10 Merknadar til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
Endringane i folketrygdova
Til innhaldsforteikninga m.m.
Den innleiande oversikta og dei kapittelvise innhaldslistene blir oppheva.
Sjå punkt 9.1.
Til overskrifta «V. Forsørgingstillegg» i kapittel 3
Opphevinga av overskrifta «V. Forsørgingstillegg» i kapittel 3 er ei teknisk tilpassing til at føresegnene om forsørgingstillegg blir oppheva.
Sjå punkt 9.2.
Til § 3-3
Paragrafen gir reglar om særtillegg. Det går fram av sjette ledd at ein pensjonist som oppfyller vilkåra for rett til ektefelletillegg i § 3-24 første og fjerde ledd for forsørga ektefelle over 60 år, får særtillegg med to gonger ordinær sats. Opphevinga av § 3-24 gjer at § 3-3 må omformulerast. Endringane i sjette ledd inneber ei vidareføring av gjeldande rett sjølv om § 3-24 blir oppheva.
Sjå punkt 9.2.
Til §§ 3-24 til 3-26
Paragrafane gir reglar om forsørgingstillegg. Utbetalinga av tillegg har vore gradvis redusert sidan 2023 og fell heilt bort frå 1. januar 2025. Reglane kan derfor opphevast.
Sjå punkt 9.2.
Til § 4-5
Folketrygdlova § 4-5 gjeld vilkåret for rett til dagpengar, om å vere reell arbeidssøkar. I praksis blir det stilt krav om å vere registrert som arbeidssøkar hos Arbeids- og velferdsetaten, og dette bør gå klart fram av lova. For å synleggjere at vilkåra som er stilt opp i første ledd er kumulative, blir eit «og» lagt til før bokstav d.
Sjå punkt 9.3.1.
Til § 4-9
Folketrygdlova § 4-9 gjeld ein eigenandel som blir trekt i den eller dei første dagpengeutbetalingane. Eigenandelen erstatta frå og med 2024 den tidlegare ventetida. Å bruke omgrepet ventedagar i den gjeldande regelen kan verke forvirrande og bør derfor bli tatt ut av § 4-9. I tillegg blir det gjort ei språkleg justering.
Sjå punkt 9.3.3.
Til §§ 4-10, 4-15, 4-16 og 4-20
Etter folketrygdlova § 4-10 kan dagpengemottakarane få vedtak om forlenga ventetid på anten 18 eller 26 veker dersom dei sjølv er skuld i at dei er arbeidslause. Sidan den tidlegare ventetida etter § 4-9 er erstatta med ein eigenandel, bør omgrepet «forlenga ventetid» ikkje lenger nyttast. Departementet foreslår å erstatte omgrepet med «sanksjonsperiode». I §§ 4-15, 4-16 og 4-20 blir omgrepet nytta ved at det er vist til § 4-10. Omgrepet blir endra tilsvarande i desse reglane. I tillegg blir det gjort nokre mindre språklege endringar i § 4-10 tredje ledd og § 4-20 femte ledd, som heller ikkje har noko materielt innhald.
Sjå punkt 9.3.3 og 9.3.6.
Til § 4-21
Folketrygdlova § 4-21 gir reglar om bortfall av retten til dagpengar når vilkåra ikkje lenger er til stades. Det blir no gitt reglar som tydeleggjer at dagpengeretten ikkje berre fell bort når vilkåret om å vere reell arbeidssøkar ikkje er oppfylt, men også når dei andre vilkåra for rett til dagpengar ikkje lenger er til stades. Samtidig blir konsekvensen av bortfall tydelegare, gjennom ein ny heimel til å gi forskrifter med nærmare regler om i kva tilfelle Arbeids- og velferdsetaten skal eller kan fatte vedtak om stans av dagpengane, og frå kva for eit tidspunkt bortfallet får verknad.
Sjå punkt 9.3.2.
Til 4-23
Ordlyden i § 4-23 blir endra slik at den samsvarar med gjeldande praksis om at retten til dagpengar fell bort ved utgangen av den månaden medlemmen fyller 67 år.
Sjå punkt 9.3.4.
Til § 4-26
Folketrygdlova § 4-26 første ledd bokstav a blir endra, slik at det går fram at dagpengane no berre skal bli reduserte med utbetalingar av ei offentleg tenestepensjon som ikkje er utforma i samsvar med prinsippa om nøytralt og fleksibelt uttak. Dagpengane blir ikkje samordna med offentleg tenestepensjon som er utforma i tråd med desse prinsippa.
Sjå punkt 2.
