og kvinners sosiale og kulturelle atferdsmønstre, med sikte på å avskaffe fordommer og hevdvunnen og all annen praksis som bygger på stereotype manns- og kvinneroller, eller på forestillingen om at et av kjønnene er det andre underlegent eller overlegent».

Artikkel 6 inneheld eit eige forbod mot menneskehandel. Noreg skal som konvensjonspart setje i verk «alle tiltak som er nødvendige, også i lovs form, for å bekjempe alle former for handel med kvinner og utnyttelse av kvinner gjennom prostitusjon». Konvensjonen inneheld også eit forbod mot tvangsekteskap. Artikkel 16 bokstav b skal sikre kvinner «retten til fritt å velge ektefelle og inngå ekteskap bare når det skjer på fritt grunnlag og med fullt samtykke». Kvinner utsette for menneskehandel og tvangsekteskap utgjer i dag brukargrupper ved krisesentra.

Kvinner som blir utsette for vald i nære relasjonar, blir fråtekne det grunnleggjande menneskerettslege integritetsvernet. Å akseptere vald utøvd av menn mot kvinner i familien er med på å gi aksept for den oppfatninga at kvinner er underordna menn. Eit lovfesta krisesentertilbod som sikrar valdsutsette kvinner det vernet og den hjelpa dei har behov for, vil etter denne konvensjonen vere eit politisk og rettsleg verkemiddel som kan medverke til at formålet med konvensjonen blir oppfylt, og som vil fremje likestilling mellom kjønna.

FNs kvinnekomité (CEDAW), som er det FN-organet som skal sørgje for at dei ulike landa følgjer opp kvinnekonvensjonen, har også som ledd i arbeidet sitt utarbeidd ei såkalla hovudtilråding der temaet er vald mot kvinner. 7 I denne tilrådinga heiter det:

«Family violence is one of the most insidious forms of violence against women. It is prevalent in all societies. Within family relationships women of all ages are subjected to violence of all kinds, including battering, rape, other forms of sexual assault, mental and other forms of violence, which are perpetuated by traditional attitudes. Lack of economic independence forces many women to stay in violent relationships. The abrogation of their family responsibilities by men can be a form of violence, and coercion. These forms of violence put women's health at risk and impair their ability to participate in family life and public life on a basis of equality.» 8

Komiteen peikar på at kjønnsbasert vald er eit forhold som kan hindre kvinner i å ta del i grunnleggjande menneskerettar, medrekna retten til liv, retten til vern mot tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling, retten til fridom og personleg tryggleik, retten til likestilling i familien og retten til høgst mogleg fysisk og psykisk helsestandard. 9 Komiteen tilrår at det blir etablert eit tenestetilbod, inkludert eit krisesentertilbod (refuges) og tilbod om rådgiving, helsetenester og rehabilitering, for offer for familiebasert vald, valdtekt, seksuelle krenkingar eller andre former for familiebasert vald. 10

Europarådskonvensjonen mot menneskehandel

Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 3. mai 2005 ein konvensjon om kamp mot menneskehandel og styrking av rettane til offer for menneskehandel. Noreg ratifiserte konvensjonen 17. januar 2008.

Etter artikkel 1 har konvensjonen som formål å førebyggje og motarbeide menneskehandel og samtidig sikre likestilling mellom kvinner og menn. Formålet med konvensjonen er også å verne om menneskerettane til offer for menneskehandel, og dessutan å utarbeide ei heilskapleg ramme for vern av og støtte til offer og vitne. Artikkel 12 pålegg statane å yte hjelp til offer for menneskehandel slik at dei får dekt sine grunnleggjande behov for husvære, helsetenester, informasjon o.a.

Eit krisesentertilbod kan saman med andre tiltak imøtekomme kravet om å sørgje for tenleg husvære, råd og hjelp til offer for menneskehandel i ein akuttfase. Krisesentersekretariatet sitt prosjekt Rosa tilbyr i dag trygge husvære, oppfølging og informasjon til kvinner som er utsette for menneskehandel.

Protokoll for å førebyggje, motarbeide og straffe handel med menneske, særleg kvinner og barn (Palermoprotokollen)

Palermoprotokollen av 2000 har som formål å førebyggje og motarbeide handel med menneske, med særleg vekt på kvinner og barn, i tillegg til å verne og støtte ofra for slik handel, med full respekt for menneskerettane deira, jf. artikkel 2. 11 Partane forpliktar seg etter artikkel 6 i protokollen til mellom anna å verne privatlivet og identiteten til offer for menneskehandel og vurdere å gjennomføre tiltak med sikte på fysisk, psykisk og sosial restitusjon av offer for menneskehandel. Statane skal vidare særleg sørgje for tenleg husvære og for å gi råd og opplysning, særleg om dei juridiske rettane ofra for menneskehandel har, på eit språk som dei kan forstå. Det skal også givast medisinsk, psykologisk og materiell støtte. Vidare skal partane når det blir sett i verk tiltak som dei som er nemnde i artikkel 6, ta omsyn til alderen, kjønnet og dei særlege behova offer for menneskehandel har, særleg skal ein ta omsyn til kva behov barn har for tenleg husvære, utdanning og omsorg.

