1 Proposisjonens hovudinnhald
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs, lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) og lov 21. juni 2013 nr. 102 om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidslova).
Som hovudregel er alle som er busette i Noreg eller som er arbeidstakarar i Noreg, på norskregistrerte skip eller på faste eller flyttbare anlegg og innretningar på den norske kontinentalsokkelen, pliktige medlemmar i folketrygda. Det same gjeld visse kategoriar norske statsborgarar som arbeider i utlandet. Andre personar kan på nærmare vilkår søke om frivillig medlemskap i trygda.
Personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister (heretter NIS), er i dag eksplisitt unntatt frå både pliktig og frivillig medlemskap i folketrygda, sjå folketrygdlova § 2-12. Føresegna i § 2-12 gjeld både for norske og utanlandske statsborgarar.
I proposisjonen blir det foreslått å oppheve folketrygdlova § 2-12 for å likestille personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS, med andre kategoriar arbeidstakarar på tilsvarande skip. Vidare blir det foreslått korresponderande endringar i folketrygdlova, skipsarbeidslova og lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs.
Proposisjonen er utarbeidd i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet.