6 Sentrale tema i høyringa
6.1 Formålsføresegna
6.1.1 Gjeldande rett
Råfisklova har ingen formålsparagraf, men det er lagt til grunn at lova skal medverke til å auke lønsemda i fiskerinæringa gjennom å sikre gode og stabile prisar. I Ot.prp. nr. 63 (1951) side 8 går det fram at:
”De fiskerorganisasjoner som er dannet og har fått lovbeskyttelse i medhold av råfiskloven har alle hatt til formål [gjennom organisert omsetning] å arbeide for gode og stabile priser og like salgsvilkår for de forskjellige grupper fiskere, og derigjennom hindre usunn konkurranse i utbudet av de tilvirkede fiskeprodukter”.
6.1.2 Forslaga frå arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa meiner det er tenleg å gje fiskesalslagslova ei eiga formålsføresegn. Dei viser til at både havressurslova og deltakarlova har formålsparagrafar, og arbeidsgruppa meiner det såleis kan vere tenleg å samordne utforminga av lovene. Arbeidsgruppa foreslår at formålet med lova er å medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar. Dette formålet skal etter forslaget til arbeidsgruppa nåast gjennom å leggje til rette for gode rammer for førstehandsomsetninga og ved å sikre god dokumentasjon av ressursuttaket.
6.1.3 Høyringsfråsegner
Norges Kystfiskarlag presiserer at salslaga er fiskarane sin felles eigedom, og dei vert finansierte heilt ut av fiskarane. Dette må kome til uttrykk i formålsparagrafen.
Pelagisk Forening meiner at det opphavlege formålet med minsteprisen, dvs. å sikre fiskarane gode og stabile prisar for fisken, framleis må liggje til grunn.
Sjømannsorganisasjonane (Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund) meiner at ordlyden i forslaget til formål vert misvisande sett i høve til dagens råfisklov og dei oppgåvene som ligg til salslaga. Forslaget er slik det står fram formulert utelukkande mot dei samfunnsmessige sidene ved råfisklova, og tek etter sjømannsorganisasjonane sitt syn ikkje med den historiske bakgrunnen for etableringa av lova og fiskarane sine interesser. Dette utgjer ei endring av lova, uttalar dei. Sjømannsorganisasjonane meiner at formålet kan reknast teke vare på i vedtektene i 5 av dei 6 salslaga. Her går det fram av laga skal sikre fiskarane sine inntekter gjennom gode prisar og trygge betalingsvilkår. Vidare er det slik, uttalar dei, at sjølv om dei samfunnsmessige forholda ved lova har fått meir å seie, mellom anna gjennom tilførte kontroll- og dokumentasjonsoppgåver, har ikkje salslaga forvaltningsansvar. Det vert halde fram at det ligg til styresmaktene å sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane. Sjømannsorganisasjonane viser til at fiskesalslaga heilt ut er finansiert av fiskarane. Salslaga er heilt avhengige av å ha legitimitet hos fiskarane og at fiskarane sluttar opp om råfisklova og salslagssystemet, hevdar dei. Slik forslaget ligg føre, vil salslaga fort kunne stå fram meir som ein reiskap for styresmaktene enn for eigarane sine, og dermed misse legitimitet med dei følgjer det inneber for næringa samla sett, uttalar sjømannsorganisasjonane. Sjømannsorganisasjonane meiner at det er heilt avgjerande at formålet med den nye lova, i tillegg til dei samfunnsmessige dimensjonane, har ein heilt tydeleg fiskardimensjon. Dei foreslår at formålet vert endra til:
”Formålet med loven er å bidra til en organisert førstehåndsomsetning, kontroll- og dokumentasjon av ressursuttaket av viltlevende marine ressurser. Salgslagene skal igjennom sine tjenester sikre fiskernes inntekter og bidra til en bærekraftig og lønnsom verdiskapning i norsk fiskerinæring.”
Norges Råfisklag meiner at formålsføresegna fullt og heilt er formulert ut frå dei samfunnsmessige sidene ved råfisklova. Råfisklaget meiner at arbeidsgruppa sitt forslag til formål bør gå inn som ein del av formålet med lova. Sjølv om dei samfunnsmessige forholda ved råfisklova har fått meir å seie, mellom anna gjennom tilførde kontroll- og dokumentasjonsoppgåver, meiner Råfisklaget at det framleis er viktig å ta vare på eit klart fiskarorientert perspektiv i formålet med å ha ei organisert førstehandsomsetning. Dette er også ein viktig historisk dimensjon ved bakgrunnen for denne lovgjevinga, vert det hevda. Norges Råfisklag meiner også det kan førast gode argument for at det først og fremst er primærprodusentane, i dette høvet fiskarane, som er avhengige av at førstehandsmarknaden er velorganisert. Dette er tilfelle for sjømat så vel som for landbruksprodukt, uttalar fiskesalslaget. Primærprodusenten er den som i størst grad må ta konsekvensane av marknadssvingingar i ein heilt uregulert marknad, meiner Råfisklaget. Vidare viser Råfisklaget til at fiskesalslaga heilt og fullt er finansiert av fiskarane, sjølv om mange av oppgåvene, til dømes dei som gjeld kontroll og dokumentasjon, representerer behov i heile verdikjeda eller gjeld samfunnsmessige omsyn. Norges Råfisklag meiner at fiskesalslaga er heilt avhengige av legitimitet hos fiskarane og at fiskarane sluttar opp om råfisklova og salslagssystemet. Etter Råfisklaget si meining er det difor heilt avgjerande at formålet med den nye lova også har ein heilt tydeleg fiskardimensjon. Som eit forslag til korreksjon viser dei til Råfisklaget si formålsformulering:
”Ved organisert førstehåndsomsetning av råfisk og viltlevende marine ressurser skal Norges Råfisklag gjennom sine tjenester sikre fiskernes inntekter og bidra til en bærekraftig og lønnsom verdiskaping i norsk fiskerinæring.”
Skagerakfisk meiner at formålet med råfisklova vert uttrykt i vedtektene til salslaga som er godkjende av departementet. 5 av 6 salslag har som formål å sikre fiskarane sine inntekter gjennom gode prisar og trygge betalingsvilkår, uttalar Skagerakfisk. Skagerakfisk viser vidare til at salslaga er private rettsobjekt som er organiserte som samvirke, der berre fiskarar kan vere medlemmer. At formålet er retta inn mot interessene til eigarane er difor naturleg. Skagerakfisk meiner at eit medverkande kontrollansvar ikkje er forvaltningsansvar. Det er heller ikkje retten til å regulere fisket under spesielle forhold. Berekraftig forvaltning av ressursane er styresmaktene sitt ansvar, hevdar Skagerakfisk. Vidare viser dei til at salslaga heller ikkje har hatt samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning som mål, men å ta vare på fiskarane sine interesser i verdikjeda. Forslaget vil, etter Skagerakfisk sin meining, endre formålet med råfisklova slik dette har vore oppfatta gjennom alle år. Salslaga vil stå fram meir som ein reiskap for styresmaktene enn for eigarane sine, hevdar Skagerakfisk, noko som kan svekkje fiskarane si tillit, og dermed oppslutninga om salslaga. Skagerakfisk viser til at redusert legitimitet vil kunne føre til svekka rolle som privat organisasjon, men også som offentleg forvaltar. Dette vil vere negativt for fiskerinæringa. Skagerakfisk oppmodar om at formålet vert endra til ”å sikre fiskernes inntekter og bidra til en lønnsom verdiskapning i fiskerinæringen, samt å sikre god dokumentasjon av ressursuttaket”.
Fiskeridirektoratet uttalar at arbeidsgruppa og rapporten deira med forslag er inne på ein del sentrale emne som med fordel kan regelfestast, så som lovformål og verkeområde.
Ingen av kjøparorganisasjonane har særskilde merknader til formålsføresegna.
6.1.4 Vurderingane til departementet
Etter departementet sitt syn er det tenleg at ei ny og moderne lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, har ein formålsparagraf. Omsetningssystemet og fiskesalslaga fyller fleire viktige roller som bør gå tydeleg fram av formålet. Departementet viser også til at både havressurslova og deltakarlova har formålsparagrafar, og det er ønskjeleg at fiskesalslagslova vert samordna med desse lovene.
Høyringsinstansane som representerer fiskarsida viser til at forslaget frå arbeidsgruppa manglar ein fiskarretta profil. Formålet med lova legg vekt på samfunnsdimensjonane, slik også havressurslova og deltakarlova gjer, vert det hevda. Dette meiner fiskarsida er uheldig og viser til at formålet bak fiskesalslaga er å sikre fiskarane inntekt. Formålet bør difor leggjast nærare opp til fiskesalslaga sine eigne formålsføresegner, vert det sagt. Mellom anna har Norges Råfisklag følgjande formålsføresegn:
”Ved organisert førstehåndsomsetning av råfisk og viltlevende marine ressurser skal Norges Råfisklag gjennom sine tjenester sikre fiskernes inntekter og bidra til en bærekraftig og lønnsom verdiskaping i norsk fiskerinæring.”
