Prop. 93 L (2012–2013)

Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova)

Til innhaldsliste

4 Om arbeidsgrupperapporten om gjennomgang av råfisklova

Regjeringa bestemde 5. november 2010 å opprette ei partssamansett arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetjing av minstepris på fisk i første hand, og gjennomføre ein teknisk gjennomgang av råfisklova.

Mandatet vart avgrensa av at hovudtrekka i salslagssystemet og omsetningsmonopolet skulle liggje fast, medrekna at det framleis skal fastsetjast ein minstepris for fisk i første hand. Innanfor desse rammene skulle arbeidsgruppa vurdere:

  • Erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetjing av minstepris på omsetning av fisk i første hand og evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak.

  • Oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedteken i 1951.

Tabell 4.1 

Deltakarar i arbeidsgruppa

Foreslått av:

Leiar: Ove Midttun

August Fjeldskår (vara: Heidi Rånes)

Norges Fiskarlag

Johannes Nakken (vara: Sveinung Flem)

Norges Fiskarlag

Gerd Kristoffersen (vara: Paul Jensen)

Norges Kystfiskarlag

Nils Williksen (vara: Jurgen Meinert)

NSL

Grethe Fossli (vara: Marta Valdes)

LO

Kristin Alnes (vara: Geir Ove Ystmark)

FHL

Magnar Pedersen (vara: Liv Monica Stubholt)

FHL

Fiskeri- og kystdepartementet ved Vidar Landmark, Reidar Mogstad og Kjersti Vartdal utgjorde sekretariatet til arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa overleverte rapporten ”Gjennomgang av råfiskloven” 31. oktober 2011.

Arbeidsgruppa foreslår i rapporten å erstatte dagens råfisklov med ei ny moderne lov: Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova).

Lovutkastet byggjer i stor grad på råfisklova, men inneheld i tillegg ein del nye element. Det gjeld til dømes at krava til salslaga er tilpassa samvirkelova. Vidare er føresegner om verkeområde for lova og straffe- og inndragingsføresegnene harmoniserte med havressurslova og deltakarlova.

Forslaget frå arbeidsgruppa er samrøystes på dei fleste punkt. Arbeidsgruppa er delt i synet på følgjande saker:

  • Tvisteløysing ved usemje mellom salslag og andre partar om minstepris.

  • Rett til å fastsetje salsvilkår og omsetningsformer.

  • Framgangsmåte ved prøving av om reguleringar av haustinga og dirigering av fangstane er innanfor heimlane i lova.

Arbeidsgruppa meiner at det framleis kan fastsetjast ein minstepris. Formålet med minstepris skal vere å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Minstepris skal fastsetjast etter forhandlingar mellom fiskesalslaget og dei andre partane.

Dersom partane ikkje vert samde under forhandlingane, foreslår medlemmene i arbeidsgruppa følgjande løysingsmekanismar:

  • Fire medlemmer, representantane frå FHL, NSL og leiaren i arbeidsgruppa, går inn for ei ordning der minsteprisen ved usemje vert fastsett av ein uavhengig tredjeperson – ein oppmann.

  • Tre medlemmer, representantane frå Norges Kystfiskarlag og Norges Fiskarlag, går inn for ei meklingsordning etter same modell som prøveordninga frå 2007-2008. Dersom meklinga ikkje fører fram, kan salslaget bestemme minstepris.

  • LO sin representant foreslår at det vert oppretta ei meklingsnemnd der resultatet av meklinga skal vere bindande for partane.

I tillegg til spørsmålet om fastsetjing av minstepris, foreslår arbeidsgruppa å vidareføre ordninga med at det kan fastsetjast salsvilkår og omsetningsformer. Arbeidsgruppa delte seg i synet på om retten til å fastsetje salsvilkår og omsetningsformer skal liggje til salslaget slik det er i dag, eller om det berre kan gjerast etter avtale mellom salslaget og dei andre partane.

Eit fleirtal på 5 representantar, frå Norges Kystfiskarlag, Norges Fiskarlag og LO og leiaren i arbeidsgruppa, går inn for at salslaget etter å ha lagt spørsmålet fram for partane, kan fastsetje salsvilkår og omsetningsformer.

Eit mindretal på 3 representantar, frå FHL og NSL, går inn for at salsvilkår og omsetningsformer skal fastsetjast etter avtale mellom salslaget og dei andre partane, og av oppmannen dersom partane ikkje vert samde.

Arbeidsgruppa foreslår vidare at salslaget får mandat til å regulere hausting og dirigering av fangstane. På dette punktet er arbeidsgruppa delt i synet på framgangsmåten dersom nokon av partane finn det nødvendig å prøve om reguleringa er lovleg. Eit fleirtal på 5 representantar, frå Norges Kystfiskarlag, Norges Fiskarlag, LO og leiaren i arbeidsgruppa, går inn for at partar som ønskjer å prøve om ei slik regulering er lovleg, må følgje vanleg framgangsmåte ved prøving av forvaltningsvedtak.

Eit mindretal på 3 representantar, frå FHL og NSL, går inn for at partane får høve til å la oppmannen avgjere spørsmålet om reguleringa er lovleg.

Til forsida