6 Lova sitt saklege og stadlege verkeområde
6.1 Sakleg verkeområde
6.1.1 Gjeldande rett
Gjeldande våpenlov har ikkje særskilte reglar som angjev kva gjenstandar som er omfatta av lova sitt saklege verkeområde. Våpenlova §§ 7, 8 og § 13 set mellom anna krav om at den som vil erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som nemnt i §§ 1 til 3 må ha løyve frå politiet. Våpenlova sine krav til løyve for erverv og innehav er såleis i hovudsak avgrensa til å gjelde for desse gjenstandane. Vidare gjev våpenlova § 6 a heimel til å forskriftsfeste forbod mot våpen og liknande gjenstandar som ikkje reknast som skytevåpen etter § 1.
Etter våpenlova § 4 gjeld ikkje lova for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er bestemt for eller som tilhøyrar Forsvaret, samt ammunisjon som er bestemt for eller som tilhøyrar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Etter våpenlova § 5 er også nærare bestemte skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, som grunna si utforming berre er eigna til sine særeigne føremål, unnateke frå lova sitt verkeområde.
6.1.2 Internasjonale rammer
Noreg har gjennom tilslutning til EU sin våpenkontroll, FN sin våpenprotokoll og FN sin avtale om våpenhandel (ATT) bunde seg til å innføre nasjonalt regelverk om kontroll med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Dette gjer at våpenlova sitt saklege verkeområde må harmonere med det internasjonale regelverket sine definisjonar av desse gjenstandane. Det vert elles synt til omtalen i punkt 5.4.2 av kva som reknast for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.
6.1.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet føreslår å fastsette særskilte reglar om lova sitt saklege verkeområde.
Etter framlegget skal lova sitt verkeområde omfatte skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, samt nærare bestemte gjenstandar som ikkje reknast for skytevåpen.
Utvalet sitt lovutkast vidareførar gjeldande reglar om unntak for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som høyrer til politiet eller Forsvaret, samt unnataka for nærare bestemte skytevåpen i gjeldande våpenlov § 5. Utvalet føreslår å ta bort unnataket for ammunisjon som er bestemt for eller som tilhøyrar Sprengstoffinspeksjonen, og syner til at denne er lagt ned.
6.1.4 Høyringsinstansane sitt syn
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap syner til at den negative avgrensinga mellom våpenlova og brann- og eksplosjonsvernlova skapar uklare grenser for korleis krut og tennmiddel skal regulerast. Dei meiner at erverv av mindre mengder krut og tennmiddel til eige bruk bør regulerast i våpenlova og at det i våpenlova bør gjevast ein forskriftsheimel til å gje nærare reglar for erverv og innehav av ammunisjon.
6.1.5 Departementet sine merknader
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at lovframlegget bør ha ein regel som definerer lova sitt saklege verkeområde. Ein slik regel er gjeve i lovframlegget § 3. Våpen som ikkje reknast for skytevåpen kan også ha eit stort skadepotensiale. Av pedagogiske omsyn tilrår difor departementet at lovframlegget klargjer at verkeområdet også omfattar slike gjenstandar. Departementet er elles samd med utvalet i at det bør fastsettast i forskrift kva våpen som skal vere omfatta av lova sitt verkeområde.
Departementet tilrår å vidareføre gjeldande unnatak for dei våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som vert nytta av Forsvaret og politiet. Desse etatane sine behov for tilgang til og bruk av slike gjenstandar skil seg vesentleg frå det lova er meint å skulle regulere, og etatane har interne instruksar for tenestleg bruk, som stettar dei omsyn som våpenlova skal verne om. Departementet meiner likevel at lovframlegget sitt unnatak bør gjerast snevrare enn gjeldande våpenlov slik at lova også skal gjelde for utlån av skytevåpen som tilhøyrar politiet eller Forsvaret til privat bruk. Slike utlån vil ofte gjelde skytevåpen med stort skadepotensiale, som heilautomatiske rifler og handvåpen. Behovet for å føre kontroll med slike gjenstandar er såleis minst like stort som ved anna erverv og innehav.
Når det gjeld våpenlova si avgrensing mot ammunisjon som er bestemt for eller som tilhøyrar Sprengstoffinspeksjonen, synast ikkje utvalet å ha vore merksam på at Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har overteke dei oppgåver som før låg til Sprengstoffinspeksjonen, noko som er presisert i lovendring som kom til etter at utvalet leverte si innstilling. Departementet meiner difor at gjeldande avgrensing mot ammunisjon som regulerast etter brann- og eksplosjonsvernlova bør vidareførast med nokre presiseringar.
