Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

11 Næringsverksemd, merking, deaktivering og destruksjon

11.1 Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

11.1.1 Gjeldande rett

Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon er regulert i våpenlova kapittel IV og V. Den som skal drive handel med, eller tilverking av skytevåpen, våpendeler eller ammunisjon for vidaresal, må ha løyve frå politiet, jf. våpenlova § 16 og § 20. Etter våpenforskrifta § 44 skal også personar som driv andre former for næringsverksemd, som til dømes reparasjon, ha løyve frå politimeisteren. Våpenforskrifta kapittel seks til åtte set nærare vilkår for løyve til å drive næringsverksemd, inkludert krav til søkjar sine faglege og personlege eigenskapar, samt krav til rapportering av omsetnaden med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Gjeld søknaden ein juridisk person, skal nærare bestemte personar i den aktuelle organisasjonen oppfylle dei personlege vilkåra. Kravet til løyve for å kunne drive tilverking gjeld likevel ikkje for personar som i medhald av lov 20. juni 1986 nr. 35 har meisterbrev som børsemakar, jf. våpenlova § 20 første ledd tredje punktum. Etter våpenlova § 35 kan politiet tilbakekalle løyvet om innehavar bryt vilkår eller føresetnader for løyvet.

11.1.2 Internasjonale rammer

FN sin våpenprotokoll artikkel 15 og FN sin avtale om våpenhandel artikkel 10 oppmodar konvensjonsstatane til å innføre reglar som tryggjer offentleg kontroll med våpenmekling.

EU sitt våpendirektiv artikkel 4 set krav til løyve for å drive ervervsmessig handel, utleige, reparasjon eller ombygging av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Artikkel 4 nr. 4 set vidare krav til at personar som er godkjent for næringsverksemd som nemnt ovanfor skal føre register over dei skytevåpen og nærare bestemte våpendelar som vedkomande har motteke eller avhenda.

I det reviderte EU våpendirektiv er det sett strengare krav til medlemsstatane sin kontroll med næringsverksemd. Etter det reviderte våpendirektiv artikkel 4 nr. 3 bokstav a skal reglane om kontroll av næringsdrivande også gjelde for personar som reknast som våpenmeklar etter artikkel 1 nr. 10. Medlemsstatane skal også føre register over personar som har løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, jf. artikkel 4 nr. 3 bokstav a. Vidare skal kontrollen av næringsdrivande også omfatte juridiske personar, slik at både den juridiske personen og den fysiske personen som driv næringsverksemda på vegne av organisasjonen må oppfylle krava til løyve, jf. artikkel 4 nr. 3 bokstav c.

Det er også sett krav til at den næringsdrivande utan ugrunna opphald skal rapportere til våpenforvaltinga om erverv eller avhending av skytevåpen, samt våpendelar som nemnt i artikkel 1 nr. 2, jf. artikkel 4 paragraf 4. Denne rapporteringa skal skje elektronisk, til dømes ved bruk av e-post, jf. fortalen punkt 10. Etter artikkel 6. nr. 4 skal medlemsstatane gje særskilt løyve for å kunne drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i kategori A.

11.1.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet føreslår i hovudsak å vidareføre gjeldande regelverk, samt å lovfeste fleire av reglane i våpenforskrifta om næringsverksemd. Utvalet meiner at kravet til løyve for å kunne drive tilverking også bør gjelde for børsemakarar med meisterbrev. Utvalet føreslår også å innføre krav til løyve for å kunne drive mekling med og utleige av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

I utvalet si innstilling er det også teke inn eit krav om at tilsette i verksemder som driv næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon må levere politiattest til eigaren av verksemda. Utvalet syner her til at lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 19 a set krav til politiattest for arbeidstakarar som handterer nærare bestemte mengder eksplosjonsfarlege stoff. Utvalet meiner at det er tilsvarande behov for kontroll av tilsette i verksemder som driv næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

11.1.4 Høyringsinstansane sitt syn

Sysselmannen på Svalbard støttar framlegget om å regulere ervervsmessig utleige av skytevåpen, og syner til at ein allereie har innført ei slik ordning på Svalbard. Ingen av dei andre høyringsinstansane hadde merknader til våpenlovutvalet sitt framlegg om regulering av næringsverksemd.

