8 Grunnlag for erverv av registreringspliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
8.1 Innleiing
For å kunne erverve skytevåpen må ein kunne dokumentere eit behov eller annan rimeleg grunn for ervervet, som til dømes jakt eller konkurranseskyting.
I det følgjande vert dei ulike ervervsgrunnlaga handsama for seg, medrekna spørsmålet om kva våpen som skal kunne brukast til dei ulike føremål. Av omsyn til framstillinga vert det i framstillinga brukt nemninga «skytevåpen». Tilsvarande reglar vil likevel gjelde for løyvepliktige våpendelar og ammunisjon.
8.2 Internasjonale rammer
EU sitt våpendirektiv sett krav om at medlemsstatane må ha reglar som tryggjar at berre dei som har særskilt løyve kan erverve og ha nærare bestemte skytevåpen. Når det gjeld det nærare grunnlaget for erverv, set artikkel 5 krav om at berre personar som har eit sakleg behov («good cause») skal kunne erverve skytevåpen.
8.3 Jakt som grunnlag for erverv og innehav av skytevåpen
8.3.1 Gjeldande rett
Erverv av skytevåpen til jakt er nærare regulert i våpenforskrifta § 12. For å kunne erverve skytevåpen til jakt må søkar dokumentere at vedkomande er innført i Jegerregisteret.1 Slik innføring er ein føresetnad for å kunne drive det meste av jakt eller fangst, jf. forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst (utøvingsforskrifta) § 8. Politiet kan gjere unnatak frå kravet om innføring i Jegerregisteret, jf. våpenforskrifta § 12 fjerde ledd. Unnataksheimelen er særleg aktuell for erverv av skytevåpen til jakt eller felling der viltlovgjevinga ikkje set krav til gjennomført og bestått jegerprøve.
Personar som er innført i Jegerregisteret kan erverve inntil seks komplette jaktvåpen utan å grunngje behovet ut over at det skal brukast til jakt, jf. våpenforskrifta § 12 andre ledd. For å kunne erverve meir enn seks jaktvåpen, må søkar dokumentere «et meget kvalifisert behov», jf. våpenforskrifta § 12 andre ledd siste punktum. Til jakt kan det som hovudregel berre ervervast skytevåpen som oppfyller viltlovgjevinga sine krav til lovleg våpentype, men politiet kan gje fritak frå dette kravet om det ligg føre «særlige grunner», jf. våpenforskrifta § 12 tredje og fjerde ledd. Forskrift 9. september 2011 nr. 930 om forbodne skytevåpen og godkjente halvautomatiske skytevåpen gjev nærare reglar for kva halvautomatiske våpen som kan ervervast til jakt.
8.3.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg
8.3.2.1 Vilkår for erverv
Eit samla våpenlovutval tilrår å lovfeste jakt som ervervsgrunnlag for skytevåpen. Eit fleirtal i utvalet tilrår å vidareføre gjeldande vilkår for erverv av skytevåpen til jakt. Mindretalet føreslår å lovfeste eit krav om at nye jegerar skal følgjast opp av ein fadder i det første jaktåret, og meiner dette vil styrke den praktiske våpendugleiken.
8.3.2.2 Erverv av skytevåpen utan særskilt behovsprøving (jaktvåpengarderobe) og tillatne jaktvåpen
Eit samla våpenlovutval føreslår å lovfeste ordninga med at jegerar skal kunne erverve eit nærare bestemt tal skytevåpen utan særskilt behovsprøving (jaktvåpengarderobe), men slik at talet skytevåpen som kan ervervast vert fastsett i forskrift. Eit fleirtal føreslår at jaktvåpengarderoba framleis bør vere seks skytevåpen.
Eit mindretal meiner at ordninga med jaktvåpengarderobe vert praktisert som det maksimale tal skytevåpen som kan ervervast til jakt, og meiner difor at den bør settast til åtte skytevåpen.
Eit samla utval tilrår å vidareføre gjeldande regel om at det som hovudregel berre kan ervervast våpentypar som er godkjent til jakt.
8.3.3 Høyringsinstansane sitt syn
Dåverande Miljøverndepartementet (MD) meiner at ny våpenlov bør gje strengare reglar for erverv til jakt av skytevåpen og våpendelar som er laga for militæret eller politiet. MD sitt høyringssvar på dette punktet er nærare omtala under punkt 7.
