14 Om våpenforvalting, straffebod med vidare
14.1 Gjeldande rett
14.1.1 Våpenforvalting og våpenregister
Vedtaksmynda etter våpenlova er som hovudregel lagt til politidistrikta, med Politidirektoratet som klageinstans. Våpenforvaltinga skal tryggje at personer som ervervar eller har våpen oppfyller vilkåra i våpenlova. For å kunne gjere denne kontrollen har våpenforvaltinga tilgang til dei register i politiet som kan ha relevante opplysingar.
Våpenlova § 31 fjerde ledd gjev Kongen mynde til å opprette eit sentralt og elektronisk våpenregister. Opplysingane i dette registeret kan unnatakas frå offentleg innsyn. Etter våpenforskrifta § 98 skal politiet føre eit sentralt våpenregister etter retningsliner gjeve av Politidirektoratet.
14.1.2 Gebyr
Våpenlova § 31 andre ledd gjev Kongen mynde til å kunne krevje gebyr for løyve til å drive handel med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, løyve til inn- eller utføring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, samt for utferding av løyve til erverv av skytevåpen og våpendelar. Etter forskrift 25. januar 1963 nr. 2 om ikrafttreden av og delegasjon etter lov om skytevåpen og ammunisjon nr. 16 og 17 er Utanriksdepartementet gjeve mynde til å gje reglar om gebyr for ervervsmessig utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Denne forskrifta regulerer også dei nærare gebyrsatsane for løyve etter våpenlova, jf. forskrifta nr. 17.
14.1.3 Straff
Etter våpenlova § 33 kan forsettlege eller grovt aktlause brot på reglar som er gjeve i eller i medhald av våpenlova straffast med bøter eller fengsel inntil tre månader, om ikkje handlinga omfattast av eit strengare straffebod.
Straffeboda for dei meir alvorlege brota på våpenlovgjevinga er ved ikraftsetjinga av straffelova 2005 flytta frå våpenlova til straffelova. Etter straffelova § 188 kan uforsiktig framstilling, tilverking, bruk, handsaming eller oppbevaring av skytevåpen eller ammunisjon straffast med bøter eller fengsel inntil eitt år når handlinga er eigna til å valde fare for andre sitt liv eller helse. Tilsvarande straff er sett for ulovleg væpning på offentleg stad, jf. straffelova § 189.
Alvorlege eller gjentekne brot på våpenlova sine reglar om erverv, innehav samt inn- eller utføring av skytevåpen kan straffast med bøter eller fengsel inntil to år, jf. straffelova § 190. Grove brot på desse reglane kan straffast med bot eller fengsel inntil seks år, jf. straffelova § 191.
Etter straffelova § 191 a kan den som skaffar seg, tilverkar eller oppbevarer skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon med siktemål om å gjere straffbare handlingar med desse gjenstandane straffast med fengsel i inntil seks år, eller inntil ti år om handlinga reknast som grov, jf. straffelova § 191 b.
14.1.4 Tidsavgrensa våpenamnesti
Kongen kan i medhald av våpenlova § 34 fastsetta ordning med såkalla våpenamnesti. Dette betyr at det ved Kongeleg resolusjon kan gjerast vedtak om at personar som bryt med våpenlova sine krav til løyve for å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon ikkje skal forfølgjast strafferettsleg for dette brotet om vedkomande sjølv melder frå til politiet om det ulovlege innehavet innafor eit nærare bestemt tidsrom. Etter slik melding kan personar som har uregistrerte skytevåpen levere gjenstandane til politiet og eventuelt få dei deaktiverte eller etterregistrert. Sistnemnte føreset at vedkomande oppfyller våpenlova sine krav for erverv av skytevåpen.
14.2 Internasjonale rammer
14.2.1 FN sin våpenprotokoll
Etter FN sin våpenprotokoll artikkel 7 skal statspartane mellom anna tryggje at nærare bestemte opplysingar om skytevåpen er registrert og tilgjengelege i minst 10 år. Desse opplysingane skal omfatte opplysingar om merking og liknande som gjer det råd å identifisere det einskilde skytevåpen, og opplysingar om innførsel, utførsel og transitt. Reglane gjeld så langt dei høver også for våpendelar og ammunisjon.