Til § 8-49
Tidlegare var det nødvendig å presisere at retten til sjukepengar etter § 8-49, også gjaldt i ventetida etter dågjeldande § 4-9, det vil seie før utbetalingane starta. Etter at ventetida er erstatta med ein eigenandel, blir dagpengeperioden og -utbetalingane starta den dagen dagpengane blir innvilga med verknad frå. Ordlyden i § 8-49 første ledd første punktum blir endra i samsvar med dette.
Sjå punkt 9.3.3.
Til § 11-4
Første ledd blir endra, og det blir også lagt til eit nytt andre punktum. Endringa lovfestar praksisen om at arbeidsavklaringspengar kan bli gitt til og med utløpet av den månaden medlemmen fyller 67 år.
Sjå punkt 9.4.1.
Til § 11-13
Første ledd blir endra, slik at det går klart fram at det ikkje skal stillast krav til varigheita av den nedsette arbeidsevna til medlemmen ved vurdering av retten til å få arbeidsavklaringspengar etter folketrygdlova § 11-13. Endringa inneber inga endring i praksis.
Dei andre endringane i føresegna er reint språklege forbetringar.
Sjå punkt 9.4.2.
Til opphevinga av § 11-16
Føresegna blir oppheva.
Sjå punkt 9.4.3.
Til § 11-18
Første ledd første punktum blir endra, slik at arbeidsavklaringspengar kan bli gitt i inntil åtte månader i eitt vedtak når ein mottakar av arbeidsavklaringspengar skal vurderast for uføretrygd. Ettersom det skal kunne bli gitt arbeidsavklaringspengar i inntil åtte månader i eitt vedtak, blir første ledd andre og tredje punktum oppheva som overflødige.
Sjå punkt 9.4.4.
Til § 12-15
Paragrafen gir reglar om barnetillegg, og tredje ledd har regler om utbetaling av barnetillegg når barnet blir forsørga av fleire som mottek uføretrygd eller alderspensjon. Tillegget skal utbetalast til den som har rett til høgast tillegg. Endringa i tredje ledd første punktum inneber at tilvisinga til alderspensjon går ut, og er ei tilpassing til at alderspensjonistar ikkje har rett til barnetillegg frå og med januar 2025.
Sjå punkt 9.2.
Til § 13-2
Andre ledd er av informativ karakter og gir ei oversikt over kvar i lova berekningsreglane ved yrkesskade står. Den har i seg sjølv ingen rettsskapande verknad. I niande strekpunkt blir det informert om at reglar om barnepensjon står i § 18-11, det rette er § 18-10. Nytt ellevte strekpunkt informerer om at reglar om ny alderspensjon står i § 20-10 fjerde ledd og § 20-7 a niande ledd, som heimlar forskrift 22. desember 2009 nr. 1810 kap. 2, del III, med nærmare reglar om korleis inntekta skal fastsettast når uførleiken heilt eller delvis kjem frå ein yrkesskade. Det nye strekpunktet gjer det nødvendig med ei teknisk endring i tiande strekpunkt.
Sjå punkt 9.5.
Til § 13-11
Føresegna omhandlar deltakarar i arbeidsretta tiltak. På grunnlag av ei lovendring i 2021 er tilvisinga i første ledd første punktum til introduksjonslova erstatta med integreringslova.
Sjå punkt 9.5.
Til § 19-3
Paragrafen gir reglar om vedvarande medlemskap i folketrygda for rett til alderspensjon. Tredje ledd andre punktum gir reglar om berekning av ektefelletillegg og barnetillegg etter §§ 3-24 og 3-25 for alderspensjonist som ikkje er medlem i trygda. Opphevinga av tredje ledd andre punktum er ei tilpassing til at §§ 3-24 og 3-25 blir oppheva.
Sjå punkt 9.2.
Til § 19-8
Paragrafen gir reglar om minste pensjonsnivå for alderspensjon etter kapittel 19, mellom anna kva for satsar som gjeld for den einskilde alderspensjonisten. Det går fram av sjette ledd at det skal fastsettast ein særskild sats for personar som fyller vilkåra i folketrygdlova § 3-24 første og fjerde ledd for rett til ektefelletillegg for forsørgd ektefelle over 60 år. Endringane i sjette ledd bokstav b inneber ei vidareføring av gjeldande rett sjølv om § 3-24 blir oppheva.
Sjå punkt 9.2.