11.1.5 Departementet sine merknader

Departementet er i hovudsak samd med våpenlovutalet sitt framlegg til regulering av næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, og syner til at det heller ikkje har kome motsegner mot framlegget i høyringsrunda, sjå lovframlegget § 23. Dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv set til rapportering med vidare vil såleis verte implementert gjennom forskriftsheimlar om mellom anna krav til registrering og rapportering av erverv og omsetnad av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

Til spørsmålet om å vidareføre gjeldande unntak frå kravet til løyve for personar som har meisterbrev som børsemakar, vil departementet legge til at vilkåra for tildeling av meisterbrev i medhald av lov 20. juni 1986 nr. 35 ikkje føreset nokon kontroll med om vedkomande er personleg skikka til å kunne drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Departementet er samd med utvalet i at det ikkje er grunn til å vidareføre eit særskilt unnatak for denne yrkesgruppa, noko som også er i samsvar med EU sitt reviderte våpendirektiv.

Når det gjeld spørsmålet om å innføre krav til politiattest for tilsette i organisasjonar som har løyve til å drive slik næringsverksemd, er ikkje departementet samd med utvalet si tilråding. At brann- og eksplosjonsvernlova § 19 a heimlar vandelskontroll er ikkje i seg sjølv eit argument for å innføre vandelskontroll. Departementet kan heller ikkje sjå at dei tilfella som er regulert der utan vidare kan samanliknast med regulering av næringsverksemd med skytevåpen.

Etter lovframlegget § 23 andre ledd må eigar og den ansvarlege for næringsverksemda oppfylle dei personlege vilkåra for våpenløyve. Mange større sportsforretningar driv handel med skytevåpen i tillegg til sal av anna fritidsutstyr. Eit krav om politiattest for alle tilsette i verksemda vil difor omfatte eit større tal personar, også personar som i liten grad handterer skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

Politiregisterlova § 37 regulerer kva situasjonar som kan grunngje eit krav om vandelskontroll. Vilkåra der er strenge, og departementet kan ikkje sjå at manglande vandelskontroll vil kunne medføre slike monalege skadeverknader eller verke støytande, som politiregisterlova § 37 nr. 1 og 2 føreset. Det synast også til at innføring av vandelskontroll i dei tilfella som nemnt vil representere noko nytt, og utvalet har ikkje gjort gjeldande at fråvær av vandelskontroll har vore eit problem. Departementet meiner at god internkontroll for handtering og utlevering av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon kan redusere risikoen for feil eller misbruk utan å måtte krevje politiattest av alle som skal arbeide for verksemda.

11.2 Merking av skytevåpen, våpendeler og ammunisjon

11.2.1 Gjeldande rett

I våpenlova er det ikkje gjeve særskilte reglar om merking av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Etter våpenforskrifta § 93 skal den som tilverkar skytevåpen eller varig innførar slike gjenstandar oppfylle nærare bestemte krav til merking av skytevåpen og løyvepliktige våpendelar.

11.2.2 Internasjonale rammer

FN sin våpenprotokoll artikkel 8 set krav til at medlemsstatane skal syte for at skytevåpen som enten vert produsert, varig innført eller transitert oppfyller nærare bestemte krav til merking.

Etter EU sitt våpendirektiv artikkel 4 skal medlemsstatane syte for at skytevåpen og patronpakningar som leggast ut på den sivile marknaden oppfyller nærare krav til merking. Medlemsstatane skal også tryggje at skytevåpen som overførast frå politi eller forsvar til den sivile marknaden er merka i samsvar med nærare bestemte krav.

Det reviderte våpendirektivet artikkel 4 set strengare krav til merking av skytevåpen og våpendelar. Etter artikkel 4 nr. 1 skal reglane om merking også gjelde for våpendelar som nemnt i artikkel 1 nr. 2. Vidare er det sett noko meir detaljerte krav til kva opplysingar merkinga skal omfatte, samt meir presise krav til når merkinga må vere utført. Etter artikkel 4 nr. 2a skal Kommisjonen gje nærare reglar om tekniske krav til merking i særskilt gjennomføringsforordning. Krava til merking skal som hovudregel også gjelde for samlevåpen, men medlemsstatane kan gje unnataksreglar i nasjonal rett for merking av våpen av særskilt historisk betyding, jf. artikkel 4 paragraf 2.

11.2.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet tilrår å lovfeste våpenforskrifta sine krav til merking, og i tillegg fastsette krav til merking av ammunisjon og merking av skytevåpen som vert overført frå politiet eller Forsvaret til den sivile marknaden. Utvalet syner til at det ikkje er etablert nokon fast internasjonal praksis for merking av våpendelar, og føreslår at dei nærare reglane for merking vert fastsett i forskrift, slik at dei kan tilpassast internasjonale krav.

