6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Innleiing
Arbeids- og velferdsdirektoratet har ikkje oversikt over kor mange som vil bli påverka av forslaget, da denne persongruppa ikkje er medlemmar i folketrygda i dag, og følgeleg ikkje har rett til ytingar eller tenester frå Arbeids- og velferdsetaten.
Sjøfartsdirektoratet har opplyst at det er fleire skip i NIS som kan kategoriserast som «turistskip», med referanse til at dette er passasjerskip som frakter passasjerar, men ikkje i fast rutetilbod over lengre tid.
Det er i hovudsak Hurtigruten og Viking som har skip i denne kategorien per i dag. I april 2024 var det 18 slike passasjerskip registrerte i NIS. I tillegg er det passasjerskip under bygging, som er planlagt registrert i NIS. Viking har i høyringa opplyst om at dei for tida har elleve aktive cruiseskip og ytterlegare seks under konstruksjon. Ifølge Sjøfartsdirektoratet er ikkje reiarlag pålagde å innrapportere tal på tilsette eller informasjon om samansetninga av mannskapet. Sjøfartsdirektoratet kan derfor ikkje gi sikre tall på kor mange personar som inngår i hotell- og restaurantdelen om bord i NIS-registrerte passasjerskip, eller si noko om mannskapets fordeling med omsyn til statsborgarskap og bustadsland, og av desse, tal på tredjelandsborgarar kontra EØS-borgarar. Sjøfartsdirektoratet har likevel i sitt høyringssvar påpekt at majoriteten av tilsette på cruiseskip har stillingar innan hotell- og restaurantverksemd.
Eit grovt anslag tilseier at hotell- og restaurantbesetningen på dei aktuelle skipa utgjer om lag 4000 stillingar. Det blir lagt til grunn at ei stilling på grunn av rotasjonsordningar som oftast vil dekkes av to sjøfolk, noko som tilseier at det totale talet personar i den aktuelle gruppa, er om lag 8000. Dette er svært usikre estimat. Det føreligg elles ingen haldepunkt for å seie noko om kor mange av desse om lag 8000 personane som vil oppfylla vilkåra for å bli pliktige medlemmar i folketrygda m.m. etter lovendringane som departementet foreslår. Det blir likevel antatt at hovudandelen av denne persongruppa er frå statar utanfor EØS, slik at dei ikkje vil bli medlemmar i folketrygda.
Konsekvensar for Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda
Dersom folketrygdlova § 2-12 blir oppheva, vil nokon fleire personar kunne bli medlemmar i folketrygda. Medlemskap i folketrygda utløyser likevel ikkje berre rettar for medlemmane, men òg pliktar. Blant anna plikt for arbeidstakaren til å betale trygdeavgift og plikt for arbeidsgivaren til å betale arbeidsgivaravgift. I tillegg til trygdeavgift og arbeidsgivaravgift, blir folketrygda finansiert ved tilskott frå staten. Etter skattelova § 2-3 første ledd bokstav h nr. 3, gjeld det ikkje skatteplikt til Noreg for personar som er busette utanfor Norden og som er tilsette om bord på skip registrerte i NIS. For dei tilsette som er busette innanfor Norden, gjeld det derimot ei skatteplikt. Forslaget vil truleg ikkje medføre nokon vesentlege økonomiske konsekvensar for folketrygda.
Sjølv om det vil kunne bli nokon fleire medlemmar i folketrygda, vil lovendringa, som nemnt i punkt 4.1.3, bidra til å forenkle Arbeids- og velferdsetatens saksbehandling, blant anna ved at det ikkje lenger vil vere nødvendig å kontrollere kva slags arbeidsoppgåver dei tilsette om bord på turistskip registrerte i NIS utfører. I sum legg ein derfor til grunn at forslaget ikkje vil innebere nemneverdig meirarbeid for etaten, ut over justeringar i rundskriv m.m. Dette vil handterast innanfor Arbeids- og velferdsetatens eksisterande rammer. Forslaget vil heller ikkje medføre behov for IKT-endringar av betydning.
Departementet vil likevel gjere oppmerksam på at eventuelle overgangsregler, over ein periode, vil kunne medføre noko meirarbeid og økonomiske konsekvensar for Arbeids- og velferdsetaten. Som nemnt i punkt 4.2.3, vil departementet greie ut spørsmåla knytt til behovet for overgangsreglar.
Konsekvensar for Maritim pensjonskasse
Departementet legg til grunn at dei administrative konsekvensane ved ein eventuell oppheving av lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd, ikkje vil være særleg store for Maritim pensjonskasse. IT-systema vil heller ikkje ha behov for vesentlege endringar. Det er arbeidsgivar som skal innrapportere premieoppgåver til Maritim pensjonskasse, og nye tilsette som blir rapportert, vil få oppretta medlemskap i ordninga frå første innrapportering. Denne opprettinga skjer automatisk.