Dei jakt-, skyttar-, og våpensamlarorganisasjonane som har gjeve fråsegn støttar mindretalet sitt framlegg om å auke jaktvåpengarderoba til åtte skytevåpen. Norsk organisasjon for jegere og skyttere meiner også at talet skytevåpen i jaktvåpengarderoba bør lovfestast, slik at regelen vert meir føreseieleg.
8.3.4 Departementet sine merknader
8.3.4.1 Vilkår for erverv
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at jakt bør lovfestast som ervervsgrunnlag for skytevåpen, sjå lovframlegget § 11. Når det gjeld spørsmålet om å sette krav til at jegerar skal få tildelt ein fadder for ei nærare bestemt periode, meiner departementet at det ikkje har kome fram opplysingar som tilseier at det er behov for å gjennomføre eit slikt tiltak. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å lovfeste strengare krav enn gjennomført og bestått jegerprøve for erverv av skytevåpen til jakt.
8.3.4.2 Nærare om jaktvåpengarderobe
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at ordninga med såkalla jaktvåpengarderobe bør vidareførast og syner også til at det ikkje har kome motsegner mot dette i høyringa. For å styrke ordninga og betre framskrivinga for den einskilde jeger, tilrår departementet å lovfeste kor mange skytevåpen som jegerar kan erverve utan å dokumentere eit særskilt behov. Denne jaktvåpengarderoba skal dekke gjennomsnittsjegeren sine behov for skytevåpen.
Kor mange skytevåpen ein jeger reknar for naudsynt for å kunne utføre jakta vil variere stort. Høvesvis mange jegerar løyser ikkje jegeravgift årleg, noko som er ein føresetnad for å kunne drive jakt. 2 I samband med ein revisjon av det svenske våpenlovgjevinga vart talet skytevåpen per jeger undersøkt, og det gjennomsnittlege tal skytevåpen per jeger var mellom to og tre.3 Sverige har tilnærma like høve til å drive variert jakt som Noreg, og det er difor liten grunn til å tru at situasjonen er vesentleg annleis i Noreg. Departementet meiner difor at ei jaktvåpengarderobe på seks skytevåpen vil vere tilstrekkeleg for dei fleste jegerar, og tilrår å vidareføre gjeldande ordning, sjå lovframlegget § 11 første ledd.
Departementet meiner likevel at det bør vere mogeleg å kunne erverve fleire skytevåpen for jegerar som kan dokumentere eit sakleg behov for fleire skytevåpen. Jaktvåpengarderoba skal som nemnt spegle eit gjennomsnittsbehov, og aktive og allsidige jegerar kan difor ha behov for fleire skytevåpen for å kunne utøve ulike jaktformar. Departementet tilrår å vidareføre gjeldande ordning med at politiet kan gje løyve til erverv av meir enn seks komplette skytevåpen, men slik at vilkåra for å kunne erverve fleire skytevåpen gjerast noko meir lempeleg enn etter gjeldande regelverk. Departementet tilrår difor å endre vilkåret «meget kvalifisert behov» til «særskilt behov», sjå lovframlegget § 11 første ledd.
8.3.4.3 Kva skytevåpen som kan ervervast til jaktbruk
Våpenlovutvalet føreslår som nemnt å vidareføre ordninga etter gjeldande rett med at det er viltlov med forskrift som regulerer kva våpentypar som skal kunne ervervast til jakt. Departementet er samd med utvalet i at reglane for erverv bør ta utgangspunkt i kva våpentypar som lovleg kan brukast til jakt etter viltlovgjevinga. Våpenlova skal likevel verne om andre omsyn enn viltlovgjevinga, og omsynet til samfunnstryggleiken kan grunngje eit behov for strengare reglar for erverv av skytevåpen til jakt enn det som følgjer av viltlovgjevinga. Departementet meiner difor at våpenlova bør sette dei ytre grensene for kva våpentypar som skal kunne ervervast til jakt, sjå lovframlegget § 11 andre ledd.
