Prop. 5 L (2024–2025)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2025 m.m.)

Til innhaldsliste

9 Forslag som inneber tydeliggjering, lovfesting av praksis, språklege justeringar m.m.

9.1 Oppheving av innhaldslistene i folketrygdlova

9.1.1 Innleiing og bakgrunn

I folketrygdlova er det i dag ei innhaldsliste i innleiinga til loven, og kvart enkelt kapittel begynner med ei liste med strekpunkt som viser kva som er regulert i dei enkelte paragrafane. Desse listene er ein del av sjølve lova. Departementet foreslår å ta den innleiande oversikta og dei kapittelvise innhaldslistene ut av folketrygdlova. Formålet er å gjera lova mindre omfattande og dermed meir lesevennleg. Oppheving av innhaldslistene vil også medføre lovtekniske fordelar ved at det ikkje lenger blir nødvendig å justere listene kvar gong lova bli endra.

På lovdata.no er det no eigne innhaldslister for alle lover. Denne gir oversikt over føresegnene i lova, og løyser dei omsyna som både den innleiande oversikta over korleis folketrygdlova er oppbygd, og dei kapittelvise innhaldslistene var meint å løyse. Derfor er det ikkje lenger nødvendig å ha denne type innhaldslister som ein integrert del av lovteksten i folketrygdlova.

9.1.2 Høyring

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende eit forslag til endring av folketrygdlova på høyring 16. mai 2022, til følgande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Trygderetten

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Fellesforbundet

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets hovedorganisasjon

  • Parat

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Jussbuss

  • Jussformidlingen

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Tromsø

Følgande høyringsinstansar har merknadar:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Rettspolitisk forening

Følgande høyringsinstansar har svara at dei ikkje har merknadar:

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

Hovudpunkta i høyringsfråsegna frå Arbeids- og velferdsdirektoratet er for det første at direktoratet meiner at den generelle innhaldslista i gratisversjonen til Lovdata ikkje er tilstrekkeleg. Forslaget om å fjerne innhaldslistene kan derfor få negative konsekvensar for dei som ikkje har tilgang til Lovdata si betalingsteneste. Vidare framhevar Arbeids- og velferdsdirektoratet at det er ein del av befolkninga som ikkje brukar digitale verktøy, og at ikkje-digitale lesarar vil oppleve lova som mindre brukarvennleg.

Rettspolitisk forening framset dei same argumenta mot opphevinga, som Arbeids- og velferdsdirektoratet.

9.1.3 Vurderingar og forslag

Departementet meiner at dei utfordringane Arbeids- og velferdsdirektoratet og Rettspolitisk forening beskriv, er marginale. Også gratisutgåva av Lovdata har ei innhaldsliste. Vidare utgjer ikkje-digitale brukarar ein svært avgrensa del av brukarane av lova. Departementet meiner at innhaldslistene er overflødige og at lova blir meir oversiktleg og lesevennleg utan dei. Ulempene endringa inneber, må reknast som minimale.

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova om oppheving av innhaldslistene.

9.2 Oppheving av føresegner om ektefelletillegg og barnetillegg til alderspensjon – folketrygdlova kapittel 3, 12 og 19 m.m.

Folketrygdlova §§ 3-24 til 3-26 har reglar om forsørgingstillegg til personar som mottek gammal alderspensjon. I lov 18. desember 2020 nr. 140, som tredde i kraft 1. mars 2021, har Stortinget vedtatt ei gradvis utfasing av tillegga (barnetillegg og ektefelletillegg). Det har ikkje vore innvilga nye tillegg for krav med verknadstidspunkt etter 1. januar 2022, og frå 1. januar 2023 har utbetalinga av gjeldande tillegg vore gradvis redusert. Frå 1. januar 2025 fell alle tillegga heilt bort. Sjå Prop. 15 L (2020–2021) Endringer i folketrygdloven (utfasing av forsørgingstillegg til alderspensjon) og Innst. 127 L (2020–2021). Reglane om den gradvise utfasinga framgår av lova.

Når utbetalinga av tillegg stansar frå årsskiftet, er det verken nødvendig eller naturleg å vidareføre reglane om forsørgingstillegg og utfasinga av desse. Reglane framgår av § 3-24 om ektefelletillegg, § 3-25 om barnetillegg og § 3-26 om inntektsprøving av tillegga. Departementet foreslår at desse tre paragrafane blir oppheva frå 1. januar 2025.

Folketrygdlova § 3-3 har reglar om særtillegg. Det går fram av sjette ledd at ein alderspensjonist som fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg i § 3-24 første og fjerde ledd for forsørgd ektefelle over 60 år, har rett til eit særtillegg på to gonger ordinær sats. Særtillegg til personar fødd frå og med 1943 blei avvikla for nye tilfelle frå 1. januar 2011. Alderspensjonistar fødd før 1943 skal framleis få særtillegg etter § 3-3 så lenge vilkåra er oppfylde. Særtillegg kan også gis til mottakarar av AFP utforma som ei tidlegpensjonsordning i alderen 62 til 65 år. Som følge av at § 3-24 blir oppheva, foreslår departementet derfor ei lovteknisk tilpassing i § 3-3 sjette leddet. Endringa inneber at vilkåra for å få det høge særtillegget, slik dei i dag framgår av § 3-24, blir vidareført.

