Prop. 40 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova m.m. (medlemskap i folketrygda for personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn og gjeldande rett

2.1 Folkerettslege føresegner om lovval

Avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS-avtalen) trådde i kraft 1. januar 1994. EØS-avtalen får innverking på koordineringa mellom nasjonale trygdesystem i grensekryssande tilfelle innanfor EØS. Folketrygdlova, som regulerer den norske folketrygda, skal tolkast og nyttast i samsvar med prinsippa om fri rørsle og lik behandling slik dei kjem til uttrykk i EØS-avtalens hovuddel, sjå folketrygdlova § 1-3.

Trygdekoordinering blir regulert i EØS-avtalen vedlegg VI, som blant anna omfattar forordning (EF) nr. 883/2004 av 29. april 2004 om koordinering av trygdeordningar (heretter trygdeforordninga) og forordning (EF) nr. 987/2009 av 16. september 2009 om reglar for gjennomføring av forordning (EF) nr. 883/2004 (heretter gjennomføringsforordninga). Desse to forordningane og dei seinare endringsforordningane er inkorporerte i folketrygdlova § 1-3 a. Etter føresegna skal folketrygdlova fråvikast i den utstrekninga det er naudsynt for å overhalde forpliktingar som følger av trygdeforordninga og gjennomføringsforordninga.

Trygdeforordninga inneheld blant anna lovvalsreglar for sjøfolk. Ein person som arbeider om bord på eit skip som fører ein EØS-stat sitt flagg, skal etter trygdeforordninga som hovudregel vere underlagt lovgivinga til flaggstaten, jf. artikkel 11 nr. 4. Artikkel 16 i trygdeforordninga opnar likevel for at myndigheitene i EØS-statane i enkelte tilfelle kan inngå særskilde avtalar om unntak frå hovudreglane om lovval.

Noreg har òg inngått andre avtalar som får innverknad på koordineringa av trygd, sjå folketrygdlova § 1-3 b. Dette gjeld blant anna ei rekke bilaterale avtalar om trygd. Tilsvarande som trygdeforordninga, inneheld fleire av desse avtalane eigne lovvalsreglar for sjøfolk, og av desse følger dei fleste det same «flaggstatsprinsippet» som i trygdeforordninga. Felles for avtalane Noreg har inngått med statar utanfor EØS, er at dei inneheld føresegner som opner for at myndigheitene i statane i enkelte tilfelle kan inngå særskilde avtalar om unntak frå avtalanes hovudreglar om lovval.

2.2 Folketrygdlova § 2-12

At ein person har Noreg som lovvalsland etter dei folkerettslege føresegna om lovval, inneber at folketrygdlovas medlemskapsføresegner må brukast for å avgjera om vedkommande er trygdedekka, og som oftast vil det resultere i at vedkommande blir medlem i folketrygda fordi hen oppfyller vilkåra i folketrygdlova for medlemskap.

Folketrygdlova § 2-12 gir likevel unntak frå medlemskap i folketrygda for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS. Føresegna i § 2-12 kom inn i folketrygdlova i 1994, som ei følge av EØS-avtalen. Tidlegare hadde arbeidstakarar på norskregistrerte skip vore medlemmar av folketrygda, men berre dersom dei var norske statsborgarar eller busette i Noreg. Etter den dagjeldande trygdeforordninga, rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere, selvstendig næringsdrivende og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet, ville det, med verknad frå 1. januar 1994, innanfor EØS ikkje lenger vere høve til slik forskjellsbehandling på bakgrunn av statsborgarskap eller bustad.

Følgeleg måtte ein enten utvide verkeområdet til folketrygda til å omfatte alle EØS-borgarar på norskregistrerte skip, uavhengig av kvar dei bur, eller gjere unntak frå folketrygda òg for norske borgarar og andre personar med bustad i Noreg. Førstnemnte løysning var anslått å innebere ein auke i utgifter for reiarlaga på om lag 25 prosent for dei tilsette frå andre EØS-statar. Av omsyn til reiarlaga og risikoen for utflagging, valde ein den gongen sistnemnde løyning – å endre folketrygdlova slik at det vart gjort eksplisitt unntak frå medlemskap i folketrygda for alle tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS.

Som følge av at det er gjort unntak frå medlemskap i folketrygda for denne kategorien arbeidstakarar, er det òg gjort unntak for dei frå pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, samt frå dekning etter yrkesskadeforsikringslova. Dei er likevel sikra visse trygderettar ved at reiarlaga er pålagde å sørge for at det blir stilt garanti for bestemte ytingar, jf. skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd (sjå nærmare omtale i punkt 3.4.2).

Til forsida