11.2.4 Høyringsinstansane sitt syn

Norsk våpenhistorisk selskap meiner at eit krav til merking av samlevåpen vil øydelegge det historiske og kulturelle verdet av gjenstanden, og syner til at EU sitt våpendirektiv gjer unnatak frå kravet om merking for samlevåpen.

11.2.5 Departementet sine merkander

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at kravet om merking bør lovfestast, og kan i hovudsak slutte seg til våpenlovutvalet si innstilling på dette punktet, sjå lovframlegget § 26. Kravet til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon er viktig for mellom anna å kunne avdekke og etterforske ulovleg handel med slike gjenstandar. For å førebygge at umerka gjenstandar kjem på marknaden, tilrår departementet at også andre næringsdrivande enn importørar vert pålagde å føre kontroll med at gjenstandane som vert omsett eller tilverka oppfyller krava til merking. Departementet er kjent med at merking kan påverke omsetnadsverdet til samlevåpen, men meiner at dei behov som grunngjev merking tilseier at det ikkje bør gjerast unnatak for samlevåpen.

11.3 Deaktivering og destruksjon av skytevåpen og våpendelar

11.3.1 Gjeldande rett

Etter våpenlova § 1 andre ledd reknast ikkje våpen som skytevåpen når «[…] det er gjort varig ubrukbart» (deaktivert). Etter våpenforskrifta § 1 kan godkjent tilverkar eller børsemakar, samt politiet, utføre deaktivering eller godkjenne deaktivering som er utført av andre. Våpenforskrifta § 1 gjev nærare reglar for når eit skytevåpen reknast for deaktivert, og dei nærare tekniske krava til deaktiveringa er fastsett i Politidirektoratet sitt rundskriv RPOD 2009-9, vedlegg I.

Våpenlovgjevinga har ikkje fastsett særskilte reglar for av kven eller korleis skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon skal destruerast. Etter våpenforskrifta § 100 skal innehavar dekke utgiftene til destruksjon.

11.3.2 Internasjonale rammer

Etter FN sin våpenprotokoll artikkel 9 skal konvensjonsstatane enten regulere deaktiverte skytevåpen som skarpe skytevåpen, eller fastsette nasjonale reglar for korleis deaktivering skal gjennomførast. Dei nasjonale reglane til konvensjonsstatane skal sette tekniske krav for når eit skytevåpen reknast for deaktivert, samt at det skal gjevast reglar om kontroll og dokumentasjon for at skytevåpen er deaktivert på lovleg måte.

I det reviderte våpendirektivet artikkel 10b nr. 1 er det sett krav til at medlemsstatane skal etablere ei ordning med etterkontroll av deaktiverte skytevåpen, som skal tryggje at skytevåpen vert deaktivert på lovleg måte. Denne kontrollordninga var tidlegare fastsett i EU sin gjennomføringsforordning 2015/2403 av 15. desember 2015.

Etter artikkel 10b nr. 2 skal Kommisjonen fastsette tekniske krav for deaktivering av skytevåpen.

11.3.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

11.3.3.1 Deaktivering av skytevåpen

Våpenlovutvalet føreslår å lovfeste reglar om deaktivering av skytevåpen, inkludert eit krav til merking av deaktiverte skytevåpen, men slik at dei nærare krav til korleis denne skal gjennomførast vert fastsett i forskrift. Utvalet føreslår å lovfeste at personar som har løyve som tilverkar skal kunne deaktivere skytevåpen, eller godkjenne deaktivering utført av andre. Utvalet føreslår vidare å gje forskriftsheimel til å fastsette tekniske krav til korleis deaktivering skal gjennomførast, samt til å kunne gje andre enn tilverkarar løyve til å kunne utføre eller godkjenne deaktivering. Utvalet sitt framlegg om å innføre registreringsplikt på deaktiverte skytevåpen er omtala i punkt 7.1.5.1.

11.3.3.2 Destruksjon av skytevåpen

Våpenlovutvalet syner til at skytevåpen har lang levetid og at samfunnet treng reglar som tryggjer destruksjon av skytevåpen som det ikkje er behov for. Utvalet føreslår difor å innføre ein regel om at skytevåpen, våpendelar og ammunisjon kostnadsfritt kan leverast til politiet for destruksjon.