Frå 1. januar 2011 blei det innført reglar om eit minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 til personar fødd frå og med 1943, til erstatning for den gamle minstepensjonen som bestod av grunnpensjon og særtillegg. Reglane om minste pensjonsnivå gjeld for personar fødd til og med 1962, som er det siste årskullet som vil få delar av sin alderspensjon berekna etter folketrygdlova kapittel 19 (gammal alderspensjon). I § 19-8 sjette ledd bokstav b framgår ein særskild sats for minste pensjonsnivå for personar som forsørger ektefelle over 60 år. Vilkåra for å få denne satsen er, på same måte som for det gamle særtillegget, knytta til § 3-24 første og fjerde leddet. Det er mellom anna krav til at ektefellen ikkje mottek alderspensjon eller uføretrygd, og at inntekta til ektefellen ikkje må vere høgare enn grunnbeløpet. I Prop. 108 L (2020–2021) Endringer i folketrygdloven og sosialtjenesteloven (samleproposisjon våren 2021) uttalte departementet (punkt 2.2):

«Departementet viser videre til at det ved lov 18. desember 2020 nr. 140 er vedtatt at ektefelletilleggene til alderspensjon skal fases ut gradvis fra 1. januar 2022. I prinsippet vil det kunne ytes alderspensjon med særskilt sats etter § 19-8 sjette ledd bokstav b så lenge det finnes personer som mottar alderspensjon etter folketrygdloven kapittel 19. Når ektefelletilleggene er fullt utfaset fra 1. januar 2025, vil det være naturlig å oppheve § 3-24, noe som gjør det nødvendig å forankre vilkårene for særskilt sats for minste pensjonsnivå i en annen bestemmelse. Departementet vil komme tilbake til dette.»

Det framgår av dette at viss dei noverande vilkåra i § 3-24 første og fjerde ledd er oppfylt, skal det framleis bli gitt alderspensjon etter den særskilde satsen, sjølv om § 3-24 blir oppheva. Satsen har som nemnt ovanfor betydning for alderspensjonistar fødd til og med 1962, som er det siste årskullet som vil få delar av alderspensjonen sin berekna etter reglane i folketrygdlova kapittel 19.

Departementet foreslår ei lovteknisk tilpassing i § 19-8 sjette ledd bokstav b. Endringa inneber at vilkåra for å få den særskilde satsen, slik dei i dag framgår av § 3-24, blir vidareført.

Reglane om høgt særtillegg og særskild sats omfattar svært få personar. Ved utgangen av 2023 var det 479 mottakarar til saman.

Departementet foreslår også at føresetnaden om at den forsørgde ektefellen må ha fylt 60 år blir utleidde direkte av §§ 3-3 og 19-8. Dette er ei språkleg omskriving og inneber ingen endringar.

Folketrygdlova § 19-3 har reglar om kva krav til medlemskap i folketrygda som gjeld for retten til alderspensjon. Det framgår av andre punktum i tredje ledd at ektefelletillegg og barnetillegg etter §§ 3-24 og 3-25 blir berekna på grunnlag av same trygdetid som grunnpensjonen blir ytt med når butida er mindre enn 20 år. Denne føresegna om ektefelle- og barnetillegg blir overflødig når tillegga fell bort, og departementet foreslår at ho blir oppheva.

Barnetillegget til uførepensjonistar er urørt av endringane nemnt ovanfor. Det går fram av folketrygdlova § 12-15 tredje ledd at når eit barn blir forsørga av fleire som mottek uføretrygd eller alderspensjon, blir tillegget ytt til den som har rett til det høgaste tillegget. Då ingen alderspensjonistar vil få barnetillegg etter 1. januar 2025, foreslår departementet å ta ut tilvisinga til alderspensjon.

Folketrygdlova § 22-16 har reglar om avrekning av feilutbetalingar som skuldest for høg inntekt, og gjeld som det framgår av andre ledd bokstav a mellom anna for ektefelletillegg og barnetillegg som kan reduserast etter § 3-26. Bokstav a i andre ledd blir overflødig når tillegga fell bort, og departementet foreslår at denne føresegna blir oppheva.

Folketrygdlova § 22-8 har reglar om frådrag ved etterbetaling av pensjon mv., og første ledd første punktum gjeld etterbetalingar av ytingar til person som har vore forsørga av ein person som har fått utbetalt ektefelletillegg eller barnetillegg. Regelen kan vere aktuell å anvende etter 1. januar 2025, og departementet foreslår ingen endringar no, men vil gjere ei ny vurdering etter ei tid.

Opphevinga av forsørgingstillegga gjer at overskrifta for lovas del V i kapittel 3 «Forsørgingstillegg» også må opphevast.

Det er også behov for tilpassing av lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse. Her er det tilvisingar til reglar om forsørgingstillegg etter folketrygdlova i §§ 3 og 4. Desse bør også bli endra samtidig med endringane i folketrygdlova. Departementet foreslår å oppheve § 3 bokstav b, fjerde punktum der det kjem fram at «Forsørgingstillegg ytes etter reglene for alderspensjon i folketrygdloven § 3-24, men slik at det bare ytes tillegg for forsørging av ektefelle som er 60 år eller eldre. Forsørgingstillegg blir ytt etter reglane for alderspensjon i folketrygdlova § 3-24, men slik at det berre blir tillegg ytt for forsørging av ektefelle som er 60 år eller eldre.» Det er ikkje lenger behov for denne føresegna. Forslaget gjeld også omarbeiding av § 4 første ledd, femte punktum gjennom å fjerna orda «og forsørgingstillegg» i denne setninga: «Ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månedene juni til april reguleres pensjonen, unntatt AFP-tillegg og forsørgingstillegg, med en faktor som består av lønnsvekst og av gjennomsnittlig lønns- og prisvekst, vektet ut fra når i denne perioden pensjonen ble tatt ut.»

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova, overskrifta «V. Forsørgingstillegg» i kapittel 3, §§ 3-3, 3-24, 3-25, 3-26, 12-15, 19-3,19-8 og 22-16, og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse §§ 3 og 4.

9.3 Endringar i regelverket for dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova kapittel 4

9.3.1 Tydeleggjering av plikta til å registrere seg som arbeidssøkar – folketrygdlova § 4-5

Det følger av folketrygdlova § 4-8 at ein må melde seg som arbeidssøkar til Arbeids- og velferdsetaten for å ha rett til dagpengar. Arbeids- og velferdsetaten bestemmer korleis meldeplikta skal gjennomførast. I praksis gjeld den same framgangsmåten her som i arbeidsmarknadslova § 10, som gir alle med lovleg opphald i Noreg, rett til å registrere seg som arbeidssøkar hos Arbeids- og velferdsetaten. Registreringa etter arbeidsmarknadslova er ikkje knytt til retten til økonomiske ytingar, og arbeidsmarknadslova pålegg heller inga plikt til å registrere seg som arbeidssøkar.