Sjølv om minsteprisen er eit viktig element i lova er ikkje departementet einig i at det å sikre fiskarane inntekter bør vere dominerande i sjølve formålsparagrafen. Men i realiteten vil det først og fremst vere minsteprisen som kan sikre fiskarane sine inntekter, og i den samanhengen viser vi til departementet sine vurderingar i kapittel 6.2.4. Førstehandsomsetninga, som lova skal regulere, har etter departementet sitt syn ein større dimensjon enn berre å sikre fiskarane inntekt. Lova skal mellom anna sikre stabile rammevilkår for omsetninga, noko som er til fordel for både industrisida og flåtesida. Førstehandsomsetninga påverkar også resten av verdikjeda, og medverkar til arbeidsplassar i landindustrien. Etter forslaget frå arbeidsgruppa er formålet med minstepris ”å oppnå en rimelig fordeling av inntekt fra markedet mellom fisker og industri”. Departementet er einig i dette, men dette kan kome direkte til uttrykk i minsteprisparagrafen.
Fiskesalslaga har vidare eit samfunnsansvar gjennom si rolle som kontrollmyndigheit i ressursforvaltninga. Denne rolla vert truleg viktigare i tida framover, noko også arbeidsgruppa ser ut til å meine.
Fiskesalslaga fyller i dag med andre ord fleire roller – marknadsplass, interesseorganisasjon og myndigheitsorgan. Spørsmålet er kva for roller lovgjevar bør framheve gjennom lovformålet. Departementet viser til at formålet både etter havressurslova og deltakarlova framhevar samfunnsdimensjonane ved lovene, og departementet meiner, slik som arbeidsgruppa, at dei tre hovudlovene i fiskeriforvaltninga, havressurs- deltakar- og råfisklova, bør harmoniserast når det gjeld formål.
Det vil vere opp til dei politiske styresmaktene å avgjere korleis ein best mogleg kan medverke til å nå formåla innanfor dei rammene lova gjev. Kva omsyn som eventuelt kan føre til mest mogleg berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar, kan endre seg over tid. Å trekkje fram spesifikke grupper eller omsyn i ein slik samanheng vil etter departementet sitt syn ikkje vere tenleg.
6.2 Fastsetjing av minstepris
6.2.1 Gjeldande rett
Både fastsetjing av minstepris for den enkelte art og kontroll av at prisføresegnene vert følgde, inngår i fullmakta etter råfisklova § 4. Heimelen vert i dag brukt til å regulere prisane for dei viltlevande marine ressursane som salslaga har omsetningsrett for, gjennom at salslaga normalt fastset minsteprisar. Prisane vert fastsette etter konsultasjonar mellom salslaget og representantar for industrien. Dersom partane ikkje vert einige, fastset salslaget einsidige minsteprisar.
Til vanleg fastset fiskesalslaga minsteprisar før kvar hovudsesong i dei enkelte fiskeria, men praktiseringa av når og kor ofte minsteprisar vert fastsette, kan variere. Minsteprisar kan berre fastsetjast for dei fiskeslaga som fell inn under omsetningsretten til salslaga.
6.2.2 Forslaga frå arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa hevdar at det opphavlege formålet med minsteprisen var å sikre fiskarane gode og stabile prisar for fisken. Arbeidsgruppa viser til at bakgrunnen var at særleg kystflåten ikkje kunne utnytte marknadsmekanismane godt nok. Men marknaden for førstehandsomsetning av fisk har endra seg mykje sidan råfisklova tredde i kraft i 1952, uttalar arbeidsgruppa. Kva minsteprisen faktisk har å seie kan variere mellom salslaga, noko også arbeidsgruppa peiker på. Arbeidsgruppa viser til at det er ulik storleik på salslaga, og det kan føre til at førstehandsomsetninga kan føregå noko ulikt og det kan vere ulikskapar i korleis minsteprissystemet vert forvalta. Nokre salslag fastset minsteprisar ofte og set minsteprisen lik marknadspris, medan andre heller let minsteprisen liggje som eit golv under marknadsprisen i førstehandsmarknaden. Arbeidsgruppa viser også til at fiskeflåten gjennomgåande har fått betre lønsemd gjennom strukturering, mobiliteten til fiskeflåten har auka sterkt og marknadsinformasjonen har vorte tilgjengeleg for alle aktørar i verdikjeda. Likevel er det framleis slik at mindre fartøy med liten mobilitet, som må drive innanfor sesongfiskeria, er sterkt avhengige av lokale kjøparar, vert det hevda.
I omtalen av næringa vert ofte dei to partane, fiskarane og industrien, rekna som to relativt homogene grupper. I følgje arbeidsgruppa er denne omtalen ikkje rett. Arbeidsgruppa uttalar at det er store ulikskapar og fleire ulike interesser innanfor begge gruppene. Arbeidsgruppa viser til at fiskeflåten består av alt frå små og mellomstore sjarkar med liten mobilitet til store havgåande fartøy, og fiskeindustrien består av alt frå små mottak til store kjøpargrupperingar. For begge grupper er det store ulikskapar i kvar ein er plassert geografisk og difor er det også ulik tilgang til fangstar og marknader, uttalar arbeidsgruppa.
Arbeidsgruppa viser til at det ved fleire høve kan setjast skilje i effekten av minstepris i pelagisk sektor versus kvitfisksektoren, mellom omsetning på auksjon eller ikkje auksjon og mellom små og store aktørar. I følgje salslaga er det ein del aktørar som ofte sel til minstepris. Det går fram av rapporten at årsaka til dette kan vere at desse aktørane ikkje er i posisjon til å forhandle fram ein pris som dei elles kunne fått ein annan stad. Det kan også bety at minsteprisen er sett lik reell omsetningspris i førstehandsmarknaden, vert det hevda. Arbeidsgruppa uttalar at avhengig av korleis ein meiner at minsteprisen bør setjast, vil nokon kunne hevde at minsteprisen i eit slikt høve er sett riktig, medan andre kan hevde at minsteprisen er sett for lågt sidan han ikkje fungerer som eit golv. Dersom minsteprisen er sett for høgt i høve til prisen på sluttproduktet kan dette medverke til omsetningsproblem, noko som på sikt vil kunne regulere minsteprisen til eit meir riktig nivå, uttalar arbeidsgruppa.
Industrien opplever at det er manglande legitimitet som er hovudutfordringa ved dagens ordning med å fastsetje minstepris. Arbeidsgruppa meiner at legitimitetsutfordringa kan løysast best ved å gje industrien større innverknad ved fastsetjing av minsteprisen. Arbeidsgruppa foreslår at salslaget og industrisida, etter forhandlingar og avtale, skal bestemme minsteprisar. Vedkomande salslag fastset så minstepris i samsvar med den avtalen som partane kom fram til. Arbeidsgruppa nemner at det er oppnådd semje i dei fleste minsteprisforhandlingane som er gjennomførde, og medlemmene trur dette vil vere slik også i framtida. Arbeidsgruppa meiner vidare at det er tenleg at partane i fellesskap kan avgjere om det skal fastsetjast ein minstepris for det enkelte fiskeslag og kor ofte minsteprisen bør justerast.
Formålet med minsteprisen er, etter arbeidsgruppa sitt forslag, å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Arbeidsgruppa ønskjer i utgangspunktet at det bør fastsetjast minstepris på alle fiskeslag, men det er ikkje sikkert at det skal vere minstepris på alle artar heile tida. Arbeidsgruppa viser til at minstepris er eit viktig instrument for hovudfiskeslaga, men at prisforhandlingane ikkje nødvendigvis sikrar dei mindre viktige artane like godt.
Arbeidsgruppa meiner at når ein tek avgjerd om å innføre minstepris bør det takast omsyn til at marknadssituasjonen for enkelte produkt kan endre seg frå dag til dag, og at situasjonen kan vere svært ulik i ulike geografiske område sjølv om dei høyrer inn under same salslag.
Arbeidsgruppa er delt i tre fraksjonar i spørsmålet om korleis ei eventuell usemje om minsteprisspørsmålet skal handterast. Kvar fraksjon i arbeidsgruppa skisserer forslag til løysingsmekanismar. Fire medlemmer, representantane frå FHL, NSL og gruppeleiaren, går inn for ei ordning der minsteprisen ved usemje vert fastsett av ein uavhengig tredjeperson – ein oppmann. Tre medlemmer, representantane frå Norges Fiskarlag og Norges Kystfiskarlag, går inn for ei meklingsordning etter same modell som prøveordninga 2007-2008. Dersom meklinga ikkje fører fram, kan salslaget bestemme minstepris. Eit anna mindretal, representanten frå LO, foreslår at ein nyttar ei meklingsnemnd der resultatet av meklinga skal vere bindande for partane.
6.2.3 Høyringsfråsegner
Fleirtalet av høyringsinstansane støttar forslaget om at det skal kunne fastsetjast minsteprisar, og at dette kjem fram i lova.
