9 Overordna om lovforslaget
Lovforslaget vidarefører i det vesentlege føresegnene i råfisklova, og er harmonisert med havressurslova og deltakarlova. I tillegg til å fremme forslag om formålsføresegner foreslår departementet å innføre føresegner om sakleg og stadleg verkeområde. Dette vil gjere det tydeleg kva område lova regulerer, og gje lova eit meir pedagogisk preg enn det råfisklova har. Departementet foreslår å lovfeste og klargjere enkelte element ved systemet for førstehandsomsetning som ikkje følgjer direkte av råfisklova i dag. Lovforslaget forklarar kva som vert rekna som førstehandsomsetning, og korleis denne omsetninga kan gjennomførast. Dette gjeld særleg retten til å fastsetje minsteprisar, og prosedyrar for korleis minsteprisen skal fastsetjast dersom det ikkje vert semje i prisforhandlingane.
Nedanfor følgjer ein overordna gjennomgang av enkelte element som departementet, i lys av høyringa av arbeidsgrupperapporten og lovforslaget her, vil sjå nærare på. Sjå også kapittel 6 ovanfor der det vert gjort greie for fleire av hovudpunkta i lovforslaget og kapittel 10 om merknadene til dei enkelte paragrafane.
9.1 Namnet på lova
Harmoniseringa av lovverket inneber at omgrepet ”råfisk” ikkje vert vidareført. Det gjer også at lova får eit nytt namn. Norges Råfisklag tek i høyringsrunden til orde for å vidareføre namnet ”råfiskloven”, men departementet vurderer dette annleis. Departementet er einig med arbeidsgruppa i at omgrepet ”råfisk” i dag er å sjå på som noko forelda. Etter departementet sitt syn har det ein del å seie at omgrepsbruken i lovene er samordna, og at det vert nytta omgrep som er allment forståelege også utanfor sjømatnæringa. Departementet er i tvil om uttrykket råfisk vert forstått utanom den delen av sjømatnæringa som er omfatta av råfisklova, og foreslår difor å avvikle råfisklova som lovnamn.
9.2 Sal frå fiskesalslag
Etter råfisklova § 2 første ledd andre punktum, skal sal ”fra godkjent salgsorganisasjon anses som omsetning i første hånd”. I lovforslaget frå arbeidsgruppa er ikkje § 2 første ledd andre punktum vidareført. Skagerakfisk ber i si høyringsfråsegn om at føresegna i råfisklova vert vidareført, og peikar på at salslaget
”bygger sin omsetningsordning på en slik definisjon og har fått stadfestet lovligheten av dette i rettskraftig dom i lagmannsretten. Ordningen går ut på at salgslaget kjøper råstoff som ikke finner sin omsetning til lokal kjøper. Råstoffet koordineres av salgslaget for samlet omsetning i andre markeder. Denne omsetningen er å anse som omsetning i førstehånd. Andre salgslag har opp gjennom årene i ulike varianter gjort bruk av tilsvarende ordninger. Flere salgslag opptrer som eksportører ved norske fiskefartøyers landinger i utenlandsk havn. Toll- og avgiftsdirektoratet har i denne sammenheng vurdert salgslaget som vareeier. Dette ville ikke være mulig uten at salgslagets salg som eksportør var å anse som omsetning i førstehånd.”
Departementet viser til Ot.prp. nr. 9 (1963-1964) Om lov om endringer i lov av 14. desember 1951 om omsetning av råfisk der det går fram at regelen vart gjeven for å klargjere at salslaga sitt vidaresal skulle reknast som førstehandsomsetning i råfisklova sin forstand. Bakgrunnen for lovendringa var at Oslo byrett i dom 2. juni 1961 hadde vurdert spørsmålet annleis, noko departementet var usamd i. Det går fram av proposisjonen at:
”Fiskeridepartementet vil uttale at den oppfatning fiskeriadministrasjonen har forfektet når det gjelder begrepet førstehåndsomsetning bør lovfestes. De omsetningsordninger flere fiskesalgslag har bygget ut vil i motsatt fall ikke kunne praktiseres. Dette antas å bli til skade for den organiserte førstehåndsomsetningen. De ordninger de enkelte lag har bygget ut er gjennomprøvet etter lang tids erfaring. Ordningene har også virket prisstabiliserende og til gunst for fiskerne. Departementet vil derfor foreslå at råfiskloven gis følgende tilføyelse: ”Salg fra godkjent salgsorganisasjon anses som omsetning i første hånd.”.”
