13 Tilbakekall av våpenløyve
13.1 Gjeldande rett
Politiet skal dra attende våpenløyve til personar som ikkje lenger oppfyller krava til personlege eigenskapar, jf. våpenlova § 10 første ledd. Vidare så kan politiet dra attende våpenløyve til personar som ikkje lenger har behov for eller annan rimeleg grunn til å ha skytevåpen, jf. våpenlova § 10 andre ledd. Politidirektoratet har i rundskriv RPOD 2009-9 punkt 3.8 gjeve nærare retningsliner for korleis politiet skal praktisere regelverket.
Når politiet gjer vedtak om å tilbakekalle våpenløyve, skal vedkomande «straks» levere våpenkort og skytevåpen til politiet. Politiet kan krevje at vedkomande leverar inn våpendelar, jf. § 10 fjerde ledd. Ved brot på krava til personlege eigenskapar etter § 10 første ledd kan også politiet krevje at vedkomande skal levere inn ammunisjon, jf. § 15. Politiet kan også gjere vedtak om at skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon skal leverast inn når det er sendt førehandsvarsel om inndraging av våpenløyvet, jf. § 10 femte ledd.
Når politiet gjer endeleg vedtak om å tilbakekalle våpenløyve, skal vedkomande avhende skytevåpen med vidare innan tre månader. Om dei ikkje er avhenda innan denne fristen skal politiet selje gjenstandane for eigar si rekning, jf. § 10 fjerde ledd.
Ved brot på vilkåra etter § 10 første ledd kan politiet bestemme at skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er unnateke frå løyveplikt etter § 5 skal innleverast og avhendast, jf. § 10 sjette ledd. På dei same vilkåra, kan politiet også bestemme at vedkomande heller ikkje framover i tid kan erverve eller eige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som nemnt i § 5, jf. § 10 sjuande ledd og § 15 første ledd tredje punktum.
13.2 Internasjonale rammer
Etter EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 5 nr. 2 skal medlemsstatane ha reglar om tilbakekall av våpenløye til personar som ikkje lenger oppfyller vilkår eller føresetnader for løyvet. Vidare så er det i artikkel 5 nr. 3 sett krav om at medlemsstatane skal ha reglar om tilbakekall av våpenløyve for skytevåpen i kategori B når løyvehavar utan særskilt løyve har lause våpenmagasin for enten halvautomatiske skytevåpen eller skytevåpen med repetermekanisme med patronkapasitet større enn 10 for rifler og hagler og 20 for pistol.
13.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet føreslår å vidareføre gjeldande reglar om at politiet skal tilbakekalle våpenløyve frå personar som ikkje lenger oppfyller krava til personlege eigenskapar. Utvalet føreslår at dette kravet også skal gjelde for andre løyve til å ha skytevåpen med vidare enn våpenløyve, slik som løyve til å drive næringsverksemd, våpensamling eller løyve til å låne skytevåpen.
Eit fleirtal føreslår å innføre eit krav om at politiet skal tilbakekalle løyvet til personar som ikkje lenger har behov for eller annan rimeleg grunn til å ha det aktuelle våpenet. Mindretalet meiner det ikkje er grunn til å endre regelverket på dette punktet.
Eit samla utval meiner gjeldande reglar om innlevering av gjenstandar som vert tilbakekalla bør endrast til at vedkomande skal «overlate» gjenstandane til politiet framfor å bruke omgrepet «innleveres» som brukast i gjeldande våpenlov § 10. Dette for å hindra at personar møter hjå politiet med skytevåpen utan nærare avtale med politiet.
Vidare meiner utvalet at gjeldande ordning med at politiet skal selje innleverte gjenstandar som ikkje eigaren sjølv avhendar er unødig belastande for politiet. Utvalet tilrår difor å endre reglane slik at politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan 12 månader, utan skyldnader til eigaren.
Utvalet føreslår å vidareføre gjeldande reglar om at politiet kan krevje innlevert og gje forbod mot seinare å erverve eller ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje krev løyve frå politiet, men slik at det vert presisert at politiet også kan gje tilsvarande forbod ovanfor personar som ikkje har våpenløyve frå før. I lovutkastet har utvalet utvida ordninga til også å gjelde for personar som ikkje lenger har behov for eller annan rimeleg grunn for å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, utan at dette er nærare grunngjeve.