Den plikta som dagpengemottakarane har til å registrere seg hos Arbeids- og velferdsetaten, er ein nødvendig føresetnad for å kunne reknast som reell arbeidssøkar, men denne koplinga går ikkje særleg klart fram av det gjeldande dagpengeregelverket.

På bakgrunn av dette sende Arbeids- og inkluderingsdepartementet på høyring eit forslag om at plikta til å registrere seg som arbeidssøkar blir tatt inn i kravet om å vere reell arbeidssøkar i folketrygdlova § 4-5, sjå nedanfor punkt 9.3.5.

9.3.2 Tydeleggjering av heimelen for å stanse dagpengar når vilkåra ikkje er til stades – folketrygdlova § 4-21

Etter folketrygdlova § 4-21 fell retten til dagpengar bort dersom vilkåret om å vere reell arbeidssøkar, jf. folketrygdlova § 4-5, ikkje lenger er til stades. I slike tilfelle kan dagpengane bli stansa. Ein dagpengemottakar som har lengre feriefråvær, er sjuk eller let vere å melde seg for å oppretthalde registreringa som arbeidssøkar etter folketrygdlova § 4-8, blir ikkje rekna for å vere reell arbeidssøkar, og kan i praksis få dagpengane stansa. Sjå også § 4-5, slik denne blir foreslått endra, jf. ovanfor i punkt 9.3.1. Dagpengane blir i dag stansa automatisk dersom mottakaren ikkje lenger er registrert som arbeidssøkar. Dei andre tilfella blir behandla manuelt.

Dagpengemottakarar som er sjukmelde eller som tar ferie, fyller ikkje vilkåret om å vere reell arbeidssøkar, og retten til dagpengar fell bort. At dagpengane då fell bort, følger dermed av § 4-21.

Det følger av den generelle regelen i folketrygdlova § 21-6 at innvilga ytingar kan bli stansa ved endringar i forhold som har betydning for retten til ytingane. Når det gjeld dagpengar, kan slike endra forhold for eksempel vere at ein dagpengemottakar har arbeid av eit omfang som gjer at kravet om minst 50 prosent arbeidstidsreduksjon ikkje er oppfylt. Sidan 1990-tallet har praksis vore at dagpengane automatisk blir stansa dersom kravet til redusert arbeidstid ikkje har vore oppfylt i tre påfølgande meldeperiodar (til saman seks veker) og det ikkje har blitt utbetalt dagpengar. Vilkåret om å vere arbeidslaus og kravet om tilstrekkeleg tap av arbeidstid går fram av folketrygdlova § 4-3. At dagpengane fell bort fordi vilkåret ikkje er oppfylt, og at dagpengane derfor kan bli stansa, går ikkje like tydeleg fram i desse tilfella, sidan det ikkje gjeld ein tilsvarande regel om bortfall her som etter § 4-21.

Det er vidare praksis at dagpengemottakarar blir tatt ut av arbeidssøkarregisteret når dei ikkje har meldt seg innan fristen, jf. folketrygdlova § 4-8 andre ledd. Som ein konsekvens av dette, blir dagpengane stansa. Mottakarane blir også tatt ut av arbeidssøkarregisteret og får dagpengane stansa etter å ha gitt uttrykkeleg melding om at hun eller han ikkje lenger ønsker å stå tilmeldt som arbeidssøkar. Ei slik melding kan blant anna bli gitt via e-meldinga (meldekortet) til Arbeids- og velferdsetaten, som dagpengemottakarane sender kvar 14. dag.

Høvet til å kontrollere om vilkåra for retten til dagpengar er til stades i heile dagpengeperioden blir ivaretatt gjennom meldeplikta, men fell bort når meldeplikta ikkje blir overhalden. Bakgrunnen for praksisen med å stanse dagpengane på grunn av manglande melding, er soleis i hovudsak eit behov for å kontrollere om vilkåra for dagpengar fortsett er til stades etter lengre opphald i dagpengeperioden. I dag går det ikkje klart fram av § 4-21, sett i samanheng med ordlyden i § 4-5 (kravet om å vere reell arbeidssøkar) og i § 4-8 (meldeplikta), at brot på meldeplikta kan føre til stans av dagpengeperioden.

På bakgrunn av dette sende departementet på høyring eit forslag om å endre § 4-21, slik at gjeldande praksis for stans ved manglande oppfylling av kravet til arbeidstidsreduksjon og stans ved manglande melding, også må gå klarare fram av dagpengeregelverket, sjå nedanfor i punkt 9.3.5 om høyringa. Departementet foreslo også ein ny heimel til å gi meir detaljerte reglar i forskrifter, til dømes om kor lang tid som kan gå utan at vilkåra for rett til dagpengar er oppfylt, før Arbeids- og velferdsetaten kan fatte vedtak om stans.

9.3.3 Språklege justeringar – folketrygdlova §§ 4-9, 4-10, 4-15, 4-16, 4-20 og 8-49

Reglane om ventetid i folketrygdlova § 4-9 blei erstatta av reglar om ein eigenandel frå 1. januar 2024. Praktiseringa av dei nye reglane har vist at det er eit behov for å rydde i omgrepa i folketrygdlova.

For å unngå forvirring mellom omgrepa ventetid og eigenandel, foreslo departementet at omgrepet «ventedager» blir fjerna heilt frå folketrygdlova § 4-9 første ledd. Ved ein inkurie ble omgrepet «ventetid» i §§ 4-16 og 8-49 ikkje endra til «egenandel» i samband med endringa i § 4-9. Departementet foreslår å rette opp dette.

Dagpengemottakarar som blir sjuke, kan få sjukepengar på grunnlag av dagpengar, jf. folketrygdlova § 8-49. På same måte som for den tidlegare ventetida, skal eigenandelen etter § 4-9 ikkje påverke utbetalinga av sjukepengar. Eigenandelen skal derfor ikkje gå til frådrag i sjukepengane. Presiseringa i gjeldande § 8-49, som dessutan er knytt til den tidlegare ventetida, er no unødvendig. Det skuldast at dagpengeperioden no startar den dagen dagpengane blir innvilga med verknad frå, og ikkje først etter avvikling av ei ventetid, slik det var tidlegare. Departementet foreslår å endre ordlyden i folketrygdlova § 8-49 i samsvar med dette.