Høyringsinstansane deler seg hovudsakleg i to grupper i spørsmålet om løysingsmekanisme dersom det ikkje vert semje mellom partane i prisdrøftingane. Berre LO, og til dels FHL, støttar LO sitt forslag i arbeidsgruppa.
Norges Fiskarlag meiner det er ei stor svakheit med rapporten at konsekvensar av forslaget ikkje er utgreidd eller belyst på eit fagleg grunnlag. Fiskarlaget viser spesielt til forslaget om at retten til å bestemme minstepris skal overførast frå salslag til ein tredjepart, som til dømes ein oppmann eller ei meklingsnemnd som avgjer spørsmålet med bindande verknad. Dette er ei dramatisk endring av dagens råfisklov, hevdar Fiskarlaget, og det inneber at ein tek frå fiskarane retten til å bestemme vilkåra for sal av eigne produkt. Endringsforslaget manglar ei fagleg konsekvensvurdering i høve til alle partar i verdikjeda, men ikkje minst konsekvensen av å gje ein tredjepart avgjerande myndigheit, vert det uttalt. Fiskarlaget meiner at ein konsekvens av å flytte ansvaret frå salslaga og over på ein meklingsmann eller oppmann, er at offentlege styresmakter i større grad enn i dag må ta konsekvensane av avgjerder som vert tekne. Etter Norges Fiskarlag si vurdering vil det å gje ein tredjepart avgjerande myndigheit i minsteprisfastsetjinga med meir, redusere ansvarskjensla til partane under sjølve forhandlingane, og at det opplagt vil føre til auka polarisering og motsetningar i næringa. Norges Fiskarlag støttar forslaget om ei lovfesta meklingsordning, men fiskesalslaget skal framleis ha høve til sjølv å fastsetje minsteprisen dersom salslaget ikkje er einig med meklingsinstansen.
Norges Kystfiskarlag presiserer at prinsippet i råfisklova om at fiskarane (fiskesalslaga) har rett til å fastsetje ein minstepris på produkta fiskarane skal selje, må stå fast. Erfaringane har vist at salslaga er svært varsame i fastsetjinga av minstepris, i og med at også fiskarane er avhengige av ei smidig og god omsetning av produkta, uttalar Norges Kystfiskarlag.
Pelagisk Forening meiner at forslaget om ein uavhengig tredjeperson (oppmann), ikkje er heldig. Pelagisk Forening viser til at fiskesalslaga har ein funksjon som gjer at dei kjenner marknaden frå fleire sider, og kan vanskeleg sjå at ein oppmann kan ha meir kunnskap om minsteprisfastjing enn eit salslag. Fiskarane må sjølve bestemme, via minsteprisen til salslaga, kva dei ønskjer å selje varene sine for, hevdar Pelagisk Forening. Pelagisk Forening går inn for ei meklingsordning der salslaget sjølv bestemmer minstepris dersom det ikkje vert semje i meklinga.
Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat meiner at dersom ein skulle velje å innføre prosedyrar ved usemje i minsteprisfastsetjinga, så støttar sjømannsorganisasjonane forslaget om ei meklingsordning der salslaga framleis har siste ordet dersom mekling ikkje fører fram. Sjømannsorganisasjonane går klart i mot at retten til å bestemme minsteprisen skal overførast til ein annan instans som til dømes ein oppmann eller ei meklingsnemnd med bindande resultat. Dei hevdar at ei slik ordning vil kunne påverke posisjonen til forhandlingspartane under forhandlingane, med risiko for auka avstand mellom partane, i motsetning til ved mekling der partane vert bringa nærare kvarandre for å finne ei løysing.
Norges Råfisklag meiner at råfisklova og fiskesalslaga er sentrale faktorar for at norsk fiskerinæring er ei suksesshistorie. Dette må liggje til grunn når ein vurderar behovet for å endre råfisklova, uttalar dei. Råfisklaget hevdar at råfisklova gjev norske fiskarar ein sentral posisjon i omsetninga av produkta deira. Etter Råfisklaget sitt syn har fiskesalslaga handtert myndigheita etter råfisklova på ein god, langsiktig og samfunnsbyggande måte. Norges Råfisklag vil på generelt grunnlag hevde at seljaren av eit produkt bør ha ein sterk posisjon når det gjeld å bestemme vilkåra for å selje produktet som seljaren eig. Råfisklaget meiner at det er fleire tilhøve som gjer at fiskarane ikkje er i ein ideell valsituasjon når dei skal selje produkta sine. Råfisklaget viser til at det er mange små og mellomstore aktørar som kan knive om leveransar, og ein sterkt desentralisert struktur medverkar til at marknadsmekanismane ikkje fungerer godt og det vert skapt regionale innkjøpsmonopol. Fisk er ei fersk og lett forgjengeleg vare med raskt kvalitets- og verditap, og det er store sesongfiskeri der fiskarane er avhengige av å fiske og kjøparane har svært god tilgang på fisk.
Råfisklaget meiner det er heilt legitimt at fiskarane har rett til å bestemme vilkåra for å selje produkta. Det vert hevda at dei spesielle tilhøva tilseier at dette må skje innan kollektive løysingar for at det skal vere effektivt. Norges Råfisklag går imot at retten til å bestemme minsteprisen skal overførast til ein annan instans som til dømes ein oppmann eller ei meklingsnemnd med bindande resultat. Råfisklaget meiner dette vil føre til eit brot på prinsippet om at fiskarane skal ha retten til å bestemme vilkåra for sal av sine eigne produkt. Det har vore grunnprinsippet i alle år under råfisklova. Råfisklaget meiner at det å bringe inn ein annan instans med avgjerande makt i prisspørsmålet, eller for den del i andre spørsmål, endrar ansvarstilhøvet i omsetningssystemet i avgjerande grad. I dag har fiskesalslaga ansvaret for det endelege resultatet. Dersom det vert bringa inn ei anna myndigheit som skal ha det siste ordet, så vil denne instansen sitje med ansvaret for det endelege resultatet, uttalar Råfisklaget. Det er sjølvsagt ei stor belastning, og det knyter styresmaktene tettare til konsekvensane av avgjerdene som vert tekne, uttalar laget vidare. Råfisklaget meiner dette kan skape auka grunnlag for å krevje at styresmaktene ryddar opp i konsekvensane av avgjerda. Råfisklaget peiker på nokre faktorar som fungerar som sikkerheitsmekanismar for å sikre at partane forhandlar likeverdig innanfor dagens system. Det vert vist til at salslaga er avhengig av råfisklova for å utføre sentrale funksjonar knytt til minstepris og oppgjer. Dette betyr, etter Råfisklaget si meining, at fiskesalslaga er avhengige av politisk legitimitet for det dei gjer. Dersom salslaga over tid misbrukar makta si til til dømes å setje for høg minstepris, vil dei misse denne legitimiteten med risiko for at lovgrunnlaget vert fjerna.
Råfisklaget viser til at den norske fiskeflåten, særleg den minste og minst mobile flåten som leverer ferske produkt, er heilt avhengig av å selje fangstane sine til norsk fiskeindustri. Dersom fiskarane (fiskesalslaga) bestemmer ein utilbørleg høg minstepris, så kan kjøparane nekte å kjøpe fisk, eventuelt i form av ein organisert kjøpestopp. Dersom fiskesalslaga etablerer ein minstepris som bremsar avsetninga i toppsesongane, så vil fiskeflåten presse på for å få løysingar som sikrar betre flyt i avsetninga, uttalar Råfisklaget.
Råfisklaget sluttar seg til forslaget med meklingsordning der fiskesalslaga har det siste ordet. Det vil vere svært krevjande for eit fiskesalslag å ikkje følgje dei råda som ei slik meklingsnemnd fremmar, meiner Råfisklaget. Norges Råfisklag reknar med at ein meklingsinstans med avgjerande makt vil kunne redusere ansvarskjensla hos partane under forhandlingane. Dette kan føre til auka polarisering og motsetning i næringa, uttalar Råfisklaget.
Skagerakfisk ser fordelar med ei ny lov som i utgangspunktet skal vere ei oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet og vurderinga av minsteprisfastsetjinga. Laget meiner at delar av forslaget går lenger enn å oppdatere, og vil, dersom det vert vedteke, endre viktige prinsipp i råfisklova. På bakgrunn av erfaringane frå prøveordninga, stiller Skagerakfisk spørsmål om det er eit påtrengjande behov for ei meklingsordning. Dei viser til at delar av arbeidsgruppa tilrår å vidareføre ei mekling ved usemje om pris, og at dette kan takast inn i lova. Skagerakfisk meiner at spørsmålet om meklingsordning bør avgjerast mellom det enkelte salslag og motparten, og eventuelt takast inn i forretningsreglane eller salsvilkåra. Salslaget peiker på at prosedyrar for meklinga kan gå fram av forretningsreglane eller salsvilkåra slik partane måtte ønskje å ha dei.
