3 Om høyringa
3.1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte 18. august 2023 forslag til endringar i regelverket om medlemskap i folketrygdlova m.m. for personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS på høyring.
3.2 Forslag om å oppheve folketrygdlova § 2-12
Det er i dag gjort eksplisitt unntak frå både pliktig og frivillig medlemskap i folketrygda for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip i NIS, jf. folketrygdlova § 2-12. Ved vurderinga av kva for tilsette som fell inn under formuleringa «hotell- og restaurantvirksomhet», ser Arbeids- og velferdsetaten hen til det konkrete innhaldet i stillinga. Det avgjerande er om stillinga i hovudsak er plassert om bord for å betene passasjerane.
«Turistskip» er ikkje eit legaldefinert omgrep, og det er heller ikkje mogleg å registrere eit skip under denne kategorien i skipsregistera. Det følger likevel av Arbeids- og velferdsetatens etablerte praksis at «turistskip» er skip som vanlegvis frakter passasjerar mot betaling, og som ikkje går i fast rute mellom norsk og utanlandsk hamn.
Folketrygdlova § 2-12 gjeld som nemnt både for norske og utanlandske statsborgarar. I høyringa vart det derfor lagt til grunn at forslaget om å oppheve § 2-12 vil medføre at dei ordinære føresegna om medlemskap i kapittel 2 i folketrygdlova får verknad for alle personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS.
Folketrygda er ei trygdeordning som blant anna er basert på bustad, der rettane etter ordninga i prinsippet ikkje er knytt til statsborgarskap, men til om ein er busett i Noreg eller ikkje. Alle som er lovleg busette i Noreg er, som hovudregel, pliktige medlemmar i folketrygda, uavhengig av statsborgarskap. Dette er regulert i folketrygdlova § 2-1. Personar som ikkje er busette i Noreg, men som er arbeidstakare med lov til å ta inntektgivande arbeid i Noreg er, som hovudregel, òg pliktige medlemmer i folketrygda, uavhengig av statsborgarskap. Dette er regulert i folketrygdlova § 2-2.
Pliktig medlemskap i folketrygda for personar som oppheld seg utanfor Noreg, er regulert i folketrygdlova § 2-5, som for enkelte personkategoriar inneheld krav som er knytt til statsborgarskap. Ein person som oppheld seg utanfor Noreg, er pliktig medlem i folketrygda blant anna dersom vedkommande er norsk statsborgar og arbeidstakar på eit norskregistrert skip, jf. § 2-5 første ledd bokstav f. Sidan EØS-avtalen forbyr forskjellsbehandling på grunn av nasjonalitet innafor EØS, sjå trygdeforordninga artikkel 4, omfattar nemninga «norsk statsborger» òg borgarar frå andre EØS-statar.
Dersom folketrygdlova § 2-12 blir oppheva, må dermed ein person som er tilsett i hotell- og restaurantverksemd om bord på eit turistskip registrert i NIS, for å vere pliktig medlem i folketrygda, som utgangspunkt enten:
-
a) vere lovleg busett i Noreg (og opphelde seg tilstrekkeleg mykje i Noreg, slik at statusen som busett etter folketrygdlova § 2-1 ikkje fell bort), eller
-
b) vere norsk statsborgar eller statsborgar i eit anna EØS-land (dersom vedkommande oppheld seg utanfor Noreg), jf. § 2-5 første ledd bokstav f.
Det følger av trygdeforordninga artikkel 11 nr. 4 at personar som er tilsette om bord på skip som seglar under norsk flagg, som hovudregel er underlagde norsk trygdelovgjeving. Dei fleste EØS-borgarar som i dag er omfatta av folketrygdlova § 2-12, vil etter ei eventuell oppheving av føresegna i § 2-12 bli pliktige medlemmar i folketrygda etter alternativ b ovanfor, ettersom turistskip registrerte i NIS truleg i hovudsak går i utanriksfart. Etter lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister (NIS-loven) § 4 første ledd kan ikkje skip registrerte i NIS føre last eller passasjerar mellom norske hamner eller gå i fast rute med passasjerar mellom norsk og utanlandsk hamn. Skip registrerte i NIS kan likevel gå i Noreg på vilkår som følger av lova forskrifter. For cruiseskip vil det blant anna vere lov å transportere passasjerar mellom hamner på Svalbard, eller mellom norske fastlandshamner, dersom dei er innom minst to utanlandske hamner før eller etter anløp av ei eller fleire norske hamner (internasjonal reise).
