1 Sluttkommuniké frå Ministermøte i Det nordatlantiske rådet i Madrid 3. juni 2003
Vi går i dag eit steg vidare i å verkeleggjere visjonen som vart skissert på toppmøtet vårt i Praha om ein omforma Allianse som betre kan møte dei truslar og utfordringar frå alle hald som det 21. hundreåret stiller våre folk, territorium og styrkar overfor. I Praha forplikta stats- og regjeringssjefane seg til å skape eit nytt NATO med nye medlemmer, nye kapasitetar og nye tilhøve til partnarane våre. Omdanningsprosessen er no godt i gang. Den nordatlantiske Alliansen, grunnlagd på prinsippa demokrati, fridom for enkeltmennesket og rettsstyre, er som før grunnmuren i vårt felles forsvar og det sentrale transatlantiske tryggingsforumet.
Innlemminga av dei nye medlemslanda Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia i Alliansen vil styrkje tryggleiken for alle i det euroatlantiske området og forsterke verdifellesskapen vår. Vi gler oss over at kollegaene våre frå desse landa er med oss i Madrid i dag.
NATO tek på seg nye operasjonar som stettar dei felles tryggingsinteressene til alle allierte land. Vi rosar allianselanda som deltek i den internasjonale tryggingsstyrken (ISAF) i Kabul i Afghanistan, og Tyskland og Nederland for den rolla dei spelar som leiarnasjonar i oppdraget. Frå august av vil NATO ta over leiarrolla ved å ta på seg strategisk samordning, kommando og kontroll over ISAF. ISAF vil framleis opptre under FN-mandat. Den utvida rolla til NATO vil gjere ISAF meir effektiv og uthaldande, og vil, saman med PRT-laga som fleire allianseland og partnarland er i ferd med å utplassere i provinsane, forsterke engasjementet frå verdssamfunnet om å byggje eit fredeleg og demokratisk Afghanistan. Vedtaket om å nyttje NATO sine ressursar og kapasitetar for å sikre kontinuiteten i ISAF demonstrerer òg at vi står parat til å støtte eller leie operasjonar og utplassere styrkar der Alliansen vedtek det, for såleis å sikre den felles tryggleiken.
Alliansen har nyleg avslutta utplasseringa av overvakingsfly, rakettforsvarssystem og vern mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen for å forsvare Tyrkia mot eventuelle åtak frå Irak. NATO har òg hjelpt Tyrkia med å førebu seg på mogelege humanitære naudsituasjonar. Vi rådførte oss jamleg under Irak-krisa, også i pakt med Alliansen si rolle etter artikkel 4 i Washington-traktaten.
NATO har sagt ja til oppmodinga frå Polen om å støtte landet i den rolla det tek på seg i stabiliseringa av Irak i sommar. Militærstyresmaktene i NATO samarbeider med polske representantar for at Alliansen skal kunne stette deira behov. Det nordatlantiske rådet vil jamleg vurdere NATO sitt bidrag til stabiliseringsinnsatsen.
Vi gler oss over vedtakinga av resolusjon 1483 frå Tryggingsrådet i FN. Allianselanda står parat og ser no nærare på korleis dei kan medverke til gjennomføringa av resolusjonen.
Etter Praha er ein viktig milepel passert i etableringa av den reelle strategiske partnarskapen mellom NATO og EU som var avtala mellom dei to organisasjonane. Med vedtaka i mars om å underteikne «Berlin Pluss»-ordningane kulminerte det intensive arbeidet som er gjort etter NATO-framlegga om dette under Washington-toppmøtet. Vi understrekar at vi er forplikta til å realisere den strategiske partnarskapen med EU, for det første gjennom samarbeidet i det tidlegare Jugoslavia der den samordna innsatsen frå Alliansen og EU si side har gjeve regionen heilt nye utsikter. Vi er tilfreds over å registrere at det er etablert ein EU-operasjon i den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia med tilgang til ressursar og kapasitetar frå NATO under kommando av DSACEUR. Vi strekar under at vi forpliktar oss til å følgje opp samarbeidet på Balkan i ei open ånd for å nå våre felles mål.