Etter utøvingsforskrifta § 35 andre ledd kan det brukast pistol eller revolver til avliving av nærare bestemt vilt som er fanga i bås eller fangstbur. Etter gjeldande praksis vert det likevel ikkje gjeve løyve til erverv av pistol eller revolver for avliving av vilt, jf. Politidirektoratet sitt rundskriv RPOD 2009-9 pkt. 3.5.1. Departementet meiner at skadepotensialet og brukarterskelen for pistolar og revolverar gjer det naudsynt å fastsette særskilte krav til den som skal erverve og ha slike våpen, sjå nærare omtale under punkt 8.4.4.1. Departementet er heller ikkje kjent med at bruken av einhandsvåpen gjev ein meir skånsam avliving enn ved bruk av andre våpentypar med mindre skadepotensiale. Departementet tilrår difor å lovfeste at det ikkje kan gjevast løyve til å erverve og ha pistolar eller revolverar til jaktbruk, sjå lovframlegget § 11 andre ledd.
Departementet synar vidare til at det berre kan brukast halvautomatiske rifler med inntil tre patroner i magasinet til jakt og at det difor ikkje er behov for å kunne erverve og ha halvautomatisk rifle med stor eldkraft til jaktbruk, jf. utøvingsforskrifta § 15 tredje ledd. Det vert difor tilrådd å lovfeste at det til jaktbruk berre kan gjevast løyve til å erverve og ha halvautomatiske rifler som er lovlege i eller i medhald av lovframlegget § 5, sjå lovframlegget § 11 andre ledd. Dei nærare krav til kva halvautomatiske rifler som skal vere godkjent til jakt er tilrådd lagt til forskrift, sjå lovframlegget § 11 fjerde ledd. Det synast også til omtalen av dette spørsmålet i punkt 7.
8.4 Sportsskyting som ervervsgrunnlag
8.4.1 Gjeldande rett
Erverv av skytevåpen til øvings- og konkurranseskyting er nærare regulert i våpenforskrifta § 13. Slikt erverv føreset at søkar kan dokumentere aktivt medlemsskap i godkjent skyttarforeining. For å kunne erverve pistol eller revolver må søkar kunne dokumentere å ha vore aktivt medlem i minst seks månader. Til øvings- og konkurranseskyting kan det ervervast skytevåpen som kan brukast i skyttarforeininga sine godkjente skyttarprogram.
For øvings- og konkurranseskyting kan det som hovudregel berre gjevast løyve til å erverve og ha eitt skytevåpen per godkjent skyteprogram, men det er ikkje sett noko øvre grense for kor mange skytevåpen som kan ervervast totalt, jf. § 13 tredje ledd, tredje punktum. Politidirektoratet har i medhald av våpenforskrifta § 13 fjerde ledd gjeve nærare retningsliner i rundskrivet RPOD-2009-9 punkt 3.5.1.2.2 for kor mange skytevåpen som skal kunne ervervast til sportsskyting ut frå ei vurdering av aktivitet.
8.4.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg
8.4.2.1 Vilkår for erverv
Våpenlovutvalet føreslår at ny våpenlov lovfestar konkurranseskyting som ervervsgrunnlag for skytevåpen. Eit fleirtal i utvalet tilrår å ta bort øvingsskyting som sjølvstendig ervervsgrunnlag. Fleirtalet meiner at øvingsskyting er vanskeleg å dokumentere og at dette gjer det krevjande å handheve behovskravet. Fleirtalet meiner likevel at det bør gjerast unnatak for jegerar som ønskjer å betre skytedugleiken til jakt, utan at dette har kome til uttrykk i lovutkastet.
Eit mindretal meiner at det ikkje er grunn til å endre gjeldande regelverk, og syner mellom anna til at mange driv øvingsskyting for å betre skytedugleiken til jaktbruk. Mindretalet meiner likevel at medlemsskap i godkjent skyttarforeining framleis bør vere ein føresetnad for erverv av skytevåpen.
Eit samla utval føreslår å innføre ein forskriftsheimel til å sette krav til aktivitet for erverv til sportsskyting.
8.4.2.2 Tillatne våpen til sportsskyting
Våpenlovutvalet tilrår at det framleis skal vere krav om at det berre skal kunne ervervast skytevåpen som er godkjent for den skyteform som gjev grunnlag for ervervet. Utvalet sitt syn på erverv av halvautomatiske våpen til sportsskyting er omtala under punkt 7.2.3.