Departementet ser at det kan vere grunnar til å vidareføre føresegna, og foreslår difor at sal frå fiskesalslag framleis skal reknast som førstehandsomsetning.
9.3 Fastsetjing av minstepris ved usemje
Departementet foreslår å lovfeste at det skal gjennomførast ei mekling dersom det ikkje vert semje gjennom prisforhandlingane. Meklingsresultatet vil ikkje vere bindande for fiskesalslaget, men departementet legg til grunn at salslaget i all hovudsak vil følgje meklingsresultatet. Forslaget vil liggje tett opp til prøveordninga frå 2007-2008, og innebere ei endring av råfisklova slik ho vert praktisert i dag. Sjå også kapittel 6.2 ovanfor.
9.4 Salsvilkår og omsetningsformer
Departementet foreslår å vidareføre råfisklova § 4. Forslaget klargjer salslaga sin rett til å fastsetje salsvilkår og kva omsetningsformer som kan nyttast ved førstehandsomsetninga. Fastsette salsvilkår og omsetningsformer er bindande for både kjøpar og seljar. For å sikre gode avgjerdsprosessar og at partane skal ha høve til å gje innspel, foreslår departementet at endringar i salsvilkår eller omsetningsformer skal leggjast fram for partane.
9.5 Godkjenning av fiskesalslag og tilbakekall av godkjenning
Lovforslaget inneber også ei klargjering av råfisklova § 3, jf. § 2, om godkjenning av fiskesalslag. Forslaget klargjer også at fiskesalslaga er omfatta av lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova).
Etter råfisklova § 2 skal departementet godkjenne vedtektene til salslaga. Arbeidsgruppa har foreslått å ta godkjenninga ut av lova, noko departementet også støttar. Departementet finn ikkje at det er behov for ei slik godkjenningsordning. Forslaget vil forenkle prosessen ved eventuelle endringar av vedtekter, og det vil vere positivt for salslaga. Styresmaktene sitt behov for kontroll med salslaga er likevel teke vare på gjennom lovforslaget. Vi viser mellom anna til at vedtektene skal vere i samsvar med krava i lova og i samvirkelova. Departementet vil også kunne gjennomføre generell lovkontroll med vedtektene. Departementet kan vidare trekkje tilbake godkjenninga dersom salslaga gjer grove eller gjentekne brot på lova. Å bryte med lova sine krav om vedtektene vil kunne innebere slike brot.
Råfisklova inneheld inga føresegn om tilbakekall av godkjenning som er gjeven til fiskesalslaga. Arbeidsgruppa foreslår at departementet i somme situasjonar kan trekkje tilbake godkjenninga som fiskesalslag permanent eller mellombels. Arbeidsgruppa foreslår blant anna at godkjenninga kan trekkjast tilbake dersom organiseringa og strukturen til fiskesalslaga ikkje er tenleg ut i frå lova sitt formål. I høyringsrunden går Skagerakfisk i mot dette forslaget, og uttalar at:
”Fiskerne blir i realiteten fratatt retten til selv å bestemme salgslagenes organisering og struktur.[..] Det vil således ikke være fiskernes interesser som vil være avgjørende for organiseringen og struktur av fiskernes salgsorganisasjon.”