FN sin våpenprotokoll artikkel 5 og 6 set krav om at statspartane skal ha eit nasjonalt regelverk som kan førebygge ulovleg innehav og spreiing av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.
14.2.2 EU sitt våpendirektiv
14.2.2.1 Våpenregister
Etter EU sitt våpendirektiv artikkel 4 skal medlemsstatane syte for at skytevåpen er registrert i eit elektronisk våpenregister. I våpenregisteret skal det førast opplysingar om skytevåpenet, samt namn og adresse på dei personar som avhendar, ervervar eller har desse gjenstandane. Opplysingane i våpenregisteret skal vere lagra i minst 20 år.
Det reviderte våpendirektivet artikkel 4 nr. 3 innførar krav om at også våpendelar som nemnt i artikkel 1 nr. 2 skal registrerast i det nasjonale våpenregisteret. Vidare er det sett krav om at medlemsstatane skal føre opplysingar om merkinga av skytevåpenet eller våpendelen i det nasjonale våpenregisteret. Medlemsstatane skal også føre opplysingar over dei våpensamlarar som har særskilt løyve til å erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i kategori A i det nasjonale våpenregisteret, jf. artikkel 6 nr. 3.
I artikkel 4 nr. 4 er det vidare gjeve meir detaljerte reglar om lagring, sperring og sletting av opplysingar i medlemsstatane sine nasjonale våpenregister. Det reviderte direktivet set krav om at medlemsstatane skal lagre opplysingane i våpenregisteret i 30 år etter at skytevåpenet eller våpendelen vart destruert. Våpenforvaltinga og tolletaten skal ha tilgang til opplysingane i våpenregisteret i inntil 10 år frå det tidspunkt skytevåpenet eller våpendelen vart destruert, og etatar som har ansvaret for å motverke, oppdage samt etterforske kriminalitet, eller gjennomføre straff, skal ha tilgang til opplysingane i inntil 30 år. Medlemsstatane kan i samsvar med nasjonal rett overføre personopplysingar frå det sentrale våpenregister til andre register. For slike opplysingar gjeld ikkje slettefristen på 30 år i våpendirektivet.
14.2.2.2 Utlevering av opplysingar
Etter EU sitt våpendirektiv artikkel 7, 8 og 13 skal medlemsstatane utlevere nærare bestemte opplysingar om erverv av skytevåpen for personar som ikkje har fast opphald i den medlemsstaten der ervervet skjer, samt utlevere opplysingar om overføringar av skytevåpen til den aktuelle medlemsstaten.
Etter det reviderte våpendirektivet artikkel 13 nr. 4 og 5 skal opplysingar om overføringar av skytevåpen skje elektronisk. Vidare skal plikta til å utlevere opplysingar elektronisk omfatte opplysingar om avslag på våpenløyve etter artikkel 6 og 7. Kommisjonen skal fastsette nærare reglar for korleis denne plikta til informasjonsutveksling skal praktiserast, samt etablere eit system for elektronisk utlevering av relevant informasjon i medhald av direktivet.
14.2.2.3 Gebyr og straff
Etter våpendirektivet artikkel 12 nr. 2 kan ikkje medlemsstatane krevje gebyr for godkjenning av europeisk våpenpass ved overføring av skytevåpen mellom medlemsstatane. Det følgjer vidare av våpendirektivet artikkel 16 at medlemsstatane skal syte for at regelverket som er fastsett i medhald av direktivet er straffesanksjonert på ein høvande måte.
14.3 Våpenforvalting
14.3.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet meiner våpenforvaltinga har stor betyding for samfunnstryggleiken, og tilrår at politiet framleis skal ha ansvaret for forvaltinga av våpenlova. Utvalet føreslår at politidistrikta sentraliserer si handsaming av våpensaker til eitt kontor, men har ikkje føreslått å lovfeste ei slik organisering. Eit fleirtal føreslår også å sentralisere saker som gjeld godkjenning av samleområde til eitt politidistrikt, medan mindretalet tilrår å vidareføre gjeldande ordning. Eit samla utval føreslår å vidareføre gjeldande reglar om klage over vedtak, men slik at regelen er tilpassa gjeldande organisering av politiet.
