1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
1.1 Ei ny våpenlov
Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at gjeldande lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. vert avløyst av ei ny våpenlov (våpenlova). Gjeldande våpenlov er over 50 år gamal og gjev generelle retningsliner for det å erverve og ha våpen. Gjeldande våpenlov er utfylt av eit omfattande forskrifts- og instruksverk som gjer det vanskeleg å halde oversyn over kva som er gjeldande rett.
Departementet ønskjer å gjere regelverket meir føreseieleg ved mellom anna å lovfeste sentrale reglar som etter gjeldande rett er regulert i forskrift.
Lovframlegget er i hovudsak ei lovfesting og klargjering av gjeldande rett. Lovframlegget har likevel reglar som vil vere ei skjerping i høve til gjeldande regelverk. Desse skjerpingane gjeld først og fremst kva våpentypar som skal kunne ervervast, då det er føreslått å lovfeste eit forbod mot å erverve eller å ha halvautomatiske rifler med størst skadepotensiale. Det vil seie halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon eller for militære eller politiet. Det er føreslått unnatak på strenge vilkår for sportsskyttarar, våpensamlarar og andre som kan dokumentere eit særleg behov. Det er føreslått å innføre eit særskilt krav til vandel for å kunne få løyve til å erverve eller å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Reglane for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd er føreslått skjerpa. Det er også føreslått å styrke kontrollen med deaktiverte skytevåpen, skytevåpen som i dag er unnateke frå løyve- og registreringsplikt, og med skytevåpen i døds- eller konkursbu.
Lovframlegget implementerer også dei krav som det reviderte EU-våpendirektiv set til vår nasjonale våpenlovgjeving.
Nedanfor følgjer eit kort oversyn over hovudinnhaldet i proposisjonen, med vekt på dei framlegga som representerer noko nytt i høve til gjeldande rett.
1.2 Krav til løyveplikt og forbod mot særskilte våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
Punkt 7 i proposisjonen omhandlar kva skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som skal vere løyvepliktige og kva av slike gjenstandar som det skal vere tillate å erverv og ha. Departementet føreslår å vidareføre gjeldande ordning med krav til løyve for å erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, samt å innføre forskriftsheimlar om krav til registreringsplikt, sjå framlegget til §§ 5-7. Denne forskriftsheimelen skal i hovudsak oppfylle krav til registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen etter EU sitt reviderte våpendirektiv.
Departementet føreslår å innføre eit forbod mot halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert med heilautomatisk funksjon, eller for militære eller politiet, med særskilte unnataksreglar for nærare bestemte sportsskyttarar og våpensamlarar.
I lovframlegget § 6 tredje ledd er det innført ein forskriftsheimel til å kunne gje forbod mot nærare bestemte våpendelar, som enten saknar ein lovleg bruk eller som gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar.
1.3 Grunnlag for erverv av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
Departementet føreslår å lovfeste at jakt, sportsskyting og samling kan gje grunnlag for erverv av skytevåpen, sjå nærare om dette i punkt 8. Dei framlagde reglane er i all hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett, medrekna også vilkår for erverv på anna grunnlag enn jakt, sportsskyting eller samling, sjå framlegget til § 14.
1.4 Kven kan erverve eller ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
Punkt 9 omtalar kven som kan erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Departementet føreslår å vidareføre gjeldande aldersgrenser for erverv av skytevåpen og våpendelar, men slik at det som noko nytt gjevast heimel til å kunne gje personar over 18 år fritak frå alderskravet på 21 år for erverv av pistol eller revolver, sjå lovframlegget § 15.
Departementet føreslår å erstatte gjeldande krav til at søkar må vere påliteleg med eit krav til vandel. I tillegg er det føreslått å presisere at vedkomande sin helsetilstand, eventuell tilknyting til kriminelle miljø, samt andre tryggleiksmessige forhold, vil vere relevante moment i skikkavurderinga, jf. framlegget til § 16 første ledd. Vidare føreslår departementet at politiet kan setje krav til butid for utlendingar som ikkje kan legge fram vandelsattest frå eit anna EØS-land, jf. framlegget til § 16 andre ledd. Departementet føreslår også å innføre krav til vandel for juridiske personar som skal erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, sjå framlegget til § 17.
1.5 Krav til oppbevaring, transport, inn- eller utførsel
Punkt 10 omhandlar reglane om lån, transport, oppbevaring, samt inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.
Departementet føreslår som noko nytt at også lån av skytevåpen krev løyve frå politiet, sjå framlegget til § 18 første og andre ledd. Hensikta med denne endringa er å betre kontrollen med kven som får tilgang til skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Framlegget er likevel ikkje meint å gjelde for kortvarig overlating av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.
Departementet føreslår å lempe noko på kravet til oppbevaringsstad, slik at politiet kan samtykke til at skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for inntil eitt år av gangen oppbevarast på anna adresse enn der vedkomande bur fast, sjå framlegget til § 19 andre ledd. Krava til trygg oppbevaring gjeld også for oppbevaring på mellombels adresse.
1.6 Næringsverksemd, tilverking, merking og godkjenning
Punkt 11 omhandlar næringsverksemd, tilverking, deaktivering og merking av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, samt godkjenning av skyttarorganisasjonar og skytebaner.