3.1.2 Tilrådingar

Ministerkomiteen i Europarådet si tilråding om vern av valdsutsette kvinner

Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 30. april 2002 ei tilråding til medlemsstatane om vern av kvinner mot vald - Recommendation Rec (2002) 5 of the Committee of Ministers to member states on the protection of women against violence. Tilrådinga dekkjer eit vidt spekter av tiltak, mellom anna blir det tilrådd at alle valdsutsette kvinner skal få gratis hjelp og støtte med ein gong (artikkel 23).

Europarådet sine tilrådingar om minimumsstandardar for krisesentertilbodet til valdsutsette kvinner

Europarådet har i dokumentet Combating violence against women: minimum standards for support services (2008) utarbeidd rettleiande tilrådingar som også omfattar krisesentertilbod. 12 Tilrådingane dekkjer område som tryggleik og verdig behandling av valdsoffer, krav til kvalifisert fagleg personale, tilgjenge til tilbodet for alle (forbod mot diskriminering), hjelp og rådgiving ut frå dei behova og rettane brukarane har, krav til brukarmedverknad, krav til konfidensiell behandling/teieplikt, samarbeid og samordning med andre hjelpetenester, effektiv leiing og drift av tilbodet, god kvalitet på tilbodet og førebyggjande arbeid. Til dømes blir det tilrådd at krisesentra skal vere kjønnsdelte, der dei fleste sentra berre skal ta imot kvinner og barna deira. Det blir også framheva at tenestene ved eit krisesenter skal utførast av kvinner.

Når det gjeld kapasiteten på eit krisetilbod, blir det tilrådd éin familieplass per 10 000 kvinner. Det skal vere minst eitt krisesentertilbod for kvinner i kvar region. Det blir vidare tilrådd at krisesentertilbodet skal vere gratis og tilgjengeleg for alle kvinner heile året, 24 timar i døgnet, så lenge brukaren har behov for tilbodet. Kvar brukar skal få krisehjelp og hjelp til å planleggje tryggleiken. Vidare blir det tilrådd eigne senter for valdtektsutsette (rape crisis centres), eitt senter per 200 000 kvinner, og eigne senter for kvinner som er utsette for seksuelle krenkingar (sexual assault centres), eitt per 400 000 kvinner.

Europarådet understrekar at tilrådingane må tilpassast dei generelle tilhøva i kvart enkelt land, basert på kartlegging av problemområda og avhengig av kva andre hjelpetilbod som finst.

3.2 Lovgiving om krisesentertilbod i andre nordiske land

3.2.1 Danmark

Danmark er det einaste av dei nordiske landa som har lovfesta krisesentertilbodet. Etter den såkalla oppgåve- og strukturreforma som blei sett i kraft 1. januar 2007, har kommunen fått det fulle ansvaret for å forvalte og finansiere krisesentra i Danmark. Kommunen sitt ansvar for krisesentra er nedfelt i § 109 i lov om sosial service (servicelova). 13 Lova blei endra seinast i 2008 for å styrkje innsatsen for kvinner og barn på krisesentra.

Det går fram av § 109 i servicelova at kommunen skal tilby eit mellombels butilbod til kvinner som har vore utsette for vald, truslar om vald eller tilsvarande krise i familie- eller samlivsforhold. Kvinnene kan ha barn med seg, og dei skal få omsorg og støtte under opphaldet. Butilbodet er landsdekkjande i den forstand at ein borgar kan vende seg fritt til kva som helst krisesenter utan at det ligg føre eit kommunalt vedtak. Kommunen eller andre offentlege styresmakter kan vise vedkommande til eit slikt butilbod, men det er leiaren ved butilbodet som tek avgjerda om inntak. Inntak kan skje anonymt ved at personen sjølv vender seg til krisesenteret, eller ved at vedkommande får tilvising frå offentlege styresmakter. Personar som er langvarig heimlause, har krav på å få eit tilbod om ein handlingsplan. Handlingsplanen skal sikre ei koordinering av innsatsen mellom dei kommunale styresmaktene, ulike butilbod og eventuelle behandlingsinstitusjonar. Det er kommunen som har ansvar for å utarbeide denne handlingsplanen. På krisesenteret blir planen utarbeidd i dialog med brukaren. Staten refunderer 50 prosent av dei utgiftene kommunen har til krisesentra.

Vidare skal kommunen tilby støtte og rettleiing frå ein familierådgivar til kvinner og barn som oppheld seg i slike butilbod. Det skal givast rådgiving om husvære, økonomi, arbeidsmarknad, skule, helsetenester. Rådgivinga skal støtte opp under andre tilbod som kommunen gir. Kommunen skal også tilby behandling hos psykolog til alle barn som har fylt seks år og som kjem saman med mor si til slike husvære. Behandlinga skal utførast av ein autorisert psykolog. Plikta om å tilby behandling hos psykolog gjeld utan omsyn til kor lenge opphaldet varer.

