Prop. 40 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova m.m. (medlemskap i folketrygda for personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister)

Til innhaldsliste

4 Forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12

4.1 Høyringsinstansanes syn

4.1.1 Innleiing

Fleirtalet av høyringsinstansane som har gitt merknadar, sluttar seg til forslaget. Viking er imot forslaget, mens Sjøfartsdirektoratet og Hurtigruten stiller spørsmål ved om konsekvensane av forslaget er tilstrekkeleg greia ut.

4.1.2 Fremmer likestilling innanfor maritim næring

Arbeids- og velferdsdirektoratet, Kystrederiene, Rettspolitisk forening, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffiserforbund er samde i departementets grunngiving om at det synast urimeleg å gjere unntak frå medlemskap i folketrygda for ein enkelt kategori arbeidstakarar på skip, når det ikkje er gjort unntak for dei andre arbeidstakarane på slike skip.

Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffiserforbund skriv blant anna at bakgrunnen for at dei støttar forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12 er at:

«… høykompetente sjøfolk bosatt i Norge i ikke-maritime roller på turistskip registrert i norsk internasjonalt skipsregister effektivt er blitt utestengt fra å konkurrere om aktuelle jobber på lik linje med arbeidstakere fra andre land da det ikke har vært mulig for dem å være medlem i folketrygden. De har heller ikke hatt adgang til å søke frivillig medlemskap. Dette har ført til at mange av våre medlemmer har funnet det nødvendig å finne seg jobb andre steder enn på slike skip på grunn av mangelen av sikkerhetsnett som medlemskapet i folketrygden gir. Denne gruppen arbeidstakere er de eneste som er bosatt i Norge, og som ofte også er norske statsborgere, som ikke er omfattet av norsk folketrygd. Dette har mange opplevd som sterkt urimelig.»

Kystrederiene meiner òg at folketrygdlova § 2-12 har medført at dyktige arbeidstakarar busette i Noreg i ikkje-maritime stillingar på turistskip i NIS har blitt hindra i å konkurrere om jobbar på same vilkår som arbeidstakarar frå andre land, fordi dei ikkje har kunna bli medlemmar i folketrygda. Dei har vidare vist til at dette har ført til at den maritime næringa har mista arbeidskraft og moglege framtidige sjøfolk, ettersom dei har valt å søke andre jobbar som gir betre vilkår, som for eksempel medlemskap i folketrygda. Dei har vidare vist til at den norske maritime næringa har eit stort behov for norske sjøfolk i åra som kjem, og at dei derfor støttar forslag som gir høve for norske statsborgarar, og da særleg kvinner, til å bli betre kjende med arbeid på sjøen.

Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffiserforbund har òg påpeikt at arbeidstakarar i ikkje-maritime stillingar oftare er kvinner, samanlikna med arbeidstakarar i dekks- og maskinbesetninga, der sistnemnte gruppe er medlemmar av folketrygda med alle goda det inneber. Dei har i denne samanhengen vist til at det praktiske resultatet av forskjellsbehandlinga mellom dei to gruppene er blitt at høvene for å jobbe om bord på turistskip registrerte i NIS er mindre for sjøfolk, ofte kvinner, med hotell- og restaurantkompetanse. På denne bakgrunnen meiner dei at ei oppheving av folketrygdlova § 2-12 òg vil vere ein viktig komponent til den maritime likestillingsstrategien til regjeringa, ved at det vil bli fleire jobbar der mange kvinnelege kandidatar er aktuelle, samtidig som arbeidsgivarar vil få høve til å rekruttere frå større grupper av befolkninga.

Rettspolitisk forening har i sine merknadar uttalt at dei stiller seg bak høyringssvaret til Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffiserforbund.

4.1.3 Forenkling av regelverk, saksbehandling og IT-løysningar

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i sine merknadar vist til at forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12 vil innebere ei forenkling for Arbeids- og velferdsetaten, ved at dei ved mottak av søknad om ei yting frå ein tilsett på NIS-skip i turisttrafikk, vil sleppe å undersøke kva for del av besetninga søkaren tilhøyrar. Dette inneber ekstra arbeid samanlikna med søknader frå personar som arbeider på andre skip. Dei viser til at den viktigaste forenklingseffekten likevel er at dei vil sleppe det ressurskrevjande arbeidet med å programmere inn unntaket for ei lita gruppe tilsette, som elles ville vært medlemmar av folketrygda, i alle nye IT-løysningar i takt med at forvaltninga av ytingar digitaliserast. Dei kan ikkje sjå at det er vektige grunnar til å behalde § 2-12, og dei sluttar seg derfor til departementets forslag.