Til § 19-9 a
Paragrafen gjeld skjermingstillegg i alderspensjonen til nokon årskull som har uføretrygd ved fylte 67 år. Endringa i overskrifta inneber at også personar fødde i 1954 til 1962 er omfatta av ordninga. Første ledd blir endra tilsvarande. Det er inga endring i det at tillegget til personar som er fødde i 1944 til 1953 skal skjerma vedkommande for 0,25 prosentpoeng av verknaden av levealdersjusteringa etter folketrygdlova § 19-6. Det nye er at prosentsatsen i tillegget for årskulla 1954–1962 blir sette lik satsen til 1953-kullet.
Sjå punkt 3.
Til § 20-4
I tredje ledd blir «inntekstskatt» endra til «inntektsskatt».
Sjå punkt 9.6.
Til § 22-16
Paragrafen gir reglar om avrekning i framtidige ytingar når det er gjort feilutbetalingar fordi mottakarens inntekt har vore høgare enn forutsett, og gjeld mellom anna feilutbetalte ektefelletillegg og barnetillegg som kan reduserast etter § 3-26. Opphevinga av andre ledd bokstav a inneber at tilvisinga til forsørgingstillegga i alderspensjon blir tatt ut, og er ei tilpassing til at §§ 3-24 til 3-26 blir oppheva. Bokstavane b, c, d og e blir nye a, b, c og d.
Sjå punkt 9.2.
Endringane i lov om Statens pensjonskasse
Til § 15
I andre ledd andre punktum blir dagens heimel til å fastsette vilkåra for at eit mellombels høgare pensjonsgrunnlag skal få verknad for pensjonsberekninga utvida til også å gjelde fastsetting av når eit tidlegare høgare pensjonsgrunnlag skal inngå i pensjonsberekninga.
Sjå punkt 6.
Til § 29
Det blir fastslått i første ledd fjerde punktum at overgangsstønad frå folketrygda ikkje inngår i inntektsprøvinga av uførepensjonen. Endringa inneber ei presisering av at overgangsstønaden ikkje inngår i inntektsprøvinga også når uførepensjonen er berekna som ein bruttopensjon, det vil seie i dei tilfella det ikkje ligg føre noka uføreyting frå folketrygda, ikkje berre når uførepensjonen er ein nettoberekna pensjon. Overgangsstønaden kan vere gitt etter folketrygdlova kapittel 15 og kapittel 17 A. Endringa gjer femte punktum overflødig og kan opphevast.
Sjå punkt 9.9.
Endringane i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.
Til § 8
I nr. 2 andre ledd andre punktum blir dagens heimel til å fastsette vilkåra for at eit mellombels høgare pensjonsgrunnlag skal få verknad for pensjonsberekninga utvida til også å gjelde fastsetting av når eit tidlegare høgare pensjonsgrunnlag skal inngå i pensjonsberekninga.
Sjå punkt 6.
Til § 12
Det blir fastslått i første ledd fjerde punktum at overgangsstønad frå folketrygda ikkje inngår i inntektsprøvinga av uførepensjonen. Endringa inneber ei presisering av at overgangsstønaden ikkje inngår i inntektsprøvinga også når uførepensjonen er berekna som ein bruttopensjon, det vil seie i dei tilfella det ikkje ligg føre noka uføreyting frå folketrygda, ikkje berre når uførepensjonen er ein nettoberekna pensjon. Overgangsstønaden kan vere gitt etter folketrygdlova kapittel 15 og kapittel 17 A. Endringa gjer femte punktum overflødig og kan opphevast.
Sjå punkt 9.9.
Endringane i samordningslova
Til § 18
I nr. 3 blir omtalen av bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning tatt ut av føresegna. Det kjem av at det ikkje lenger er nokon som får slik pensjon.
Sjå punkt 9.11.
Til § 22
I nr. 1 blir omtalen av bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning tatt ut av føresegna. Det kjem av at det ikkje lenger er nokon som får slik pensjon.
Sjå punkt 9.11.
Til § 23
Nr. 1 bokstav c blir oppheva fordi det ikkje lenger er nokon som får slik bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning.
Sjå punkt 9.11.
Til § 24 a
Det blir presisert i overskrifta at paragrafen gjeld samordning av alderspensjon frå tenestepensjonsordning med alderspensjon etter folketrygdlova kapittel 20 for medlemmer fødd i 1954 eller seinare som ikkje er omfatta av påslagspensjon mv. frå offentleg tenestepensjonsordning, jf. lov om Statens pensjonskasse kapittel 5 a og tilsvarande regelverk.
Sjå punkt 9.10.