Departementet foreslo i høyringa også endringar i omgrepa i sanksjonsreglane ved sjølvforskyld arbeidsløyse i folketrygdlova § 4-10. Omgrepet «forlenget ventetid» i gjeldande § 4-10, heng saman med dei tidlegare reglane om ventetid i § 4-9. Sidan ventetida er blitt erstatta med ein rein eigenandel, verkar ordbruken i § 4-10 ulogisk. Omgrepet er også nytta i tilvisingane til § 4-10 i §§ 4-15 og 4-20.

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova §§ 4-9, 4-10, 4-15, 4-16, 4-20 og 8-49.

9.3.4 Tydeleggjering av aldersgrensa for rett til dagpengar – folketrygdlova § 4-23

Det går fram av folketrygdlova § 4-23 at retten til dagpengar fell bort når medlemmen fyller 67 år. Aldersgrensa har samanheng med aldersgrensa for alderspensjon, sjå folketrygdlova kapittel 19 og 20. Ordlyden i § 4-23 kan tilseie at dagpengane fell bort den dagen dagpengemottakaren fyller 67 år, men regelen blir praktisert slik at dagpengemottakarane får utbetalt dagpengar ut månaden dei fyller 67 år. Dette har samanheng med folketrygdlova § 22-12 første ledd, som slår fast at dei ytingane som blir utbetalte med månadsterminar, jf. § 22-10 tredje ledd, blir innvilga med verknad frå og med månaden etter at vilkåra for ytinga er oppfylt. Det gjeld mellom anna for alderspensjon. Skulle ordlyden i § 4-23 bli lagt til grunn, ville dagpengemottakarane stå utan trygdeytingar i resten av dagane av månaden etter 67-årsdagen, sidan alderspensjonen først blir utbetalt frå og med månaden etter den månaden dei fylte 67 år.

Praksisen er langvarig, gir eit rimeleg resultat og er i samsvar med intensjonen om at ein skal kunne få dagpengar fram til den tida ein kan få full alderspensjon. Praksisen bør få tydelig forankring i lovteksten.

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-23.

9.3.5 Høyring

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende forslaga som er nemnd under punkt 9.3.1 til 9.3.3, på ei forkorta høyring 19. august 2024, til følgande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Domstolsadministrasjonen

  • Trygderetten

  • Akademikerne

  • Advokatforeningen

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Fellesforbundet

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Juristforbundet

  • Jussbuss

  • KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Nito

  • Næringslivets hovedorganisasjon

  • Samfunnsbedriftene

  • Tekna

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Høyringsfristen var 13. september 2024.

Følgande høyringsinstansar har merknadar:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Landsorganisasjonen i Norge

Følgande høyringsinstansar har svart at dei ikkje har merknadar:

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Domstolsadministrasjonen

9.3.6 Vurderingar og forslag

I forslaget som har vore på høyring, foreslo departementet mellom anna at det direkte i folketrygdlova § 4-21 blei regulert i kva for tilfelle og tidspunkt dagpengane skulle falle bort. Forslaget var avgrensa til ein klar heimel for stans av dagpengar ved manglande melding etter folketrygdlova § 4-8 og manglande oppfylling av kravet til arbeidstidsreduksjon. I høyringssvaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet går det fram at det tilsvarande er eit behov for å regulere vedtak om stans også i dei andre tilfella kor vilkåra for retten til dagpengar ikkje lenger er til stades. Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner vidare at det i tillegg bør gå fram at vedtak om stans kan gjelde heile meldeperiodar som enno ikkje er berekna.

Departementet er samd med direktoratet i dette, og foreslår at folketrygdlova § 4-21 blir endra slik at det går fram at retten til dagpengar fell bort ikkje berre når ein ikkje lenger reknast som reell arbeidssøkar, men også når vilkåra som går fram av kapittel 4 elles ikkje lenger er oppfylt.

Departementet foreslår å vidareføre den gjeldande praksisen for å stanse dagpengeperioden etter tre påfølgande meldeperiodar utan dagpengeutbetalingar, men meiner det er viktig å synleggjere praksisen gjennom nærmare regulering i dagpengeforskrifta. Tilsvarande foreslår departementet å vidareføre og synleggjere gjeldande praksis for å stanse dagpengane når dei generelle vilkåra for rett til dagpengar ikkje er oppfylt, mellom anna ved manglande e-melding (meldekort), når medlemmane uttrykkeleg har meldt frå om at dei ikkje lenger ønsker å vere registrert som arbeidssøkar, og ved utanlandsopphald som ikkje er omfatta av unntaka som følger av folketrygdlova § 4-2 og dagpengeforskrifta kapittel 1 og 13.

Landsorganisasjonen i Norge (LO) støttar endringsforslaga, med unntak av departement sitt forslag til erstatning for omgrepet «forlenget ventetid». Dei skriv:

«Når det gjelder begrepsendringer, støtter vi ikke departementets forslag om å innføre begrepet «sanksjonsperiode» knyttet til situasjoner med såkalt selvforskyldt arbeidsløshet. Dette kan iblant være kompliserte prosesser med uklarheter hva gjelder skyld, og vi foreslår i stedet at begrepet «egenandelsperiode» tas i bruk.»

Departementet meiner at omgrepet «egenandelsperiode» ikkje er dekkande, sidan den ilagde perioden utan dagpengar etter § 4-10, er meint å vere ein straffliknande reaksjon mot manglande oppfylling av kravet om å vere reell arbeidssøkar, jf. § 4-5, og ikkje nokon eigenandel lik eigenandelen som er regulert i § 4-9. Departementet foreslår derfor at omgrepet «forlenget ventetid» i §§ 4-10, 4-15 og 4-20, blir erstatta med «sanksjonsperiode».