Utvalet meiner også at våpenforvaltinga bør ha tilgang til alle relevante opplysingar i politiet. Utvalet føreslår difor å lovfeste at våpenforvaltinga skal få tilgang til politiet sine register i samsvar med politiregisterlova § 29.
14.3.2 Høyringsinstansane sitt syn
Politidirektoratet og dei politidistrikt som har gjeve fråsegn om spørsmålet støttar framlegget om sentralisering av våpenforvaltinga i kvart politidistrikt, og meiner dette vil minske risikoen for skilnadshandsaming og styrke kompetansen i våpenforvaltinga.
Kripos meiner at våpenforvaltinga sin heimel til å kunne gjere søk i politiet sine registre bør forankrast i politiregisterlova og ikkje i våpenlova.
14.3.3 Departementet sine merknader
Etter politiregisterlova § 29 kan politiet utlevere opplysingar til politiet sine forvaltingsoppgåver. Politiregisterforskrifta heimlar også at politiet som forvaltingsorgan kan få utlevert opplysingar gjennom direkte søk i aktuelle register. Det er difor ikkje behov for å regulere desse spørsmåla i våpenlova.
Når det gjeld organiseringa av våpenforvaltinga, er departementet samd med våpenlovutvalet i å vidareføre gjeldande ordning med at politiet har avgjerdsmynde i våpensaker. Departementet ser derimot ikkje grunn til å gå nærare inn på utvalet sine synspunkt om sentralisering av våpenforvaltinga i proposisjonen her, sidan organiseringa av våpenforvaltinga ikkje vert lovregulert.
14.4 Våpenregisteret
14.4.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet syner til personopplysingslova sine krav for handsaming av personopplysingar, og meiner det er behov for å styrke rettsgrunnlaget for våpenregisteret. Utvalet føreslår difor å lovfeste reglar for kva opplysingar som kan førast i våpenregisteret, samt å gje ein forskriftsheimel til å gje nærare reglar for bruk og handsaming av opplysingar i våpenregisteret.
Utvalet føreslår vidare å gje helsepersonell direkte tilgang til opplysingar i våpenregisteret for å kunne utføre lovutkastet sin regel om meldeplikt. Våpenlovutvalet tilrår at denne tilgangen vert avgrensa til berre å gjelde opplysingar om kven som har skytevåpen.
Eit fleirtal i utvalet meiner vidare at opplysingane frå våpenregisteret vil kunne misbrukast av kriminelle miljø, og føreslår å vidareføre gjeldande regel om at alle opplysingar i våpenregisteret kan unnatakas frå offentlegheita. Fleirtalet føreslår at også tingrettar og andre med eit sakleg behov for å vite om personar har våpenløyve, kan gjevast direkte tilgang til ein avgrensa del av våpenregisteret.
Mindretalet meiner at opplysingar om våpeninnehav ikkje kan reknast for sensitive personopplysingar, og at behovet for å kunne opplyse om dette til pårørande eller andre som har tilknyting til vedkomande tilseier at denne opplysingen skal vere offentleg.
14.4.2 Høyringsinstansane sitt syn
Helse- og omsorgsdepartementet og Datatilsynet er kritiske til at ei stor gruppe helsepersonell skal få tilgang til våpenregisteret, og tilrår at det presiserast nærare kven som skal få slik tilgang.
Politidirektoratet (POD) meiner at framlegget med å gje helsepersonell tilgang til våpenregisteret kan vere uråd å gjennomføre i praksis, og syner til at Sverige har innført krav om meldeplikt utan å gje ein slik tilgang.
Politihøgskolen støttar framlegget om å gje helsepersonell og tingrettar tilgang til våpenregisteret, slik at dei kan føre kontroll med om pasientar eller avlidne har skytevåpen.
Norsk presseforbund syner mellom anna til at talet på våpentjuveri er redusert dei siste åra. Presseforbundet meiner at risikoen for misbruk difor ikkje kan grunngje at desse opplysingane skal vere unnateke offentlegheit.