8.4.3 Høyringsinstansane sitt syn
Politidirektoratet (POD) støttar fleirtalet sitt framlegg om å ta bort øvingsskyting som ervervsgrunnlag og meiner ny våpenlov bør avgrense kor mange skytevåpen som skal kunne ervervast til konkurranseskyting. POD støttar også mindretalet sitt framlegg til kva halvautomatiske rifler som skal vere godkjent. Politidistrikta sluttar seg i hovudsak til mindretalet sine merknader.
Dei jakt-, skyttar- og våpensamlarorganisasjonane som har gjeve fråsegn, støttar mindretalet sitt framlegg om å vidareføre øvingsskyting som sjølvstendig ervervsgrunnlag, og meiner mellom anna at fleirtalet sitt utkast vil stride mot prinsippa for breiddeidretten. Fråsegnene om kva skytevåpen som skal kunne ervervast til sportsskyting er nærare omtala i punkt 7.2.4.
8.4.4 Departementet sine merknader
8.4.4.1 Vilkår for erverv
Departementet følgjer ikkje opp våpenlovutvalet sitt framlegg om berre å tillate erverv av skytevåpen til konkurranseskyting. Mange personar driv øvingsskyting enten som rekreasjon eller for å kunne drive jakta på ein forsvarleg måte, utan å ta del i konkurransar. Når øvingsskytinga skjer med godkjente våpentypar og som ein del av den godkjente skyttarorganisasjonen sine faste aktivitetar, er det ikkje kome fram opplysingar som tydar på at slik aktivitet utgjer ein større tryggingsrisiko enn konkurranseskyting. Departementet tilrår difor å vidareføre gjeldande regelverk i lovframlegget § 12 første ledd, men slik at nemninga «sportsskyting» brukast som eit samleomgrep for øvings- og konkurranseskyting.
Departementet er likevel samd med utvalet i at det bør fastsetjast ein forskriftsheimel til å sette krav til aktivitet i godkjent skyttarforeining for erverv av skytevåpen til sportsskyting. Til sportsskyting vert det bruka både rifle, medrekna halvautomatiske rifler med stor eldkraft, hagle, pistol og revolver. Halvautomatiske rifler med stor eldkraft har grunna si slagkraft og rekkevidde eit særskilt stort skadepotensiale ved misbruk. Pistol og revolver har grunna si kompakte utforming også eit stort skadepotensiale ved at dei enkelt kan berast skjult. Desse våpentypane føreset også ein særskilt aktsemd under bruk og handtering fordi den korte pipelengda gjer det vanskelegare å halde trygg peikeretning enn våpentypar med lengre pipe- og totallengde.
Kravet til aktivitet bør spegle våpenet sitt skadepotensiale, slik at ein tryggjer at den som ervervar slike våpen både syner ein seriøs interesse for skytesporten og har tilstrekkeleg våpendugleik til å kunne handtere våpenet på ein god måte. Sjølv om rifler med enkeltskot eller manuell omlading og hagler normalt er enklare i bruk, vil det også kunne vere aktuelt å sette krav til opplæring og aktivitet for å tryggje at dei som skal erverve slike våpen har tilstrekkeleg våpendugleik.
Departementet tilrår også å fastsette ein forskriftsheimel til å sette krav til opplæring, noko som allereie vert praktisert i fleire skyttarforbund og tilrår til sist å fastsette heimel til å kunne forskriftsfeste reglar for kor mange skytevåpen som skal kunne ervervast til sportsskyting, som i dag er regulert i Politidirektoratet sitt våpenrundskriv RPOD-2009 punkt 3.5.1.2.2.
8.4.4.2 Kva skytevåpen som kan ervervast til sportsskyting
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at ordninga med at det til sportsskyting berre skal kunne ervervast slike våpentypar som er fastsett i den aktuelle skyttarforeininga sitt tekniske program, som skal vere godkjent av politiet. Departementet tilrår også at det lovfestast som noko nytt kva våpentypar som skal kunne ervervast til sportsskyting, slik at lovframlegget set dei ytre rammene for kva våpentypar det kan gjevast løyve til. Denne lovfestinga vil omfatte alle dei skytevåpen som det er aktuelt å godkjenne til sportsskyting, men slik at det vert lovfest særskilte krav for når politiet kan gje løyve til å erverve og å ha dei halvautomatiske rifler med størst skadepotensiale.