4.1.4 Auka kostnadar for reiarlaga og fare for utflagging

Sjøfartsdirektoratet er samde med departementet om at det isolert sett vil vere positivt dersom alle kategoriar arbeidstakarar om bord på turistskip registrerte i NIS blir likestilt når det gjeld trygderettar. Sett i ein større samanheng meiner dei likevel at dette òg vil kunne ha negative konsekvensar, som det er viktig å ta i betraktning ved ei vurdering av om endringane som er foreslått bør bli gjennomført eller ikkje. Slik Sjøfartsdirektoratet ser det, er ikkje moglege negative konsekvensar av forslaget omtalt i tilstrekkeleg grad i høyringsnotatet. Dei meiner at problemstillinga som norske myndigheiter sto ovanfor i forbindelse med lovendringa der føresegna i folketrygdlova § 2-12 vart tatt inn i lovverket frå 1994, var nær identisk med problemstillinga som gjeld for dagens endringsforslag.

Sjøfartsdirektoratet har referert til vurderingar frå førearbeida, som viser at auka kostnadar for reiarlaga, med påfølgande fare for utflagging, var førande for at ein i 1993 vurderte at det ikkje var eit reelt alternativ å la norsk trygdelovgiving få verknad på dei tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS. Dei peiker derfor på at ei gjennomføring av forslaga i høyringsnotatet vil innebere å oppheve ei føresegn som tidlegare er blitt vurdert som den totalt sett beste løysinga. Dei skriv blant anna at:

«Den maritime næringen står for en betydelig verdiskaping, og rederiene er sentrale når det gjelder aktivitetsnivået hos den maritime industrien i Norge. Så langt Sjøfartsdirektoratet er kjent med er det fortsatt bredt politisk forankret at det er viktig å hindre utflagging. Stabile og konkurransedyktige rammevilkår er avgjørende for å opprettholde NIS som et attraktivt skipsregister i et marked med sterk internasjonal konkurranse. Enhver kostnadsøkning for rederier med skip registrert i NIS innebærer derfor en fare for at berørte rederier velger å flagge ut skip. Som omtalt i høringsnotatet er det pr. i dag 18 skip i NIS med grovt anslått ca. 8000 personer ansatt i stillinger innen hotell- og restaurantvirksomhet om bord. Det er også flere cruiseskip under bygging, som er planlagt registrert i NIS. Ut fra høringsnotatet er det uklart om, og eventuelt hvordan, det er vurdert at disse skipene som følge av de foreslåtte endringene kan komme til å flagge ut, og at skip som er under bygging likevel ikke registreres i NIS. Det samme gjelder risikoen for at rederier som bygger skip fremover i tid velger andre registre enn NIS.»

Sjøfartsdirektoratet meiner òg at høyringsnotatet er lite konkret på kva ein oppnår av rettar for dei tilsette som medlemmar av folketrygda, samanlikna med rettar dei har etter dagens garantiordning etter skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd, og at dette er av betydning for vurderinga av rimelegheita av folketrygdlova § 2-12. Dei har vidare peikt på at dersom folketrygdlova § 2-12 blir oppheva, og skip som blir ramma av endringane flaggar ut som ein konsekvens av dette, vil skipa mest sannsynleg bli innførte i eit skipsregister utanfor EØS. Dette vil i så fall medføre at dei tilsette fell utanfor både folketrygda, reiarlagas garantiplikt etter skipsarbeidslova § 4-7 og ordninga med pliktig yrkesskadeforsikring. Sjøfartsdirektoratet skriv at dei saknar ei tydelegare vurdering og avveging av dei moglege negative konsekvensane av forslaget, særleg faren for utflagging, opp mot dei positive effektane. Dei meiner derfor at forslaget ikkje er tilstrekkeleg greia ut.