14.4.3 Departementet sine merknader
Departementet er samd med våpenlovutvalet i behovet for å klargjere reglane for handsaming av opplysingar i våpenregisteret, og tilrår å fastsette det rettslege grunnlaget for våpenregisteret i samsvar med utvalet si innstilling, sjå lovframlegget § 36. Denne føresegna vil også gje forskriftsheimlar som gjennomfører dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 4 nr. 4 set til behandling av opplysingar i våpenregisteret. For å gjennomføre krav til registreringsplikt etter EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 8, jf. vedlegg I, tilrår departementet å fastsette som noko nytt ein heimel for å kunne registrere og handsame opplysingar om registreringspliktige skytevåpen (som ikkje også er løyvepliktige) med vidare, og om personar som ervervar slike gjenstandar.
Departementet følgjer ikkje opp utvalet sitt framlegg om å gje helsepersonell eller andre tilgang til å kunne gjere direkte søk i våpenregisteret. Det er to hovudgrunnar til dette. For det første var føresetnaden for framlegget at ein direkte tilgang skal gjere det enklare for helsepersonell og tingrettar å varsle politiet om pasientar som ikkje lenger oppfyller krava til helsetilstand og om avlidne som har skytevåpen. Sidan departementet ikkje tilrår å innføre meldeplikt for helsepersonell og tingrettar, fell også grunngjevinga for direkte tilgang til våpenregisteret bort, sjå nærare omtale i punkt 12.2.4.1 og 12.3.4. For det andre vil framlegget, som Politidirektoratet syner til, vere nær uråd å gjennomføre.
Når det til slutt gjeld spørsmålet om det offentlege sin tilgang til opplysingar i våpenregisteret, er departementet samd med utvalet sitt fleirtal i at politiet framleis bør kunne halde opplysingar i våpenregisteret unna offentlegheit. Dette grunnast i at opplysingar frå våpenregisteret vil kunne brukast av kriminelle til å skaffe seg tilgang til skytevåpen, til dømes gjennom tjuveri. Departementet er samd i dette, men meiner at grunngjevinga for å kunne gjera unnatak frå offentlegheit bør kome fram i lovteksta, sjå lovframlegget § 36 fjerde ledd. Elles vil reglane om unnatak frå innsyn etter offentleglova gjelde på vanleg måte.
14.5 Gebyr
14.5.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet tilrår å vidareføre gjeldande reglar om gebyr, men at fastsettinga av gebyr vert lovfest. Eit fleirtal meiner våpenforvaltinga treng styrkast, og at dette ikkje bør skje til fortrengsel for andre oppgåver i politiet. I lovutkastet er det difor gjeve ein heimel til å kunne krevje årleg gebyr for å ha skytevåpen eller løyve til å drive næringsverksemd. Fleirtalet tilrår at gebyret sin storleik vert fastsett i forskrift, men slik at det samsvarar med politiet sine faktiske kostnader. Følgjene av manglande betaling av gebyret bør etter fleirtalet sitt syn vere inndraging av våpenløyvet.
Eit mindretal meiner det ikkje bør fastsettast gebyr for å ha skytevåpen eller løyve til å drive næringsverksemd.
14.5.2 Høyringsinstansane sitt syn
Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap meiner utkastet om årleg gebyr vil styrke våpenforvaltinga og medverke til at det ikkje finst fleire skytevåpen i samfunnet enn naudsynt. Norsk Psykologforening gjev uttrykk for tilsvarande syn. Vidare meiner Politidirektoratet at politiet også bør kunne krevje dekkja naudsynte utgifter til sakkunnig bistand.
Politiets sikkerhetstjeneste, Hordaland, Oslo og Rogaland politidistrikt støttar framlegget om årleg gebyr under føresetnad av at inntektene vert bruka til å styrke våpenforvaltinga, medan Vestoppland politidistrikt meiner det ikkje er grunn til å krevje årleg gebyr for å ha skytevåpen.
Jakt- skyttar og våpensamleforeiningane meiner det ikkje bør innførast årleg gebyr for våpeninnehav. Dei syner i hovudsak til at våpenforvalting bør vere ein samfunnsoppgåve, og at årleg gebyr vil kunne vere eit hinder for deltaking i jakt eller skytesport.
14.5.3 Departementet sine merknader
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at reglane om å kunne krevje gebyr bør lovfestast, men tilrår å utvide ordninga til også å gjelde andre løyve enn etter våpenlovutvalet sitt framlegg. Føremålet med gebyrordninga er å redusere politiet sine kostnader knytt til våpenforvaltinga si tenesteyting til publikum.