NATO og EU har ei felles interesse av å hjelpe landa på Balkan på vegen mot vidare integrering i dei euroatlantiske strukturane. Vi ventar at EU-/Balkan-toppmøtet i Tessaloniki den 21. juni vil bli eit viktig bidrag til fellesinnsatsen på dette området. NATO vil framleis spele ei avgjerande rolle i det regionale tryggingsarbeidet gjennom pågåande operasjonar og PFP-program og ved å samarbeide med EU. NATO og EU arbeider med å skape ei ramme for auka dialog og samordning av tryggings- og stabiliseringsinnsatsen på Vest-Balkan. Utviklinga av partnarskapen mellom NATO og EU på Balkan vert stadig viktigare for den vidare stabiliseringa av regionen, og planlegginga framover bør ta omsyn til dette.
På bakgrunn av det vellukka samarbeidet på Balkan vurderer NATO og EU no nye samarbeidsformer i spørsmål av felles interesse knytte til tryggleik, forsvar og krisehandtering, mellom anna innan sivil beredskapsplanlegging, kapasitetsforbetring og kamp mot terrorisme. Vi ser fram til å samarbeide med EU om å vidareutvikle tilhøvet mellom dei to organisasjonane på ein måte som sikrar gjensidig innsyn og full respekt for NATO og EU som uavhengige organisasjonar.
NATO-oppdraga i den strategisk viktige Balkan-regionen endrar karakter etter kvart som stabiliteten og tryggleiken vert betre. Dei NATO-leidde styrkane i regionen vil også heretter bli omstrukturerte og reduserte i tal etter kvart som framgangen tillet det. Som svar på dei viktige utfordringane som står att, stadfester vi at vi vert ståande på Balkan og er klar til å hjelpe landa i regionen til vidare framgang, også når det gjeld reformer i tryggings- og forsvarssektoren.
Vi stadfester vår støtte til territorial integritet og suverenitet for alle landa på Balkan. Dei må halde fram med å byggje opp varige multietniske demokrati, utrydde organisert kriminalitet og korrupsjon og innføre grunnfest lovstyre. Dei må samarbeide regionalt, mellom anna ved å gjennomføre den felles plattforma som vart vedteken under regionkonferansen om grensevern i Ohrid 22.-23. mai. Dei må heilt og fullt oppfylle internasjonale tilsegner, mellom anna om at alle som er tiltala av Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) skal stillast for retten i Haag. Vi er fast bestemte på å samarbeide nært med FN, EU, OSSE og andre internasjonale organisasjonar om å byggje opp eit fredeleg, stabilt og demokratisk Søraust-Europa der alle land i regionen tek eige ansvar for reformprosessen og let seg integrere i euroatlantiske strukturar.
Terrorismen er framleis ein alvorleg trussel mot folk, styrkar og territorium i Alliansen og mot freden og tryggleiken på internasjonalt plan. Han er òg ein alvorleg trussel mot utviklinga av fungerande demokratiske institusjonar, territorial integritet og fredeleg mellomstatleg samkvem. Vi uttrykkjer vår medkjensle med ofra for terrorismen. Vi avviser og fordømmer terrorismen kategorisk i alle sine former og stadfester forsettet om å kjempe mot dette vondet så lenge det trengst. Vi gjennomfører no eit militært konsept til forsvar mot terrorisme, aukar sivilberedskapen og samarbeider nært med partnarane våre på dette området. Marinestyrkar frå Alliansen patruljerer Middelhavet, mellom anna for å motverke terroriståtak på handelsflåten ved Gibraltar. For å slå ned terrorismen må vi ha mange og omfattande reaksjonsformer. Det vil krevje full gjennomføring av Praha-programmet for omdanninga av NATO og tett samarbeid med andre internasjonale organisasjonar og med partnarane våre, også i framtida.