Ingen av høyringsinstansane har hatt innvendingar eller merknader når det gjeld endringsforslaga elles. Departementet foreslår derfor at plikta til å registrere seg som arbeidssøkar blir tatt inn i kravet om å vere reell arbeidssøkar i folketrygdlova § 4-5. For å synleggjere at vilkåra som er stilt opp i § 4-5 første ledd bokstav a til d, er kumulative, foreslår departementet i tillegg å føye til eit «og» før bokstav d. Departementet foreslår også å følge opp forslaga til språklege endringar i §§ 4-9 og 4-16, og å endre § 8-49 i samsvar med forslaget som var på høyring.

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova §§ 4-5, 4-9, 4-10, 4-15, 4-16, 4-20, 4-21 og 8-49.

9.4 Endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar – folketrygdlova kapittel 11

9.4.1 Tydeleggjering av øvre aldersgrense for rett til arbeidsavklaringspengar – folketrygdlova § 11-4

Det går fram av folketrygdlova § 11-4 at retten til arbeidsavklaringspengar fell bort når medlemmen fyller 67 år. Aldersgrensa har samanheng med aldersgrensa for alderspensjon, sjå folketrygdlova kapittel 19 og 20. Ordlyden i § 11-4 kan tilseie at arbeidsavklaringspengane fell bort den dagen mottakaren fyller 67 år, men regelen blir praktisert slik at mottakarane får utbetalt arbeidsavklaringspengar ut månaden dei fyller 67 år. Dette har samanheng med folketrygdlova § 22-12 første ledd, som slår fast at dei ytingane som blir utbetalte med månadsterminar, jf. § 22-10 tredje ledd, blir innvilga med verknad frå og med månaden etter at vilkåra for ytinga er oppfylt. Det gjeld mellom anna for alderspensjon. Skulle ordlyden i § 11-4 bli lagt til grunn, ville mottakarane av arbeidsavklaringspengar stå utan trygdeytingar i resten av dagane av månaden etter 67-årsdagen, sidan alderspensjonen først blir utbetalt frå og med månaden etter månaden dei fylte 67 år.

Praksisen er langvarig, gir eit rimeleg resultat og er i samsvar med intensjonen om at ein skal kunne få arbeidsavklaringspengar fram til den tida ein kan få full alderspensjon. Den bør få tydeleg forankring i lovteksten.

Sjå forslaget til endring av folketrygdlova § 11-4, og dessutan tilsvarande forslag til endring av folketrygdlova § 4-23.

9.4.2 Tydeleggjering av føresegna om arbeidsavklaringspengar til ein medlem som ikkje har opparbeidd seg ny rett til sjukepengar – folketrygdlova § 11-13

Folketrygdlova § 11-13 heimlar rett til arbeidsavklaringspengar for personar som ikkje har opptent ny rett til sjukepengar. Ordlyden i føresegna blei noko endra frå 2018. Av forarbeida til endringa går det fram at dette ikkje skulle medføra nokon materielle endringar, jf. Prop. 74 L (2016–2017) punkt 9.4.

For at det skal vere heilt klart at det ikkje blir stilt noko krav til nedsett arbeidsevne av ei viss varigheit for rett til arbeidsavklaringspengar etter folketrygdlova § 11-13, foreslår departementet ei justering av ordlyden til føresegna. Ettersom arbeidsavklaringspengar etter føresegna i alle dei fem alternative situasjonane blir gitt for ei avgrensa periode på inntil seks månader, foreslår departementet å presisere innleiingsvis i føresegna at det ikkje blir stilt noko krav til nedsett arbeidsevne av ei viss varigheit.

Av reint språklege omsyn blir det også foreslått nokon andre mindre justeringar i føresegna.

Sjå forslaget til endring av folketrygdlova § 11-13 første ledd.

9.4.3 Oppheving av føresegna om arbeidsavklaringspengar i periodar utan påbyrja aktivitet – folketrygdlova § 11-16

Etter folketrygdlova § 11-16 kan det bli gitt arbeidsavklaringspengar i periodar utan påbyrja aktivitet. Føresegna har ikkje noka sjølvstendig betydning då arbeidsavklaringspengar, også i periodar utan påbyrja aktivitet, kan gis etter andre heimlar i regelverket. Etter gjeldande praksis blir føresegna heller ikkje nytta.

Departementet foreslår å oppheva føresegna.

9.4.4 Tydeleggjering av føresegna om perioden det kan bli gitt arbeidsavklaringspengar til personar som har søkt om uføretrygd – folketrygdlova § 11-18

Etter folketrygdlova § 11-18 kan personar som har søkt om uføretrygd få arbeidsavklaringspengar i inntil åtte månader medan søknaden deira om uføretrygd blir behandla. Det kan likevel ikkje bli gitt slikt vedtak for meir enn fire månader av gongen.

Saksbehandlingstida for søknadar om uføretrygd har dei siste åra vore på langt over fire månader, slik at det som hovudregel må fattast to vedtak om arbeidsavklaringspengar medan ein søknad om uføretrygd blir behandla. Det betyr at det må gjerast ei ny behandling av saka om arbeidsavklaringspengar, som inkluderer ei undersøking av kvifor søknaden om uføretrygd enno ikkje er ferdigbehandla. Årsaka til dette vil i dei aller fleste tilfella skuldast lang saksbehandlingstid. Denne nye behandlinga krev saksbehandlingsressursar, og kan gi utryggleik hos mottakarane for om utbetalinga av arbeidsavklaringspengar vil stanse allereie etter fire månader.

Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 11-18, slik at det kan bli gitt vedtak om arbeidsavklaringspengar under behandling av krav om uføretrygd i inntil åtte månader i eitt vedtak. Forslaget om endring inneber ikkje noko endring av at arbeidsavklaringspengar etter denne heimelen ikkje gis for ein lengre periode enn det som trengst for behandlinga av mottakaren sin søknad om uføretrygd.

Sjå forslaget til endring av folketrygdlova § 11-18 første ledd.

9.5 Retting av tilvisingsfeil i folketrygdlova §§ 13-2 og 13-11

Folketrygdlova kapittel 13 har reglar om yrkesskadedekning. Reglane gir ytingar på lempelegare vilkår og/eller etter gunstigare berekningsreglar enn dei ordinære reglane.

Føresegna i § 13-2 første og andre ledd er av informativ karakter og gir ei oversikt over kvar i lova berekningsreglane ved yrkesskade står.