Gjeldande heimel til å kunne krevje gebyr vart sist endra med verknad frå 1. januar 1985, og det vart då gjeve heimel til å kunne krevje gebyr for løyve til erverv av skytevåpen og våpendelar. Sidan 1985 har våpenforvaltinga sine oppgåver auka i omfang og krava til ein god våpenkontroll har vorte strengare. Til dømes krev handsaminga av søknader om godkjenning som våpensamlar og godkjenning av samleområde større ressursar i dag enn i 1985. Etter departementet sitt syn bør difor heimelen til å kunne krevje gebyr gjelde for utferdingar av alle løyve eller godkjenningar etter våpenlova, sjå lovframlegget § 37.
Ei ordning med årleg gebyr for våpeninnehav vil vere ressurskrevjande å administrere, noko som reduserer vinsten med ordninga. Departementet tilrår difor ikkje å følgje utvalet sitt framlegg om årleg gebyr.
14.6 Straff
14.6.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet syner til at dei alvorlege brota på våpenlovgjevinga er regulert i straffelova, og tilrår i hovudsak å vidareføre gjeldande våpenlov § 33 første ledd første punktum. Eit fleirtal føreslår å auke strafferamma for brot på våpenlova § 33 første ledd første punktum til bøter eller fengsel i inntil seks månader. Fleirtalet sitt framlegg om straffskjerping er grunna i at straffebodet då vil kunne heimle pågriping og fengsling etter straffeprosesslova § 171. Eit mindretal meiner det ikkje er grunn til å auke strafferamma, og syner til at politiet i tillegg til straff kan gje administrative sanksjonar.
Eit samla utval meiner også at det er behov for å vidareføre regelen om skjerpa straff for ulovleg innførsel, avhending, erverv eller innhav av skytevåpen eller ammunisjon, då straffelova § 190 berre gjeld for gjentekne eller graverande brot på desse reglane.
Utvalet meiner at våpenlova bør klargjere ansvaret for trygg våpenhandtering, og føreslår å innføre ein generell plikt til å handtere skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på ein aktsam måte, slik at det ikkje valdast skade eller fare for skade på personar eller eigedom. Etter lovutkastet skal forsettlege eller grovt aktlause brot på denne plikta vere strafflagde. Utvalet syner til den tilsvarande regelen i straffelova § 188, og meiner at denne kan brukast for dei meir alvorlege handlingane.
I utvalet sitt lovutkast er det føreslått å endre straffelova § 189 andre ledd, slik at det utan aktverdig grunn er forbode å ha med gjenstand som er eigna til å valde lekamskrenking på offentleg stad. Framlegget er likevel ikkje nærare grunngjeve i våpenlovutvalet si innstilling.
14.6.2 Høyringsinstansane sitt syn
Riksadvokaten støttar framlegget om å innføre ei aktsemdplikt, og syner til at tilsvarande reglar er gjeve i vegtrafikklova. Framlegget støttast også av Det nasjonale statsadvokatembetet, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane statsadvokatembeter, Politihøgskolen og Sunnmøre politidistrikt. Riksadvokaten meiner vidare at skuldkravet bør vere simpel aktløyse, slik at aktsemdplikta harmonerer med skuldkravet for aktlaus omgang med skytevåpen etter straffelova av 2005 § 188 og dei tilsvarande reglane i vegtrafikklova. Hordaland statsadvokatembeter gjev uttrykk for tilsvarande synspunkt.
Riksadvokaten støttar vidare framlegget om å heve strafferamma til fengsel i inntil seks månader, og nemner at pågriping for mistanke om brot på våpenlovgjevinga kan vere aktuelt for å hindre føreståande gjengoppgjer. Til sist meiner Riksadvokaten at straffebodet bør utformast slik at bøter og fengsel kan gjevast som sjølvstendige straffereaksjonar.
Politihøgskolen meiner generelt at ei skjerping av straffenivået må vere grunna i handlinga sin art og ikkje behovet for pågriping, og syner til at gjeldande straffenivå gjev heimel til både ransaking og beslag. Politihøgskolen meiner vidare at straffskjerpinga truleg ikkje vil ha betyding for den konkrete straffutmålinga, og at det difor ikkje er behov for å auke straffenivået.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap meiner at aktsemdkravet bør omfatte alle former for omgang med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.