Vi står fast på å førebyggje, stanse, forsvare oss og verne oss mot alle væpna åtak på oss, også terroriståtak utanfrå, i samsvar med Washington-traktaten og FN-charteret. Effektive, moderne kapasitetar frå alle NATO-land er avgjerande for å setje Alliansen betre i stand til å gjennomføre heile sitt spekter av oppdrag. Operasjonar i det siste har levande illustrert kor viktig det er å gjennomføre dei kapasitetsforbetringane som vart prioriterte i kapasitetstilsegna frå Praha (PCC). Utviklinga av eit anna Praha-initiativ, NATO-reaksjonsstyrken (NRF), er i rute. På det føreståande møtet mellom forsvarsministrane våre vil dei ta føre seg gjennomføringa av PCC og NRF. Det er òg venta at dei vil vedta nye, effektiviserte kommandoordningar for Alliansen som vil stette dei operative behova ved alle typar allianseoppdrag.
Vi er oppmuntra over framgangen som skjer på andre viktige område som til dømes auka sivil beredskap mot åtak med masseøydeleggingsvåpen mot sivilbefolkningar, og over framstega i arbeidet med å vurdere alternative løysingar til effektivt vern av territorium, styrkar og tettfolka område mot alle rakett-truslar, i form av ein passande kombinasjon av politisk og forsvarsmessig innsats saman med avskrekkingstiltak. Innsatsen på dette området vil vere i tråd med den udelelege alliansetryggleiken.
NATO-støtte til rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing vil framleis spele ei stor rolle i arbeidet med å nå tryggingsmåla til Alliansen, som mellom anna går ut på å hindre spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Alliansen strekar under det viktige i å følgje og styrkje eksisterande internasjonale avtalar om rustingskontroll og nedrusting og det multilaterale kontrollverket for ikkjespreiing og eksportkontroll. Særleg strekar vi under at vi går inn for å styrkje Ikkjespreiingsavtalen, den viktigaste ikkjespreiings- og nedrustingsmekanismen, og å sikre at alle statar som er partar i avtalen etterlever han. Vi vil òg styrkje den felles innsatsen for å sikre kjernefysisk og radiologisk materiale. Rolla til WMD-senteret innanfor den internasjonale NATO-staben vert styrkt for å hjelpe til i arbeidet som Alliansen gjer for å takle truslane som masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen representerer.
Dei sju demokratia som i Praha vart inviterte til tiltredingssamtalar med Alliansen, er no komne langt på vegen mot å bli medlemmer. Vi gler oss over underteikninga av tiltredingsprotokollane i mars 2003 og framgangen i ratifikasjonsprosessen. Vi gratulerer dei inviterte landa med bidraga dei har ytt til internasjonal tryggleik i solidaritet med Alliansen. Vi gler oss over reformene dei sju landa har fått i stand og over tidsplanane for fullføring av reformer, og oppmuntrar dei til å halde fram med reformarbeidet også etter at dei har tiltredd, for såleis å kunne yte meir for Alliansen. Vi ser fram til å ta opp alle sju landa som medlemmer på toppmøtet i mai 2004.
Denne utvidinga blir ikkje den siste. NATO held døra open. Vi rosar Albania, den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Kroatia for deira vedvarande reformarbeid og vilje til regionalt samarbeid. For å fremje sine kandidatur må desse landa halde fram med dei omfattande politiske, økonomiske, forsvarsmessige og andre reformene som er utpeika gjennom MAP-prosessen. Vi vil at dei skal lukkast, og vil framleis støtte og hjelpe dei i reformarbeidet. Handlingsplanen for medlemskap (MAP) vil framleis vere middelet til å halde framgangen i kandidatlanda under oppsyn, og vi oppmuntrar kvart kandidatland til å ta sjølvstendig ansvar for reformprosessen og å arbeide energisk vidare med å fullføre dei viktigaste reformene.
