2 Bakgrunnen for lovforslaget
Lov om omsetning av råfisk (råfiskloven) tredde i kraft 1. januar 1952. Formålet med lova var opphavleg å sikre fiskarane gode og stabile prisar for fisken, men salslagssystemet har seinare utvikla seg betydeleg. Systemet medverkar i dag til klare og føreseielege oppgjersvilkår for alle som handlar med fisk i første hand, og er ei sentral kjelde for forvaltninga til informasjon om fangstaktiviteten. Ordninga er avgjerande for kvotekontroll, sporing og kartlegging.
Det er likevel stilt spørsmål ved enkelte sider av salslagssystemet. Dette gjeld særleg spørsmålet om legitimiteten til ordninga fordi lova gjev dei fiskareigde salslaga rett til einsidig å fastsetje minsteprisar, som er bindande både for seljar og kjøpar av fisk i første hand. Salslaga og organisasjonane til fiskekjøparane vart i 2005 samde om å opprette ei prøveordning med privat meklingsinstans ved usemje om minsteprisen, under føresetnad av at fiskesalslaga beheldt retten til å einsidig fastsetje endeleg minstepris. Prøveordninga varte i to år, i 2007 og 2008, og til saman vart det gjennomført åtte meklingar.
På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet evaluerte Kontali Analyse AS i 2009 denne prøveordninga. Regjeringa har i Meld. St. 8 (2009-2010) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008, orientert Stortinget om at departementet ville vurdere korleis evalueringa skal følgjast opp. Næringskomiteen uttalte i den samanhengen at dei ser fram til ei tilbakemelding til Stortinget om dette.
På denne bakgrunnen bestemde Fiskeri- og kystdepartementet å opprette ei partssamansett arbeidsgruppe for å gjennomgå:
Erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetjing av minstepris på omsetning av fisk i første hand og evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak.
Oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedteken i 1951.
Rapporten frå arbeidsgruppa vart send på offentleg høyring 2. desember 2011, med høyringsfrist 2. mars 2012.
Departementet ser i tillegg behov for ein eigen lovheimel for departementet til å stille krav til råstoffkvalitet og råstoffhandtering til havs og etter landing, og at salsaga òg skal føre tilsyn med føresegner om kvalitet.
På bakgrunn av arbeidsgruppa sin rapport, innspel frå høyringsinstansane og behovet for lovteknisk gjennomgang av råfisklova, har Fiskeri- og kystdepartementet utarbeidd forslag til ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar.
2.1 Høyringsinstansar
Fiskeri- og kystdepartementet sende rapporten frå arbeidsgruppa på allmenn høyring 2. desember 2011, med frist til 2. mars 2012. Følgjande høyringsinstansar fekk tilsendt rapporten til fråsegn:
Finansdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Sametinget
Fiskeridirektoratet
Garantikassa for fiskarar
Norges Råfisklag
Norges Sildesalgslag
Rogaland Fiskesalgslag
Skagerakfisk
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag
Vest-Norges Fiskesalslag
Det norske maskinistforbund
Fiskekjøpernes forening
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Landsorganisasjonen
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norsk Sjømannsforbund
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Norsk Sjøoffisersforbund
Pelagisk forening
Følgjande høyringsinstansar gav fråsegn:
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Sametinget
Fiskeridirektoratet
Norges Råfisklag
Norges Sildesalgslag
Rogaland Fiskesalgslag
Skagerakfisk
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag
Vest-Norges Fiskesalslag
Fiskekjøpernes Forening
Fiskeri- og havbruksnæringens landforening (FHL)
Landsorganisasjonen (LO)
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL)
Pelagisk forening
Sjømannsorganisasjonenes Fellessekretariat (på vegne av Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund)
Justis- og beredskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Fellesforbundet hadde ikkje merknader til rapporten.