Departementet føreslår å innføre reglar om løyveplikt for å drive andre former for næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon enn handel, tilverking eller reperasjon, sjå framlegget til § 23 første ledd. Vidare er gjeldande fritak for løyve for børsemakarar med meisterbrev føreslått teken bort, slik at desse omfattast av kravet til løyve for å kunne drive næringsverksemd.
Departementet føreslår å lovfeste krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, og å innføre krav om at også dei som omset slike gjenstandar må tryggje at gjenstandane er merka på lovleg måte, sjå framlegget til § 26 første ledd. Det vert føreslått å lovfeste reglar om når skytevåpen skal reknast som deaktiverte, men slik at dei tekniske krava, leggast til forskrift, sjå framlegget til § 27 første ledd.
Departementet føreslår også å lovfeste reglane om godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar, samt reglane om at forbunda sine tekniske program må vere godkjent av politiet for å kunne gje grunnlag for erverv av skytevåpen til sportsskyting, sjå framlegget til § 28.
1.7 Kontroll med tildelte løyve
Punkt 12 og 13 omhandlar politiet sin kontroll med våpenløyve og tilbakekall av tildelte løyve eller godkjenningar, samt politiet sin kontroll med skytevåpen i døds- eller konkursbu.
Departementet føreslår å lovfeste ei plikt for politiet til å føre kontroll med om løyvehavar framleis oppfyller dei personlege vilkåra for våpenløyvet, sjå framlegget til § 30 første ledd. Regelen skal samstundes tryggje gjennomføring av dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv set til våpenkontroll. For å styrke politiet sin kontroll med tildelte løyve og godkjenningar, føreslår departementet å gje politiet heimel til å kunne krevje utlevert kopi av medlemslister frå godkjente skyttar- og våpensamleorganisasjonar.
Departementet føreslår å innføre ein heimel for politiet til å kunne ta mellombels hand om skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon utan å sende førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyvet, sjå framlegget til § 31 fjerde ledd. Vilkåra for mellombels overlating er at det ligg føre ein grunna mistanke om brot på dei personlege vilkåra, og det er ein grunn til å tru at våpenet kan verte misbrukt. Ei slik avgjerd kan gjelde for inntil to veker. Etter den tid må politiet enten sende førehandsvarsel om eller gjere vedtak om å tilbakekalle våpenløyvet.
Når vedtak om tilbakekall er endeleg, føreslår departementet at politiet ikkje lenger skal ha plikt til å avhende gjenstandar på vegne av eigaren, og at dei skal kunne destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan 12 månader frå endeleg vedtak om tilbakekall, sjå framlegget til § 31 femte ledd.
Departementet føreslår vidare å skjerpe reglane for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd slik at denne regelen vert lik som for tilbakekall av andre våpenløyve. Dette betyr at politimeisteren «skal» tilbakekalle løyve ved brot på dei personlege vilkåra, sjå framlegget til § 32 første ledd.
Det vert føreslått å lovfeste ein heimel til å kunne tilbakekalle godkjenningar som skyttar- eller våpensamleorganisasjon ved brot på dei krav som gjeld for godkjenninga, sjå framlegget til § 33. Det er også føreslått å innføre ei plikt for bustyrar eller arvingar til å melde frå til politiet om funn av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i buet, sjå framlegget til § 34 og § 35.
1.8 Forvalting, våpenregister, straff og gebyr
Punkt 13 omhandlar reglane om våpenregister, gebyr, straff, sakshandsamingsreglar og reglar om tidsavgrensa våpenamnesti.
Departementet føreslår at våpenregisteret førast vidare, sjå framlegget til § 36. Vidare føreslår departementet å gje heimel til å krevje gebyr for utferding av alle typar løyve eller godkjenningar i medhald av lova, slik at ordninga med gebyr ikkje lenger berre skal gjelde for nærare bestemte sakstyper. Vidare vert det føreslått å innføre reglar om at politiet kan krevja dekning av utgifter til naudsynt bistand frå sakkunnige, sjå framlegget til § 37.
Reglane om straff er føreslått vidareført, men slik at det vert lovfest kva for brot på våpenlova som er strafflagde, sjå framlegget til § 39. Likeeins føreslår departementet å vidareføre reglane om våpenamnesti.
1.9 Forskrift og overgangsreglar
I punkt 15 omtalast forskriftsregulering og overgangsreglar. Departementet føreslår å innføre ei ordning der dei bundne forskriftene står i den einskilde paragraf, medan dei valfrie forskriftene samlast i ein særskilt forskriftsregel, sjå framlegget til § 41.
Departementet tilrår å fastsette overgangsreglar for personar som omfattast av det nye forbodet mot nærare bestemte halvautomatiske rifler, slik at desse gjevast ein frist på tre år etter ikraftsetjing av lova til å enten oppfylle dei særskilte vilkåra for å kunne ha denne våpentypen, deaktivere, destruere eller avhende skytevåpna til land som framleis tillatar denne våpentypen, sjå framlegget til § 43. Departementet tilrår også å gje ein heimel til å kunne fastsette overgangsreglar i forskrift.