Dei økonomiske konsekvensane for ordninga vil avhenge av kor mange personar det blir innrapportert på. Fleire medlemmar gir auka inntekter til pensjonskassa, men òg auka utgifter når dei aktuelle medlemmane skal ta ut pensjonen sin.
Kostnadane vil avhenge av kven som blir innrapporterte. Dersom det er tale om tidlegare medlemmar underlagt fartstidsbasert ordning, og som ligg nært opp til grensa for tildeling av pensjonsrettar, vil kostnadane kunne auke. Det blir likevel lagt til grunn at det stort sett vil vere tale om nye medlemmar, som vil bli innrapporterte på den inntektsbaserte ordninga etter kapittel 10 i lova. Den inntektsbaserte ordninga er tidlegare berekna til å vere kostnadsnøytral.
Konsekvensar for reiarlaga
Departementet legg til grunn at forslaget vil kunne ha økonomiske konsekvensar for dei aktuelle reiarlaga. Det er likevel utfordrande å gi anslag for dette, da det ikkje eksisterer oversikt over tal på arbeidstakarar og fordelinga med omsyn til statsborgarskap og bustadsland. Viking har likevel i sitt høyringssvar gitt eit foreløpig estimat på kva lovendringane som er foreslått, vil medføre i auka kostnadar for Viking per år. Dei skriv blant anna:
«The proposed changes will increase the cost of having EEA crew members. Ship owners with NIS flagged ships will see their cost rise. Our preliminary estimate is the proposed changes will add a minimum NOK 10,000,000 to our budget annually.»
Ved ei oppheving av folketrygdlova § 2-12, vil det vere dei andre føresegna i lova og dei internasjonale forpliktingane med omsyn til trygdekoordinering, som regulerer i kva grad arbeidstakarane er pliktige medlemmar i folketrygda. Sidan dette medfører at EØS-borgarar i utgangspunktet er pliktige medlemmar av folketrygda, sjå § 2-5 første ledd bokstav f, jf. § 2-1 a, mens tredjelandsborgarar ikkje er det, vil dette kunne leie til at reiarlag føretek tilpassingar med omsyn til tilsettingar. Dette vil kunne føre til ein auke av delen tredjelandsborgarar, dersom norske borgarar og borgarar frå andre EØS-statar blir dyrare for reiarlaget. Dette er noko Viking har peikt på i sitt høyringssvar:
«Your proposed changes will increase the cost of having EEA crew members or it will incentivize ship owners to replace EEA crew with non-EEA crew. The proposal will have the unintended consequence of making crew members of EEA nationalities less attractive for hire. The proposal will place them at a disadvantage versus prospective crew members of non-EEA nationalities when applying for the same positions.»
Det føreligg som nemnt ikkje nokon oversikt over kor mange av dei nåverande arbeidstakarane som er tredjelandsborgarar. Det er mogleg at delen tredjelandsborgarar allereie er høg. Det er ikkje foreslått å oppheve reiarlaget si garantiplikt etter skipsarbeidslova § 4-7 første ledd, slik at rekruttering frå tredjeland òg vil medføre kostnadar for reiarlaga.
Vidare vil kostnadsaukar for reiarlag kunne medføre utflaggingar frå NIS, noko Viking omtaler som ein mogleg konsekvens i sitt høyringsinnspel, eller at skip ikkje blir flagga inn til NIS. Sjå punkt 4.2.2.
Hurtigruten har i sitt høyringssvar gjort merksam på at departementet i høyringsnotatet berre har vist til konsekvensar for reiarlaga, og at dei antar at departementet i denne samanhengen forutsett at reiarlag og arbeidsgivar er same eining. Dersom dette ikkje er tilfelle, har dei oppmoda om at departementet klargjer forskjellane mellom ansvaret til høvesvis reiarlaget og arbeidsgivar, og om tilsvarande konsekvensar av lovendringa vil vere tilfelle der arbeidsgivar og reiarlag ikkje er same eining.
Ved ei oppheving av skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd fell reiarlaget si garantiplikt bort. Dette inneber at reiarlaget sine garantikostnadar for denne gruppa arbeidstakarar fell bort, inkludert plikten til å svare for trygdeytingar dersom garanti ikkje føreligg. Endringa i folketrygdlova vil samtidig medføre ei plikt for arbeidsgivar til å betale arbeidsgivaravgift for tidlegare unntatte arbeidstakarar.
Om arbeidsgivar og reiarlag ikkje er same rettssubjekt, vil lovforslaget kunne innebere ulike økonomiske konsekvensar for dei forskjellige rettssubjekta. Departementet legg likevel til grunn at eventuelle konsekvensar for arbeidsgivar, i form av auka økonomiske forpliktingar knytt til arbeidsgivaravgift, truleg vil bli overførte til reiarlaget av arbeidsgivar.
