7 Merknadar til lovforslaget
Endringane i lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs
Til § 2 nr. 2
Bakgrunnen for føresegna i lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2, er folketrygdlova § 2-12. Som ein konsekvens av at folketrygdlova § 2-12 blir foreslått oppheva, blir òg lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd foreslått oppheva. Noverande § 2 nr. 2 tredje ledd blir andre ledd.
Sjå nærmare omtale i punkt 3.4.1.
Endringane i lov om folketrygd
Til § 2-5
Folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f inneheld ei tilvising til § 2-12. Som ein konsekvens av at § 2-12 blir foreslått oppheva, blir òg denne tilvisinga foreslått tatt ut.
Sjå nærmare omtale i punkt 3.3.
Til § 2-12
Lov om folketrygd § 2-12 blir oppheva.
Sjå nærmare omtale i punkt 3.2.
Endringa i lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip
Til § 4-7
Bakgrunnen for føresegna i lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip § 4-7 andre ledd, er folketrygdlova § 2-12. Som ein konsekvens av at folketrygdlova § 2-12 blir foreslått oppheva, blir òg lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip § 4-7 andre ledd foreslått oppheva. Noverande § 4-7 tredje til sjette ledd blir andre til femte ledd.
Sjå nærmare omtale i punkt 3.4.2.
Ikraftsetjing
Departementet foreslår at lova skal gjelde frå den tida Kongen fastset.