Vidare føreslår utvalet å innføre ein ny regel om at politiet kan krevje å ta hand om skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i to veker når det er grunn til å tru at løyvehavar ikkje oppfyller dei personlege vilkåra, og det ikkje er tid til å sende førehandsvarsel.
13.4 Høyringsinstansane sitt syn
Dåverande Miljødepartementet meiner at mange jegerar må ta mellombelse opphald i aktiviteten grunna til dømes familie- eller arbeidssituasjonen, og at dette ikkje bør føre til at våpenløyvet vert tilbakekalla.
Riksadvokaten og Politidirektoratet støttar fleirtalet sitt framlegg om å innføre krav om tilbakekall ved manglande behov.
Politihøgskolen syner til at gjeldande regelverk stiller krav til aktivitet, og meiner det ikkje er behov for å innføre reglar om tilbakekall på dette grunnlaget. Dei jakt-, skyttar- og våpensamleorganisasjonane som har gjeve fråsegn gjev uttrykk for liknande synspunkt.
Oslo politidistrikt meiner at avhending av skytevåpen krev store ressursar, og at det ikkje bør vere politiet si oppgåve å realisere verdiar på vegne av eigaren.
13.5 Departementet sine merknader
Departementet sluttar seg til våpenlovutvalet sitt framlegg om å vidareføre gjeldande krav om at politiet skal tilbakekalle våpenkort til personar som ikkje lenger oppfyller dei personlege vilkåra, sjå lovframlegget § 31 første ledd. Departementet er vidare samd med utvalet i at dette kravet også bør gjelde for andre løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon enn dei som gjev innehavar våpenkort. For å klargjere at regelen skal gjelde for alle typar løyve til å ha skytevåpen med vidare, tilrår departementet at nemninga «våpenkort» som brukast i gjeldande våpenlov § 10 endrast til «løyve».
Departementet meiner derimot at det ikkje er grunn til å innføre strengare reglar for tilbakekall av våpenløyve grunna manglande behov. Mange driv jakt og sportsskyting i størsteparten av sitt vaksne liv, og over eit så langt tidsløp er det naturleg at aktiviteten kan variere. Slike mellombelse opphald i aktiviteten inneber normalt ikkje nokon tryggingsrisiko, og mange tek opp at aktiviteten når forholda ligg betre til rette for det. Eit absolutt krav om tilbakekall på dette grunnlaget vil også vere krevjande å praktisere fordi behovet for skytevåpen til jakt, våpensamling, arv og minneverde ikkje er knytt til noko krav om bruk av skytevåpenet. Det synast her til omtalen under punkt 12.1.5.
Departementet tilrår difor å vidareføre gjeldande reglar for tilbakekall grunna manglande behov. For å tryggje gjennomføring av dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv set for tilbakekall av våpenløyve, vert det samstundes tilrådd å gje ein forskriftsheimel til å kunne gje utfyllande reglar om tilbakekall på dette grunnlaget, sjå lovframlegget § 41 nr. 29. Desse forskriftsreglane vil mellom anna kunne fastsette krav til dokumentasjon for medlemsskap og aktivitet for godkjent skyttarorganisasjon for å kunne ha løyve til halvautomatiske rifler som nemnt i lovframlegget § 5 andre ledd nr. 3 og våpenmagasin med stor patronkapasitet.
Departementet er samd med utvalet i at politiet ved brot på dei personlege vilkåra framleis bør kunne krevje innlevert løyvefrie skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, samt å gje forbod mot at vedkomande ervervar eller har slike gjenstandar, sjå lovframlegget § 31 andre ledd.
Departementet sluttar seg likevel ikkje til framlegget om at eit slikt forbod også skal kunne gjevast for personar som enten får løyvet inndrege på grunn av at behovet er falle bort, eller som ikkje lenger har behov for eller annan rimeleg grunn til å ha slike gjenstandar. Ei inndraging av løyve på dette grunnlaget tilseier ikkje at vedkomande er mindre eigna til å kunne ha og bruke skytevåpen enn personar med gyldig våpenløyve. Vidare så kravst det ikkje at den som skal erverve og ha løyvefrie skytevåpen med vidare må dokumentere eit behov eller annan rimeleg grunn. Departementet meiner difor det vil vere urimeleg å gje eit forbod mot å erverve eller ha skytevåpen med vidare på grunn av brot på vilkår som ikkje gjeld for slike gjenstandar.