Samtidig blir det gjort merksam på at skipsarbeidslova §§ 4-4 og 8-1 ikkje blir foreslått endra. For arbeidstakarane som er omfatta av dette forslaget, gir § 4-4 rett til lønn i inntil 16 veker dersom arbeidstakaren blir arbeidsufør som følge av sjukdom eller skade så lenge arbeidsforholdet består. Arbeidsgivar har hovudansvaret, men reiarlaget er solidarisk ansvarleg. Den økonomiske plikta fell likevel bort i den utstrekning arbeidstakaren har rett til sjukepengar etter folketrygdlova. Lovforslaget medfører derfor at det kan bli gjort fradrag for kostnadar som blir «overtekne» av folketrygda for dei arbeidstakarane som blir medlemmar av folketrygda. Etter § 8-1 skal reiarlaget sørge for forsvarleg sjukepleie dersom arbeidstakaren blir sjuk eller kjem til skade i inntil 16 veker etter fråtreding, med mindre arbeidstakaren er medlem i folketrygda eller trygdedekka i ei tilsvarande offentleg trygdeordning i heimlandet sitt, som overtek forpleiingsplikta. Lovforslaget medfører derfor at kostnadane reiarlaget har etter § 8-1 fell bort i den utstrekning folketrygda overtek forpleiingsplikta.
Konsekvensar for tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk
Medlemskap i folketrygda utløyser ei plikt for arbeidstakaren til å betale trygdeavgift og ei plikt for arbeidsgivaren til å betale arbeidsgivaravgift. I tilskotsordninga for sysselsetting av arbeidstakarar til sjøs, kan reiarlaga i neste omgang søke tilskott basert på norsk forskotstrekk av skatt, trygdeavgift og arbeidsgivaravgift. Norsk forskotstrekk av skatt, trygdeavgift og arbeidsgivaravgift kan vidare refunderast uavhengig av kvarandre.
For passasjerskip i NIS er tilskotsbeløpet avgrensa til 26 prosent av innbetalingane, jf. forskrift av 26. februar 2016 nr. 205 om tilskudd til sysselsetting av arbeidstakere til sjøs § 13. Departementet anslår på usikkert grunnlag at lovforslaget kan medføre auka utbetalinger frå tilskotsordninga for mellom 100 og 300 personar. Dette kan innebere auka kostnadar på om lag 3 til 10 millionar kroner.
Konsekvensar for Sjøfartsdirektoratet
Om lovforslaget medfører at cruiseskip blir flagga ut av NIS eller at nye cruiseskip ikkje blir flagga inn til NIS, vil dette kunne ha økonomiske konsekvensar for Sjøfartsdirektoratet. For cruiseskip registrerte i NIS er det eit årsgebyr, og direktoratet oppgir at utflagging vil kunne medføre eit inntektstap i storleiksorden 13–17 mill. kroner årleg. Direktoratet oppgir òg at dersom forventa innflaggingar likevel ikkje blir flagga inn vil dette kunne medføre eit inntektstap knytt til førstegangsgebyr i storleiksorden 25–30 mill. kroner dei neste åra. Konsekvensar for Sjøfartsdirektoratet sine gebyrinntekter vil være avhengige av om reiarlag vel å flagge ut eksisterande skip eller vel ikkje å flagge inn nye skip. Så langt har Viking i sitt høyringsinnspel omtalt utflagging som ein mogleg konsekvens av lovforslaget, mens Hurtigruten ikkje har omtalt dette som aktuelt.
Konsekvensar for tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS
Departementet sitt forslag inneber ei likestilling av personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS, med andre kategoriar arbeidstakarar på desse skipa.
Forslaget vil som nemnt føre til at nokon fleire tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS vil kunne bli medlemmar i folketrygda. EØS-avtalen, nordisk konvensjon om trygd og EFTA-konvensjonen leder alle til at trygdeforordninga artikkel 11 nr. 4 om lovval for personar som arbeider på skip og artikkel 4 om likebehandling, skal nyttast. Dermed vil personar som er omfatta av det personale verkeområde i desse avtalane kunne bli medlemmar i folketrygda.
Dei nye medlemmane vil bli pliktige til å betale trygdeavgift, men dei vil til gjengjeld få tilgang til trygderettar frå folketrygda, som omfattar langt meir enn garantiordninga etter skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd. Sjå nærmare omtale av dette under punkt 4.2.1.
Som nemnt i punkt 4.2.3, vurderer departementet at det truleg er behov for enkelte overgangsreglar. Utan overgangsreglar, vil ein overgang frå garantiordninga til folketrygda kunne medføre at tilsette som har vore omfatta av folketrygdlova § 2-12, over ein periode vil stå utan trygderettar som dei elles ville hatt etter garantiordninga, fordi dei ikkje har opparbeida seg nødvendig opptening som medlemmar i folketrygda for å oppfylle vilkåra for rett til ei yting.
Dei som ikkje fyller vilkåra for medlemskap i folketrygda, vil framleis ha dekning for bestemte trygderettar i medhald av reiarlaget si garantiplikt etter § 4-7 første ledd.
Forslaga fører òg til at nokon fleire tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS vil kunne bli omfatta av Maritim pensjonskasse.