Skagerakfisk meiner at eineretten til å fastsetje minstepris også har gjeve salslaga rett til å fastsetje minstepris ut frå bruk av råstoffet og marknad. Dei viser til Høgsteretts dom Rt. 1977 s. 433, der dette vert stadfesta. Skagerakfisk viser til at desse elementa ikkje er nemnde i lovforslaget og heller ikkje drøfta i tilrådinga frå arbeidsgruppa. Dette er eit svakt punkt i tilrådinga sidan det er salslaga som i dag fastset pris både ut frå bruk av råstoffet og marknad, uttalar Skagerakfisk. Salslaga må, etter Skagerakfisk sitt syn, framleis ha rett til ei slik prisdifferensiering, og dette må konkretiserast i lova. Prisdifferensieringa fører til fleksibilitet for kjøparane og bidreg til størst mogleg verdiskaping basert på råstoffet, meiner fiskesalslaget.
Skagerakfisk uttalar også at minstepris verkar stabiliserande i ein marknad der tilførslane svingar som følgje av vêr og vind. Salslaget viser til at det er fastsett minsteprisar på fisk og skaldyr i dei fleste vestlege land. Dette understrekar at minsteprisar er viktige for verdiskaping, konkurranse og ein variert flåtestruktur også i andre land, uttalar Skagerakfisk. Skagerakfisk viser til at arbeidsgruppa foreslår at mekling skal gjennomførast ved usemje om pris. Skal spørsmålet om mekling takast inn i lova må skal-regelen endrast til ein kan-regel, meiner salslaget. Laget viser til at partane i somme høve kan leve med ei usemje. Skagerakfisk meiner at mekling må vurderast i lys av at det er ein ressurskrevjande prosess som kan føre til eit meir fastlåst og mindre fleksibelt resultat. Skagerakfisk meiner at salslaga må ha siste ord ved prisfastsetjinga.
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI) meiner atformålet med minstepris slik det går fram av forslaget ideelt sett er rett, men berre teoretisk. SUROFI uttalar at det viktigaste formålet med minsteprisen er å sikre at den minste flåtegruppa, som også er minst mobil, skal oppnå prisar som samsvarar i rimeleg grad med dei prisane andre fiskarar oppnår i ein konkurranseutsett marknad. SUROFI viser vidare til at marginane til industrien er meir eller mindre stabile, og prisane er difor viktigare for resultatet til flåten, enn dei er for industrien.
Vest-Norges Fiskesalslag meiner det er viktig at minstepris vert fastsett fordi det medverkar til å stabilisere marknaden og har mykje å seie, spesielt for den minste flåten. Salslaget foreslår at mekling om minstepris vert gjort permanent, men med dei avgrensingane som var i prøveordninga. Vest-Norges Fiskesalslag støttar dermed forslaget om meklingsordning, men slik at salslaget har endeleg avgjerdsrett. Salslaget viser til at laga er sjølvstendige rettssubjekt som sjølve må kunne vurdere kor stor kredittrisiko dei er villige til å ta. Salslaget uttalar at det i enkelte forhandlingar har vorte provosert fram mekling for å teste meklingsinstituttet og kva resultat det kan gje. Elles støttar salslaget dei argumenta som er komne fram i arbeidsgrupperapporten frå representantane frå Norges Fiskarlag.
Rogaland Fiskesalgslag uttalar at det må liggje til den seljande parten å kunne fastsetje allmenne salsvilkår og praktiske omsetningsformer ut frå det formålet salslaget har og som mellom anna seier noko om gode prisar og sikre betalingsforhold. Rogaland Fiskesalgslag støttar forslaget om meklingsordning, men slik at salslaget har endeleg avgjerdsrett.
Norges Sildesalgslag uttalar at den som skal ha ansvaret for førstehandsomsetninga, nemleg salslaga, også må ha dei nødvendige fullmaktene til å fastsetje minsteprisar dersom meklingsnemnda kjem opp med forslag som kan ha uante negative konsekvensar. Dei viser til erfaringar frå meklingsordninga, der forslaget frå meklingsnemnda i realiteten innebar ei halvering av prisen på nvg-sild på 300 til 325 gram. Sildelaget viser også til at FHL under prøveordninga med mekling, bad laget om å diktere ein minstepris for nordsjøsild utan å gå til mekling. Sildelaget foreslår difor at lovteksten vert endra til:
”Dersom partene gjennom forhandlinger ikke oppnår enighet om minsteprisfastsettelsen skal spørsmålet om minstepris, dersom en av partene forlanger det, bringes inne for mekling.”
Norges Sildesalgslag støttar forslaget om meklingsordning, men slik at salslaget har endeleg avgjerdsrett.
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) meiner at det er viktig å fremme eit regelverk som kan skape ein breiare legitimitet for salslaga og råfisklova. Ordninga i dag med organisering av minsteprisdrøftingar og fastsetjing av salsvilkår fører, etter FHL sitt syn, til ein udemokratisk og systematisk maktubalanse mellom flåten og industrien. Ein slik systematisk og institusjonalisert maktubalanse fører i seg sjølv til at det er svak legitimitet knytt til nivå for minsteprisar og salsvilkår, vert det uttalt. FHL stiller spørsmål ved om det er behov for ein slik institusjonalisert maktubalanse mellom industrien og fiskeflåten, og om det er alternative innretningar som kan sikre at makta vert meir jamt fordelt innanfor dei rammer som mandatet for arbeidsgruppa gjev. FHL understrekar at ei av hovudutfordringane knytt til manglande legitimitet er at den eine parten har einsidige rettar og ei einsidig makt. Legitimitetsutfordringa må difor løysast ved at dei omstridde delane av verkeområdet til råfisklova vert løfta ut av salslaget og over til ein institusjon der den eine parten ikkje har eigarrettar eller ein einsidig rett, uttalar FHL.
FHL viser til at vurderinga av prøveordninga med mekling, viser at ingen av aktørane på fiskarsida ønskte å vidareføre prøveordninga. Dette fortel, etter FHLs syn, at salslaga og fiskarane såg på meklingsinstansen som ei ordning som utfordra den absolutte monopolstillinga til fiskarane. Sjølv om realiteten var at salslaga framleis einsidig kunne fastsetje minsteprisar, førde ordninga til at salslaga meinte at dei miste makt, meiner FHL.
FHL viser vidare til at eit fleirtal på industrisida, både i pelagisk sektor og i kvitfisksektoren, såg det slik at prøveordninga ikkje hadde gjeve ein reelt betre forhandlingssituasjon. FHL skriv at realiteten var at salslaget framleis kunne fastsetje den prisen det ønskte. Etter FHL sitt syn vaks det fram ei forståing som sa at meklingsnemnda måtte erstattast av ei valdgiftsnemnd med endeleg avgjerdsmakt dersom ordninga skulle få noko reelt å seie og kunne jamne ut partane sin forhandlingsstyrke. Likevel, uttalar FHL, meinte mange aktørar i pelagisk sektor at meklingsinstansen var nyttig sidan han medverka til at Sildesalslaget la fram betre dokumentasjon for forslaga sine i minsteprisdrøftingane. Men viktigast var det at ein ikkje trong å la seg presse til å godta for høge minsteprisar i frykt for at laget utan semje ville fastsetje endå høgre minsteprisar, skriv FHL. FHL viser til at meklingsordninga gjorde at kjøparane kunne stå fast på ein minstepris dei kunne forsvare, og krevje mekling. FHL er difor ikkje einig i måten fiskarsida skildrar tilhøva på i rapporten.
Når det gjeld påstanden om misbruk av ordninga meiner FHL at dei hyppige meklingane i pelagisk sektor kom av sterkare usemje og eit vanskelegare forhandlingsklima, og ei steilare haldning i Sildesalgslaget enn i dei andre salslaga. FHL meiner at det må innførast ei ordning som baserer seg på ein nøytral tredjepart med legitimitet i heile verdikjeda, og at avgjerda ved konflikt vert flytta bort frå salslaga. FHL uttalar at det er underordna om dette vert organisert som ei oppmannsordning slik FHL, NSL og leiaren i utvalet har foreslått, eller om det vert organisert som ei valdgiftsnemnd slik LO foreslår. Det sentrale er at sjølve avgjerda ved konflikt vert flytta bort frå salslaga. Ved konfliktar bør oppmannen/valdgiftsnemnda ha mandat til å kunne ta endeleg avgjerd.