Viking er den einaste høyringsinstansen som klart er imot regelverksendringane som er foreslåtte. Dei meiner at forslaga vil innebere auka kostnadar for reiarlag som dei, som har fleire turistskip registrerte i NIS, slik at det vil bli mindre attraktivt å tilsette arbeidstakarar frå andre EØS-land. Viking peiker òg på at NIS-registeret allereie har utfordringar med å konkurrere om cruiseoperatørar, og at endringane som er foreslått berre vil forsterke dette. Viking kan heller ikkje sjå at den aktuelle gruppa tilsette vil kunne vinne noko særleg på at forslaga i høyringsnotatet blir gjennomført, da dei gjennom avtalar Viking har med norske foreiningar, allereie er sikra diverse velferdsordningar. Viking si oppfatning er derfor at endringane det er gjort framlegg om, forsøker å løyse eit problem som ikkje er der, og som i ytste konsekvens vil kunne tvinge reiarlag som dei til å forlate NIS. Dei skriv blant anna at:

«Adding regulations and costs will not improve a commitment to crew welfare that is already there.
If the proposed changes are implemented, the likely consequences will be less crew members from EEA and, more likely, less NIS flagged ships. Considering Viking’s commitment to their crew members, Viking will not reduce number of EEA crew members which means we may be forced to leave the NIS.»

Kystrederiene noterer at medlemskap i folketrygda, og kostnadene knytt til dette, ikkje omfattar utanlandske arbeidstakarar på NIS-registrerte turistskip eller arbeidstakarar på utanlandsk registrerte turistskip. Kystrederiene viser til at det betyr høgare kostnadar for NOR-registrerte skip, som gjer det vanskeleg å konkurrera med NIS- og utanlandskregistrerte skip i norske farvatn. Det er viktig å prioritera/styrke konkurranseposisjonen til NOR-registrerte skip, og å sjå dette i samanheng med tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk og innføringa av norske lønns- og arbeidsvilkår.

4.1.5 Behov for overgangsreglar

Hurtigruten er samde med departementet i forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12, men uttaler at dei finn det uklart om departementet har sett på konsekvensane for rettane til den aktuelle gruppa tilsette ved ein eventuell overgang frå garantiforpliktingane etter skipsarbeidslova § 4-7 til medlemskap i folketrygda. Dei peiker blant anna på at:

«De fleste av folketrygdens ytelser, herunder sykepenger, uføretrygd og alderspensjon forutsetter ulike perioder med forutgående trygdetid for å utløse rett til ytelsen. Ytelsene i folketrygden har videre egne beregningsregler. For ansatte i hotell- og restaurant på NIS skip vil den foreslåtte lovendringen som gir overgang fra ytelser gitt under garantiforpliktelsene i forskrift til skipsarbeidslova § 4-7 (FOR-2005-02-18-145) kap. 3 til folketrygdlovas ytelser fra ikrafttredelsestidspunktet for lovendringen risikere å stå uten rettigheter etter garantiforpliktelsene, samtidig som de ikke har opparbeidet seg nødvendig opptjeningstid som medlemmer for å oppfylle inngangsvilkårene for rett til en ytelse fra folketrygden.»

For å unngå slike uheldige og utilsikta konsekvensar av endringane som er foreslått, meiner Hurtigruten at det er behov for å få på plass overgangsreglar som gir dei tilsette, reiarlaga og Arbeids- og velferdsetaten ei klar forståing av kva for rettar som gjeld og kvar eventuelle ytingar skal kome frå. Dei ber blant anna departementet om å vurdere om oppteningstid og medlemskapstid i høvesvis garantiordninga og folketrygda bør bli likestilt for å opne rett til ei yting frå folketrygda. Dei poengterer vidare at dersom det blir foreslått ei slik ordning, så er det viktig at departementet gjer ei vurdering av korleis berekningsgrunnlaget for eventuelle ytingar for den samanlagte perioden skal fastsetjast.

Hurtigruten har òg peikt på behovet for overgangsregler for tilfella der tilsette på ikraftsetjingspunktet for ei eventuell lovendring har opptent rett til ei yting i medhald av reiarlaget si garantiplikt etter skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd, for eksempel der:

«… en arbeidsufør ansatt etter FOR-2005-02-18-145 kap. 3 § 5 første ledd bokstav b blir syk kort tid etter ikrafttredelsestidspunktet, eller en ansatt som konstateres arbeidsufør etter ikrafttredelsestidspunktet som følge av sykdom eller yrkesskade etter bokstav c) og d).»