Til § 24 c
Det blir presisert i overskrifta at paragrafen gjeld samordning av oppsett alderspensjon frå tenestepensjonsordning med alderspensjon frå folketrygda for medlemmer fødd i 1963 eller seinare som er omfatta av påslagspensjon mv. frå offentleg tenestepensjonsordning, jf. lov om Statens pensjonskasse kapittel 5 a og tilsvarande regelverk.
Sjå punkt 9.10.
Endringa i lov om pensjonsordning for sykepleiere
Til § 15
Det blir fastslått i første ledd fjerde punktum at overgangsstønad frå folketrygda ikkje inngår i inntektsprøvinga av uførepensjonen. Endringa inneber ei presisering av at overgangsstønaden ikkje inngår i inntektsprøvinga også når uførepensjonen er berekna som ein bruttopensjon, det vil seie i dei tilfella det ikkje ligg føre noka uføreyting frå folketrygda, ikkje berre når uførepensjonen er ein nettoberekna pensjon. Overgangsstønaden kan vere gitt etter folketrygdlova kapittel 15 og kapittel 17 A. Endringa gjer femte punktum overflødig og kan opphevast.
Sjå punkt 9.9.
Endringane i arbeidsmarknadslova
Til § 13
I forslaget til nytt fjerde ledd får departementet heimel til å gi forskrift om ytingar til deltakarar i forsøk med arbeidsmarknadstiltak. I dag gir første ledd andre punktum heimel til å gi forskrift om størrelsen på og vilkåra for tiltakspengar, og det er behov for ein heimel til å kunne gi andre ytingar enn tiltakspengar for deltakarar i forsøk med arbeidsmarknadstiltak.
Sjå punkt 5.
Til § 22
Paragrafen inneheld ei tilvising til folketrygdlova § 22-17. Etter at § 22-17 blei endra med verknad frå 1. januar 2009, er korrekt tilvising i første ledd folketrygdlova § 22-17 a.
Sjå punkt 9.7.
Endringane i statsborgarlova
Til § 2
I paragrafen er det gitt informasjon om kva for instansar som har myndigheit etter lova. Det kjem vidare fram av § 29 a at organ nemnde i § 2 kan behandle personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for å utøve styresmakt eller utføre andre oppgåver etter lova. Sysselmeisteren på Svalbard er ikkje eksplisitt nemnd som sjølvstendig behandlingsansvarleg i lova. I og med at sysselmeisteren ikkje er nemnd, er det dei alminnelege reglane i personvernlovgivinga som gjeld, noko som ikkje er til hinder for at Sysselmeisteren blir rekna som behandlingsansvarleg. Forslaget til endring i første ledd gjer det tydeleg at Sysselmeisteren har styresmakt i statsborgarsaker og såleis kan behandle personopplysningar til eigne formål, på same måte som andre aktørar som behandlar saker etter statsborgarlova.
Sjå punkt 9.8.1.
Til § 7
Statsborgarlova § 7 tredje ledd regulerer unntak frå kravet om løyve med minst eitt års varigheit for vurderingar etter statsborgarlova § 7 første ledd bokstav e, §§ 11, 12, 15, 16, 17 og 18. Statsborgarlova §§ 10 og 16 a er ved ein inkurie ikkje nemnt i føresegna. Dette blir foreslått retta opp i slik at føresegna har rette tilvisingar.
Sjå punkt 9.8.2.
Til § 29 b
Første ledd bokstav j viser til «Kompetanse Norge», som sidan 1. juni 2021 har blitt ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Omtalen av pliktsubjektet i føresegna blir derfor foreslått endra til «Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse».
Sjå punkt 9.8.3.
Endringane i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem
Endring i tittelen på lova
Ordet «statlig» blir tatt vekk i tittelen på lova slik at oppdragstakarar i beredskapsheim og spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune også blir omfatta av lova.
Sjå punkt 7.
Til § 1
Det blir presisert i første ledd at oppdragstakarar i beredskapsheim eller spesialisert fosterheim med avtale med Oslo kommune er omfatta av lova.
Sjå punkt 7.
Endringa i AFP-tilskottsloven
Til § 7
I forslaget til første ledd nytt femte punktum blir det gitt heimel for Arbeids- og velferdsdirektoratet til å fastsette forholdstal for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare ut frå prinsippa som kjem fram av folketrygdlova § 19-7. Slik fastsetting av forholdstal er nødvendig for fastsettinga av avtalefesta pensjon.
Sjå punkt 9.12.
Endringane i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse
Til § 3
Paragrafen gir reglar om utforming av AFP. Første ledd bokstav b fjerde punktum fastslår at «Forsørgingstillegg ytes etter reglene for alderspensjon i folketrygdloven § 3-24, men slik at det bare ytes tillegg for forsørging av ektefelle som er 60 år eller eldre.» Opphevinga av denne setninga er ei tilpassing til at reglane om forsørgingstillegg etter folketrygdlova § 3-24 blir oppheva.