Departementet tilrår, som nemnt i punkt 7.2.5.1 at sportsskyttarar skal kunne erverve og ha halvautomatiske rifler med stor eldkraft til sportsskyting. Bruken av denne våpentypen til skytesport gjev løyvehavar god trening i å bruke våpen med stor eldkraft på ein effektiv måte, noko som gjer det viktig å tryggje at berre personar som syner ein seriøs interesse for skytesporten får tilkomst til våpentypen. Departementet tilrår difor at det lovfestast at eit erverv av denne våpentypen til sportsskyting krev eit særskilt løyve og at søkar må oppfylle særskilte krav til aktivitet og opplæring i godkjent skyttarforeining. Desse krava vil mellom anna innebere at søkar over lengre tid har vore aktiv konkurranseskyttar før vedkomande skal kunne gjevast løyve til å erverve halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert med heilautomatisk funksjon eller for militære eller politiet. Dei nærare krav til aktivitet og opplæring er tilrådd lagt til forskrift.
Bruken av denne våpentypen til sportsskyting krev bruk av våpenmagasin med stor patronkapasitet. Departementet tilrår difor at sportsskyttarar som oppfyller dei ovannemnte krav til aktivitet og opplæring i godkjent skyttarforbund også kan erverve og ha nærare bestemte våpendelar som etter lovframlegget § 6 andre ledd berre skal tillatast til personar som har særskilt løyve, sjå lovframlegget § 12 tredje ledd. Departementet tilrår vidare at eit slikt særskilt løyve til å erverve og ha våpendelar også skal gjelde for sportsskyttarar med pistol som aktivt konkurrerer i skytesport som krev bruk av våpenmagasin med stor patronkapasitet. Denne lovfestinga av krav til erverv av våpendelar vil også tryggje gjennomføring av dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 6 nr. 6 set for å kunne erverve og å ha skytevåpen med stor magasinkapasitet til sportsskyting (kategori A).
Departementet tilrår også at det gjevast ein særskilt forskriftsheimel til å gje nærare reglar for kva halvautomatiske rifler som skal kunne ervervast til sportsskyting, slik at ein tryggjer kontroll med kva våpentypar som kan brukast til skytesport, sjå lovframlegget § 12 fjerde ledd nr. 4.
8.5 Våpensamling som ervervsgrunnlag
8.5.1 Gjeldande rett
Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling er nærare regulert i våpenforskrifta § 16. Politiet kan gje slikt løyve for skytevåpen som inngår i eit sakleg avgrensa samleområde, når søkar er medlem i godkjent samleforeining og oppfyller krava til alder og personlege eigenskapar som er fastsett i våpenlova § 7 og våpenforskrifta § 10. Politidirektoratet kan på nærare bestemte vilkår gje våpensamlar løyve til å erverve våpentypar som ikkje er tillatne til jakt- eller sportsskyting, slik som maskinpistolar og liknande militærvåpen. Politidistriktet kan i medhald av våpenforskrifta § 16 fjerde ledd gje løyve til å erverve ammunisjon som ikkje er tilleten til jakt eller sportsskyting til samling, utan at det i forskrifta er sett nærare vilkår for når politiet kan gjere bruk av denne fritaksheimelen.
8.5.2 Internasjonale rammer
I EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 2 nr. 2 er det tidlegare unntaket for våpensamlarar teken bort slik at direktivet no også skal gjelde for våpensamlarar. Etter det reviderte våpendirektivet artikkel 6 nr. 3 kan våpensamlarar i særskilte tilfelle gjevast løyve til å erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i kategori A (heilautomatiske skytevåpen, halvautomatiske skytevåpen med stor magasinkapasitet m.m.), når våpensamlaren oppfyller dei krav til tryggingstiltak som vert fastsett i medhald av nasjonal rett. Våpensamlarar som er gjeve løyve til å erverve skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i kategori A skal føre eigne register over kva gjenstandar dei har i denne kategorien.
8.5.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet føreslår å lovfeste samling som sjølvstendig ervervsgrunnlag, men er usamde i spørsmålet om vilkåra for godkjenning som samlar av skytevåpen eller ammunisjon. Eit fleirtal syner til at våpensamlingar kan ha eit stort skadepotensiale og føreslår at berre våpensamlingar som har nasjonal interesse skal kunne godkjennast.