11.3.4 Høyringsinstansane sitt syn

Kripos syner til at organet får inn deaktiverte skytevåpen som lett kan gjerast om til skarpe skytevåpen. Kripos meiner at dei tekniske krava for deaktivering av skytevåpen er mangelfulle, og at dette særleg gjeld for automatiske skytevåpen.

Utover dette hadde ingen av høyringsinstansane merknader til framlegget om deaktivering og destruksjon av skytevåpen.

11.3.5 Departementet si vurdering

11.3.5.1 Deaktivering av skytevåpen

Departementet er samd med våpenlovutvalet i behovet for å lovfeste reglar om deaktivering av skytevåpen, medrekna eit krav om at deaktiverte skytevåpen skal merkast. Ei forsvarleg deaktivering av skytevåpen føreset både god kjennskap til våpenkonstruksjonar og til dei tekniske krav til korleis deaktivering skal utførast. Departementet tilrår difor å lovfeste at skytevåpen berre kan deaktiverast av personar som har løyve til å drive ombygging, reperasjon eller tilverking av skytevåpen, sjå lovframlegget § 27.

Elles tilrår departementet å fastsette dei nærare reglane for deaktivering i forskrift. Desse forskriftsreglane skal mellom anna gjennomføre dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv set for deaktivering og vil mellom anna omfatta tekniske krav til deaktivering, reglar for kontroll, merking av deaktiverte våpen og utferding av dokumentasjon for at skytevåpenet er deaktivert på lovleg måte. Ei forskriftsfesting vil gjere det enklare å tilpasse regelverket til den våpentekniske utviklinga og til dei krav som mellomfolkelege avtalar set til vår nasjonale våpenlovgjeving.

Departementet er vidare samd med utvalet sitt framlegg om destruksjon av skytevåpen, og sluttar seg til dei premissar som utvalet har gjeve for si innstilling.

11.4 Godkjenning av skyttar- og våpensamleorganisasjonar

11.4.1 Gjeldande rett

I gjeldande regelverk er reglane om godkjenning av skyttar- og våpensamleorganisasjonar fastsette i våpenforskrifta §§ 24 og 25. Etter våpenforskrifta § 24 skal Politidirektoratet godkjenne skyttar- og våpensamleorganisasjonar etter dei nærare vilkår som er fastsett i § 24 andre ledd. Politidirektoratet skal vidare godkjenne dei skyteprogram som skal kunne gje grunnlag for erverv av skytevåpen til sportsskyting, jf. våpenforskrifta § 25.

11.4.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet føreslår i hovudsak å vidareføre og lovfeste våpenforskrifta § 24 om godkjenning av skyttar- og våpensamleorganisasjonar. Utvalet føreslår vidare å lovfeste krav om at Politidirektoratet skal godkjenne eventuelle endringar i kva våpentype som skal kunne brukast i skyttarorganisasjonen sitt skyteprogram. Utvalet sitt framlegg om å innføre meldeplikt for skyttar- og samlarorganisasjonar er handsama i punkt 12.2.

11.4.3 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine merknader

Ingen av høyringsinstansane har gjeve merknadar til dei delar av framlegget som gjeld godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar. Departementet kan i hovudsak slutte seg til våpenlovutvalet sitt framlegg, men tilrår at vilkåra for godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar gjerast noko meir overordna enn utvalet sitt framlegg, sjå lovframlegget § 28. Lovframlegget kan då betre tilpassast dei ulike formene for skyttar- og samleaktivitet som regelen skal gjelde for.

11.5 Godkjenning av skytebanar

11.5.1 Gjeldande rett

Etter våpenlova § 28 kan det gjevast forskrift om dei krav som skal gjelde for kontroll og godkjenning av skytebaner, og politimeisteren kan gje forbod mot bruk av skytebaner som ikkje oppfyller krava til godkjenning. Forskrift av 1. juli 1988 nr. 548 om anlegg av, kontroll med og godkjenning av sivile skytebaner gjev utfyllande retningslinjer for godkjenning og kontroll av skytebaner.

11.5.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet tilrår å vidareføre gjeldande regelverk utan å gjere materielle endringar.

11.5.3 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine merknader

Ingen av høyringsinstansane har fremja motsegner til framlegget. Departementet tilrår å vidareføre gjeldande reglar, men slik at lovframlegget presiserer at det berre kan drivast organisert skyting på skytebane eller anna område som er godkjent av politiet, sjå lovframlegget § 29.

Til forsida