I § 13-2 andre ledd blir niande strekpunkt endra slik at det viser til § 18-10.

I § 13-2 andre ledd er det inga tilvising til reglane som gjeld yrkesskadeberekna alderspensjon etter kapittel 20 i lova (ny alderspensjon). Av informasjonsomsyn bør paragrafen vise til dei mest sentrale føresegnene i kapittelet; § 20-10 fjerde ledd og forskriftsheimelen i § 20-7 a niande ledd.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen at tilvisinga i § 13-2 andre ledd niande strekpunkt blir endra slik at det viser til § 18-10. I tillegg får § 13-2 andre ledd eit nytt ellevte strekpunkt, som viser til at ny yrkesskadeberekna alderspensjon står i § 20-10 fjerde ledd og i § 20-7 a niande ledd.

Føresegna i § 13-11 omhandlar deltakarar i arbeidsretta tiltak. I første ledd første punktum heiter det at medlemmer som deltek i arbeidsretta tiltak, kurs eller liknande i regi av Arbeids- og velferdsetaten, i kvalifiseringsprogram i kommunal regi, eller i program i samsvar med introduksjonslova, er yrkesskadedekka. Introduksjonslova blei i 2021 erstatta av lov 6. november 2020 nr. 127 om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven).

Departementet foreslår på denne bakgrunnen at i § 13-11 første ledd første punktum blir tilvisinga til introduksjonslova endra til å vise til integreringslova.

Sjå forslaget til endringar i folketrygdlova § 13-2 andre ledd og § 13-11 første ledd første punktum.

9.6 Retting av skrivefeil i folketrygdlova § 20-4

I folketrygdlova § 20-4 tredje ledd er det ein skrivefeil som departementet no foreslår å rette. Feilstavinga «inntekstskatt» blir foreslått endra til «inntektsskatt».

Sjå forslaget til endring i folketrygdlova § 20-4 tredje ledd.

9.7 Retting av feil i arbeidsmarknadslova § 22

Arbeidsmarknadslova § 22 gir reglar om tilbakebetaling av feilutbetalte ytingar, og inneheld ei tilvising til folketrygdlova §§ 22-15 og 22-17.

Tidlegare regulerte folketrygdlova § 22-17 både spørsmålet om renter ved etterbetaling av ytingar og spørsmålet om renter ved tilbakekreving av feilutbetalte ytingar. Folketrygdlova § 22-17 blei endra med verknad frå 1. januar 2009, jf. Ot.prp. nr. 76 (2007–2008). Regelen om renter ved feilutbetalingar blei skild ut og regulert i ny § 22-17 a. I dag regulerer folketrygdlova § 22-17 berre spørsmålet om renter ved etterbetaling av ytingar. Arbeidsmarknadslova § 22 blei ikkje samtidig endra. Ettersom arbeidsmarknadslova § 22 etter ordlyden sin berre regulerer feilutbetalte ytingar, er den korrekte tilvisinga folketrygdlova § 22-17 a. Departementet foreslår at tilvisinga blir oppdatert.

Sjå forslaget til endring av arbeidsmarknadslova § 22.

9.8 Presiseringar og retting av feil i statsborgarlova

9.8.1 Presisering i § 2 første ledd om Sysselmeisteren si behandling av personopplysningar etter lova

Sysselmeisteren på Svalbard behandlar personopplysningar i saker etter statsborgarlova. Sysselmeisteren kan ta imot og førebu saker etter statsborgarlova, eksempelvis søknader og meldingar om norsk statsborgarskap, søknader om tap av statsborgarskap og søknader om å behalde statsborgarskap.

Det følger av personvernforordninga artikkel 5 nr. 2 at den behandlingsansvarlege er ansvarleg for og skal kunne påvise at prinsippa for behandling av opplysningar som fastsettast i artikkel nr. 1 blir overheld. Behandlingsansvarleg er i personvernforordninga artikkel 4 nr. 7 definert som ein «fysisk eller juridisk person, en offentlig myndighet, en institusjon eller ethvert annet organ som alene eller sammen med andre bestemmer formålet med behandlingen av personopplysninger og hvilke midler som skal benyttes». Føresegna opnar for at ein gjennom nasjonal lovgiving kan peike ut kven som skal vere behandlingsansvarleg dersom formålet og verkemidla for behandlinga også er fastsett i lov.

Sysselmeisteren er ikkje eksplisitt nemnd som sjølvstendig behandlingsansvarleg i statsborgarregelverket. Ifølge statsborgarlova § 29 a kan organa nemnde i § 2 i lova behandle personopplysningar. Organa nemnde i § 2 er Kongen, departementet, Utlendingsnemnda, Utlendingsdirektoratet, politiet og norske utanriksstasjonar. I og med at Sysselmeisteren ikkje er nemnd i statsborgarlova, er det dei alminnelege reglane i personvernlovgivinga som gjeld, noko som ikkje er til hinder for at Sysselmeisteren blir rekna som behandlingsansvarleg.

Departementet foreslår å presisera i statsborgarlova § 2 første ledd at Sysselmeisteren på Svalbard har styresmakt i statsborgarsaker. Dette vil gjera det tydeleg at Sysselmeisteren kan behandle personopplysningar til eigne formål, jf. statsborgarlova § 29 a første ledd, og vil synleggjera at Sysselmeisteren er eit eige pliktsubjekt etter personvernforordninga artikkel 4 nr. 7 for oppgåvene sine etter statsborgarlova. Endringa inneber berre ei tydeleggjering i lova og vil ikkje medføra ei realitetsendring. Departementet reknar det som openbert unødvendig å senda forslaget på alminneleg høyring, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3.

Sjå forslaget til endring av statsborgarlova § 2.

9.8.2 Oppdatering av tilvising i § 7 tredje ledd

Statsborgarlova § 7 første ledd bokstav e oppstiller krav om åtte års opphaldstid i riket for å få innvilga statsborgarskap. Opphaldsløyva må vere av minst eitt års varigheit for at dei skal inngå i berekningsperioden. Statsborgarlova § 7 tredje ledd regulerer unntak frå kravet om løyve med minst eitt års varigheit for vurderingar etter § 7 første ledd bokstav e, §§ 11, 12, 15, 16, 17 og 18. Statsborgarlova §§ 10 og 16 a er ved ein inkurie ikkje nemnd i føresegna. Departementet foreslår ei oppretting, slik at føresegna har rette tilvisingar. Departementet reknar det som openbert unødvendig å senda forslaget på alminneleg høyring, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3.