4.2 Departementets vurdering og forslag

4.2.1 Fremmer likestilling innanfor maritim næring

I regjeringa si likestillingsstrategi for maritim næring, som vart publisert 6. juni 2023, er det ei rekke innsatsområde, blant anna knytt til rekruttering og rollemodellar, eit arbeidsmiljø for alle, og ein tilpassa arbeidsplass. Lovforslaget bidrar inn i dette likestillingsarbeidet, ved å gi fleire tilsette på sjøen tilgang på rettar etter folketrygdlova.

Som omtalt i punkt 3.4.2, sikrar reiarlaget si garantiplikt etter skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd ei del trygderettar for personar som i dag er unntatt frå medlemskap i folketrygda etter folketrygdlova § 2-12. Trygderettane som blir gitt etter garantiordninga må likevel sjåast på som avgrensa, samanlikna med rettane det gis tilgang til som medlem av folketrygda. I motsetning til garantiordninga, gir folketrygda blant anna tilgang til familieytingar, som svangerskapspengar, foreldrepengar og eingongsstønad ved fødsel og adopsjon.

I den omtalte likestillingsstrategien blir livsfaseorientert personalpolitikk framheva som eit viktig tiltak for økt likestilling i maritim næring, og da særleg for arbeid på sjøen. Maritime verksemder har generelt utfordringar med å rekruttere kvinner – og ikkje minst å behalde dei i ein livsfase der dei ønsker å etablere familie. Tilgang på familieytingar kan truleg bidra til at fleire kvinner vel arbeid på sjøen.

Folketrygda gir òg tilgang til betre rettar i forbindelse med sjukdom eller skade. Etter garantiordninga blir arbeidstakarane berre sikra rett til lønn ved sjukdom og skade i inntil 2 månader, mens folketrygda gir dei tilgang til sjukepengar i inntil 12 månader. For arbeidstakarar som ikkje er omfatta av folketrygdlova kapittel 8 om sjukepengar, og som heller ikkje tek imot ei tilsvarande yting frå ei trygdeordning i heimlandet sitt, fell dessutan retten til lønn ved sjukdom og skade heilt bort etter 16 veker frå arbeidsuførleiken oppstod, jf. skipsarbeidslova 4-4 andre ledd tredje punktum. I tillegg gir folketrygda tilgang til ei rekkje andre trygdeytingar, som omsorgspengar, pleiepengar, opplæringspengar, arbeidsavklåringspengar, dagpengar ved arbeidsløyse, tilleggsstønader til arbeidsretta tiltak, stønad til hjelpemiddel, grunn- og hjelpestønad og stønad ved gravferd. Dette er ytingar som ikkje er omfatta av garantiordninga, og som medfører at ulike grupper arbeidstakarar på dei same skipa kan ha svært ulike trygderettar.

4.2.2 Auka kostnadar for reiarlaga og fare for utflagging

Den maritime næringa står for ei stor verdiskaping, og stabile og konkurransedyktige rammevilkår er avgjerande for å oppretthalde NIS som eit attraktivt skipsregister. Det er samtidig vel så viktig at rammevilkåra har nødvendig legitimitet og er i tråd med norske fellesskapsverdiar.

Etter departementet sitt syn vil forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12 fortrinnsvis innebere ei styrking av NIS-registeret sin legitimitet. Dette vil òg på sikt ha ei positiv påverking på registeret sin attraktivitet, og gjere det meir attraktivt for sjøfolk frå Noreg og EØS å søke seg til slike stillingar. På kort sikt vil likevel auka kostnadar for reiarlaga kunne medføre ein fare for utflagging.

Departementet viser overordna til at internasjonal skipsfart er svært konkurranseutsett, og at NIS-registeret skal vere eit konkurransedyktig alternativ under norsk flagg. Det er blant anna tilgang til å tilsette utanlandske sjøfolk på heimlandets vilkår, slik at det er mogleg å konkurrera i ein internasjonalt marknad. Ein annan viktig dimensjon er Sjøfartsdirektoratet si rolle som sterk og kompetent flaggadministrasjon og NIS-registeret si anerkjenning som eit kvalitetsregister. Det er av stor betydning at det blir stilt høge krav til skipstryggleik og sjøfolk sine rettar, og at det i denne samanhengen ikkje finn stad forskjellsbehandling av arbeidstakarar om bord med omsyn til trygderettar.