Departementet er vidare samd med Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap i behovet for å klargjere kva regelsett som skal gjelde for erverv og innehav av ammunisjon som inneheld eksplosive stoff. Ei nærare regulering av våpenlova sitt verkeområde for ammunisjon som også høyrer inn under Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sitt ansvarsområde bør fastsettast i forskrift.
6.2 Stadleg verkeområde
6.2.1 Gjeldande rett
Gjeldande våpenlov har ikkje særskilte reglar som definerer lova sitt stadlege verkeområde, men har reglar som avgrensar lova sitt verkeområde på Svalbard. Våpenlova § 32 første ledd fastset at våpenlova også gjeld for Svalbard «[m]ed de endringer Kongen bestemmer av hensyn til de stedlige forhold […]». Kongen er vidare gjeve heimel til å kunne fastsette særskilte reglar for sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon mellom Noreg og Svalbard, jf. våpenlova § 32 andre ledd. I våpenforskrifta er det gjort bruk av denne forskriftsheimelen, slik at reglane i § 75 om Europeisk våpenpass og § 84 om krav til transport ikkje gjeld for Svalbard.
I forskrift 25. januar 1963 nr. 2 om ikrafttreden og delegasjon etter lov om skytevåpen og ammunisjon del II nr. 19 er det vidare gjort unnatak frå våpenlova § 23 for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som vert sendt mellom Noreg og Svalbard.
6.2.2 Internasjonale rammer
Noreg har gjennom Schengen-avtalen og ratifikasjonen av FN sin våpenprotokoll og FN sin avtale om våpenhandel (ATT), forplikta seg til å innføre nasjonalt regelverk som tryggjar kontroll med tilgangen til og handel med gjenstandar som er omfatta av konvensjonane og avtalen sitt verkeområde. Dette krev at alt norsk territorium har reglar som oppfyller desse pliktene.
6.2.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg
Våpenlovutvalet sitt framlegg bygger i stor grad på lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff § 4, som presiserer i kva grad lova gjeld utanfor Noreg sitt fastland. Utvalet syner til dei særskilte forhold som gjeld for Svalbard og for norskregistrerte skip, og meiner dei grunngjev særskilte unntak frå våpenlova si normalordning.
6.2.4 Høyringsinstansane sitt syn
Sysselmannen på Svalbard (Sysselmannen) syner til dei særskilte behov for tilgang til skytevåpen på Svalbard og meiner det bør gjevast eigen forskrift om skytevåpen, våpendelar og ammunisjon for Svalbard. Sysselmannen legg til grunn at denne forskrifta må halde seg innafor våpenlova sine ytre rammer, og at lova difor må utformast med tanke på at den også skal gjelde for Svalbard.
6.2.5 Departementet sine merknader
Departementet er samd med våpenlovutvalet i at lovframlegget bør ha eigne reglar om lova sitt stadlege verkeområde. Sysselmannen har i si høyringsfråsegn synt til stadlege forhold som gjer det naudsynt med særskilte reglar for Svalbard. Sjølv om det ikkje er nokon fast bestand av isbjørn på Jan Mayen, kan det også der vere behov for å ha med skytevåpen til vern mot isbjørn. For dei norske bilanda vil det ikkje vere utfordringar knytt til isbjørnfare. Det vil likevel i framtida kunne oppstå behov for å ta med skytevåpen også til desse områda. Avstanden til fastlandet eller andre særskilte forhold vil då kunne gjere det naudsynt med særskilte unntak frå lova.
Departementet meiner difor at lovframlegget bør gje heimel til å forskriftsfeste særskilte reglar for både Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, sjå lovframlegget § 4.
Departementet meiner vidare det ikkje er naudsynt å lovfeste ein regel om at norskregistrerte skip heilt eller delvis skal vere unnateke frå lova sitt verkeområde. Utvalet sitt framlegg er grunna i behovet for skytevåpen til vern mot piratangrep i nærare bestemte farvatn. Endringar i dei stadlege forholda kan gjere at behovet for særordningar fell bort for norskregistrerte skip, eller at også andre verksemder kan ha behov for tilsvarande unnatak frå våpenlova sine reglar. Departementet tilrår difor at lovframlegget fastset forskriftsheimlar til å kunne gjere unnatak frå lova sitt verkeområde, slik at regelverket er tilpassa eventuelle framtidige behov for særordningar, sjå lovframlegget § 41 nr. 3.