Sjå forslaget til endring av statsborgarlova § 7.

9.8.3 Nemninga «Kompetanse Norge» blir endra til «Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse» i § 29 b første ledd bokstav j

Statsborgarlova § 29 b omhandlar forvaltningsorgan sin tilgang til å dele personopplysningar utan hinder av teieplikt når det er nødvendig for å opplysa saka. Første ledd bokstav j i føresegna viser til «Kompetanse Norge», som sidan 1. juni 2021 har blitt ein del av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Departementet foreslår at pliktsubjektet i føresegna blir endra til «Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse». Departementet reknar det som openbert unødvendig å sende forslaget på alminneleg høyring, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3.

Sjå forslaget til endring av statsborgarlova § 29 b.

9.9 Overgangsstønad frå folketrygda inngår ikkje i inntektsprøvinga av uførepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning

Etter omlegginga av uførepensjonsreglane frå 2015 er utgangspunktet at uførepensjon frå dei offentlege tenestepensjonsordningane er nettoberekna. Ein nettoberekna uførepensjon føreset at det blir utbetalt ei uføreyting frå folketrygda. Det er likevel vidareført ei moglegheit for å yte bruttoberekna uførepensjon når inntektsevna ikkje er satt ned i ei slik grad at det er rett til arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda. Satsen for ei slik yting er høgare enn for ein nettoberekna pensjon.

Ved lov 16. juni 2023 nr. 35 om endringer i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser og enkelte andre lover (tilpasninger til ny omstillingsstønad fra folketrygden) blei det bestemt at overgangsstønad frå folketrygda etter folketrygdlova kapittel 15 og 17 A ikkje inngår i inntektsprøvinga av uførepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning når uførepensjonen er berekna som ein nettopensjon. Departementet meiner dette også bør gjelde når uførepensjonen er berekna som ein bruttopensjon. Brutto uførepensjon blir samordna med overgangsstønad frå folketrygda etter føresegnene i samordningslova. Dersom overgangsstønaden både skal vere ei samordningspliktig yting og inntektsavkorte uførepensjonen, vil dette kunne medføre ein urimeleg høg reduksjon av uførepensjonen frå tenestepensjonsordninga.

Justeringa inneber ei presisering av at brutto uførepensjon frå dei tre lovfesta tenestepensjonsordningane ikkje skal bli inntektsprøvd for overgangsstønad frå folketrygda etter folketrygdlova kapittel 15 og 17 A. Ved brev av 19. februar 2024 frå departementet er leverandørane av offentleg tenestepensjon orientert om at departementet vil fremja eit lovforslag i samsvar med dette. Leverandørane er her bede om å legge til grunn at overgangsstønad frå folketrygda ikkje skal inngå i inntektsprøvinga av uførepensjonen, også når den er berekna som ein bruttopensjon.

Departementet legg til grunn at ingen av leverandørane både har inntektsprøvd pensjonen og samordna denne mot overgangsstønaden.

Sjå forslaget til endring av lov om Statens pensjonskasse § 29, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 12, og lov om pensjonsordning for sykepleiere § 15.

9.10 Presisering av kven som er omfatta av samordningslova § 24 a og § 24 c

Det er behov for å endre overskriftene til samordningslova § 24 a og § 24 c slik at det tydeleg kjem fram der kven som er omfatta av føresegnene.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte eit forslag til endring av samordningslova på høyring 24. juni 2024. Forslaget blei sendt saman med forslag til endringar i forskrift om samordning av alderspensjon fra offentlig tjenestepensjonsordning med alderspensjon etter folketrygdloven kapittel 20 og enkelte andre forskriftar. Forslaga blei sendt til følgande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Datatilsynet

  • Finanstilsynet

  • Konkurransetilsynet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Maritim pensjonskasse

  • Pensjonsordning for apotekvirksomhet

  • Pensjonsordning for sykepleiere

  • Pensjonstrygden for fiskere

  • Regelrådet

  • Regjeringsadvokaten

  • Senter for seniorpolitikk (no Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv)

  • Senteret for et aldersvennleg Norge

  • Skattedirektoratet

  • Statens pensjonskasse

  • Statistisk sentralbyrå

  • Trygderetten

  • Sivilombodet

  • Oslo kommune

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Den Norske Aktuarforening

  • Finans Norge

  • Forsvarets seniorforbund

  • Gabler AS

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Kommunal Landspensjonskasse

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsforbundet for offentlige pensjonister

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • LO Kommune

  • LO Stat

  • Norges ingeniør- og teknologorganisasjon

  • Norsk Pensjon AS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oslo Pensjonsforsikring AS

  • Pensjon for alle

  • Pensjonistforbundet

  • Pensjonskasseforeningen

  • Pensjonskontoret

  • Regnskap Norge

  • Samfunnsbedriftene

  • Seniorenes fellesorganisasjon

  • Storebrand

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Det blei foreslått ei presisering av overskrifta til samordningslova § 24 a for å tydeleggjere at paragrafen gjeld årskull frå og med 1954-kullet som ikkje er omfatta av reglane om påslagspensjon. Avgrensinga i dag til årskulla 1954–1962 blir for snever. Føresegna gjeld også dei som er fødde i 1963 eller seinare som ikkje er omfatta av reglane om påslagspensjon mv. i lov om Statens pensjonskasse kapittel 5 a og tilsvarande regelverk. Det gjeld til dømes pensjonsopptening i Pensjonsordning for apotekvirksomhet.

Forslaget om endring av overskrifta til samordningslova § 24 c inneber ei presisering av at paragrafen gjeld dei som har oppsett alderspensjon for tenestetid før 2020, og som er omfatta av nye reglar for alderspensjon frå offentleg tenestepensjonsordning, jf. lov om Statens pensjonskasse kapittel 5 a og tilsvarande regelverk.