Departementet er merksam på at utvida trygderettar for hotell- og restauranttilsette vil kunne bety auka kostnadar for arbeidsgivarar og/eller reiarlaga, i form av at dei må betale arbeidsgivaravgift òg for denne gruppa tilsette. Det blir samtidig gjort merksam på at dei allereie i dag betalar arbeidsgivaravgift for andre kategoriar sjøfolk på dei same skipa.

Ein konsekvens av kostnadsaukar kan vere at reiarlag vel å registrera skipa i eit anna register, der dei slepp å betale sosiale avgifter for sjøfolk, eller der dei kan betale ein lågare avgift. Følgeleg kan det medføre fare for utflaggingar frå NIS-registeret, færre innflaggingar, eller at planlagde innflaggingar ikkje blir gjennomførte. Ei anna mogelegheit er at reiarlaga tilpasser drifta av skip med omsyn til talet på norske/EØS-borgarar som er tilsette, kontra tredjelandsborgarar.

Denne typen kostnadsulemper for norskregistrerte skip vil likevel til dels kunne bli jamna ut gjennom tilskotsordninga for sysselsetting av arbeidstakarar til sjøs. Tilskot blir basert på norsk forskotstrekk av skatt, trygdeavgift og arbeidsgivaravgift. Ordninga er nærmare omtalt under punkt 6.

Reiarlaga har òg allereie i dag kostnadar forbundet med garantiplikta som følger av skipsarbeidslova § 4-7, og som sikrar arbeidstakarane som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS rettar som følger av forskrift om trygderettar på norske skip. Etter forskrifta § 5 skal reiarlaget stille garanti for ein rekke trygderettar for den kategorien arbeidstakarar som er omfatta av forslaget, inkludert rettar kva gjeld uførleik og alderspensjon som etter føresegna i folketrygdlova. Dersom garanti ikkje føreligg, svarar reiarlaget for desse ytingane, jf. forskrifta § 6. Lovforslaget inneber derfor at reiarlagets kostnadar etter skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd og forskrift om trygderettar på norske skip fell bort.

For arbeidstakarar som blir omfatta av folketrygdlova, vil lovforslaget òg innebere at dei økonomiske pliktane som reiarlag og arbeidsgivarar har etter skipsarbeidslova §§ 4-4 og 8-1 fell bort, i den utstrekning sjukepengar m.m. blir dekka gjennom folketrygda. Lovforslaget inneber dermed at reiarlagas kostnadar etter skipsarbeidslova § 4-4, § 4-7 andre ledd og § 8-1, inkludert forskrifta om trygderettar på norske skip § 5, blir «overtekne» helt eller delvis av folketrygda, mot at arbeidsgivar betaler arbeidsgivaravgift.

Departementet har ikkje kjennskap til dei konkrete garantikostnadene for reiarlaga, men legg til grunn at desse vil vere lågare enn ei framtidig arbeidsgivaravgift, da dei dekker færre trygderettar enn folketrygda. Sjå punkt 4.2.1 for ein nærmare omtale av rettane dei aktuelle tilsette får tilgang til som medlemmar av folketrygda, samanlikna med dagens garantiordning etter skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd. Den auka kostnaden for reiarlaga vil dermed i hovudsak reflektere utvidinga i trygderettar for dei aktuelle arbeidstakarane.

4.2.3 Behov for overgangsreglar

Departementet er samde med Hurtigruten i at det truleg er behov for enkelte overgangsreglar når lova trer i kraft. Som Hurtigruten viser til, forutsett dei fleste av folketrygdas ytingar ulike periodar med føregåande opptening som medlemmar i folketrygda for å utløyse ein rett til ytinga. Ytingane har òg eigne berekningsreglar.