Partnarskap mellom NATO og land over heile Europa og i dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia har gjort mykje for tryggleiken og stabiliteten i heile det euroatlantiske området. Partnarbidraga på Balkan og i Afghanistan er levande bevis å dette, og vil framleis vere viktige, særleg når NATO tek på seg ei større rolle i ISAF-oppdraget. Med NATO engasjert i nye operasjonar vil det bli endå viktigare å styrkje samvirkeevna i høve til partnarlanda. Vi oppmuntrar partnarane til å samarbeide tett med Alliansen i gjennomføringa av handlingsplanen mot terrorisme.
Å realisere målsetjingane som ligg til grunn for den omfattande gjennomgangen av Det euroatlantiske partnarskapsrådet/Partnarskap for fred, er ein nøkkel til den vidare utviklinga av partnarskapen, og vi ser fram til å få rapport om gjennomgangen til hausten. Vi oppmuntrar partnarane til å nytte høvet til å utvikle individuelle handlingsplanar for partnarskap (IPAP) med NATO, og gler oss over at somme partnarland alt har vedteke å gjere bruk av denne nyttige mekanismen. IPAP vil sikre at reforminnsatsen i partnarlanda får mest mogeleg effektiv støtte. Vi vil sikre at arbeidsprogrammet for partnarskapen for 2004 er robust og til støtte for arbeidet til dei partnarane som søkjer tettare samarbeid med Alliansen.
Vi er oppmuntra over den auka innsatsen til Serbia og Montenegro for å få bukt med kriminaliteten, arrestere dei som er tiltala for krigsbrotsverk og kjempe mot politisk ekstremisme, og over at landet på ny har forplikta seg til reformer innan forsvar og militærvesen. Vi gler oss òg over framgangen til Bosnia-Hercegovina i arbeidet med å styrkje forsvarsstrukturane på statsnivå. Vi ventar oss at Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina i framtida kjem til å delta i PFP og EAPC så snart det er gjort nødvendige framsteg, mellom anna i form av fullt samarbeid med ICTY.
NATO-Russland-rådet (NRC), der NATO-medlemsland og Russland samarbeider som likeverdige partnarar på område av felles interesse, gjer stadig viktige framsteg, så også på eit første møte i Moskva sist månad. Vi har mellom anna utarbeidd detaljerte vurderingar av terroristtrusselen i det euroatlantiske området og hatt framgang i arbeidet med å evaluere spreiingsfarane. Vi sonderer no utsiktene for samarbeid om regionalt rakettforsvar, og legg grunnlaget for framtidig fredstryggingssamarbeid. Vi fører ein brei politisk dialog med Russland, der vi alt har hatt meiningsutvekslingar i spørsmål av felles interesse. Vi har innleidd ein vidfemnande dialog om felles utfordringar når det gjeld forsvarsreform. Vi styrkjer samarbeidet innan kontroll og trygging av luftrom og innan sivilberedskapen. For året som kjem har vi lagt vekt på auka fagmilitært samarbeid og er komne fram til ei ramme for samarbeidet om søk og berging til havs, og vi tek sikte på eit omfattande øvings- og treningsprogram. Vi ventar oss vidare framgang også når det gjeld tillitsskapande tiltak på det kjernefysiske området og trygg handtering av kjernefysisk og radiologisk materiale.
Vi går framleis inn for å utvikle eit nærare forhold mellom NATO og Ukraina i samsvar med charteret om ein særskild partnarskap, og gler oss over framgangen hittil i gjennomføringa av NATO-Ukraina-handlingsplanen og den årlege målplanen for Ukraina, som har skapt nytt innhald og ny framdrift i samarbeidet. Framgangen i Ukraina med å nå reformmåla som er fastsette i handlingsplanen og den årlege målplanen, vil vere avgjerande for tempoet i den vidare integrasjonen med NATO. Vi oppmuntrar Ukraina til å halde fram med alle reformer som er nødvendige for å oppnå full euroatlantisk integrasjon, mellom anna demokratireformer, styrking av våpeneksportkontrollen, reformer i rettsvesenet, tilrettelegging for frie og uavhengige medium og gjennomføring av forsvarsreformer. Vi vil framleis støtte Ukraina i dette arbeidet, særleg på det viktige området forsvarsreform, og vil rådføre oss med landet om politiske, økonomiske, militære og andre saker.
