Prop. 5 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2025 m.m.)

Til innhaldsliste

4 Overgangsordning ved oppheving av minstegrensa for rett til medlemskap i lovfesta offentleg tenestepensjonsordning

Regjeringa la 26. mai 2023 fram ein lovproposisjon om å oppheve minstegrensa på 20 prosent stilling for rett til medlemskap i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse, lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere. Oppheving av minstegrensa inneber at medlemmane av desse ordningane vil få pensjonsopptening også for små stillingar.

Stortinget har vedtatt lovendringa, jf. lov 24. november 2023 nr. 83 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (opphevelse av minstegrensen for rett til medlemskap), men ikraftsetjing er utsett. Lova blei vedteken med bakgrunn i Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024) og Lovvedtak 1 (2023–2024). I samband med stortingsbehandlinga blei regjeringa beden om å legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv for å arbeide i mindre stillingar i det offentlege, samt å vurdere unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Stortinget meinte dette burde skje i samråd med partane i arbeidslivet, og at regjeringa skulle kome tilbake til Stortinget før lovendringa trer i kraft.

Lov om pensjonsordning for sykepleiere omfattar offentleg godkjende sjukepleiarar som er tilsette i privat, fylkeskommunal eller statleg verksemd omfatta av spesialisthelsetenestelova og helseføretakslova, jf. § 1 første ledd. Etter § 3 første ledd bokstav a er sjukepleiarar som har ei arbeidstid på mindre enn 20 prosent av full stilling ikkje medlem av ordninga.

Lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. omfattar apotekarar og arbeidstakarar ved apotek med ei arbeidstid som utgjer 20 prosent eller meir av full stilling, jf. § 1 første ledd. I tillegg er enkelte andre stillingsgrupper særskilt innlemma i pensjonsordninga, jf. § 1 tredje ledd.

Arbeidstakarar som får pensjon frå Statens pensjonskasse er medlemmer av ordninga også når arbeidstida er mindre enn 20 prosent av full stilling. Dette til forskjell frå sjukepleiarordninga og pensjonsordninga for apotektilsette der pensjonistar som har ei arbeidstid mindre enn 20 prosent av full stilling er unntatt frå medlemskap.

Stortinget har vedtatt at det ikkje lenger skal vere ei minstegrense på 20 prosent stilling, men ønsker at regjeringa før endringa trer i kraft legg til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv til å arbeide i mindre stillingar i det offentlege, under dette å vurdere unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Sidan gjeldande regelverk i lova om pensjonsordning for apotektilsette er likt det som gjeld etter sjukepleiarpensjonslova, meiner departementet at ei endring bør gjelde begge dei to lovene.

Departementet har saman med partane blitt samde om ei overgangsordning for årskulla født før 1965 der det gis unntak for innmelding i sjukepleiarpensjonsordninga for pensjonistar som har ei stilling lågare enn 20 prosent. Gjennom denne overgangsordninga blir det gitt tilstrekkeleg tid til å kunne tilpasse seg dei nye reglane for innmelding. Også pensjonsordninga for apotektilsette har ei føresegn om unntak frå innmelding ved stilling lågare enn 20 prosent, og departementet foreslår same overgangsordning her. Det inneber at dei som blir omfatta av overgangsordninga kan arbeide ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta.

Om Stortinget sluttar seg til løysinga som er beskriven ovanfor, vil departementet foreslå at regelverket tar til å gjelde 1. januar 2025, som planlagt.

Forslaget til overgangsordning inneber at dei aktuelle årskulla kan få pensjon i kombinasjon med stillingsbrøk under 20 prosent utan å få pensjonen avkorta. Det vil derfor ikkje bli ei endring i reglane for avkorting for dei årskulla som blir omfatta, både for dei som i dag kombinerer pensjon med liten stillingsbrøk, og for dei som vurderer å ta arbeid i liten stilling ved sidan av pensjonen. Slik gir overgangsordninga ei gradvis innfasing av nytt regelverk. Løysinga inneber ein form for aldersdiskriminering ved at dei som saka gjeld ikkje får medlemskap i ordninga når samla stillingsandel er mindre enn 20 prosent av full stilling. Departementet legg likevel til grunn at forskjellsbehandlinga er sakleg då dei aktuelle mottek alderspensjonen uavkorta.

Sjå forslaget til endringar i lov om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (opphevelse av minstegrensen for rett til medlemskap) del II om endringar i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og del III om endringar i lov om pensjonsordning for sykepleiere.

Departementet foreslår at endringane tar til å gjelda straks. Endringane skjer i endringslova i saka, og endringslova kan gjelde frå 1. januar 2025 etter avgjerd av Kongen. Endringane vil ikkje få nokon økonomiske konsekvensar samanlikna med gjeldande regelverk.

For sjukepleiarordninga var det ifølge tal frå KS og Spekter ved utgangen av 2021 om lag 700 personar over 62 år som arbeidde i stillingsbrøk under 20 prosent. Dette svarte til rundt 100 årsverk. Det er ikkje tilgjengeleg statistikk for kor mange av desse som samtidig tok ut pensjon. I pensjonsordninga for apotektilsette var det ifølge tal frå Statens pensjonskasse berre 23 personar over 60 år som i 2020 hadde ei samla stilling under minstegrensa. Det er ikkje kjent kor mange av desse som samtidig fekk pensjon.

Det er vanskeleg å anslå dei økonomiske kostnadene ved overgangsordninga for arbeidsgivarane som finansierer ordningane. Kostnadene består i at pensjonistar fødd før 1965 får både lønn og uavkorta pensjon. Samtidig får dei ikkje medlemskap i pensjonsordninga for stillingsdelen. Dei administrative konsekvensane inneber at pensjonsleverandørane må handtera situasjonen som eit unntak frå dei normale reglane.

Til forsida