EØS-borgarar kan òg bli pliktige medlemmar etter alternativ a, forutsett at dei oppheld seg tilstrekkeleg mykje i Noreg, sjå folketrygdlova § 2-1 andre og fjerde ledd. Alle EØS-borgarar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS, vil altså bli pliktige medlemmar i folketrygda ved ei eventuell lovendring, enten etter alternativ a eller etter alternativ b.
Tredjelandsborgarar kan i utgangspunktet berre bli pliktige medlemmar i folketrygda etter alternativ a. Dei må vere lovleg busette i Noreg og opphelde seg tilstrekkeleg mykje i Noreg. Tredjelandsborgarar som oppheld seg utanfor Noreg, og som ikkje er pliktige medlemmar i folketrygda, kan søke om frivillig medlemskap etter folketrygdlova § 2-8. Etter § 2-8 må det gjerast ei rimelegheitsvurdering, som må sjåast i samanheng med eit vilkår om at vedkommande har nær tilknyting til det norske samfunnet. I tillegg krevst det forutgåande medlemskap i folketrygda i tre av dei fem siste kalenderåra før søknadstidspunktet.
Det følger likevel av folketrygdlova § 1-3 b første ledd at:
«Følgende folkerettslige bestemmelser gjelder som lov:
-
a. nordisk konvensjon om trygd av 12. juni 2012
-
b. EFTA-konvensjonen av 4. januar 1960 artikkel 21 og tillegg 2 til vedlegg K med endringer vedtatt 21. juni 2001, 13. juli 2004, 27. november 2007 og 12. november 2015
-
c. artikkel 29 til 34 i avtale om ordninger mellom Island, Fyrstedømmet Liechtenstein, Kongeriket Norge og Det forente kongerike Storbritannia og Nord-Irland som følge av Det forente kongerikes uttreden fra Den europeiske union, EØS-avtalen og andre avtaler som gjelder mellom Det forente kongerike og EØS/EFTA-statene i kraft av Det forente kongerikes medlemskap i Den europeiske union av 28. januar 2020
-
d. EØS-avtalen vedlegg VI kapittel III (avtale mellom EU og EØS/EFTA-statene om trygdekoordinering for britiske borgere).
-
e. konvensjon om trygdekoordinering mellom Island, Fyrstedømmet Liechtenstein, Kongeriket Norge og Det forente kongeriket Storbritannia og Nord-Irland av 30. juni 2023.»
Vidare følger det av folketrygdlova § 1-3 b tredje ledd at:
«Bestemmelsene som er gitt i eller i medhold av denne loven, skal fravikes i den utstrekning det er nødvendig for å overholde forpliktelser som følger av avtaler som er gjennomført i eller i medhold av paragrafen her.»
Nordisk konvensjon om trygd og EFTA-konvensjonen medfører at føresegna i trygdeforordninga skal nyttast i trygdekoordineringa mellom dei aktuelle statane. Dermed må kravet om norsk statsborgarskap vike for dei som er omfatta av desse avtalanes personelle verkeområde, jf. forordninga artikkel 4 om likebehandling. Dette gjeld blant anna borgarar frå Sveits og tredjelandsborgarar som er busette i ein nordisk stat, uavhengig av statsborgarskap.
I høyringsnotatet vurderte departementet det som urimeleg at det er gjort unntak frå medlemskap i folketrygda for ein enkelt kategori arbeidstakarar om bord på turistskip registrerte i NIS, når det ikkje er gjort unntak for andre arbeidstakarar på dei same skipa. Det vart vist til at dersom folketrygdlova § 2-12 blir oppheva, vil alle norske borgarar og andre EØS-borgarar som arbeider om bord på NIS-skip bli likestilt, ved at dei vil få lik tilgang til trygdedekning. Det vart vidare understreka at forslaget ikkje vil gå ut på å innføre noko nytt, men å fjerne eit unntak, noko som vil bidra til ei klargjering og forenkling av regelverket.
Departementet foreslo på denne bakgrunn å oppheve folketrygdlova § 2-12.
3.3 Forslag om å justere folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f
Folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f inneheld ei tilvising til folketrygdlova § 2-12. Det vart derfor foreslått å justere føresegna i § 2-5 første ledd bokstav f, som ein naturlig konsekvens av forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12.