Oslo politidistrikt støttar lovutkastet om å endre straffelova § 189 slik at det vert forbode å ha med gjenstandar som er eigna til å valde lekamskrenkingar, og meiner forbodet vil kunne førebygge at personar tek med slagvåpen på offentleg stad.
14.6.3 Departementet sine merknader
Departementet tilrår å vidareføre straffebodet i gjeldande våpenlov § 33 første punktum, sjå lovframlegget § 39, og kan i hovudsak slutte seg til våpenlovutvalet si grunngjeving. Departementet ser ikkje grunn til å følgje opp utvalet sitt framlegg om å innføre eit strengare straffebod for nærare bestemte brot på våpenlova.
Straffelova § 190 har eit straffebod som dekker alvorlege brot på dei reglar som våpenlovutvalet vil ha eit særskilt straffebod om. Føremålet med lovregelen i straffelova er å skilje mellom dei mindre alvorlege brota, som skulle omfattast av straffebodet i våpenlova § 33 første ledd første punktum, og dei meir alvorlege handlingane som skal omfattast av straffelova § 190, jf. Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) om lov om endringer i straffeloven punkt 10.10.2 og 10.10.3. Dette kjem også til uttrykk ved at strafferamma for brot på § 190 er lik den som gjaldt for brot på våpenlova § 33 første ledd andre punktum, og at dette straffebodet i våpenlova vart oppheva ved ikraftsetjing av ny straffelov. Departementet meiner difor at å innføre eit tilsvarande straffebod i våpenlova vil stride mot føresetnadane bak ikraftsetjinga av straffelova § 190.
Departementet meiner det ikkje er grunn til å heve strafferamma til fengsel inntil seks månader. Departementet syner til at dei brota på våpenlovgjevinga som inneber ein særskilt fare for samfunnstryggleiken har ein høgre strafferamme, som også gjev politiet høve til å gjere pågripingar ved mistanke om brot på desse reglane. Dei situasjonar som Riksadvokaten meiner bør gje grunnlag for pågriping vil difor vere omfatta av straffebod med høgre strafferamme enn tre månader.
Departementet tilrår vidare ikkje å følgje opp utvalet sitt utkast til aktsemdregel i våpenlova. Etter straffelova § 188 kan uforsiktig framstilling, tilverking, bruk, handsaming eller oppbevaring av skytevåpen eller eksplosiv, som er eigna til valde skade eller fare for andre sitt liv eller helse, straffast med bøter eller fengsel inntil eitt år. Dette straffebodet dekker i all hovudsak dei handlingar som vil vere omfatta av ein aktsemdregel i våpenlova. Andre brot på våpenlovgjevinga som kan innebere ein fare for ålmenta vil vere omfatta av andre reglar, slik som til dømes reglane om transport av skytevåpen. Departementet meiner difor det ikkje behov for å innføre eit tilsvarande straffebod i våpenlova.
Utvalet sitt framlegg til endringar i straffelova § 189 er ikkje nærare grunngjeve, og gjeld også for gjenstandar som ikkje reknast som våpen etter våpenlova. Kva som reknast som slagvåpen vil kunne gje ei rad vanskelege avgrensingsspørsmål, og departementet kan ikkje sjå at det har kome til opplysingar som gjev grunn til å endre gjeldande rettstilstand.
14.7 Våpenamnesti
14.7.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet gjer kort greie for lovhistorikken, og at ordninga med våpenamnesti vart gjort tidsavgrensa for å oppmode til at det vart meldt frå om uregistrerte skytevåpen innafor dei fastsette amnestia. Utvalet meiner det ikkje er grunn til å gjere om på ordninga, og tilrår å vidareføre gjeldande heimel til å kunne fastsette våpenamnesti utan materielle endringar. Utvalet understrekar samstundes at det utanom dei fastsette våpenamnestia framleis er lovleg å melde frå til politiet om funn av skytevåpen i dødsbu og liknande.
14.7.2 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine merknader
Ingen av høyringsinstansane har gjeve merknader til framlegget og departementet tilrår å vidareføre ordninga med tidsavgrensa våpenamnesti, sjå lovframlegget § 40.