5 Ny heimel til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak – arbeidsmarknadslova § 13
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å innføre ein ny forskriftsheimel i arbeidsmarknadslova § 13 nytt fjerde ledd. Forslaget vil gi departementet eit generelt høve til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak. I dag har departementet berre heimel til å gi forskrift om tiltakspengar som livsopphaldsyting til deltakarar i arbeidsmarknadstiltak, men ikkje andre livsopphaldsytingar. Forslaget følger opp regjeringa sitt forslag i Prop. 1 S (2024–2025) om å etablere eit forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny ungdomsyting.
Arbeidsmarknadslova § 13 regulerer ytingar under gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak. Det følger av arbeidsmarknadslova § 13 første ledd første punktum at deltakarar i arbeidsmarknadstiltak kan få tiltakspengar dersom dei ikkje får lønn frå tiltaksarrangør eller har rett til å få utgifter til livsopphaldet sitt dekka på annan måte. Nærmare reglar om kven som kan få tiltakspengar er regulert i forskrift 4. november 2013 nr. 1286 om tiltakspenger mv. (tiltakspengeforskrifta).
Av arbeidsmarknadslova § 13 første ledd andre punktum går det fram at departementet kan gi forskrift om vilkåra for og størrelsen på tiltakspengane. Departementet kan vidare gi forskrift om kva for arbeidsmarknadstiltak som gir rett til tiltakspengar. Departementet kan også gi forskrift om stønad til reiseutgifter til mellom anna deltakarar i arbeidsmarknadstiltak som får tiltakspengar.
Regjeringa foreslår å etablere eit forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny ungdomsyting, der inngangsvilkåra for ytinga ikkje skal vere knytt til helsetilstanden til dei som deltar. Programmet skal gi tett oppfølging og stille høge krav til arbeidsretta aktivitet, f.eks. gjennom deltaking i arbeidsmarknadstiltak eller annan arbeidsretta aktivitet. Målet er å auke overgangen til jobb og utdanning, og å førebygge og avgrense tilstrøyminga til dei helserelaterte ytingane. Regjeringa tar sikte på å sette i gang arbeidet med forsøket i 2025.
Etter arbeidsmarknadslova § 12 siste ledd kan departementet gi forskrift om forsøk med arbeidsmarknadstiltak. Departementet kan følgeleg gi reglar om forsøk med eit slikt ungdomsprogram, men per i dag gir arbeidsmarknadslova § 13 ikkje heimel til å gi forskrift om andre typar livsopphaldsytingar enn tiltakspengar. For at deltakarar i forsøket skal kunne få andre ytingar enn tiltakspengar, trengst ein eigen forskriftsheimel i arbeidsmarknadslova § 13.
Fram til 1. januar 2016 var § 13 første ledd første punktum generelt utforma, og ga departementet heimel til å gi forskrift om vilkår for og størrelsen på «ytelser til tiltaksdeltakere og andre arbeidssøkere». Etter ordlyden var forskriftsheimelen då ikkje avgrensa til tiltakspengar.
Føresegna blei endra frå 1. januar 2016, jf. Prop. 115 L (2014–2015) Endringer i folketrygdloven mv. (stønader til enslig mor eller far og tilleggsstønader til tiltaksdeltakere), slik at første ledd no berre gir departementet heimel til å gi forskrifter om tiltakspengar. I proposisjonen punkt 11.4 kjem det fram at ein ønskte å lovfeste målgruppa for og vilkåra for rett til tiltakspengar i arbeidsmarknadslova. Tiltakspengar var på dette tidspunktet den aktuelle livsopphaldsytinga for deltakarar i arbeidsmarknadstiltak. Ein konsekvens av lovendringa var at forskriftsheimelen blei avgrensa til å gjelde berre tiltakspengar.
Departementet meiner at ein ved forsøk med arbeidsmarknadstiltak bør ha moglegheit til å kunne gi andre ytingar enn tiltakspengar med heimel i arbeidsmarknadslova, dersom andre ytingar framstår som meir formålstenlege. Dette vil gjere det mogleg for departementet å kunne gi forskrift både om andre livsopphaldsytingar, men også andre ytingar, mellom anna reisestønad. Ein særskilt forskriftsheimel i arbeidsmarknadslova § 13 er vidare ein nødvendig føresetnad for at deltakarane i forsøket med ungdomsprogram skal kunne få ei anna inntektssikring enn tiltakspengar.
Departementet foreslår ein ny heimel til å gi forskrift om ytingar under deltaking i forsøk med arbeidsmarknadstiltak i eit nytt fjerde ledd i § 13.
Sjå forslaget til endring av arbeidsmarknadslova § 13.
Departementet foreslår at endringane tar til å gjelde straks. Endringa har venteleg ikkje økonomiske konsekvensar. Administrative konsekvensar vil bli handtert innanfor den gjeldande budsjettramma.