3 Internasjonale rammer for våpenlovgjevinga
3.1 Innleiing
Norsk våpenlovgjeving er i stor grad påverka av internasjonalt regelverk. Skytevåpen, våpendelar og ammunisjon er handelsvarer av stor økonomisk betyding for mange land, samstundes som den internasjonale handelen med desse gjenstandane utgjer ein alvorleg tryggingsrisiko. Det internasjonale regelverket søkar difor å balansere omsynet til effektiv næringsverksemd med omsynet til ein tilstrekkeleg kontroll med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Nedanfor følgjer eit oversyn over internasjonalt regelverk, som set dei ytre rammene for vår nasjonale våpenlovgjeving.
3.2 FN sitt regelverk
3.2.1 FN sin våpenprotokoll (resolusjon 55/255)
Protokollen vart fastsett 31. mai 2001, og inngår som ein del av FN-konvensjonen om grenseoverskridande organisert kriminalitet, jf. protokollen artikkel 1. Den er såleis bindande for dei statane som har ratifisert konvensjonen. Noreg ratifiserte konvensjonen 15. september 2003 gjennom St.prp. nr. 58 (2002–2003). Siktemålet med protokollen er å etablere ordningar som hindrar ulovleg overføring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon mellom statar, og å betre vilkåra for etterforsking og påtale av slike handlingar. Protokollen angjev ein minimumsstandard for våpenkontroll, og er såleis ikkje til hinder for at konvensjonsstatane fastset strengare regelverk.
Protokollen gjeld for alle typar skytevåpen som kan skytast med krut eller anna eksplosiv ladning som drivmiddel. Det er gjort særskilte unntak for skytevåpen produsert før 1899. Den gjeld vidare for nærare bestemte våpendelar, samt for ammunisjon til skytevåpen. Som ammunisjon reknast også dei einskilde komponentane, i den utstrekning slike komponentar er underlagt regulering i konvensjonsstatane.
Vidare set protokollen krav til merking og registrering av gjenstandar som er omfatta av protokollen. Overføring og produksjon av slike gjenstandar skal vidare berre skje i medhald av løyve frå konvensjonsstatane.
Dei einskilde artiklane i protokollen vert omtala nærare i samband med dei ulike framlegga i denne proposisjonen.
3.2.2 FN sin avtale om våpenhandel (ATT)
FN sin generalforsamling fastsette avtale om våpenhandel 2. april 2013. Noreg ratifiserte avtalen gjennom Stortingsvedtak nr. 346 den 16. januar 2014. Siktemålet med avtalen er å etablere ein felles internasjonal standard for handel med konvensjonelle våpen, og på den måten fremje arbeidet med å skape fred, tryggleik og minimere menneskeleg liding, jf. avtalen sin artikkel 1.
Avtalen tek særleg sikte på å regulere korleis utførsel av dei gjenstandar som er omfatta av avtalen skal skje. Utførsel frå den einskilde konvensjonsstat skal berre skje etter godkjenning frå styresmaktene. Dette gjeld både for fast og mellombels utførsel av dei gjenstandar som er omfatta av protokollen. Styresmaktene skal berre gje slik godkjenning etter ei førehandsvurdering av følgjene for fred, tryggleik og for brot på internasjonale reglar eller plikter. Det vert elles synt til Prop. 186 S (2012–2013) for ein meir utfyllande gjennomgang av bakgrunnen for og innhaldet i avtalen. Dei relevante føresegnene vil også verte nærare omtala under dei einskilde kapitla i lovframlegget.
3.3 EU-regelverk
Noreg er på ulikt vis bunden av EU-regelverket. Gjennom EØS- og Schengen-avtalen har Noreg forplikta seg til å etterleve nærare bestemte delar av EU-regelverket. Nedanfor følgjer ein kort omtale av dei rettsakter Noreg er bunden av, som er relevante for denne proposisjonen.
3.3.1 EU sitt våpendirektiv
EU sitt våpendirektiv (direktiv 91/477/EEC) frå 1991 er Schengen-relevant og er implementert i norsk rett. Våpendirektivet gjeld for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon slik dei vert definert i direktivet. Definisjonane er hovudsak lik dei som er fastsett i FN sin våpenprotokoll.
Våpendirektivet gjaldt ikkje for politiet, forsvaret, offentlege styresmakter, våpensamlarar, museum og liknande institusjonar, samt for handel med krigsvåpen, jf. artikkel 2. Etter våpendirektivet vedlegg I punkt III var også skytevåpen som etter direktivet reknast som deaktivert, skytemasker, signalvåpen og andre skytevåpen som er laga for nærare bestemte føremål, samt skytevåpen eller reproduksjonar av skytevåpen som reknast som antikke, unnateke frå direktivet sitt verkeområde. I det reviderte våpendirektivet er det gjort endringar som utvidar direktivet sitt verkeområde på einskilde av dei områda som nemnt ovanfor, sjå omtale nedanfor.
Kommisjonen har i medhald av våpendirektivet gjeve ein gjennomføringsforordning (2015/2403), som set ein felles teknisk standard for deaktivering av skytevåpen, og som gjev reglar om kontroll, merking og dokumentasjon for at skytevåpen er deaktivert på lovleg måte.
