Tilråding
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i folketrygdlova m.m. (medlemskap i folketrygda for personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i folketrygdlova m.m. (medlemskap i folketrygda for personar tilsett i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister) i samsvar med eit vedlagt forslag.