3.2.2 Sverige

Sverige har ikkje lovgiving som presiserer at valdsutsette skal få tilbod om opphald på eller støtte frå eit krisesenter, men det følgjer av den svenske sosialtenestelova at kommunen har ansvar for å gi valdsutsette som oppheld seg i kommunen, hjelp og støtte.

I 2007 blei det gjort ei innskjerping i sosialtenestelova slik at det ansvaret sosialnemnda har for å sørgje for hjelp og støtte til valdsutsette kvinner, kjem tydelegare fram. Det går fram av kapittel 5 § 11 i lova at sosialnemnda har til oppgåve å sørgje for at både den som er utsett for lovbrot, og nærståande til vedkommande - det vil seie barn - får støtte og hjelp. 14 Sosialnemnda skal særskilt vere merksam på at kvinner som er utsette for vald eller andre overgrep frå ein nærståande person, kan ha behov for hjelp og støtte. Sosialnemnda skal også særskilt vere merksam på at barn som har vore vitne til vald eller andre overgrep anten av eller mot nærståande vaksne, er offer for lovbrot og kan ha behov for støtte og hjelp.

Sosialtenestelova er ei rammelov som gir kommunane stor fridom når det gjeld å tilpasse verksemda etter lokale føresetnader. Ei utgreiing om korleis sosialtenesta støttar valdsutsette kvinner, viser at fleire kommunar har tilsett personale som har som særskilt ansvar å arbeide med valdsutsette kvinner. Ein del kommunar har også oppretta eigne einingar. 15 Sosialtenesta har ei rad tiltak for å støtte og hjelpe valdsutsette kvinner, til dømes økonomisk hjelp, hjelp med verna husvære («skyddat boende»), rådgiving og støttesamtalar, kontaktpersonar, formidling av kontakt med styresmakter og frivillige organisasjonar, og hjelp til å finne husvære.

Mange kommunar, men ikkje alle, tilbyr «skyddat boende» for valdsutsette kvinner. Fleire kommunar samarbeider med frivillige organisasjonar som driv krisesenter («kvinnojourer»). Dei kommunane som ikkje har eigne slike husvære, baserer seg ofte på samarbeid med frivillige. Definisjonen av «skyddat boende» i sosialtenestelova er ikkje i samsvar med den definisjonen krisesentra i Sverige nyttar, for dei fleste av dei trygge husværa kommunane rår over, har ikkje tilsett personell. 16 Den svenske handlingsplanen for å motarbeide valdeleg åtferd mot kvinner frå menn, æresrelatert vald og valdsbruk i samkjønna relasjonar inneheld ei rad tiltak for å styrkje tilbodet til valdsutsette kvinner og samarbeidet mellom kommunane og dei frivillige krisesentra. 17

Fotnotar

1.

Jf. lov 21. mai 1999 nr. 30 om menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettslova).

2.

Mullender o.fl. (2002) i NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner.

3.

Grotberg (1997) i NOU 2003: 31 Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner.

4.

Day of General Discussion on the Right of the Child to be heard, 29. september 2006.

5.

Optional Protocol to the Convention on the Rights of the Child on the sale of children, child prostitution and child pornography, A/RES/54/263, 2000.

6.

Det ligg no føre eit forslag om å inkorporere kvinnekonvensjonen i menneskerettslova. Forslaget er per februar 2009 ute på høyring. Dersom forslaget blir vedteke, vil kvinnekonvensjonen få same stilling og status som dei fire hovudkonvensjonane som no er inkorporerte i menneskerettslova.

7.

General recommendation No. 19 (1992) Violence against women. CEDAW.

8.

Op.cit. punkt 23. Hovudtilrådinga ligg ikkje føre i norsk omsetjing.

9.

Op.cit. punkt 7.

10.

Op.cit. punkt 24.

11.

Supplerer FNs konvensjon mot grenseoverskridande organisert kriminalitet.

12.

http://www.coe.int/equality

13.

Lov om sosial service regulerer tilnærma dei same områda som den norske sosialtenestelova, men dekkjer også barn og unge (barnevernlova). Alle som oppheld seg i Danmark, har rett til hjelp etter denne lova.

14.

Kommunen sitt ansvar for oppgåver innanfor sosialtenesta er lagt til ulike nemnder.

15.

SOU 2006: 65.

16.

Regjeringens proposition 2006/07: 38 Socialtjänstens stöd till våldsutsatta kvinnor.

17.

Regjeringens skrivelse 2007/08: 39 Handlingsplan för att bekämpa mäns våld mot kvinnor, hedersrelaterat våld og förtryck samt samkönade relationer.

Til forsida