Våpendirektivet set minimumskrav for medlemsstatane sine nasjonale reglar for våpenkontroll, og medlemsstatane kan i medhald av artikkel 3 fastsette strengare nasjonale reglar enn det som følgjer av direktivet.
Dei gjenstandar som direktivet definerer som skytevåpen eller ammunisjon vert nærare kategorisert frå A til D etter gjenstandane sitt skadepotensiale. Dei krav som våpendirektivet set for å kunne erverve og ha skytevåpen er gjort relative ut frå kva kategori skytevåpna tilhøyrar. Vidare set våpendirektivet mellom anna krav til merking og registrering av skytevåpen i nasjonalt våpenregister, krav til kontroll med fast eller mellombels inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon mellom medlemsstatar og krav til løye for å kunne drive som våpenhandlar. Det nærare innhaldet i våpendirektivet vert omtala under dei einskilde kapitla i proposisjonen.
Etter terroråtaka i Europa la Kommisjonen den 18. november 2015 fram eit utkast til endringar i våpendirektivet. Det endelege reviderte våpendirektiv vart fastsett 17. mai 2017.
Det reviderte våpendirektivet har eit utvida verkeområde slik at reglane i direktivet også skal gjelde for våpensamlarar, museum, våpenmeklarar, deaktiverte skytevåpen, samt skytevåpen som er gjort om til å kunne skyte patroner utan prosjektil (såkalla lausammunisjon, signalpatroner og liknande). Vidare så gjevast det strengare reglar for når medlemsstatane kan gje løyve til å erverve og ha skytevåpen med stort skadepotensiale. I det reviderte direktivet er det mellom anna også gjeve strengare reglar for medlemsstatane sin kontroll med våpenløyve, strengare krav til distansehandel, merking, registrering og rapportering av opplysingar om skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Det nærare innhaldet i det reviderte våpendirektivet vert omtala under dei einskilde kapitla i proposisjonen.
EU sitt reviderte våpendirektiv skal gjennomførast innan 14. september 2018, med unnatak av einskilde reglar som skal gjennomførast innan høvesvis 14. desember 2019 og 14. mars 2021.
3.3.2 EØS-avtalen
Etter EØS-avtalen artikkel 11 og 12, jf. artikkel 8, kan medlemsstatane som hovudregel ikkje fastsette kvantitative eksport- eller importrestriksjonar eller tiltak med tilsvarande verknad, på varer som opphavleg kjem frå EØS-området. Etter artikkel 13 kan statane likevel sette forbod mot eller restriksjonar på import av varer når dette er grunna i omsynet til «… offentlig moral, orden og sikkerhet, vernet om menneskers og dyrs liv og helse, plantelivet, nasjonale skatter av kunstnerisk, historisk eller arkeologisk verdi eller den industrielle eller kommersielle eiendomsrett.» Slike tiltak må vere sakleg grunngjeve og ikkje føre til usakleg skilnadshandsaming.
3.3.3 EU tenestedirektiv
EU sitt tenestedirektiv 2006/123/EF av 12. desember 2006 fastset mellom anna reglar for korleis medlemslanda skal regulere etablering av næringsverksemd. Etter artikkel 2 gjeld direktivet for tenester som vert ytt av tenesteytarar som er etablert i ein medlemsstat. Dette betyr at til dømes børsemakarar og våpenhandlarar vil vere omfatta av direktivet.
3.3.4 EU direktiv om marknadsføring og kontroll med eksplosive varer til sivil bruk
EU sitt rådsdirektiv 93/15/EØF av 5. april 1993 fastset reglar for medlemsstatane sin overføring, marknadsføring og kontroll med eksplosive varer til sivil bruk. Artikkel 10, 11, 12, 13, 17, 18 og 19 i direktivet gjeld også for ammunisjon, jf. artikkel 3 nr. 3. Direktivet har ikkje eigen legaldefinisjon for kva som reknast for ammunisjon. Føremålet med direktivet tilseier likevel at det er avgrensa til ammunisjon som vert skote ut ved ein eller anna form for eksplosjon. Reglane om overføring av ammunisjon overlappar dels verkeområdet til våpendirektivet.
3.4 Bernkonvensjonen
Bernkonvensjon om vern av viltlevande planter og dyr vart vedteken i 1979, og 51 nasjonar har per 1. januar 2014 ratifisert konvensjonen. Noreg ratifiserte konvensjonen 27. mai 1986, jf. St.prp. nr. 12 (1985–86) og Innst. S. nr. 92 (1985–86), og vart ikraftsett 1. september 1986. Føremålet med konvensjonen er i hovudsak å verne viltlevande dyr, planter og verneområde mot skadelege tiltak, samt å koordinere dei ulike vernetiltaka mellom statane, jf. artikkel 1. Konvensjonen har fire vedlegg.
Vedlegg IV listar opp dei jakt-, fangstreiskapar og -metodar som er forbodne etter konvensjonen sin artikkel 8. Dette vedlegget set mellom anna forbod mot bruk av heil- eller halvautomatiske skytevåpen med magasinkapasitet større enn to patroner, samt bruken av siktemiddel med elektronisk forsterking av lys til jakt eller fangst.
Noreg har reservert seg mot konvensjonen sitt forbod mot bruken av halvautomatisk rifle med magasinkapasitet større enn to patroner for jakt på hjort, rådyr og elg, samt forbodet mot sel- og kvalfangst.