Departementet støttar forslaget til arbeidsgruppa. Departementet meiner mellom anna i lys av salslaga si rolle i ressurskontrollen, at det er tenleg med ei føresegn som gjev heimel til å kalle tilbake godkjenning, dersom føresetnaden for godkjenninga er broten. Det vert foreslått at godkjenninga kan trekkjast tilbake mellombels eller permanent. Når det gjeld Skagerakfisk sin merknad viser departementet til formålet med lovforslaget som er å bidra til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar ved å leggje til rette for gode rammer for førstehandsomsetning og ved å sikre god dokumentasjon av ressursuttaket. Vi viser vidare til havressurslova som slår fast at dei viltlevande marine ressursane tilhøyrer fellesskapet. Ei gruppe fiskarar som dannar eit samvirkelag vil ikkje ha rettskrav på å få dette godkjent som fiskesalslag etter lova. I lys av dette meiner departementet at det også er tenleg å lovfeste eit høve til å trekkje tilbake godkjenninga dersom organiseringa eller strukturen til fiskesalslaga hindrar eller motverkar at formålet med lova vert nådd.
9.6 Offentleg kontrollør
Råfisklova § 3 andre ledd nr. 3 bestemmer at vedtektene til salsorganisasjonen skal fastsetje at departementet skal ha høve til å nemne opp ein offentleg kontrollør som skal lønast av organisasjonen. Kva oppgåver som kontrolløren skal utføre er i dag nærare fastsett i instruks. Salslaga er, gjennom råfisklova, tildelt ei nasjonal rolle i ressursforvaltninga. Denne rolla er i nyare tid vidareutvikla og vorten stadig viktigare. Det er ein føresetnad for systemet at fiskesalslaga har tilstrekkeleg legitimitet som objektiv kontrollmyndigheit. Denne legitimiteten kan verte utfordra sidan salslaga fullt ut er eigde av fiskarane, og at salslaga sin kontroll i praksis inneber tilsyn med at eigarane av laget følgjer lovverket. Statens kontrollør kan i eit slikt perspektiv ha ein viktig funksjon. Det at kontrolløren er til stades og det arbeidet han utfører kan styrkje legitimiteten til salslaga som nasjonal ressurskontrollmyndigheit.
Departementet meiner det er tenleg at lova får ei eiga føresegn om statens kontrollør. Ei slik føresegn vil synleggjere på ein betre måte at fiskesalslaga er underlagde ekstern kontroll, og medverke til å styrkje salslaga sin legitimitet. Det kan reisast spørsmål ved om staten bør betale honoraret til kontrolløren sidan det at salslaga dekkjer honoraret kan svekkje legitimiteten til ordninga, jf. at kontrollen vert betalt av den som vert kontrollert. Departementet har konkludert med at det ikkje er tilfelle. Det kan visast til at det er departementet som fastset i forskrift kva kontrolloppgåver kontrolløren skal ha, samtidig som det er departementet som fastset kor stort honoraret skal vere. Departementet meiner etter dette at legitimiteten til kontrolløren ikkje kan seiast å verte svekka, sjølv om det er salslaga som faktisk utbetalar honoraret.
9.7 Fastsetjing av avgift
Lovforslaget vidarefører råfisklova § 3 tredje ledd som gjev fiskesalslaga rett til å fastsetje ei avgift for førstehandsomsetninga. Lovforslaget konkretiserer kva avgiftsmidlane kan nyttast til. Forslaget er i tråd med Høgsterett sin uttale i Rt-1997-1210.
9.8 Regulering og dirigering
Lovutkastet vidarefører også råfisklova § 5 og § 6 som gjev fiskesalslaga rett til å regulere hausting og å dirigere fangstar, sjå også kapittel 6.4.
9.9 Kontrollmyndigheit og reaksjonar ved lovbrot
Lovutkastet vidarefører heimlane i råfisklova §§ 6 a og 7 som gjev fiskesalslaga kontrollmyndigheit. Forslaget er harmonisert med føresegnene i havressurslova, jf. §§ 48, 49 og 54. Tilsvarande foreslår departementet å harmonisere føresegnene om reaksjonar ved lovbrot med føresegnene i havressurslova og deltakarlova.