Departementet sluttar seg derimot til utvalet sitt framlegg om å endre ordlyden frå «innlevere» til at vedkomande skal «overlate» skytevåpen med vidare, og tilrår å presisere at overleveringa skal skje i samsvar med pålegg frå politiet, sjå lovframlegget § 32 tredje ledd.
Departementet er også samd med utvalet i at gjeldande krav om at politiet skal avhende innleverte gjenstandar når eigaren ikkje oppfyller denne plikta er unødig ressurskrevjande, og meiner at denne oppgåva ligg utanfor det som bør vere politiet sitt ansvar. Departementet sluttar seg difor til utvalet sitt framlegg om å innføre ein regel om at politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan 12 månader frå det tidspunkt politiet gjorde endeleg vedtak om å dra inn løyvet, sjå lovframlegget § 31 femte ledd.
Departementet er til sist samd med utvalet i behovet for å innføre reglar som gjev politiet heimel til å kunne ta hand om skytevåpen utan først å måtte sende førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyve. Døme på situasjonar som kan krevje snøgg reaksjon er meldingar om husbråk, psykisk sjukdom og liknande, som kan innebere ein særskilt risiko for misbruk av skytevåpen. Departementet tilrår at vilkåret for å kunne ta hand om våpna åleine knytast til faren for at skytevåpna vil verte misbruka utan omsyn til om det er oppretta ein sak om å tilbakekalle våpenløyvet, sjå lovframlegget § 31 fjerde ledd.
13.6 Nærare om tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
13.6.1 Gjeldande rett
Politiet kan tilbakekalle løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon når innehavar ikkje lenger oppfyller vilkår eller føresetnader for løyvet, jf. våpenlova § 35.
13.6.2 Internasjonale rammer
Etter EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 4 nr. 3 skal medlemsstatane ha eit system for godkjenning av personar som skal drive ulike former for næringsverksemd med skytevåpen. I artikkel 6 nr. 7 er det som nemnt under punkt 12.1.2 gjeve særskilte reglar for kontroll med personar som har løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i kategori A.
13.6.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet tilrår å skjerpe reglane for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd, slik at politiet skal tilbakekalle løyvet når den som har løyvet ikkje lenger oppfyller dei personlege vilkåra. Utvalet tilrår elles å vidareføre gjeldande reglar, slik at politiet kan dra attende løyve til å drive næringsverksemd ved brot på andre vilkår eller føresetnader for løyvet.
Utvalet tilrår vidare å gje ein særskilt heimel for tilbakekall av godkjenning som skyttar- eller våpensamleorganisasjon, når organisasjonen ikkje lenger oppfyller vilkåra for godkjenning eller ikkje overheld krava til meldeplikt og til å utlevere naudsynt informasjon til politiet.
13.6.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine merknader
Ingen av høyringsinstansane har fremja motsegner mot framlegget.
Eit løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon gjev løyvehavar tilkomst til eit større tal skytevåpen. Skaderisikoen ved feil eller misbruk av løyve til å drive næringsverksemd vil difor kunne vere minst like stor som for andre våpenløyve. Departementet sluttar seg difor til våpenlovutvalet sitt framlegg om å innføre krav om at politiet skal dra inn løyvet når vedkomande bryt dei personlege vilkåra. Sidan næringsdrivande kan oppbevare eit større tal skytevåpen og ammunisjon er det viktig å ha reglar som tryggjer at politiet får kontroll på desse gjenstandane når dei gjer vedtak om tilbakekall av løyvet. Departementet tilrår difor at lovframlegget sine reglar om å overlate skytevåpen med vidare til politiet skal gjelde tilsvarande ved tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd, sjå lovframlegget § 32.
Departementet er til sist samd med utvalet i at det bør lovfestast reglar om at politiet skal kunne tilbakekalle godkjenningar som skyttar- eller våpensamleorganisasjon, sjå lovframlegget § 33. Ei slik godkjenning gjev grunnlag for erverv av skytevåpen, og misbruk av dette løyvet kan difor få store skadefølgjer.