Mindretalet meiner at vilkåra for godkjenning av våpensamling bør fastsette strenge krav til personleg dugleik og oppbevaring, og meiner at ei innskjerping av krava til godkjente samleområde ikkje vil redusere skaderisikoen til våpensamlingar. Mindretalet føreslår også å lempe på kravet til skyting med samlevåpen, slik at samlevåpen skal kunne skytast med når det på førehand vert gjeve varsel til det lokale politidistrikt.
I utvalet sitt lovutkast er det også teke inn eit krav til aktivitet, utan at dette er nærare omtala i innstillinga.
8.5.4 Høyringsinstansane sitt syn
Politidirektoratet (POD) støttar fleirtalet sitt framlegg til avgrensing av godkjente samleområder. Det same gjer Hordaland og Rogaland politidistrikt. Hordaland politidistrikt meiner i tillegg at reglane for godkjenning av samleområdet også bør gjelde for samlarar av ammunisjon, sverd, med meir.
Kripos meiner at fleirtalet sitt framlegg om å avgrense samleområdet ikkje er grunna i våpenfaglege forhold. Kripos syner mellom anna til at mange samleområde ikkje kan knytast til nasjonalitet. Vidare er Kripos usamd i kravet til aktivitet og meiner dette vil vere vanskeleg å praktisere. Dei jakt-, skyttar- og våpensamlarorganisasjonane som har gjeve fråsegn uttrykkar tilsvarande synspunkt.
8.5.5 Departementet sine merknader
8.5.5.1 Vilkår for godkjenning som samlar på skytevåpen og ammunisjon
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at samling bør lovfestast som grunnlag for erverv av skytevåpen og ammunisjon, sjå lovframlegget § 13.
Departementet er vidare samd med utvalet sitt fleirtal i at det bør settast vilkår for kva samleområde som kan godkjennast. Utan slike vilkår vil det vere uråd å vurdere om erverv av det einskilde skytevåpenet er grunna i dei omsyn som løyvet føreset. Vilkåra for godkjenning må etter departementet sitt syn knytast til om samleområdet dokumenterer historiske eller våpentekniske forhold. Det kan på førehand vere vanskeleg å avgjere kva samleområde som vil vere relevant å dokumentere for ettertida, og difor må vilkåra for godkjenning utformast slik at dei omfattar ulike typar våpensamlingar. Risikoen ved våpensamling er også knytt til våpentypar, og ikkje deira historiske opphav. Departementet tilrår difor ikkje å følgje utvalet sitt framlegg om at samleområdet må ha nasjonal interesse.
Departementet meiner som Kripos at kravet til aktivitet i våpensamlarforeininga er lite eigna til å dokumentere at vedkomande framleis har behov for våpensamlinga. Våpensamlarforeiningane sine aktiviteter er i hovudsak knytt til foredrag og utstillingar kring nærare bestemte tema som kan vere utan relevans for mange våpensamlarar. Departementet følgjer difor ikkje opp dette framlegget.
Når det gjeld spørsmålet om skyting med samlevåpen, meiner departementet at det er viktig å oppretthalde eit klart skilje mellom erverv av skytevåpen til samling og erverv av skytevåpen til bruk. Føremålet med våpensamlingar er å dokumentere historiske eller våpentekniske forhold, noko som ikkje krev aktiv bruk av skytevåpna. Ei godkjenning som våpensamlar gjev også grunnlag for å kunne erverve både fleire og andre typar skytevåpen enn det som kan ervervast til jakt eller sportsskyting, for at desse gjenstandane skal kunne vernast for ettertida. Lempelege krav til skyting med samlevåpen vil såleis bryte med dei omsyn som grunngjev dei særskilte reglane for erverv av skytevåpen til samling. Departementet tilrår difor å vidareføre gjeldande ordning med strenge krav for skyting med samlevåpen.
8.5.5.2 Kva våpentypar og ammunisjon som kan ervervast til samling
Våpenlovutvalet nemner ikkje konkret kva våpentypar som skal kunne ervervast til samling. Departementet tilrår som nemnt i punkt 7.2.5.1 å lovfeste gjeldande ordning med at våpensamlar skal kunne erverve alle våpentypar, men at det kravst særskilt løyve for å kunne erverve våpentypar som ikkje er tillatne til jakt eller sportsskyting, medrekna halvautomatiske rifler som nemnt i lovframlegget § 5 andre ledd nr. 3, sjå lovframlegget § 13 andre ledd.