Utan overgangsregler, vil ein overgang frå garantiordninga til folketrygda kunne medføre at tilsette ikkje lenger er omfatta av rettane etter garantiordninga, samtidig som dei heller ikkje har vore medlemmar av folketrygda lenge nok til å oppfylle vilkåra for ei yting. For eksempel må ein som hovudregel ha vore medlem dei siste fem åra før uføretidspunktet for å få rett til uføretrygd frå folketrygda. For dei som har jobba mindre enn fem år samanhengande i reiarlaget på tidspunktet for ei eventuell lovendring, og som fortset å jobbe i same reiarlag utover fem år, vil ein overgang òg medføre tap av oppsett alderspensjon frå garantiordninga. Dette er fordi garantiordninga gir pensjonsopptening frå første dag ein er tilsett i reiarlaget, men slik at retten til pensjon etter ordninga ikkje gjeld før den tilsette har vore samanhengande tilsett i reiarlaget i minst fem år.

For å unngå slike utilsikta konsekvensar ved ei eventuell overgang frå garantiordninga til folketrygda, vil det vere nødvendig med enkelte overgangsreglar.

Formålet med slike overgangsreglar, vil vere å sørge for at dei som i dag er omfatta av garantiordninga, i overgangsperioden etter ein overgang til folketrygda skal bli sikra om lag tilsvarande rettar som etter ordninga. Sett opp mot krava til kva garantiordninga minimum skal gi dei tilsette, vurderer departementet foreløpig at det er nødvendig med overgangsreglar knytt til arbeidsavklåringspengar, uføretrygd, ytingar til gjenlevande ektefelle, barnepensjon og alderspensjon. Dette er livsopphaldsytingar som ein må ha ei viss forutgåande opptening i folketrygda for å få rett til, mens det til samanlikning føreligg yrkesskadedekning og rett til helsetenester allereie frå første dag som medlem.

Sjukepengar er ei trygdeyting det òg blir stilt ein avgrensa garanti for etter garantiordninga, og som det etter folketrygdlova er krav om ei viss forutgåande opptening i trygda for å kunne få rett til. Folketrygdlova § 8-44 har særreglar for medlemmar som er arbeidstakarar på norske skip i utanriksfart. Føresegna inneheld blant anna unntak frå kravet i § 8-2 om oppteningstid for rett til sjukepengar. Ei oppheving av folketrygdlova § 2-12 gjer at særreglane i folketrygdlova § 8-44 kan anvendast for nye medlemmar. Departementet vurderer derfor foreløpig at det ikkje er nødvendig med overgangsreglar knytt til sjukepengar, sjølv om retten til full lønn ved sjukdom etter garantien fell bort.

For dei tilsette som på ikraftsetjingstidspunktet for ei eventuell lovendring allereie har ein utløyst rett til ei trygdeyting etter garantiordninga, eller som har oppsette trygderettar etter garantiordninga, vil moglege overgangsreglar kunne innebere dobbeltdekning av ytingar. Departementet vurderer derfor at det ved utarbeiding av eventuelle overgangsreglar òg må vurderast om det er behov for samordningsreglar.

Departementet vil greie ut spørsmåla knytt til behovet for overgangsreglar, og tek sikte på å gi nærmare overgangsreglar i forskrift, med heimel i folketrygdlova § 25-15.

4.2.4 Internasjonale forpliktingar

Noreg har som nemnt under punkta 2 og 3 inngått eller slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som får betydning på trygdeområdet. Dei viktigaste forpliktingane følger av EØS-avtalen, med tilhøyrande sekundærlovgiving, sjå særleg trygdeforordninga. Av andre forpliktingar kan nemnes EFTA-konvensjonen, nordisk konvensjon om trygd, bilaterale trygdeavtalar og ei rekkje multilaterale konvensjonar innanfor rammene av ILO, Europarådet og FN, som fastset generelle eller spesielle minstestandardar for nasjonale trygdeordningar.

Ingen av dei ovannemnte internasjonale avtalane pålegg Noreg plikt til å gjere unntak frå medlemskap i folketrygda for tilsette i hotell- og restaurantverksemd på skip. Forslaga i proposisjonen her er følgeleg ikkje i konflikt med Noregs internasjonale forpliktingar.

4.2.5 Samla vurdering og forslag

Departementet vurderer det framleis som urimeleg at det er unntak frå medlemskap i folketrygda for ein enkelt kategori arbeidstakarar om bord på turistskip registrerte i NIS. Dersom folketrygdlova § 2-12 blir oppheva, vil alle norske og EØS-borgarar som arbeidar om bord på NIS-skip bli likestilte, ved at dei vil få lik tilgang til trygderettar frå folketrygda.