NSL meiner det ikkje er tilfresstillande at salslaga skal ha monopol på å fastsetje minsteprisar. Dei viser til at fiskarane i dag ikkje er ein ”svak” part som treng einsidig å fastsetje minsteprisane. NSL viser også til at fiskarane tidlegare, for å sikre eit inntektsgrunnlag, måtte drive sprengfiske. Dette førte til sterkt konsentrerte landingar i tid, noko som kunne føre til uheldige pristilhøve. Vidare uttalar NSL at fiskarane har årskvotar som dei sjølve kan fiske når dei finn det mest tenleg. Salslaget har også høve til å påverke marknadsprisane ved å fastsetje stopp eller avgrensingar i fisket. NSL meiner at ein fast minstepris verkar forstyrrande på omsetninga av fisk. Dette gjeld særleg fordi marknadstilhøva endrar seg raskt. Den riktige differensieringa av prisane etter bruk er det som reflekterer etterspurnaden i marknaden. Når minsteprisane ikkje er i takt med marknaden vil dei heller ikkje verte oppfatta som riktige, meiner NSL. Dette kan føre til kreativitet hos seljar og kjøpar for å omgå minsteprisane på ulike måtar - lovlege som ulovlege. Følgjeleg vil etter NSL si meining nokon kome dårlegare ut enn andre. NSL uttalar at forslaget frå LO om eiga meklingsnemnd som fastset bindande minstepris kan vere ei mogleg forbetring samanlikna med situasjonen i dag. Problemet med forslaget, uttalar NSL, er samansetninga av nemnda. I dei høva der partane ikkje vert einige, meiner NSL at usemja vil spegle seg av i meklingsnemnda og føre til at den sterkaste parten får gjennomslag. NSL meiner difor at legitimiteten til denne nemnda vil verte oppfatta som heller svak, og nemnda vil lett verte styrt av anten sjø- eller landsida. NSL meiner forslaget der salslaget har høve til overstyring for å fastsetje minstepris står fram som rein pynt, og er ikkje formålstenleg. Dersom partane etter prisforhandlingar ikkje vert einige, støttar NSL fleirtalsforslaget om at minsteprisen vert fastsett av ein uavhengig tredjeperson (oppmann).
Fiskekjøpernes forening meiner at prisen skal fastsetjast av ein uavhengig tredjeperson (oppmann) dersom det under forhandlingar om minstepris ikkje vert semje.
Sametinget støttar forslaget om at minstepris skal fastsetjast etter forhandlingar mellom fiskesalslaget og dei andre partane. Ved usemje støttar Sametinget forslaget om å nytte ei meklingsordning, men dersom meklinga ikkje fører fram kan salslaget sjølv avgjere minsteprisen.
LO støttar forslaget om meklingsnemnd som prosedyre ved usemje om minsteprisfastsetjinga. LO meiner at meklingane må vere reelle og kan difor ikkje støtte forslaget om at salslaga skal avgjere minsteprisen dersom meklinga ikkje fører fram. Dette vil undergrave meklingsinstituttet, uttalar LO.
6.2.4 Vurderingane til departementet
Departementet meiner at det framleis skal kunne fastsetjast ein minstepris. Dette er i samsvar med forslaga frå arbeidsgruppa og innspela i høyringsfråsegnene.
Minsteprisen er eit viktig element innanfor førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar, og det tilseier at heimelen vert framheva og utbygd i lova. Departementet meiner at minsteprisen kan vere ein faktor som har stor vekt for å skape føreseielege vilkår for partane i førstehandsomsetninga. Arbeidsgruppa gjer i punkt 5.1 i rapporten greie for kva minsteprisen har å seie i dag. Departementet meiner at denne utgreiinga reiser ein del sentrale problemstillingar.
Salslaga er ulike når det gjeld både omfanget av landingar og kva artar som vert omsette, og det kan gje naturlege ulikskapar i korleis førstehandsomsetninga føregår og korleis minsteprissystemet vert forvalta. Prisen i førstehandsmarknaden kan variere mellom regionar, avhengig av lokal tilførsel, etterspurnad og konkurranseforhold. Ulike produkttilstandar, som til dømes fersk og fryst, vil også kunne ha ulik marknadspris. Kva minsteprisen faktisk har å seie kan difor variere mellom salslaga og dei ulike fartøygruppene. Dette vil truleg også vere situasjonsbiletet i framtida, noko som i seg sjølv ikkje er eit argument mot at det vert fastsett minsteprisar.
Departementet meiner at minstepris skal avgjerast etter forhandlingar mellom fiskesalslaget og fiskeindustrien i fellesskap, og fastsetjast formelt av fiskesalslaga. Dette vil innebere at den praksisen som fiskesalslaga allereie følgjer i dag, vert lovfesta. Fiskesalslaget skal fastsetje den minsteprisen som det har vorte semje om gjennom forhandlingane. Dersom det er fastsett ein minstepris vil partane vere bundne av prisen. Førstehandsomsetning til ein lågare pris enn minstepris, vil vere i strid med lova.
Departementet støttar arbeidsgruppa sitt forslag til formål med minsteprisen. Formålet med minsteprisen skal vere å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Som arbeidsgruppa peiker på kan det tenkjast at fiskarsida og industrisida er ueinige om kva som er ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden. Eit naturleg utgangspunkt kan vere ei objektiv vurdering knytt opp mot dei rådande marknadsforholda. Departementet presiserer likevel at det bør vere opp til partane å vurdere kva moment det skal leggjast vekt på i ei vurdering av kva som er rimeleg. Vi viser til at minstepris vil kunne ha ulike verknader i ulike situasjonar.
Sjølv om det i mange høve vil vere ein fordel for både fiskarane og landindustrien at det vert fastsett minsteprisar på ulike artar, meiner departementet at det ikkje skal liggje føre ei legal plikt til å fastsetje minsteprisar. Etter departementet sitt syn bør spørsmål om det er tenleg å innføre minstepris, drøftast og løysast gjennom dialog mellom partane og avgjerast etter gjeldande prosedyre for minsteprisfastsetjing. Det same gjeld spørsmålet om minsteprisen skal vere differensiert for ulike storleikar og produkttilstand.
I spørsmålet om korleis eventuell usemje om minsteprisen skal handterast, konstaterer vi at høyringsinstansane deler seg etter same mønster som arbeidsgruppa.
I høyringsrunden var det berre LO, og tildels FHL, som støtta forslaget frå LO sin representant i arbeidsgruppa om å opprette ei meklingsnemnd der resultatet av meklinga skulle vere bindande for partane. Etter departementet sitt syn er det ei svakheit med forslaget at det opnar eit høve for partane til å posisjonere seg før prisforhandlingane. Dette vil kunne svekkje forhandlingsviljen og medverke til lite løysingsorienterte drøftingar. På sikt kan dette føre til større polarisering mellom partane og auka misnøye med systemet, noko som er uheldig og lite eigna til å oppnå formålet med lova. Departementet meiner det har ein del å seie at prosedyrane for løysingsmekanismane er føreseielege, medrekna at det ligg føre ei avgjerdsmakt som kan avgjere minsteprisspørsmålet endeleg. Vi konstaterer i lys av dette at forslaget ikkje behandlar situasjonen som kan oppstå dersom det ikkje vert semje i meklinga. Dette kan føre til langvarige meklingsrundar med fleire brot i forhandlingane. Det kan verte ressurskrevjande for partane. Usikkerheit rundt gjennomføring av minsteprisfastsetjinga kan særleg ha negative følgjer framfor hovudsesongane i dei ulike fiskeria. I visse situasjonar kan sjølve tidsbruken også vere eit reelt problem for avviklinga av fisket.
Departementet ser difor ikkje dette som eit aktuelt forslag.
Forslaget frå fiskarsida om meklingsinstans, men der salslaget framleis vil ha rett til å fastsetje minstepris dersom verken forhandlingar eller mekling fører fram, kan angripast med at det i realiteten berre inneber ei vidareføring av råfisklova. Det er klart at forslaget ikkje inneber ei formell juridisk utjamning av maktubalansen som fleire i næringa opplever i dag, jf. både arbeidsgrupperapporten og høyringsfråsegnene frå industriaktørane. Forslaget inneber likevel ei endring av råfisklova ved at det vert etablert ei plikt til å gjennomføre mekling dersom det ikkje vert semje gjennom prisdrøftingar. Det går fram av Kontali si evaluering av prøveordninga frå 2007–2008, at det ikkje er haldepunkt for at prøveordninga vart misbrukt av partane. Men det går fram at fiskarsida i pelagisk sektor opplevde at motparten i prøveperioden hadde redusert vilje til diskusjon, og heller ønskte å nytte seg av retten til mekling. Ei permanent meklingsordning vil likevel, etter departementet sitt syn, kunne tilføre prisdrøftingane eit positivt moment. Departementet tek evalueringa frå Kontali til etterretning, men går ut frå at partane i det lange løp har lite å hente ved ikkje å føre konstruktive og reelle prisforhandlingar.
Høyringsinstansane på fiskarsida, som har gått inn for dette forslaget, har peikt på at fiskesalslaga er avhengige av politisk legitimitet i forvaltninga av minsteprissystemet. Dersom salslaga over tid misbrukar myndigheita si ved til dømes å setje for høg minstepris, vil dei misse denne legitimiteten med risiko for at lovgrunnlaget vert fjerna, vert det hevda. Departementet er einig i dette. Departementet går difor ut frå at fiskesalslaga vil vere svært tilbakehaldne med å overprøve meklingsinstansen. Det vert såleis lagt til grunn at forslaget om meklingsinstans vil medverke til å fremme konstruktive og reelle forhandlingar mellom partane, og leggje til rette for at minsteprisen får auka legitimitet i heile sjømatnæringa.
