1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram forslag til ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova). Forslaget erstattar lov om omsetning av råfisk (råfiskloven) som tredde i kraft 1. januar 1952.
Forslaget inneber at det vert etablert ei ny og moderne lov om omsetning av dei viltlevande marine ressursane, og at lova vert harmonisert med resten av lovverket som regulerer fiskerinæringa, medrekna havressurslova og deltakarlova.
Lovutkastet vidarefører i det vesentlege dagens råfisklov. Samtidig følgjer lovutkastet opp arbeidsgrupperapporten ”Gjennomgang av råfiskloven”, som Fiskeri- og kystdepartementet tok i mot 31. oktober 2011, og som har vore til offentleg høyring.
Lovutkastet gjer det tydeleg korleis førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar føregår, og kva for viktig rolle fiskesalslaga har i ressursforvaltninga. Sett i lys av havressurslova og deltakarlova kan det hevdast at dagens råfisklov er lovteknisk svak på fleire område. Sjølv om det er lagt til grunn at råfisklova skal medverke til å auke lønsemda i fiskerinæringa gjennom å sikre gode og stabile prisar, har ikkje lova ei eigen formålsføresegn. Eit anna døme er at råfisklova ikkje har føresegner om verkeområde som klargjer rammene for førstehandsomsetninga. Mellom anna ved å foreslå føresegner om formål og sakleg og stadleg verkeområde ønskjer departementet å gje eit tydelegare og meir pedagogisk bilete på fiskesalslagssystemet i Noreg. Føresegner om stifting, godkjenning og tilbakekall av godkjenning gjer det meir føreseieleg for fiskesalslaga og styresmaktene, og stadfestar på ein betre måte den rolla salslaga har i norsk fiskeriforvaltning.
Fiskesalslaga sin rett til å fastsetje minsteprisar er ikkje uttrykkeleg nemnt i råfisklova, men er ein del av retten til å fastsetje forretningsreglar etter lova § 4, jf. § 2. Heimelen til å fastsetje minsteprisar er eit sentralt instrument innanfor førstehandsomsetninga, og den bør difor gjerast tydeleg og framhevast. I lovutkastet foreslår departementet å gjere det klart korleis minsteprisar skal fastsetjast, og kva prosedyrar som skal følgjast dersom det oppstår usemje om fastsetjinga av minstepris.
Lovutkastet har med eit nytt forslag om føresegn som gjev departementet heimel til å påleggje fiskesalslaga å kontrollere råstoffkvalitet og råstoffhandtering til havs og etter landing.
Departementet foreslår at det eksisterande forskriftsverket og enkeltvedtak fastsett i eller etter råfisklova, vert vidareført inntil det vert oppheva. Departementet vil ha ein gjennomgang av forskriftene som er fastsette etter råfisklova for å harmonisere føresegnene så langt det er mogleg eller ønskjeleg.