Departementet foreslo å fjerne tilvisinga, slik at folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav f vil lyde:
«norsk statsborger og arbeidstaker på et norskregistrert skip,».
3.4 Forslag om endringar i anna lovgiving
3.4.1 Endringar i lov om pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs
Maritim pensjonskasse (tidlegare omtalt som Pensjonstrygda for sjømenn) administrerer den pliktige offentlege tenestepensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs. Hovudregelen er at alle norske statsborgarar og personar med fast bustad i Noreg, som er tilsette som arbeidstakarar om bord på norske skip som er omfatta av ordninga, er pliktige medlemmar av pensjonskassa. Som følge av EØS-avtalen, er òg borgarar frå andre EØS-statar som er tilsette på norske skip med i pensjonskassa, dersom dei er medlemmar av folketrygda. Det same gjeld for sveitsiske statsborgarar på grunn av EFTA-konvensjonen. Vidare følger det av nordisk konvensjon om trygd at tredjelandsborgarar som er busette i ein av dei nordiske statane, òg er medlemmar, dersom dei jobbar på eit skip som er omfatta.
Skip som går inn under ordninga, er skip, fiske- og fangstfartøy, borefartøy og annan flyttbar innretning i sjøen som har eige framkomstmiddel eller utstyr for boring etter undersjøiske naturførekomstar, og som er innført i eit norsk skipsregister (NOR eller NIS) med minst 100 bruttotonn.
Frå hovudregelen om medlemskap gjeld det enkelte tillegg og unntak. Eitt av unntaka følger av lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd. Etter føresegna i § 2 nr. 2 andre ledd er det gjort unntak frå medlemskap i ordninga for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS. Føresegna gjeld uavhengig av statsborgarskap og bustad.
Unntaket kom inn i lova i 1994, som ei følge av forslaget om å gjere unntak frå medlemskap i folketrygda for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS. I høyringsnotatet vart det derfor vurdert at ein burde oppheve lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd, som ein naturlig konsekvens av forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12.
Ved ei eventuell oppheving av lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd, vil dei aktuelle personane kunne bli pliktige medlemmar av pensjonskassa. Det vil likevel vere ein føresetnad at dei oppfyller dei andre vilkåra for medlemskap. Det blir føreset medlemskap i folketrygda. I tillegg må dei aktuelle personane arbeide på skip som er omfatta av ordninga. Da det er tale om turistskip registrerte i NIS, må det leggast til grunn at skipsvilkåret vil vere oppfylt for heile persongruppa som opphevinga gjeld.
Innrapportering til pensjonskassa er arbeidsgivars ansvar, og det vil derfor vere arbeidsgivars ansvar å sjå til at dei aktuelle personane kjem med i premieoppgåvene til pensjonskassa.
Departementet foreslo på denne bakgrunn å oppheve lov om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs § 2 nr. 2 andre ledd.
3.4.2 Endringar i skipsarbeidslova
Det følger av skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd, at reiarlaget skal sørge for at det blir stilt garanti for bestemte ytingar til arbeidstakarar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS, og som er omfatta av EØS-avtalens trygdeforordning.
Nærmare krav til garantien er fastsette i forskrift av 18. februar 2005 nr. 145 om garanti for trygderettigheter for arbeidstakere på norske skip (heretter forskrift om trygderettar på norske skip). Etter forskrifta § 1 andre ledd gjeld forskriftas kapittel 3 for arbeidstakarar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS. Det følger av kapittel 3 at garantien minimum skal gi:
-
arbeidstaker som er syk eller skadet, rett til sykepleie på rederiets regning under arbeidsforholdets varighet og deretter i 16 uker samt rettigheter for øvrig i samsvar med bestemmelsene i skipsarbeidslova § 8-1
-
arbeidstaker som er arbeidsufør, som følge av sykdom eller skade, rett til full lønn i inntil 2 måneder samt rettigheter for øvrig i samsvar med bestemmelsene i skipsarbeidslova § 4-4 andre ledd
-
arbeidstaker som er arbeidsufør, som følge av yrkesskade, rett til en engangserstatning på inntil 18 ganger folketrygdens grunnbeløp (heretter: G), avhengig av uførhetsgrad og beregnet etter vanlige norske regler. Hvis den ansatte dør, skal de etterlatte ha rett til en engangserstatning på 12 G samt 2 G til hvert barn under 18 år, dog maksimalt 6 G
-
arbeidstaker som er arbeidsufør, som følge av sykdom, rett til en engangserstatning på inntil 12 G, avhengig av uførhetsgrad og beregnet etter vanlige norske regler. Hvis den ansatte dør, skal de etterlatte ha rett til en engangserstatning på 6 G samt 2 G til hvert barn under 18 år, dog maksimalt 6 G
-
arbeidstaker med rett til sjømannsfradrag og med et sammenhengende ansettelsesforhold i rederiet utover 5 år, rettigheter når det gjelder uførhet og alderspensjon som etter folketrygdlovas bestemmelser.
