Prop. 93 L (2012–2013)

Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova)

Til innhaldsliste

5 Generelt om høyringsfråsegnene

Høyringsinstansane var i stor grad todelt i synet sitt på forslaga frå arbeidsgruppa. Dei to fraksjonane deler seg alt etter kva side av sjømatnæringa høyringsinstansen representerer, flåtesida eller industrisida.

Norges Fiskarlag og dei andre fiskarorganisasjonane, medrekna fiskesalslaga, går i det vesentlege inn for alle forslaga frå fiskarane sine representantar i arbeidsgruppa. Enkelte meiner at det ikkje er behov for endringar av råfisklova, men uttalar at dersom det skal gjerast endringar i lova, må endringane vere i samsvar med fiskarrepresentantane sine forslag. Fiskarorganisasjonane har i stor grad samstemte og likelydande høyringssvar. Endringsforslaget manglar ei fagleg konsekvensvurdering i høve til alle partar i verdikjeda, men ikkje minst konsekvensen av å gje ein tredjepart avgjerande myndigheit, vert det uttalt. Fiskarsida gjer mellom anna gjeldande at fiskesalslaga er fiskarane sin felles eigedom, og vert heilt ut finansiert av fiskarane. Dei presiserer at prinsippet i råfisklova om at fiskarane (fiskesalslaga) har rett til å fastsetje ein minstepris, må stå fast. Erfaringane har vist, hevdar dei, at salslaga er svært varsame med fastsetjing av minstepris, i og med at også fiskarane er avhengige av ei smidig og god omsetning av produkta.

Dei viser også til at formålsføresegna i forslaget til arbeidsgruppa berre har eit samfunnsperspektiv. Berekraftig ressursforvaltning er eit myndigheitsansvar, og kjem til uttrykk i havressurslova, hevdar dei. Formålet i ny lov må difor vere meir fiskarretta, det vil seie at lova har til formål å sikre rettane til fiskaren. Fiskarsida meiner at forslaga frå arbeidsgruppa til formålsføresegn og oppmannsordning, vil endre råfisklova dramatisk. Dei hevdar også at råfisklova bidreg til å sikre delar av norsk fiskeindustri. I den samanhengen uttalar dei at fråver av eller ein lågare minstepris truleg ville resultert i en større omlegging frå fersk til fryst fisk i delar av kystflåten, og dermed redusert tilgangen på råstoff til delar av fiskeindustrien.

Norges Råfisklag viser til at råfisklova er eit innarbeidd omgrep i næringa, og meiner difor at namnet bør bestå.

FHL og NSL går inn for dei endringar som vert fremma av industrirepresentantane i arbeidsgruppa. FHL meiner at det ikkje er overordna viktig om det er oppmannsordninga eller meklingsnemnd som vert valt som løysingsmekanisme ved usemje om fastsetjing av minstepris. Det avgjerande er at avgjerdsmakta vert flytta vekk frå salslaga. Industrien meiner at det er viktig å fremme eit regelverk som kan skape ein breiare legitimitet til salslaga og råfisklova.

FHL meiner at råfisklova på mange område er ein viktig reiskap for fiskerinæringa. FHL uttalar at råfisklova på ein god måte mellom anna sikrar oppgjer for fiskar, organiserer omsetningsplass for førstehandsomsetning og arbeid med sluttsetlar, ressursdokumentasjon og sporing, medrekna fangst- og landingssertifikat, miljøsertifisering etc. Men dei områda der salslaga gjennom råfisklova får rett til einsidig å fastsetje både minsteprisar og alminnelege salsvilkår, er ei grunnleggjande svak side ved dagens fiskerilovgjeving, meiner FHL. Dei viser til at salslaga er eigd av fiskarane og vert styrt av tillitsvalde fiskarar, at salslaga gjennom råfisklova har monopol på å fastsetje minstepris og salsvilkår, og at fiskeindustrien er fråteken høvet til medråderett dersom det oppstår usemje om prisar og vilkår. Den historiske bakgrunnen for å innføre råfisklova var knytt til sosiale og økonomiske tilhøve i mellomkrigstida, og til ei skeiv fordeling av både makt og økonomi mellom fiskarane og industrien i denne perioden, uttalar FHL. Dei viser til væreigarøkonomien i Nord–Noreg der fiskekjøparane hadde stor makt og sterkare økonomiske ressursar enn fiskarane. Dei viser vidare til at fiskeria var opne og prega av ein sterk tilvekst av opne fiskefartøy i samband med arbeidsløysa på 1930-talet. Dette er det historiske bakteppet som danna legitimiteten for å gje fiskarane monopolrettar på kostnad av fiskeindustrien, meiner FHL. Et sentralt spørsmål til fiskesalslagssystemet sin legitimitet knytt til minsteprisfastsetjinga og salsvilkår, er etter FHL sitt syn om reiarane og fiskarane er ei utsett gruppe i dag, og om det er skeive økonomiske forhold som kan legitimere at ei gruppe av private næringsdrivande (fiskeindustrien) skal påleggjast risikoavlasting overfor ei anna gruppe private næringsdrivande.

Industrisida stør elles dei forslaga som representantane til industrien fremma i arbeidsgruppa, medrekna forslaga om fastsetjing av salsvilkår og omsetningsformer og regulering og dirigering.

LO går inn for forslaget frå LO sin representant i arbeidsgruppa om prosedyre ved usemje om minsteprisfastsetjinga.

Forslaget om å modernisere råfisklova, og gje regelverket eit meir pedagogisk uttrykk, får uttrykt støtte av eit stort fleirtal av høyringsinstansane.

Til forsida