Departementet ser også positive moment ved forslaget om at ein oppmann skal kunne avgjere minsteprisen når forhandlingane ikkje fører fram. Først og fremst vil det kunne tvinge partane til å forhandle på grunnlag av godt dokumenterte posisjonar, som ein må stå for i ettertid og kunne vise fram grunnlaget for. Føresetnaden for ein slik effekt er at oppmannen berre skal kunne velje mellom dei to framlegga til minstepris som partane legg på bordet til han, Det kan vere grunn til å tru at dette over tid vil ha ein sterkt disiplinerande verknad i forhandlingane, og medverke til at det vert fastsett best moglege minsteprisar.
Samstundes vil dette forslaget føre til at oppmannen vert ståande ansvarleg for dei minsteprisane som vert fastsette når forhandlingane ikkje fører fram. Departementet ser dette som særs vanskeleg. Forslaget om ei mekling der salslaget likevel har siste ordet dersom meklinga ikkje fører fram, sikrar på same måten som dagens system at ein kan peike på kven i næringsstrukturen som er ansvarleg for den minsteprisen som vert fastsett. Når dette er eit salslag, eigd og styrt av fiskarane gjennom deira organisasjonar og der dei som vert valt til å styre laget står til ansvar overfor fiskarane, må ein kunne leggje til grunn at denne klare samanhengen mellom myndigheit og ansvar sikrar at det vert teke ansvarlege avgjerder. Departementet vil i den samanheng minne om at fiskarane, som seljar i førstehandskjøpet, ikkje einsidig har interesse av høgast mogleg førstehandspris. Fiskarane har også interesse av langsiktige moglegheiter for sal av fangsten sin, og dermed av at kjøparane også har ei rimeleg avkastning på verksemda si.
Departementet vil på denne bakgrunn gå inn for forslaget om at minstepris skal fastsetjast etter forhandlingar mellom salslaget og partane, at det skal meklast dersom forhandlingane ikkje fører fram, men at salslaget kan bestemme minstepris dersom heller ikkje meklinga fører til semje.
6.3 Salsvilkår og omsetningsformer
6.3.1 Gjeldande rett
Råfisklova § 4 fastset at fiskesalslaga skal ha forretningsreglar som inneheld dei alminnelege salsvilkåra til organisasjonen. Kjøparane må forplikte seg til å halde føresegnene til salslaga. Salsvilkåra legg til rette for at det gjeld like konkurransevilkår for aktørane, og trekkjer opp dei grunnleggjande rammevilkåra for førstehandsomsetninga.
Forretningsreglane kan innehalde føresegner om tilletne omsetningsformer som auksjonar, direktesal eller langsiktige leveringsavtalar, dirigering og regulering av avtaksmessige årsaker, fastsetjing av minsteprisar og krav til at aktørane legg til rette for omsetnings- og ressurskontroll. Vidare kan det også fastsetjast generelle oppgjersvilkår, slik som krav til garantiar, sluttsetel, oppgjerstid og avklaring av omgrep som leveringstidspunkt, risikoovergang og reklamasjonar, medrekna undersøkingsplikt og reklamasjonsfristar. Utfyllande føresegner til forretningsreglane vert ofte tekne inn i rundskriv og sirkulærebrev.
6.3.2 Forslaga frå arbeidsgruppa
Fleirtalet i arbeidsgruppa, representantane frå Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, LO og leiaren i arbeidsgruppa, går inn for at salslaget, etter å ha lagt spørsmålet fram for partane, kan fastsetje salsvilkår og omsetningsformer. Fleirtalet strekar under at salslaga skal sikre at fiskarane får oppgjer, og ut frå det må salslaga ha rett til å fastsetje krav om garanti og andre betalingsvilkår. Salslaga skal leggje til rette for at fiskarane som gruppe kan nytte fangstane på best mogleg måte og salslaga må når det er nødvendig, bestemme om salet skal skje ved hjelp av auksjon, om det skal opnast for leveringsavtalar mv. Fleirtalet viser til at det her er tale om føresegner som salslaga må kunne fastsetje einsidig på vegner av fiskarane.
Eit mindretal i arbeidsgruppa, medlemmene frå FHL og NSL, går inn for at salsvilkår og omsetningsformer skal fastsetjast etter avtale mellom salslaget og dei andre partane og av oppmannen dersom ein ikkje oppnår avtale. Mindretalet meiner at salslaga ikkje må ha ei så omfattande rolle at det hindrar utvikling av normale og tette forretningsforhold mellom to likeverdige industriaktørar på sjø og land. Mindretalet meiner at konfliktar mellom industri og fiskesalslag i større grad har vore knytt til organiseringa av handelen, enn til sjølve minsteprisspørsmålet. Som døme trekkjer mindretalet fram obligatoriske auksjonar og andre tvungne ordningar i regi av Norges Sildesalgslag. Slikt meiner dei skaper grunnlag for konfliktar mellom sjø og land.
6.3.3 Høyringsfråsegner
Norges Fiskarlag sluttar seg til fleirtalet sine vurderingar og konklusjonar. Dei strekar under at salslaga skal sikre at fiskarane får oppgjer, og ut frå det må salslaga ha rett til å fastsetje krav om garanti og andre betalingsvilkår. Salslaga skal leggje til rette for at fiskarane som gruppe kan nytte fangstane på best mogleg måte og salslaga må, når det er nødvendig, bestemme om salet skal skje ved hjelp av auksjon, om det skal opnast for leveringsavtalar mv. Fiskarlaget viser til at det er tale om føresegner som salslaga må kunne fastsetje einsidig på vegner av fiskarane. Fiskarlaget meiner til liks med fleirtalet i arbeidsgruppa at endringar i salsvilkåra eller omsetningsformene skal leggjast fram for dei andre partane før salslaget tek endeleg avgjerd.
Sjømannsorganisasjonane meiner at fleirtalsforslaget i arbeidsgruppa er ei vidareføring av gjeldande rett i tråd med den praksis som vert utøvd, og sluttar seg til dette forslaget. Sjømannsorganisasjonane vil på generelt grunnlag hevde at seljaren av eit produkt, i dette høvet fiskaren, har og bør ha ein sterk posisjon når det gjeld å bestemme vilkåra for å selje produktet som han eig. Det er seljaren som vel å overføre eigedomsretten til produktet og seljaren kan dermed setje vilkåra for dette i ein ideell marknad, vert det uttalt. Sjømannsorganisasjonane meiner difor at det er heilt legitimt at fiskarane har rett til å bestemme vilkåra for å selje produkta. Sjømannsorganisasjonane meiner at forholda i fiskerinæringa gjer at dette må skje innanfor kollektive løysingar (salslaga) for at det skal vere effektivt. Dersom andre enn salslaga skal ta avgjerder om salsvilkår og omsetningsformer, vil eit viktig prinsipp i råfisklova, etter sjømannsorganisasjonane sitt syn, verte endra. Av desse grunnane er sjømannsorganisasjonane klart i mot at det skal kunne meklast om salsvilkår og omsetningsformer.
Norges Råfisklag uttalar at det er uproblematisk, og heilt i samsvar med dagens praksis, at saka vert lagd fram for partane før endeleg avgjerd vert teken. Råfisklaget går klart imot at det skal meklast om dette. Råfisklaget meiner at seljaren må ha rett til å bestemme vilkåra som han skal selje produkta sine innanfor. Det er vanskeleg for fiskesalslaga å fastsetje vilkår og omsetningsordningar som er utilbørlege samanlikna med kva som er vanleg elles i samfunnet, då dette vil kunne føre til tap av politisk legitimitet. Salsvilkåra representerer ein kostnad ved kjøp av fisk, og vil vere ein del av kalkylane knytt til drøftingane om minsteprisar. Dersom salsvilkåra vert vesentleg endra, så vil dette normalt speglast av i minsteprisen, uttalar Råfisklaget.
SUROFI meiner det er svært viktig å føre vidare salslaga sin rett til å fastsetje salsvilkår og omsetningsformer. SUROFI viser til at salsvilkår omfattar mellom anna oppgjerstider og sikkerheit for kjøp. Oppgjerstid heng nært saman med salslaga sin likviditet og kredittilgang, og SUROFI meiner difor at salslaga sjølve må ha kontroll med kva avtalar dei kan ta på seg. Når det gjeld å stille sikkerheit uttalar SUROFI at salslaga ikkje kan velje kundane sine, men det er ei avgrensing til bedrifter registrerte i kjøparregisteret. Dersom ein oppmann skulle fastsetje vilkåra for å stille sikkerheit, kunne salslaga verte tvungne til å selje ”i open rekning” sjølv om dette var uforsvarleg ut frå risiko, uttalar SUROFI, og peikar på at ei endring av ordninga for fastsetjing av salsvilkår vil ha vidtgåande konsekvensar. SUROFI oppfattar det slik at både kjøpar- og fiskarsida er godt tilfreds med omsetningsformene og med den måten SUROFI organiserer omsetninga på. Etter SUROFI sitt syn er det verken riktig eller noko behov for å endre ordninga for fastsetjing av omsetningsformer.