Når det gjeld vilkåra for å kunne erverve og ha skytevåpen og våpendelar som ikkje er tillatne og som krev særskilt løyve, syner departementet til at det i høyringa ikkje har vorte fremja motsegner mot å vidareføre gjeldande vilkår. Departementet tilrår å lovfeste gjeldande vilkår om at det aktuelle våpenet eller våpendelen enten må vere særskilt sjeldan eller ha ein særskilt historisk verdi, men slik at lovregelen betre speglar gjeldande praksis, sjå lovframlegget § 13 andre ledd. Dette betyr at det i lovframlegget ikkje vert sett krav til at våpenet faktisk må ha vore nytta i hendingar av særskilt historisk betyding. Departementet tilrår også å fastsette ein forskriftsheimel til å kunne gje nærare reglar for når politiet kan gje løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar som krev særskilt løyve etter lovframlegget § 5 andre ledd. Denne forskriftsheimelen skal mellom anna tryggje at regelverket gjennomfører dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 6 nr. 3 set for erverv av skytevåpen og våpendelar i kategori A til samling, sjå lovframlegget § 41 nr. 12.
Spørsmålet om erverv av ammunisjon til samling er ikkje nærare drøfta av våpenlovutvalet. Ammunisjon som er lovleg å bruke til jakt eller sportsskyting vil som utgangspunkt vere omfatta av dei ålmenne vilkåra for godkjenning som samlar. Departementet meiner det bør gjevast meir presise reglar for i kva grad patronsamlarar kan erverve ammunisjon som ikkje er tillatne til jakt eller sportsskyting. Skadepotensialet til slik ammunisjon varierer stort, og det kan difor vere hensiktsmessig å gje relativt detaljerte reglar knytt til både tal, kaliber og prosjektiltype. Departementet tilrår difor at dei nærare vilkåra for erverv av denne typen ammunisjon vert lagt til forskrift, sjå lovframlegget § 13 tredje ledd og femte ledd nr. 4.
8.6 Andre ervervsgrunnlag
8.6.1 Gjeldande rett
Våpenlova § 7 set ikkje faste grenser for kva føremål som kan gje grunnlag for erverv av skytevåpen. Våpenforskrifta har difor gjeve særskilte reglar om erverv av skytevåpen til nærare bestemte føremål, som til dømes arv og minneverde, vern mot åtak, samt museumsføremål. Denne reguleringa er likevel ikkje uttømande, slik at det også kan ervervast skytevåpen til andre føremål enn dei som er særskilt regulert i forskrift.
8.6.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet syner til at det er vanskeleg å gje ei uttømmande oppstilling av dei føremål som kan gje grunnlag for å erverve skytevåpen. Dei føreslår difor å vidareføre gjeldande reglar, men slik at lovutkastet gjev døme på kva føremål som kan gje grunnlag for erverv. Når det gjeld erverv på grunnlag av arv eller minneverde tilrår utvalet at reglane for erverv tolkast strengare enn etter gjeldande regelverk, slik at søkar må dokumentere at våpenet har eit særskilt minneverde.
8.6.3 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine merknader
Sysselmannen på Svalbard syner til at dei lokale forhold gjer det naudsynt å ha våpen til vern mot isbjørn, og tilrår at det vert fastsett ein særskilt regel om tidsavgrensa våpenkort til vern mot isbjørn for opp til tre år. Dette vil etter Sysselmannen sitt syn betre kontrollen med skytevåpen på Svalbard.
Departementet er samd med våpenlovutvalet i behovet for å lovfeste ein heimel til å gje forskrift om andre ervervsgrunnlag enn jakt, sportsskyting og samling, sjå lovframlegget § 14. Departementet kan i hovudsak slutte seg til dei merknader som er fremja i innstillinga.
Fotnotar
I følgje opplysingar frå Statistisk sentralbyrå si heimeside var det per 4. april 2017 registrert 493 228 personar i Jegerregisteret.
I følgje opplysingar frå Statistisk sentralbyrå si heimeside løyste 202 352 av totalt 493 228 innmeldte jegerar jegeravgift i jaktåret 2016/2017.
Prop. 1999/2000:27 En skärpt vapenlagstiftning pkt. 6.1.5.