Tryggleiken i den euroatlantiske regionen er nært knytt til tryggleik og stabilitet i Middelhavsområdet. I så måte set vi stor pris på den positive reaksjonen som dialogpartnarane våre i området har vist på NATO-vedtaket om ei vesentleg oppgradering av dei politiske og praktiske dimensjonane ved dialogen. Vi har i dag motteke ein framdriftsrapport som viser spennet i aktivitetar som er sette i gang og framgangen som er oppnådd innanfor dialogen, mellom anna i spørsmål i tilknyting til terrorisme. Innsatsen vår vil forbetre Middelhavs-dialogen ytterlegare, og samtidig utfylle og forsterke andre Middelhavs-initiativ som mellom anna Den europeiske unionen og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa har sett i gang.
Vi forpliktar oss framleis til CFE-avtalen, og stadfester at vi går inn for ei snarleg iverksetjing av den tilpassa avtalen. CFE-systemet er eit fundamentalt bidrag til eit tryggare og meir integrert Europa. Vi gler oss over haldninga til dei ikkje-medlemslanda i CFE som har sagt at dei vil be om få tiltre den tilpassa CFE-avtalen når han trer i kraft. Om desse tiltrer, vil det vere eit nytt og viktig bidrag til stabilitet og tryggleik i Europa. Vi registrerer at Russland har lukkast i å redusere styrkane sine til avtalefesta nivå i det området som fell inn under artikkel V i avtalen. Vi oppmodar sterkt til ei snarleg løysing på dei uavklara spørsmåla i tilhøvet mellom Russland og Georgia som er omtala i felleserklæringa frå Istanbul frå 17. november 1999. Vi gler oss over den viktige framgangen Russland har gjort sidan januar i tilbaketrekkinga av styrkar frå Moldova, og ser fram til at alle tilsegner på dette punktet skal vere oppfylte innan utgangen av 2003. Vi vil halde fram med å støtte denne prosessen gjennom OSSE. Vi registrerer framgangen som har vore, og minner om at oppfylling av dei uinnfridde krava til Georgia og Moldova vil leggje tilhøva til rette for at allianselanda og andre partsstatar kan komme vidare i ratifiseringa av den tilpassa CFE-avtalen.
I Praha slutta stats- og regjeringssjefane våre seg til ein tiltakspakke som skal gjere organiseringa av hovudkvartera meir effektiv og verknadsfull. Som ein del av oppfølginga fekk vi i dag overlevert ein handlingsplan for betra kjønnsfordeling og mangfald i den internasjonale NATO-staben. Vi prioriterer denne saka høgt, og ser fram til å få ein framdriftsrapport om gjennomføringa av handlingsplanen på vårt neste møte i desember 2003.
Vi er forplikta til ei brei tryggingspolitisk tilnærming og til å intensivere innsatsen for å fremje effektivt samarbeid med andre internasjonale eller regionale organisasjonar. NATO er framleis det sentrale konsultasjonsforumet for medlemslanda. Vi vil følgje ein samordna strategi mot kriser som skuldast eit breitt spekter av militære og andre farar og som påverkar tryggleiken i det euroatlantiske området, og vil gjere oss full nytte av partnarskap, samarbeid og dialog.
I møtet med truslane og utfordringane i det 21. hundreåret er eit effektivt transatlantisk samarbeid framleis avgjerande. Med sine nye operasjonar, kapasitetar og medlemsland og med politiske relasjonar i stadig utvikling viser den omdanna Alliansen i dag at Europa og Nord-Amerika er sterke og uthaldande partnarar i arbeidet for felles verdiar, tryggleik og forsvar.
Vi uttrykkjer vår djupe takk til den spanske regjeringa, som har vore vertskap for dette møtet.