Rogaland Fiskesalgslag uttalar at det må liggje til seljaren å fastsetje allmenne salsvilkår og praktiske omsetningsformer ut frå det formålet salslaget har, og der det mellom anna vert sagt noko om gode prisar og sikre betalingsforhold.
Skagerakfisk viser til at salslaga gjennom eineretten til omsetning har fastsett salsvilkår og omsetningsformer. Dei har vore nedfelte i forretningsreglar og rundskriv, og har vore lagde fram for partane før dei vart sette i verk. Skagerakfisk meiner at fleirtalsforslaget vidarefører gjeldande rett og praksis. Dei viser til at salsvilkår og omsetningsformer handlar om kva vilkår fangstar skal omsetjast under og på kva måte. Det er naturleg at slike funksjonar ligg hos seljaren, meiner Skagerakfisk. Dersom andre enn salslaget skal ta avgjerd om salsvilkår og omsetningsformer, vil ein viktig del av eineretten til omsetning falle bort. Skagerakfisk meiner at eit viktig prinsipp i råfisklova då vert endra.
Norges Sildesalgslag uttalar at laget er heilt avhengig av å kunne organisere omsetninga slik at førstehandsmarknaden fungerer. Dersom det er eit mål å maksimere verdiskapinga på basis av norske viltlevande marine ressursar, så er det viktig at salslaga sin rett til å fastsetje omsetningsformer vert vidareført, uttalar Sildesalslaget.
FHL viser til at fleirtalet i arbeidsgruppa legg til grunn at dei vilkår som seljar fastset i vanlege avtaleforhold, skal salslaga fastsetje på vegner av fiskarane. FHL meiner at dette ikkje er juridisk riktig, og at det i tillegg er feil å trekkje parallellar mellom sal mellom frie partar og omsetning gjennom eit absolutt monopol. Dei viser til følgjande samrøystes fråsegn frå Høgsterett:
”Råfisklagets fastsettelse av priser og andre salgsvilkår for fiskernes salg av råfisk er basert på den myndighet laget er gitt med hjemmel i råfiskloven. Ved utøvelsen av denne virksomhet må laget holde seg innenfor de rammer som følger av denne hjemmel. Den (prisfastsettelsen) kan ikke utvides eller suppleres på grunnlag av hva laget kunne ha foretatt om det hadde vært eier eller selger av råfisken, eller om det hadde representert alle fiskere på frivillig basis.”
FHL meiner følgjeleg at salslaga ikkje har det handlingsrommet som fleirtalet i arbeidsgruppa gjev uttrykk for på dette punktet. Med unntak av mindre salslag sør i landet, som sjølve kjøper fisken og sel han vidare for eiga rekning, er dei store salslaga berre formidlarar av sal mellom fiskar og kjøpar, hevdar FHL.
FHL meiner også at det er viktig å ha med seg at fleire store reiarlag ikkje omset fisken gjennom salslag på frivillig grunnlag som Høgsterett presiserer. FHL meiner difor at fiskesalslaga si rolle ikkje må vere så omfattande at det hindrar utvikling av normale og tette forretningsforhold mellom fiskarane og industrien, som skulle ha vore to likeverdige aktørar i sjømatnæringa. I pelagisk sektor opplever ein, hevdar FHL, at Sildesalgslaget gjennom sine omsetningsføresegner lagar formelle føresegner som hindrar næringsutvikling i sektoren. FHL uttalar at foreininga si erfaring er at konfliktar mellom industri og fiskesalslag i minst like stor grad har vore knytt til organiseringa av handelen, som til sjølve minsteprisspørsmålet. FHL meiner at salsvilkår, medrekna oppgjersordningar og omsetningsformer, skal bestemmast av partane i fellesskap, og fastsetjast av fiskesalslaget. Dersom partane gjennom drøftingar ikkje vert samde om salsvilkåra, meiner FHL at partane må leggje fram sine respektive forslag for oppmannen, som må velje eitt av forslaga.
6.3.4 Vurderingane til departementet
Departementet støttar fleirtalet i arbeidsgruppa i at salsvilkår og omsetningsformer skal fastsetjast av fiskesalslaga. Dette er også i tråd med høyringsinnspela frå fiskarorganisasjonane. Departementet foreslår difor at salslaga skal behalde retten sin til å kunne fastsetje salsvilkår og omsetningsformer. Det vert vist til at salslaga skal sikre at fiskarane får oppgjer. Dette inneber, som også fleirtalet i arbeidsgruppa og høyringsinstansane frå fiskarsida hevdar, at salslaga må ha høve til å fastsetje krav om garanti og andre betalingsvilkår.
Departementet meiner vidare at fiskarane sjølve gjennom salslaga skal kunne leggje til rette for at fiskarane kan nytte fangstane på best mogleg måte. Salslaga må difor bestemme om salet skal skje ved hjelp av auksjon, om det skal opnast for leveringsavtalar eller om det skal fastsetjast andre måtar å organisere omsetninga på.
Industrisida legg vekt på at fiskesalslaga si rolle ikkje må vere så omfattande at det hindrar utvikling av normale og tette forretningsforhold mellom to likeverdige industriaktørar på sjø og land. Departementet tek denne argumentasjonen til etterretning. Vi vil nemne at lova i seg sjølv ikkje er til hinder for at det vert etablert tette forretningsforhold mellom sjø og land. Vi nemner vidare at det er fiskarane som eig salslaga og at salslaga truleg ikkje vil setje andre krav til omsetningsformer enn det fleirtalet av fiskarane, som seljarar, sjølve ønskjer.
Gjeldande råfisklov har inga føresegn som regulerer kva salsvilkåra skal innehalde, til dømes krav til kvalitet eller oppgjersvilkår. Departementet ser heller ikkje grunn til at salsvilkåra skal regulerast nærare i lovforslaget. Vi viser til at salslaga varierer når det gjeld storleik, verksemd og korleis dei ønskjer å gjennomføre omsetninga, og det er verken tenleg eller ønskjeleg å regulere dette nærare i lova.
Departementet meiner vidare, til liks med fleirtalet i arbeidsgruppa, at endringar i salsvilkår eller omsetningsformer skal leggjast fram for partane før det vert teke endeleg avgjerd.
6.4 Regulering og dirigering
6.4.1 Gjeldande rett
Salslaga kan etter råfisklova § 5 leggje ned mellombels forbod mot fangst ”når hensynet til avtaket krever det, eller for å oppnå en hensiktsmessig utnyttelse av fangstene”. Eit slikt fangstforbod vedkjem ressursforvaltninga indirekte, sjølv om det er reine økonomiske lønsemdsvurderingar som ligg bak. Det er omsynet til avtaket eller utnyttinga av råstoffet som kan grunngje eit fangstforbod, slik at dårleg prisnivå ikkje kan nyttast som grunngjeving for fangststopp. Det er vidare klart at ressursomsyn, som innverknad på andre fiskeri, heller ikkje kan nyttast som grunngjeving innanfor råfisklova § 5. Dersom det er fastsett fleire reguleringar som handlar om det same fisket, er hovudregelen at fiskarane må rette seg etter dei strengaste reguleringane.
Paragraf 5 andre ledd bestemmer at kapittel VII i forvaltningslova ikkje kjem til bruk for avgjerder tekne etter første ledd. Kapittel VII inneheld særskilte reglar om forskrifter, medrekna føresegner om utgreiingsplikt og forhandsvarsling mv. og om formkrav og kunngjering, jf. §§ 37 og 38. Vidare har kapitelet føresegner om verknaden av ugjort kunngjering og om høvet til å dispensere frå forskrifter, jf. §§ 39 og 40. Desse føresegnene gjeld såleis ikkje når fiskesalslaga gjer vedtak etter § 5 første ledd. Til skilnad frå enkeltvedtak, som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemte personar, er forskrift eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til eit ubestemt tal eller ein ubestemt krets av personar, jf. fvl. § 2.
Etter råfisklova § 6 får salslaga fullmakt til å dirigere fangstar til bestemte kjøparar eller til bestemt bruk når det vert rekna som nødvendig, anten for å få omsett fangstane på den mest fordelaktige måten for fiskarane eller for å få ei heldig gjennomføring av fiske, avtak, produksjon eller vidareomsetning. Dirigeringsretten skal sikre ei rasjonell omsetning av fangstane i høve til tilgjengeleg landingskapasitet. Denne retten har dei seinare åra berre vore nytta av Norges Råfisklag, men andre salslag kan ha dirigeringsordningar basert på samtykke. For at fangsten kan dirigerast, må fangsten etter § 6 vere omfatta av ”organisasjonenes virksomhet”.
Paragraf 6 tredje ledd bestemmer at forvaltningslova kapittel V og VII ikkje kjem til bruk for avgjerder tekne etter første ledd. Kapittel V ”om vedtaket” gjev føresegner når enkeltvedtak vert gjort eller er gjort, medrekna formkrav, grunngjeving for vedtaket, innhaldet i grunngjevinga, melding om vedtaket mv. Desse føresegnene kjem ikkje til bruk dersom salslaga gjer vedtak etter § 6 første ledd. Sjå ovanfor om forvaltningslova kapittel VII.