Høyringsfristen var 4. oktober 2024.

Ingen av dei som hadde merknadar i høyringa, kommenterte forslaga om endringar i samordningslova.

Departementet ønsker å følge opp høyringsforslaget i proposisjonen her.

Sjå forslaget til endring av overskriftene til samordningslova § 24 a og § 24 c.

9.11 Utfasa bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning – endringar i samordningslova

Nettoberekna barnepensjon blei innført i offentleg tenestepensjonsordning i 2001. Nettoberekna barnepensjon kjem som eit tillegg til barnepensjon frå folketrygda utan at pensjonane blir samordna etter samordningslova. I ein overgangsperiode frå 2001 var det mogleg å få bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning dersom pensjonen starta før 2001. Bruttoberekna barnepensjon inneber at pensjonen blir samordna med barnepensjon frå folketrygda etter reglane i samordningslova. Overgangsperioden er no over. Det er ingen som lenger får slik bruttoberekna barnepensjon, og omtalen av slik pensjon i føresegnene i samordningslova kan derfor takast ut av lova.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sendte eit forslag til endring av samordningslova på høyring 4. juli 2023 der reglane om bruttoberekna barnepensjon blei tatt ut av lova. Forslaga blei fremja saman med forslag til endringar i forskrifter til samordningslova som følge av etterlatnereforma. Høyringsforslaget blei sendt til følgande høyringsinstansar:

  • Barne- og familiedepartementet

  • Finansdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kommunal- og distriktsdepartementet

  • Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Finanstilsynet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Regelrådet

  • Pensjonsordning for apotekvirksomhet

  • Pensjonsordning for sykepleiere

  • Pensjonstrygden for fiskere

  • Senter for seniorpolitikk

  • Skattedirektoratet

  • Statens pensjonskasse

  • Statens seniorråd

  • Statistisk sentralbyrå

  • Trygderetten

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Den Norske Aktuarforening

  • Fellesordningen for AFP

  • Finans Norge

  • Forsvarets seniorforbund

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Gabler AS

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Kommunal Landspensjonskasse

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsforbundet for offentlige pensjonister

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • LO Stat

  • Maritim pensjonskasse

  • Norges ingeniør- og teknologorganisasjon

  • Norsk Pensjon AS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oslo Pensjonsforsikring AS

  • Pensjon for alle

  • Pensjonistforbundet

  • Pensjonskasseforeningen

  • Pensjonskontoret

  • Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner

  • Samfunnsbedriftene

  • Senior Norge

  • Seniorenes fellesorganisasjon

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Høyringsfristen var 4. oktober 2023.

Ingen av dei som hadde merknadar i høyringa kommenterte forslaga om endringar i samordningslova.

Departementet ønsker å følge opp høyringsforslaget i proposisjonen her.

Sjå forslaget til endring av samordningslova §§ 18, 22 og 23.

9.12 Heimel for å fastsette forholdstal i AFP-tilskottslova for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare

For å berekne og utbetale avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor må ein bruke forholdstal som blir fastsett av Arbeids- og velferdsetaten. I dag er det berre heimel for å utarbeide forholdstal etter folketrygdlova § 19-7, det vil seia for årskull fødd til og med 1962-kullet. For å gi heimel til at Arbeids- og velferdsdirektoratet kan fastsette forholdstal for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare til bruk i AFP-berekninga, blir det fremja forslag om å gi slik heimel i AFP-tilskottslova § 7 første ledd nytt femte punktum. Etter forslaget fastset Arbeids- og velferdsdirektoratet forholdstal for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare ut frå prinsippa som går fram av folketrygdlova § 19-7.

Sjå forslaget til endring i AFP-tilskottsloven § 7.

9.13 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at desse endringane tar til å gjelde straks: oppheving av innhaldslistene i folketrygdlova (sjå punkt 9.1), endringa i folketrygdlova § 8-49 (sjå punkt 9.3), endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar – folketrygdlova kapittel 11 (sjå punkt 9.4), retting av lovteknisk feil i folketrygdlova §§ 13-2 og 13-11 (sjå punkt 9.5), retting av skrivefeil i folketrygdlova § 20-4 (sjå punkt 9.6), retting av feil i arbeidsmarknadslova § 22 (sjå punkt 9.7), presiseringar og retting av feil i statsborgarlova (sjå punkt 9.8) og ny heimel for å fastsette forholdstal i AFP-tilskottslova for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare (sjå punkt 9.12).

Endringane i punkt 9.2 om oppheving av føresegner om ektefelletillegg og barnetillegg til alderspensjon – folketrygdlova kapittel 3, 12, 19 og 22 og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse §§ 3 og 4 blir foreslått å gjelde frå 1. januar 2025.

Departementet foreslår at endringane i regelverket for dagpengar under arbeidsløyse i folketrygdlova kapittel 4 tar til å gjelde 1. januar 2025 (sjå punkt 9.3).

Endringane i punkt 9.9 om at overgangsstønad frå folketrygda ikkje inngår i inntektsprøvinga av uførepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning, punkt 9.10 om presisering om kven som er omfatta av samordningslova § 24 a og § 24 c og punkt 9.11 utfasa bruttoberekna barnepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning – endringar i samordningslova, blir foreslått å tre i kraft så raskt som mogleg etter at lova er vedtatt.

Forslaga har ikkje økonomiske konsekvensar.

Forslaget i punkt 9.3 om endringar i regelverket for dagpengar under arbeidsløyse i folketrygdlova kapittel 4 kan gi nokre administrative forenklingar som følge av at regelverket blir tydelegare og lettare å forstå. Forslaget i punkt 9.4 om endring av folketrygdlova § 11-18 om arbeidsavklaringspengar til ein person som skal vurderast for uføretrygd, kan innebere noka administrativ innsparing. Forslaget i punkt 9.12 om heimel for å fastsette forholdstal i AFP-tilskottsloven for arbeidstakarar fødd i 1963 eller seinare har små administrative konsekvensar for Arbeids- og velferdsdirektoratet. Dei andre forslaga har ingen administrative konsekvensar.

Til forsida