7 Pensjonsopptening for oppdragstakarar i beredskapsheim og spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune
7.1 Innleiing og bakgrunn
Departementet foreslår endringar i lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem. Formålet er at oppdragstakarar i beredskapsheim eller spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune også blir omfatta av lova.
7.2 Gjeldande rett
Lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem gir oppdragstakarar i statleg beredskapsheim eller spesialisert fosterheim rett til pensjonsopptening i Statens pensjonskasse. Dei er ikkje omfatta direkte av lov om Statens pensjonskasse sidan dei ikkje er rekna som tilsette.
For alle kommunar, med unntak av Oslo kommune, er det staten ved Bufetat som hjelper barnevernstenestene med å rekruttere, lære opp og stille til rådvelde eit tilstrekkeleg tal fosterheim. Bufetat har vidare plikt til å hjelpe barnevernstenestene med tiltak utanfor heimen i akuttsituasjonar, til dømes beredskapsheim. Bufetat kan tilby spesialiserte fosterheimar som eit alternativ til institusjon i særlege tilfelle. Oslo kommune er etter barnevernlova gitt eit sjølvstendig ansvar for å vareta oppgåver og styresmakt som lova legg til Bufetat, som å hjelpe barnevernstenestene med tiltak i akuttsituasjonar, som f.eks. beredskapsheim. Oppdragstakar i beredskapsheim med avtale med Oslo kommune har fått ei ekstra godtgjersle på seks prosent av vanleg godtgjersle som kompensasjon for manglande tenestepensjonsopptening.
Oslo kommune har undersøkt moglegheita for at oppdragstakarar i Oslo kommune kan ha pensjonsopptening i tenestepensjonsordninga til kommunen, Oslo Pensjonsforsikring AS. Etter kontakt med Finanstilsynet har det vist seg at slik tilknyting ikkje er mogleg sidan oppdragstakarar ikkje er arbeidstakarar og derfor ikkje er omfatta av regelverket for kommunal tenestepensjon. Oslo kommune ønsker derfor at oppdragstakarar i Oslo kommune også får pensjonsopptening i Statens pensjonskasse på lik linje med oppdragstakarar i staten.
Oslo kommune blei stemna for tingretten av oppdragstakarar i Oslo kommune v/ Fagforbundet med krav om at dei skal bli rekna som arbeidstakarar, ikkje oppdragstakarar. Retten frifann Oslo kommune under dissens 2-1, jf. dom i saka 7. februar 2024 (TOSL-2023-97765). Saka er anka til lagmannsretten og skal behandlast der i januar 2025. Dersom Fagforbundet får gjennomslag, vil dei som saka gjeld få pensjonsopptening i Oslo Pensjonsforsikring som ordinært tilsette. Då vil lovforslaget her ikkje få nokon verknad.
7.3 Høyring
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende eit forslag til endring av lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem på høyring 24. oktober 2023, til følgande høyringsinstansar:
-
Departementa
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
-
Barneombodet
-
Datatilsynet
-
Finanstilsynet
-
Konkurransetilsynet
-
Likestillings- og diskrimineringsombodet
-
Regelrådet
-
Senter for seniorpolitikk (no Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv)
-
Statens pensjonskasse
-
Statistisk sentralbyrå
-
Trygderetten
-
Oslo kommune
-
Akademikerne
-
Arbeidsgiverforeningen Spekter
-
Den Norske Aktuarforening
-
Finans Norge
-
Forsvar offentlig pensjon
-
Gabler AS
-
Hovedorganisasjonen Virke
-
Kommunal Landspensjonskasse
-
KS – Kommunesektorens organisasjon
-
Landsforbundet for offentlige pensjonister
-
Landsorganisasjonen i Norge
-
LO Kommune
-
LO Stat
-
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
-
Norsk Fosterhjemsforening
-
Norsk Pensjon AS
-
Næringslivets Hovedorganisasjon
-
Oslo Pensjonsforsikring AS
-
Pensjonistforbundet
-
Pensjonskasseforeningen
-
Pensjonskontoret
-
Samfunnsbedriftene
-
Senior Norge
-
Unio
-
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
I høyringsnotatet foreslo departementet at oppdragstakarar i beredskapsheim og spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune blir omfatta av lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem. Høyringsfristen var 21. januar 2024.
Følgande høyringsinstansar støttar forslaget:
-
Oslo kommune
-
LO Norge
-
Oslo Pensjonsforsikring AS
-
Pensjonskasseforeningen
Følgande høyringsinstansar har svara at dei ikkje har merknadar:
-
Forsvarsdepartementet
-
Landbruks- og matdepartementet
-
Samferdselsdepartementet
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Statens pensjonskasse
-
Statistisk sentralbyrå
-
Landsforbundet for offentlige pensjonister
LO Norge viser til tvisten mellom 31 beredskapsheimar og Oslo kommune der beredskapsheimane avviser at dei er oppdragstakarar og krev klassifisering som arbeidstakarar. LO viser til at det er viktig at lovgivar gjennom lovgivingsprosessen ikkje direkte eller indirekte tek stilling til kva som er korrekt klassifisering av beredskapsheim. Dersom beredskapsheimane etter lovgivinga er arbeidstakarar, skal dei bli omfatta av dei ordinære tenestepensjonsvilkåra i Oslo kommune.
Oslo kommune meiner staten må dekkja kostnadene. Dei viser til at det er eit sentralt prinsipp i den statlege styringa av kommunesektoren at alle nye oppgåver eller regelendringar som gir kommunesektoren auka kostnader, fullt ut skal kompenserast.
7.4 Vurderingar og forslag
Ordlyden i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statleg beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem avgrensar omfanget til oppdragstakarar som har inngått oppdragskontrakt med staten som oppdragsgivar.
Departementet foreslår at oppdragstakarane i Oslo kommune blir inkluderte i lova. Desse oppdragstakarane utfører dei same oppgåvene som oppdragstakarar i statleg beredskapsheim og spesialisert fosterheim. Det er organiseringa av heimane etter barnevernslova som gjer at oppdragstakarane i Oslo kommune ikkje er omfatta av lova i dag.
Sjå forslaget til endringar i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem, tittelen på lova og § 1.
7.5 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at medlemskapet gjeld frå 1. juli 2025.
Per 26. august 2024 er det 35 beredskapsheimar og eitt spesialisert fosterheim som har avtale med Oslo kommune. Statens pensjonskasse antar at pensjonspremien for oppdragstakarane ligg på rundt elleve prosent av pensjonsgrunnlaget (inkludert to prosent medlemsdel).
Det vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 bli fremma forslag om statleg dekning av netto meirutgifter som er knytt til oppteninga. I Statens pensjonskasse er gjennomsnittleg pensjonsgrunnlag i 2024 for oppdragstakarane 630 000 kroner. Ein medlemskap i Statens pensjonskasse for oppdragstakarar i Oslo kommune har i lita grad administrative konsekvensar.