Prop. 93 L (2012–2013)

Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova)

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovutkastet legg opp til å vidareføre dagens salslagsstruktur og verksemda til dei laga som allereie er etablerte. Dette inneber ei vidareføring av dei oppgåvene som laga utfører i dag. I tillegg vil laga få visse nye oppgåver som følgje av forslaget om ny heimel knytt til råstoffkvalitet og råstoffhandtering. Dette forslaget vil også ha økonomiske konsekvensar for næringa ved at tilsynsoppgåvene vert finansierte av salslaga som har sine inntekter frå lagsavgift. Kva dette vil innebere er avhengig av behovet for og omfanget av tilsynet. Det vil vere naturleg å drøfte slike konsekvensar nærare når forslag om oppgåver knytt til kvalitetskrav vert sendt på høyring. Dei organa til styresmaktene som samarbeider med eller på andre måtar er i kontakt med salslaga vil ikkje få mange nye oppgåver.

På nokre områder legg lovutkastet opp til betre samhandling mellom salslaga og mellom laga og departementet og Fiskeridirektoratet. Dette gjelder særleg på kontrollområdet, der lovutkastet også har heimlar som kan nyttast til å effektivisere samhandlinga med andre kontrollstyresmakter. Dette vil kunne gje betre utnytting av dei samla ressursane.

På nokre andre områder legg lovutkastet opp til utvida rutinar for salslaga. Dette gjeld særleg meklingsordninga ved fastsetting av minstepris. Dette vil ha økonomiske og administrative konsekvensar, men desse vil etter departementet si vurdering vere av svært avgrensa storleik.

Departementet kan elles ikkje sjå at lovutkastet vil ha særlege distriktsmessige konsekvensar, eller konsekvensar for det samiske folk.

Til forsida