Gjennom garantiordninga sikrar altså skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd visse rettar for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS. Bakgrunnen for føresegna i § 4-7 andre ledd er folketrygdlova § 2-12.
Ved ei eventuell oppheving av folketrygdlova § 2-12 vil det ikkje lenger vere unntak frå medlemskap i folketrygda for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i NIS, og det vil da heller ikkje vere behov for alternativ trygdedekning gjennom garantiordninga. Departementet vurderte derfor at ein burde oppheve skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd med tilhøyrande føresegner i forskrift, som ein naturlig konsekvens av forslaget om å oppheve folketrygdlova § 2-12.
Det vart samtidig påpeikt at ei eventuell oppheving av skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd ikkje vil røre ved reiarlaget si garantiplikt etter § 4-7 første ledd. Sistnemnte omfattar ei garantiplikt overfor arbeidstakarar som ikkje er omfatta av norske trygdeordningar eller av EØS-avtalens trygdeforordning, og som a) arbeider om bord på skip registrert i NIS, eller b) er tilsette i teneste hos ein utanlandsk arbeidsgivar som driver næringsverksemd om bord på skip i utanriksfart, registrert i norsk ordinært skipsregister (NOR).
Departementet foreslo på denne bakgrunnen å oppheve skipsarbeidslova § 4-7 andre ledd.
3.5 Høyringsinstansar
Høyringsnotatet vart offentleggjort på departementets heimesider den 18. august 2023, slik at det var allment tilgjengeleg. Fristen for merknadar vart satt til 29. september 2023.
Høyringsbrevet med vedlagt høyringsnotat vart sendt direkte til følgande høyringsinstansar:
-
Departementa
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Arbeidsretten
-
Datatilsynet
-
Direktoratet for arbeidstilsynet
-
Diskrimineringsnemnda
-
Domstoladministrasjonen
-
Institutt for offentleg rett (UiO)
-
Likestillings- og diskrimineringsombodet
-
Maritim pensjonskasse
-
Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI)
-
Petroleumstilsynet (no Havindustritilsynet)
-
Regelrådet
-
Regjeringsadvokaten
-
Riksmeklaren
-
Sjøfartsdirektoratet
-
Skattedirektoratet
-
Statistisk sentralbyrå (SSB)
-
Statsforvaltarane
-
Trygderetten
-
Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga (Sivilombodet)
-
EFTA-sekretariatet
-
Advokatforeningen
-
Akademikerne
-
Arbeidsgiverforeningen Spekter
-
Finans Norge
-
Hovedorganisasjonen Virke
-
Hurtigruten
-
Juristforbundet
-
Kystrederiene
-
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
-
Maskinistforbundet
-
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
-
NHO Sjøfart
-
Norsk forening for europarett
-
Rederiforbundet
-
Simployer
-
Sjømannsforbundet
-
Sjøoffisersforbundet
-
Unio
-
Viking
-
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Det har komme inn fjorten høyringssvar, og sju svar inneheldt realitetsmerknadar til forslaga i høyringsnotatet.
Følgande høyringsinstansar har gitt merknadar:
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Sjøfartsdirektoratet
-
Hurtigruten
-
Kystrederiene
-
Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffiserforbund
-
Rettspolitisk forening
-
Viking
Følgande instansar har svart at dei ikkje har merknadar til forslaga i høyringsnotatet:
-
Justis- og beredskapsdepartementet
-
Klima- og miljødepartementet
-
Samferdselsdepartementet
-
Domstoladministrasjonen
-
Petroleumstilsynet
-
Skattedirektoratet
-
Statistisk sentralbyrå
Høyringsinstansane sine merknadar er nærmare omtalt i punkta 4, 5 og 6. Høyringssvara kan lesast i sin heilskap på regjeringen.no.