Sjå punkt 9.2.
Til § 4
Paragrafen gir reglar om regulering av pensjonen. Endringa av første ledd femte punktum om regulering ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månadene juni til april, er ei tilpassing til at reglane om forsørgingstillegg etter folketrygdlova § 3-24 blir oppheva.
Sjå punkt 9.2.
Til § 7
I første ledd tredje punktum blir ordet «tariffavtale» endra til «avtale» slik at anna stilling med offentleg AFP blir likestilt med stilling omfatta av føresegnene i AFP-lova dersom slik stilling gjer at krava som blir stilte i AFP-lova og den tilhøyrande forskrifta blir oppfylte. Slike stillingar er mellom anna knytt til stillingar i kommunal sektor og stillingar i helsesektoren.
Sjå punkt 8.3.2.
Til § 8
I første ledd bokstav a første punktum blir ordet «tariffavtale» endra til «avtale» slik at anna stilling med offentleg AFP blir likestilt med stilling omfatta av føresegnene i AFP-lova dersom slik stilling gjer at krava som blir stilte i AFP-lova og den tilhøyrande forskrifta blir oppfylte. Slike stillingar er mellom anna knytt til stillingar i kommunal sektor og stillingar i helsesektoren.
Sjå punkt 8.3.2.
Til § 9
I første ledd bokstav a første punktum blir ordet «tariffavtale» endra til «avtale» slik at anna stilling med offentleg AFP blir likestilt med stilling omfatta av føresegnene i AFP-lova dersom slik stilling gjer at krava som blir stilte i AFP-lova og den tilhøyrande forskrifta blir oppfylte. Slike stillingar er mellom anna knytt til stillingar i kommunal sektor og stillingar i helsesektoren.
Sjå punkt 8.3.2.
Til § 13
I tredje ledd får Statens pensjonskasse ein tydeleg heimel til å innhente nødvendige lønnsopplysningar og opplysningar om pensjonsgivande inntekt frå skattestyresmaktene. Sjå punkt 8.3.3.
I sjuande ledd blir det gitt ein heimel for Statens pensjonskasse til å inngå ein avtale med dei andre pensjonsleverandørane av offentleg AFP om kostnadsfordelinga. Avtala må bli godkjend av departementet.
Sjå punkt 8.3.1.
Endringane i lov om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (opphevelse av minstegrensen for rett til medlemskap)
Til del II
Gjennom endringa blir det innført ei overgangsordning for pensjonistar født før 1965 der det blir gitt unntak for innmelding i pensjonsordninga for apotektilsette når dei har ein eller fleire stillingar som til saman er mindre enn 20 prosent av full stilling. Endringa skjer gjennom å legge til eit nytt § 1 første ledd andre punktum i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.
Sjå punkt 4.
Til del III
Gjennom endringa blir det innført ei overgangsordning for pensjonistar født før 1965 der det blir gitt unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar når dei har ein eller fleire stillingar som til saman er mindre enn 20 prosent av full stilling. Endringa skjer gjennom å legge til eit nytt § 3 første ledd tredje punktum i lov om pensjonsordning for sykepleiere. I første punktum blir ordet «sykepleiere» endra til «sykepleier». Denne siste endringa inneber inga realitetsendring.
Sjå punkt 4.
Føresegna om ikraftsetjing
I del XII i forslag til endringslov er det gitt føresegner om når loven tar til å gjelde.
Endringane i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv., lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser og lov om pensjonsordning for sykepleiere gjeld frå den tid Kongen fastset.
Endringane i folketrygdlova gjeld straks, med unntak av opphevinga av overskrifta «V. Forsørgingstillegg» i kapittel 3 og endringane i §§ 3-3, 3-24, 3-25, 3-26, 4-5, 4-9, 4-10, 4-15, 4-16, 4-20, 4-21, 4-23, 4-26, 12-15, 19-3, 19-8 og 22-16, som gjeld frå 1. januar 2025.
Endringane i arbeidsmarknadslova, statsborgarlova, AFP-tilskottslova og lov om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (opphevelse av minstegrensen for rett til medlemskap) gjeld straks. Endringane i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer i Statens pensjonskasse gjeld straks og med verknad frå 1. oktober 2024, med unntak av endringane i §§ 3 og 4 som gjeld frå 1. januar 2025.
Endringane i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem gjeld frå 1. juli 2025.