Prop. 40 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova m.m. (medlemskap i folketrygda for personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister)

Til innhaldsliste

5 Forslag om endringar i tilstøytande lovgiving

5.1 Forslaget om å justere folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f

Kystrederiene, Norsk Sjømannsforbund og Norsk sjøoffiserforbund har i sine merknadar uttalt at dei støtter departementets forslag om å fjerne tilvisinga i folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f til § 2-12, som ein konsekvens av forslaget om å oppheve § 2-12. Elles har ingen av høyringsinstansane hatt merknadar til forslaget.

Departementet foreslår at forslaget i høyringa blir følgt opp.

Sjå meir under punkt 3.3 ovanfor og lovforslaget, folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f.

5.2 Forslag om endringar i anna lovgiving

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknadar til forslaga om å oppheve lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd og skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd.

Departementet foreslår at forslaga i høyringa blir følgt opp.

Sjå meir under punkt 3.4 ovanfor og lovforslaga, lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd og skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd.

Til forsida