St.meld. nr. 32 (2004-2005)

Om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Bakgrunn

Luftfartstilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Luftfartstilsynet skal gjennom utvikling av regelverk og tilsyn medverke til at sivil luftfart i Noreg blir utøvd på ein sikker og effektiv måte. I St.meld. nr. 17 (2002-2003) Om statlige tilsyn gjekk Regjeringa inn for at Luftfartstilsynet skulle flyttast til Bodø. Stortinget slutta seg til dette, jf. Innst. S. nr. 22 (2002-2003). Det vart lagt til grunn at flyttinga ikkje skulle gå ut over flytryggleiken.

Etter flyttevedtaket var det få av dei tilsette i Luftfartstilsynet som varsla at dei ønskte å flytte til Bodø. Luftfartstilsynet tok derfor sikte på å rekruttere og lære opp nytt personell i Bodø, samtidig som ein søkte å halde oppe Oslo-organisasjonen i flytteperioden. Luftfartstilsynet har vurdert det som mest krevjande å rekruttere flyfagleg personell til Bodø, og fann det tidlegare formålstenleg å rekruttere og lære opp hovuddelen av det flyfaglege personellet i Bodø først. Luftfartstilsynet la til grunn at ein skulle stille dei same krava til det flyfaglege personellet i Bodø som ein hadde stilt ved tidlegare rekruttering til Oslo. Etter to rekrutteringsrundar var det ved årsskiftet 2004-2005 tilsett rundt 20 flyfaglege medarbeidarar i Bodø.

Etter flyttevedtaket og fram til april 2005 har om lag 40 medarbeidarar i Oslo sagt opp eller slutta. I denne situasjonen har Luftfartstilsynet prioritert å halde oppe tilsynsaktiviteten. Samferdselsdepartementet gav i oktober 2004 Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane i oppdrag å undersøkje konsekvensane for flytryggleiken av dei omstillingane norsk luftfart for tida er inne i. Kommisjonen konkluderer i ein førebels rapport med at Luftfartstilsynet ikkje har fungert tilfredsstillande på alle område, og tilrår at Samferdselsdepartementet og Luftfartstilsynet utarbeider ein handlingsplan for å styrkje dei mest utsette områda.

Oppfølging

Regjeringa legg til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø skal gjennomførast i tråd med Stortingets vedtak. Regjeringa legg vidare til grunn at Luftfartstilsynet heile tida skal fungere tilfredsstillande, slik at arbeidet med å betre flytryggleiken i Noreg kan halde fram. Det har vist seg utfordrande å gjennomføre flyttinga. Regjeringa meiner at det grunn til å tru at uroa rundt denne saka har medverka til at det har vore vanskeleg å rekruttere personell til Bodø.

Etter at den tidlegare leiaren for Luftfartstilsynet trekte seg frå stillinga 1. februar 2005, vart det tilsett ny luftfartsdirektør for ein mellombels periode. Den nye luftfartsdirektøren har etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet lagt fram ein plan for korleis flyttinga til Bodø i all hovudsak kan gjennomførast i tråd med vedtaket i Stortinget. Planen er også ein handlingsplan for korleis Luftfartstilsynet skal skaffe og ta i bruk den kompetansen som tilsynet manglar.

Luftfartstilsynet tek no sikte på ei raskast mogleg rekruttering av alle typar personell til Bodø. Luftfartstilsynet legg til grunn at dette vil skape ein eigendynamikk som vil medverke til å lette rekrutteringa til Bodø. I tråd med dette er fleire stillingar allereie lyste ut, og Luftfartstilsynet tek sikte på å ha 70-90 tilsette i Bodø i løpet av hausten 2005.

Luftfartstilsynet har vidare vurdert kompetansekrava til dei flyfagleg tilsette på nytt. Luftfartstilsynet ønskjer å stille same krav til utdanning og erfaring som andre europeiske luftfartstilsyn. Dette opnar blant anna for søkjarar med militær bakgrunn. Opplæringa vil bli justert tilsvarande, slik at ein til ei kvar tid er sikra at ferdig utdanna medarbeidarar er fullt ut kvalifiserte til dei oppgåvene dei skal utføre. Ut over dette vil Luftfartstilsynet auke bruken av direkte søk etter aktuelle kandidatar, og opne for høgare lønn for stillingar eller stillingskategoriar som det vil vere særleg utfordrande å få fylt opp i Bodø. Tilsynet vil dessutan på ein betre og meir synleg måte profilere det nye Luftfartstilsynet i Bodø.

Ifølgje Luftfartstilsynet har ein tilsett, eller er i er i ferd med å tilsetje, personar som har den kompetansen tilsynet enno manglar. Luftfartstilsynet vil vidare sjå nærare på tiltak som kan gjere det meir attraktivt å flytte til Bodø for dagens medarbeidarar i Oslo. Aktuelle verkemiddel her vil vere lønnstillegg/bonus, tilbod om pendling, subsidiert husleige og reisestøtte for familien, alt i ein avgrensa periode etter flyttinga. Luftfartstilsynet vurderer også å gå inn for å auke flyttetillegget. Dette er tiltak som mange av dagens tilsette i Oslo vil kunne få tilbod om. For å halde på enkelte tilsette med særleg viktig kompetanse, kan det etter ei individuell vurdering bli aktuelt å gå inn med alternative verkemiddel, så som tilbod om fleksibel arbeidsstad og utvida pendling til Bodø. Eit slikt tilbod vil berre bli gitt til eit mindretal av dagens tilsette.

Flytteprosessen har heile tida vore bygd på at det skal vere dobbelt bemanning i ein overgangsperiode til dei nye medarbeidarane i Bodø er lærte opp, slik at ein sikrar overføring av kompetansen i Luftfartstilsynet. For særleg viktige stillingar kan det bli aktuelt med ei dobbelt bemanning ut over den opphavelege flyttedatoen 1. januar 2007.

Etter Samferdselsdepartementet si vurdering har Luftfartstilsynet lagt fram eit godt opplegg for den vidare flytteprosessen og for å skaffe tilsynet den kompetansen det har mangla. Samferdselsdepartementet vil følgje den vidare flytteprosessen og bemanningssituasjonen i Luftfartstilsynet nøye.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Regjeringa har tidlegare lagt til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet kan gjennomførast innan ei ramme på 116 mill. 2003-kroner for åra 2004-2006. Forslaga i denne meldinga kan føre til at flyttekostnadene aukar med 20-30 mill. kr. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til dette i dei årlege budsjettproposisjonane.

Dei ordinære driftskostnadene i Luftfartstilsynet blir dels dekte gjennom løyvingar over statsbudsjettet og dels gjennom gebyr på tilsynets tenester. I St.meld. nr. 17 (2002-2003) vart det rekna med at tilsyna ville få lågare driftskostnader når dei vart flytte ut av Oslo. Isolert sett kan forslaga i denne meldinga medverke til å auke dei årlege driftskostnadene med 10-20 mill. kr. Det må understrekast at dette talet er svært usikkert. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til dette i dei årlege budsjettproposisjonane.