Samtidig som dei tilsette vil få lik tilgang til trygderettar, vil reiarlaga kunne få auka kostnadar. Dei vil måtte betale arbeidsgivaravgift for tilsette som blir medlemmar av folketrygda, på lik linje med andre norske arbeidsgivarar. Lovforslaget inneber samtidig at garantikostnadane reiarlaga har for dei same tilsette i dag, blir «overteke» av folketrygda, sjå punkt 4.2.2.

Departementet er merksam på at utvida kostnadar knytt til arbeidsgivaravgift kan få konsekvensar for reiarlagas organisering av verksemd og val av skipsregister. Dersom reiarlaga ikkje ønsker å betale sosiale avgifter for å sikre sine tilsette tilgang til trygderettar i folketrygda, kan dei velje å registrere skipa sine i eit anna skipsregister. Dersom reiarlaga flaggar ut av NIS, vil dei tilsette verken få tilgang til rettar frå folketrygda eller være omfatta av skipsarbeidslovas garantiplikt. Begge desse vala vil kunne medføre dårlegare trygdedekning for dei tilsette. Reiarlaga står likevel fritt til å sikre dei tilsette trygderettar gjennom eigne avtalar.

Departementet meiner at alle norske og EØS-borgarar som arbeider om bord på NIS-skip bør vere sikra lik tilgang til rettar frå folketrygda. Lovforslaget vil òg bidra til å fremme likestilling innanfor maritim næring, blant dei som allereie arbeider på dei aktuelle skipa, men òg med tanke på å rekruttere og behalde kvinner i næringa i tida framover. Departementet viser i denne samanhengen særleg til at folketrygda, i motsetning til dagens garantiordning, blant anna sikrar dei tilsette tilgang til familieytingar, sjå punkt 4.2.1.

Departementet meiner at lovforslaget òg vil bidra til å styrke legitimiteten til det norske flagget, ved at det vil medføre at rammevilkåra for dei tilsette om bord på NIS-skip blir meir i tråd med norske fellesskapsverdiar. Gode trygderettar til sjøfolk vil òg i seg sjølv gjere det meir attraktivt å jobbe på norske skip.

Departementet er merksam på at problemstillinga som norske myndigheiter sto ovanfor i 1993, i forbindelse med at føresegna i folketrygdlova § 2-12 vart tatt inn i lovverket, i stor grad var den same som for dagens endringsforslag. Den gongen vurderte ein at den beste løysinga var å gjere unntak frå medlemskap i folketrygda for den aktuelle gruppa arbeidstakarar, av omsyn til reiarlagas kostnadar. Samtidig har det nå gått 30 år, og på desse åra har det blitt stadig meir fokus på likestilling og mangfald innanfor maritim næring, som i samfunnet elles. Departementet visar til at Stortinget seinast i 2021 fatta eit einstemmig vedtak om å utarbeide ein likestillingsstrategi for den maritime næringa, som vart publisert 6. juni 2023. Strategien følger opp Stortingets oppmoding, og regjeringas mål i Hurdalsplattforma, om å auke mangfaldet i arbeidslivet og betre representasjonen i kjønnsskeive bransjar, slik som den maritime næringa.

Departementet meiner derfor at det er gode grunnar for å gjere ei anna avveging i dag, og at lovforslaget vil være eit viktig bidrag inn i arbeidet med dei nemnte målsettingane.

Forslaget vil dessutan ikkje gå ut på å innføre noko nytt, men å fjerne eit unntak, noko som vil bidra til ei klargjering og forenkling av regelverket.

Etter ei samla vurdering av dei motstridande omsyna lovforslaget reiser, er det departementet sitt syn at omsynet til likebehandling av alle norske borgarar og EØS-borgarar som arbeider om bord på NIS-registrerte skip må vege tyngre enn omsynet til auka kostnadar for reiarlaga og faren for utflagging.

Departementet foreslår dermed at forslaget i høyringa blir følgt opp, slik at folketrygdlova § 2-12 blir oppheva.

Sjå meir under punkt 3.2 ovanfor og lovforslaget, folketrygdlova § 2-12.

Til forsida