6.4.2 Forslaga frå arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa går inn for å vidareføre desse fullmaktene til salslaga, men er delt i synet på om reguleringar fastsette etter reglane i utkastet til ny fiskesalslagslov skal ha eit særskilt opplegg for lovkontroll. Eit mindretal i arbeidsgruppa, medlemmene frå FHL og NSL, meiner at industrien bør få større høve til innverknad når fiskesalslaga nyttar regulerings- og dirigeringsheimlane i råfisklova. Mindretalet meiner at fiskesalslaga sine fullmakter til å regulere og dirigere fisket, skal vidareførast innanfor dei rammene som gjeld i dag. Men mindretalet foreslår at fiskesalslaga skal ha plikt til å orientere industrien før regulerings- eller dirigeringstiltak vert gjennomførde. Mindretalet foreslår også at industrien skal kunne få gjort ein lovkontroll av vedtaket om regulering eller dirigering. Det vil seie å kontrollere om avgjerda har tilstrekkeleg heimel i lova.
Fleirtalet i arbeidsgruppa, medlemmene frå Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, LO og leiar i arbeidsgruppa, peker på at dei nemnde reguleringane kan underkastast lovkontroll på lik linje med alle andre reguleringar. Fleirtalet kan ikkje sjå at det ligg føre omsyn som seier at dei nemnde reguleringane skal ha eit særskilt opplegg for lovkontroll. Regulering og dirigering er først og fremst inngrep i fiskeriaktiviteten til fiskarane. Dette vil ofte vere tiltak som det er delte meiningar om blant fiskarane. Å tenkje seg at eit salslag gjennomfører slike tiltak mot medlemmene sine utan at dei er nødvendige og innanfor formålet i lova er difor svært lite sannsynleg, uttalar fleirtalet. Fleirtalet legg til grunn at industrien bør varslast før ei slik regulering vert sett i verk.
6.4.3 Høyringsfråsegner
Norges Fiskarlag sluttar seg til fleirtalet i arbeidsgruppa når det gjeld regulering og dirigering. Fiskarlaget viser til fleirtalet som peiker på at dei nemnde reguleringane kan underkastast lovkontroll på lik linje med alle andre reguleringar. Dei viser vidare til at fleirtalet ikkje kan sjå at det ligg føre omsyn som seier at dei nemnde reguleringane skal ha eit særskilt opplegg for lovkontroll. Regulering og dirigering er først og fremst inngrep i fiskeriaktiviteten til fiskarane, som det er delte meiningar om blant fiskarane, uttalar Fiskarlaget.Norges Fiskarlag hevdar det er svært lite sannsynleg at salslag gjennomfører slike tiltak mot medlemmane sine utan at det er nødvendig og innanfor formålet i lova.
Norges Råfisklag sluttar seg til forslaget frå fleirtalet i arbeidsgruppa. Råfisklaget uttalar at regulering og dirigering vert sett i verk når fangstane overstig mottakskapasiteten hos kjøparane og når det er behov for å fordele tilgjengeleg mottakskapasitet mest mogleg rettferdig på den flåten som ønskjer å delta i fisket. Regulering og dirigering vert difor sett i verk for å avgrense eller styre flåteaktiviteten, og fiskarane må sjølve ha full rett til å bestemme dette, meiner Råfisklaget. Norges Råfisklag understrekar at laget aldri set i verk dirigering eller regulering utan at dette skjer i ein dialog med fiskeindustrien. Men det vil ofte vere nødvendig å handle raskt når det oppstår eit behov for dirigering eller regulering. Råfisklaget er difor einig i at det berre skal vere ei varslingsplikt for fiskesalslaga om iverksetting av tiltak, sjølv om Råfisklaget normalt vil føre ein dialog før tiltak vert sette i verk.
Råfisklaget uttalar til slutt at laget har problem med å forstå fiskeindustrien sitt behov for å krevje at ein oppmann skal kunne ta slike avgjerder, all den tid dei i salslaget ikkje kan minnast at slike avgjerder har skapt nokon konflikt mellom Råfisklaget og industrien.
SUROFI uttalar at det er heilt unntaksvis at det vert sett i verk tiltak for å regulere og dirigere fisket. Slike tiltak kan vere upopulære blant fiskarane. SUROFI hevdar at dei få gongene slike tiltak vert gjennomførte er det for å unngå at ein ferskmarknad bryt saman, at fangstar vert liggjande uselde i land og andre liknande kritiske situasjonar. Det er ingen plass for ein oppmann i slike situasjonar, meiner SUROFI, somstøttar forslaget frå fleirtalet om varslingsplikt før det vert sett i verk tiltak.
Skagerakfisk viser til at reguleringsretten vert brukt i føre-var-samanhengar for å dempe tilførslene i ein avtaksfølsam marknad. Salslaget spør om dette kunne vore nemnt som ”hensiktsmessig utnyttelse” i kommentarane til forslaget. Skagerakfisk viser til at råfisklova § 6 presiserer at dirigeringa skal vere fordelaktig for fiskarane eller for å få til ei heldig gjennomføring av fisket, avtaket, produksjonen og vidareomsetninga. Skagerakfisk tolkar det slik at forslaget frå arbeidsgruppa femner om desse elementa.
Norges Sildesalgslag uttalar at dirigering og regulering først og fremst er eit inngrep i fiskarane sin aktivitet på havet. Dette er ofte kontroversielle tiltak, og det er difor lite sannsynleg at ordninga vert misbrukt. Skulle likevel nokon meine at det er gjennomført dirigering og regulering utover heimelen i den nye lova, kan spørsmålet prøvast i rettsapparatet, uttalar Norges Sildesalgslag.
FHL meiner at fiskesalslaga sine fullmakter til å regulere og dirigere fisket kan vidareførast innanfor dei rammene som gjeld i dag. FHL meiner likevel at industrien bør ha høve til å få gjort ein lovkontroll av vedtaket om regulering eller dirigering. FHL meiner at denne lovkontrollen bør utførast av ein nøytral oppmann, i tråd med mindretalsforslaget. FHL viser til at fleirtalet i arbeidsgruppa ikkje kan sjå at det ligg føre omsyn som seier at dei nemnde reguleringane skal ha eit særskilt opplegg for lovkontroll. For industrien representerer salslaga si fullmakt til å regulere og dirigere fisket ei offentleg maktutøving, meiner FHL. Dersom ei slik fullmakt skal ha legitimitet hos industrien, må det setjast krav om at industrien må varslast før reguleringa vert sett i verk, vert det hevda. Under føresetnad av at slike reguleringar kan takast opp med ein oppmann vil det, etter FHL sitt syn, verte etablert ein viss garanti mot at det vert innført ugrunna reguleringar, og ikkje minst at dei ikkje vert ståande lenger enn nødvendig slik at prisane ikkje vert pressa opp.
6.4.4 Vurderingane til departementet
Departementet konstaterer at fleirtalet i høyringsrunden gjev støtte til at salslaga sin rett til å gjennomføre regulering og dirigering kan vidareførast. Høyringsinstansane deler seg til liks med arbeidsgruppa i spørsmålet om tiltaka skal kunne leggjast fram for ein uavhengig tredjeperson, ein oppmann, for lovkontroll.
Departementet er einig med fleirtalet i arbeidsgruppa som viser til at tiltaka vert sette i verk for å avgrense eller styre aktiviteten i flåten, og at fiskarane difor sjølve bør ha full myndigheit til å bestemme dette. Departementet foreslår difor at føresegnene i råfisklova om dirigering og regulering vert vidareførte.
Departementet går ut frå at det er delte meiningar også blant fiskarane om slike tiltak. Departementet legg til grunn at salslaga ikkje gjennomfører tiltak om regulering eller dirigering utan at dei er nødvendige og innanfor formålet i lova. Når det er nødvendig til dømes å setje i verk regulering er det viktig at salslaga kan setje inn tiltaket på ein hurtig og effektiv måte. Etter departementet sitt syn ligg det ikkje føre sterke omsyn som gjer det nødvendig å leggje vedtak om regulering eller dirigering fram for særskilt lovkontroll. Vedtaket kan leggjast fram for departementet for lovkontroll, men det kan også forfølgjast rettsleg. Denne lovkontrollen vil etter departementet sitt syn ivareta tilfelle der salslaga set i verk lovstridige tiltak, som til dømes stans i fisket for å oppnå høgare prisar.
Departementet meiner at fiskeindustrien skal varslast før regulering eller dirigering vert sett i verk. Etter departementet sitt syn er dette ryddig, samtidig som det er med og gjev landindustrien meir føreseielege vilkår. Departementet legg til grunn at fiskesalslaga, så langt det er mogleg, fører ein open og god dialog med fiskeindustrien i forkant og under situasjonar som krev at ein set i verk tiltak.